IVAR AASEN-SELSKAPET - EIN PRESENTASJON

SKIPING

Ivar Aasen-selskapet vart skipa 10. mars 1991. Initiativtakarane var fyrsteamanuensis (no professor) Jarle Bondevik og professor Oddvar Nes, Nordisk institutt, Universitetet i Bergen, og fyrsteamanuensis Terje Aarset, Høgskulen i Volda. Samarbeidet mellom desse tre er ein lekk i Noregsnettet.

FØREMÅL

Føremålet med selskapet er å gje ut etterlatne manuskript av Ivar Aasen og faglege avhandlingar om Aasen og verket hans.

SKRIFTSERIAR

Publikasjonane vil kome i to skriftseriar: Skrifter frå Ivar Aasen-selskapet. Serie A. Tekster, og Serie B. Kommentarar og studiar. Skrift nr. 1 i serie A, Sunnmørsgrammatikkane av Ivar Aasen, kom ut i 1992 og er på XXIII + 175 sider. Det inneheld tre utkast til sunnmørsgrammatikken som Aasen skreiv medan han budde på Sunnmøre (1838-41), saman med den utgåva han gav ut på Ekset i 1851. Skrift nr. 2 i serie A, Målsamlingar frå Sunnmøre av Ivar Aasen, kom ut i april i år. Det inneheld seks manuskript frå tida 1839/40 til 1844 og er på XLIV + 329 sider. Hovudmanuskriptet er "Materialier til Almuesproget i den nordligste Deel af Bergens Stift", eit førearbeid til ei ordbok over sunnmørsmålet (om lag 9000 ord) som Aasen utarbeidde i Sogndal hausten 1842. Skrift nr. 3, Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen, ligg føre i manuskript og er klar til prenting (jf. den vedlagde innhaldslista). Dette bandet vil innehalde grammatiske og leksikalske arbeid om vestlandsmåla, m.a. landsdelsgrammatikken "Oplysninger om Almuesproget i Bergens Stift", eit manuskript på 91 sider. Når det gjeld den vidare framdrifta av arbeidet, syner vi til den oppsette lista nedanfor. Fire av bøkene i skriftserien (A) er allereie i arbeid: Målsamlingar frå Rogaland, Agder og Telemark av Ivar Aasen (skrift nr. 4), Det norske Folkesprogs Grammatik (1848, skrift nr. 7, som er halvvegs innskriven), namnesamlingane (skrift nr. 16, som m.a. skal innehalde ei nyutgåve av Norsk Navnebog, 1878, er ferdig innskriven; dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Terje Aarset og Kristoffer Kruken ved Universitetet i Oslo) og Dansk-norsk Ordbog (1883, innskriven av Magne Myhren, Universitetet i Oslo).

AASEN-ARKIV

Ved MRDH Volda (no Høgskulen i Volda) og Nordisk institutt, Universitetet i Bergen, har det dei tre siste åra vore under oppbygging eit Aasen-arkiv i samarbeid med Handskriftsamlinga ved Universitetsbiblioteket i Oslo. Til no er om lag 150 manuskript på vel 4000 sider kopierte og lagde til rette for avskriving. Av desse er 35 manuskript på kring 1000 sider innskrivne på data. Då er ikkje grammatikken frå 1848, namneboka frå 1878 og Dansk-norsk Ordbog medrekna. I tillegg har det ved norskseksjonen vore under oppbygging eit omfattande arkiv over sekundærlitteratur om Aasen og arbeidet hans.

MÅLSAMLINGAR FRÅ BERGENS STIFT AV IVAR AASEN

Redigert av Jarle Bondevik, Oddvar Nes og Terje Aarset

INNHALD Innleiing. Av Jarle Bondevik 1. Grammatiske og leksikalske arbeid om måla i Bergens Stift 2. Utgjevingsprinsipp 3. Register 4. Symbolbruk 5. Litteraturliste

1. Iagttagelse af Dialekterne [i Romsdal, på Sunnmøre, i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn]

2. Oplysninger om Almuesproget i de nordligste Dele af Bergens Stift, nemlig Søndmør, Nordfjord, Søndfjord og en Deel af Yttre-Sogn (Juli 1843)

3. Oplysninger om det sognske Almuesprog

4. Oplysninger om det nordhordlehnske Almuesprog (September 1843 og Februar 1844)

5. Oplysninger om det vossiske Almuesprog (April 1844)

6. Oplysninger om Almuesproget i den sydligste Deel af Bergens Stift, indbefattende særskilt 1. Hardanger 2. Søndhordlehn.

7. Oplysninger om Almuesproget i Bergens Stift. Juli 1844

8. Ordbog over Almuesproget i Bergens Stift. Begyndelse (Skreven i Oktober 1844)

SKRIFTER FRÅ IVAR AASEN-SELSKAPET. SERIE A. TEKSTER FØREBELS UTGJEVINGSPLAN (1994)

I. Sunnmørsgrammatikkane av Ivar Aasen. 1992

II. Målsamlingar frå Sunnmøre av Ivar Aasen. 1994.

III. Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen. (1994/95)

IV. Målsamlingar frå Rogaland, Agder og Telemark. (1995)

V. Målsamlingar frå Buskerud, Akershus, Oppland og Hedmark. (1996)

VI. Målsamlingar frå Nordmøre, Trøndelag og Helgeland. (1997)

VII. Den norske Folkesprogs Grammatik. (1998)

VIII. Ordbog over det norske Folkesprog. (1999)

IX. Målsamlingar 1850-55. (2000)

X. Målsamlingar 1856-60. (2001)

XI. Målsamlingar 1861-65. (2002)

XII. Målsamlingar 1866-70. (2003)

XIII. Målsamlingar 1871-75. (2004)

XIV. Målsamlingar 1876-96. (2005)

XV. Ymse samlingar frå ymse tider. (2006)

XVI. Namnesamlingar. (2007)

XVII. Samlingar frå andre 1843-50. (2008)

XVIII. Samlingar frå andre 1851-60. (2009)

XIX. Samlingar frå andre 1861-70. (2010)

XX. Samlingar frå andre 1871-96. (2011)

XXI. Dansk-norsk Ordbog. (2012)

XXII. Register. (2012)

Om det blir stilt ressursar til rådvelde, kan arbeidet gå monaleg snøggare, t.d. slik at det kjem ut to band i året.