ÅRSMELDING 2002 - AVDELING FOR HUMANISTISKE FAG

 

Undervisning og studentar

     Avdeling for humanistiske fag (AHF) er ei av fire fagavdelingar som vart oppretta ved samanslåing av Distriktshøgskulen og Lærarhøgskulen i Volda i 1994 . Studietilboda er organisert innanfor fire grunneiningar: Engelsk institutt, Tysk institutt, Historisk institutt og Nordisk institutt, som gir fag- og vidareutdanningar i språk, litteratur og historie.
Personalet består av om lag 30 tilsette i stillingar på ulike fagfelt, med faglege stikkord som lingvistikk, litteraturvitskap, samfunnstudiar, framandspråkopplæring, lokal- og regionalhistorie, globalhistorie, økonomisk historie og mediehistorie . AHF sine fagfolk gir også undervisning ved lærar­utdanningane ved HVO.

Eit relativt nytt studium er mediekunnskap (60 stp.) med ein pedagogisk profil og som kvalifiserer for arbeid i skulen. Dette studiet inngår også som del av eit nytt bachelorstudium ved HVO: "Media, IKT og design" med oppstart hausten 2002. Viktig fagleg satsingsfelt er også deltaking og ressursbruk i samband med mastergrads­tilbodet i nynorsk skriftkultur, som Ivar Aasen-instituttet starta opp hausten 2002. Elles har Kvalitetsreformen og omlegginga til nytt gradssystem prega sterkt den faglege verksemda i 2002.

             

Forsking og fagutvikling

     Fagpersonalet ved AHF deltek i FoU-samarbeid med universitet, forskings­institusjonar og andre høgskular, både i inn- og utland. Avdelinga har høg kompetanse m.a. innanfor nynorsk skriftkultur og innanfor lokal og regional historie og samfunnsutvikling. Fleire ved avdelinga har gjennomført eller er i ferd med å gjennom­føre doktorgrads­program. Elles er tilsette ved AHF engasjerte i nasjonale faglege fora, fagråd, forskingsråd, konferansar, utgreiingsutval, m.m.

            Engelsk institutt  har utført konsulentoppdrag og oversetjingsoppdrag både internt og eksternt. Eit fleirårig arbeid med eit større læreverk for grunnskulen er no fullført. Eit doktorgradsprosjekt omkring vidare- og etterutdanning for engelsklærarar i grunnskulen er godt i gang, og eit anna doktorgradsprosjekt omkring filmatisering av litteratur er også starta opp. Det har vidare blitt publisert artiklar om litteratur og grammatikk innanfor engelskfaget.

            Alle ved Historisk institutt har drive aktiv forskings- og publiserings­verksemd i 2002, m.a. produksjon av undervisningsmateriell, bygdebøker for Volda og for Sula og eit prosjekt om kultur, økonomi og region. Spesielt har arbeidet med utvikling av undervisningsopplegg for nettbasert/nettstøtta undervisning og mappe-/prosessevaluering i alle undervisningsemne teke mykje ressursar i 2002.

            Nordisk institutt deltek i nordisk samarbeid med høgskular i Danmark og Sverige om lærarutdanning gjennom NORDPLUS. Av konkrete FoU-prosjekt kan nemnast: innsamling og registrering av regionalt kjeldemateriale, publisering av uprenta Ivar Aasen-materiale, nyutgåver av Aasens ordbøker, populærkultur/-litteratur, arbeid med nordisk kvinnelitteratur­historie, og andre litterære studiar. Aktuelle doktorgradsarbeid: m.a. om Dag Solstad, analyse av Vesaas: "Is-slottet", om Ivar Aasens fonologiske metode og om dialektale særdrag i vestnorsk.

            Tysk institutt har etablert fleire internasjonale faglege kontaktar.  Det vert arbeidd med eit doktorgradsprosjekt om samanhengen mellom ordstruktur og ordninga av hjernens ordlager, vidare med lærebøker, tysk samtidshistorie og doktorgradsprosjekt om Günter Grass' prosaverk. 

 

Formidling og samfunnskontakt

     AHF har knytt kontaktar og etablert samarbeid med andre utdanningsinstitusjonar og med ulike offentlege organ og ideelle organisasjonar. Fleire av dei tilsette deltek i formidlingsarbeid med m.a. foredrag og konsulent­verksemd,  med å stille til rådvelde kjeldemateriale og ved å delta som ressurspersonar i ulike lag og stiftingar. Fagmiljøa ved AHF har i 2002 arrangert fleire opne seminar og forelesingar. Norskstudiet for utanlandske studentar (NUS) har gitt mange kontaktar med utanlandske universitet og høgskular. Arbeid med internasjonalisering har blitt intensivert i 2002, og vil halde fram i 2003.

 

Satsingsområde

            AHF vil halde fram med utvikling av moduliserte og nettbaserte studietilbod, i tillegg til sterkare satsing på kurs- etter- og vidare­utdanning. Arbeidet med implementering av Kvalitetsreformen vil halde fram, og nye tilbod under planlegging inkluderer 3 nye bachelorgrader: 1) Historie, kultur og samfunn, 2) Litteratur og kultur, og 3) Språk, kommunikasjon og media. Det blir også arbeidd med eit engelskspråkleg tilbod: Norwegian Culture Studies, med 30 studiepoengs omfang. Elles vil AHF utvikle bachelor- og mastergradsemne av 15- og 30 studiepoengs omfang i språk, litteratur og historie som kan gå inn i andre avdelingar sine løyper.