Om Hans StrømStrøm tok teologisk embetseksamen 1745. Han budde heime hos mora i Borgund 1745-1750 og dreiv sjølvstudiar i ortodoks-pietistisk og filosofisk litteratur i farens bibliotek. Gav noko privatundervisning ved sidan av. Strøm var deretter kapellan hos sokneprest Meldahl i Borgund i 14 år, frå 1750 til 1764. Sokneprest i Volda 1764-1779. Vart i denne tida særleg renommert som naturforskar. Innvotert medlem i vitskapsselskap i Noreg, Danmark, Sverige og Tyskland. Forlet Sunnmøre i 1779 og vart sokneprest i Eiker 1779-1797. Skjøtta kallspliktene og granskingsarbeidet på same vis som i Volda.
I 1750-åra kom Strøm over Pontoppidans naturhistorie og Linnés botaniske arbeid. Tok sjølv til med granskingar og reiste på fleire ferder kring om på Sunnmøre. Notatar frå reisene i Annotations-Bog. Resultata vart publiserte i Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør I-II (København, 1762-1766), eit verk som etablerte Hans Strøm som ein av si tids vitskaplege autoritetar. Han følgde opp dette arbeidet med ei rekkje artiklar, der særleg det naturvitskaplege området var sterkt representert.
Andre del av 1700-talet er gjerne kalla opplysningstida. Med dette omgrepet legg ein gjerne vekt på at kunnskap og vitskap overtok der religiøs tru og dogmatikk før hadde dominert. Dette galdt både ute i Europa og i Danmark-Noreg. Eitt kjenneteikn på at ei ny tid var i emning var dei mange selskapa med patriotisk vitskapsinteresse som vaks fram. Hans Strøm hadde tilknyting til fleire av dei, men vi finn han òg i rolla som inspirator og rettleiar. Den funksjonen øvde han både i høve til yngre embetskolleger og opplyste personar frå allmugen.
Hans Strøms vitskaplege forfattarskap er av dei større frå 1700-talet. Det spenner over fleire fagfelt (naturvitskap, teologi, samfunnsvitskap), og det inkluderer - i tillegg til det 1100 sider store verket om Sunnmøre - større verk som Tilskueren paa Landet I-II (1775-76), Physisk-oeconomisk Beskrivelse over Eger-Præstegiæld i Aggershuus Stift (1784) og Prædikener over alle Søn- og Festdages Evangelier til Andagtsøvelser for Almuen (1792). Hans Strøm tok elles teologisk doktorgrad (1790) på eit arbeid om urkristendommen.
Hans Strøm døydde i Eiker 1.2.1797, knapt 71 år
gammal. (Meir detaljert tidstavle.)
For Hans Strøm sin del ser det heile ut til å ha starta med at han i 1750-åra kom over Erik Pontoppidans naturhistorie og Carl von Linnés botaniske arbeid. Han tok sjølv til med granskingar og reiste på fleire ferder kring om på Sunnmøre. Notatar frå desse reisene er innførte i ei notisbok (Annotations-Bog, under utgjeving). Resultata vart publiserte for eit større publikum i det 1100 sider store topografiske verket Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør I-II (København, 1762-1766), eit verk som etablerte Hans Strøm som ein av si tids vitskaplege autoritetar. Han følgde opp dette arbeidet med ei rekkje artiklar, der særleg det naturvitskaplege området var sterkt representert.
Hans Strøms vitskaplege forfattarskap er av dei større frå 1700-talet. Det spenner over fleire fagfelt (naturvitskap, teologi, samfunnsvitskap), og det inkluderer - i tillegg til det store verket om Sunnmøre - verk som Tilskueren paa Landet I-II (1775-76), Physisk-oeconomisk Beskrivelse over Eger-Præstegiæld i Aggershuus Stift (1784) og Prædikener over alle Søn- og Festdages Evangelier til Andagtsøvelser for Almuen (1792). Hans Strøm tok elles teologisk doktorgrad (1790) på eit arbeid om urkristendommen.
Naturgransking og kartleggingsferder kunne frå 1750-åra av grunngjevast i noko meir enn eigeninteresse, og vi ser at slike aktivitetar heretter vart embetsmannssysler i eit heilt anna omfang enn før. Det er fleire grunnar som kvar for seg kan forklare sider ved denne av omlegginga. For den dansk-norske prestestanden, som i tal var suverent den største delen av embetsverket, var det viktig at Pontoppidan, ein med mynde i statskyrkja, stod bak. Det første Forsøg paa Norges naturlige Historie hadde den viktige "murbrekkarfunksjonen" at det gav praktiske døme på kva verksemd som kunne sameinast med kallspliktene. Det vart både lovleg og legitimt å vere såkalla "potetprest". Idéhistorisk må omlegginga knytast til opplysningsfilosofien, og med han kom nyskapingar som sensurfritak, offentleg ordskifte, krav om utvida borgarrettar, nye idéar om praktisk nytte og økonomisk lønsemd, etc.
På 1700-talet femna opplysningstenkinga om embetsmenn og borgarar mest over heile Europa, men med tyngdepunkt i det nordlege området, og ho råka også det dansk-norske embetsverket sterkt. Ei innleiing kom med den store innsamlinga av økonomisk, topografisk og historisk materiale frå heile den dansk-norske staten i 1743.1 Eitt av framhalda var nærast ein flaum av tidsskrift som Oeconomisk Magazin for Danmark og Norge, Den Patriotiske Tilskuer o.l., og parallelt med dei kom det òg opp vitskapsmiljø som etablerte seg utanfor universiteta, t.d. Det Kongelige Danske Videnskabers Selskab i Danmark og den norske avleggjaren Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim 1760.
Engasjementet ovra seg òg gjennom ei mengd diskuterande interessegrupper med sterkt patriotisk tilsnitt. Dei var gjerne knytte saman i "Associationer", halvopne fora som prøvde å spreie idéane vidare. Oftast var (det uttalte) formålet at bondestanden skulle opplysast. I mange tilfelle er det berre ei halvsanning om reformrørsla. Ser ein denne reformtenkinga samla og over tid, går det rimeleg klart fram at ambisjonane ikkje stogga der, men at aktivistane vel så mykje var oppteken av å reformere heile staten - også styringsverket. Då trykkesensuren fall vekk i 1770, resulterte det i pamflettar med kritikk av styresmaktene.2 Den best organiserte delen av rørsla, landhushaldingsselskapa, kunne både ha heile den dansk-norske staten som verkefelt, som Det Danske Landhuusholdningsselskab (1769), vere landsdelsavgrensa, som Det Aggershuusiske Patriotiske Selskab (1778), regionalt avgrensa, som Syndmøre Practiske Landhuusholdnings-Selskab (1773), eller berre femne om eit par prestegjeld, som Det Aamodtske Patriotiske Selskab (1782).
Eit anna framhald finn vi på det statskyrkjelege området,
hos ein person som i ettertida er rekna som sjølve inkarnasjonen
av dansk-norsk kyrkjetenking, nemleg Erich Pontoppidan. Pontoppidan lekamleggjer
på mange måtar snunaden frå streng pietisme til meir
liberale haldningar både i kyrkja og i andre delar av det øvste
styringsverket. Teologisk var han bunden til pietismen, og særleg
har katekisma Sandhed til Gudfrygtighed (1739) forma ettertidas vurdering
av han. Men Pontoppidan var nok ein meir samansett person enn det ettermælet
har villa omtale han som. Alt i 1740-åra var han sterkt oppteken
av å sameine tru og fornuft, og han var overtydd om at skiljet mellom
dei berre var tilsynelatande. Hans meining var at pietismens læresetningar
også kunne grunngjevast ut ifrå intellektuelle resonnement.
I det ligg eit syn på rasjonalitet (og dermed vitskap) som skil seg
frå den mest dogmatiske pietismen først i hundreåret.
Den fornuftige tanken var "et opklarende Lys" som mennesket har fått
av Gud. Han er nok svekt av synd og utilstrekkjeleg utan openberringa,
men kan likevel, etter Pontoppidans meining, prove bibelsk sanning og det
guddommelege opphavet. Denne haldninga finn vi også hos Strøm,
og det er her vi finn koplinga mellom pietisme og naturstudiar. Koplinga
mellom teologi og samfunnsstudiar (samfunnsforvaltning, statsforfatning)
var alt gjennomført i naturrettsfilosofien.3
Det er grunn til å opp slike forhold, for det er resepsjonshistorisk lite kommentert i norsk vitskapshistorie. Ho postulerer - utan særleg grunngjeving - ein start først på 1800-talet og eit kontinuerleg lineært raffinement i fagutviklinga. Det som fanst av intellektuelt liv i unionstida vert enno temmeleg stemoderleg handsama. Lineariteten kan det stillast både eitt og fleire spørsmål ved, særleg om ein jamfører norsk vitskapshistorie med europeisk vitskapshistorie. På fleire felt kan det sjå ut som om verksemda til Hans Strøm og t.d. dei tre viktigaste aktørane i Trondheims-miljøet (Gunnerus, Schøning og Suhm) var meir i pakt med si samtids europeiske lærdomskultur enn dei tilsvarande lærde aktivitetane til etterkomarane vel hundre år etter.
Det er såleis ikkje så reint lite respektløyse ute og går dersom 1700-talets lærde litteratur, utan grundigare studiar enn dei som er gjorde til denne tid, også i framtida vert borttolka som refleksjonslaus kompilatorisme, primitiv lokalhistorie eller kraftpatriotisk navleskoding. Det er også andre forhold som tilseier at tida er inne for å ta opp 1700-talets forfattarar til fornya vurdering i våre dagar, og dei skal slett ikkje undervurderast. Dei siste tiåras vitskaps- og erkjenningsteori, fag- og disiplininndelingar etc. legitimerer interesse for slike pre-positivistiske og pre-romantiske forfattarskapar på ny, og då utifrå heilt andre fagleg-teoretiske rammevilkår enn dei den gamle nasjonsbyggingsideologien i si tid gav.5