Tidstavle over Hans Strøm (1726-1797)

Av Arne Apelseth
 

1726

Hans Strøm vart fødd 25.1.1726 i Borgund på Sunnmøre. Foreldra var prost Peder Strøm (1682-1741) og Gunhild Susanna Hagerup (1687-1764). Hans Strøm var nest eldst i ein syskenflokk på fire. Sysken: Aarsille Cathrine (1724-1748), Ole (1726-1782) og Jens Henrik (1729-1800).

1730-åra

Læreår heime, dei siste åra før 1742 under tilsyn av privatlæraren Knut Sandshavn. Strøm meinte seinare i livet at han hadde lærevanskar i teorifag, men at dette betra seg då Sandshavn overtok undervisninga. Spelte elles fløyte, teikna, malte og dreiv med treskjering.

1741

Faren døydde 1741.

1742

Hans og tvillingbroren Ole reiste til Bergen. Tok studenteksamen etter eitt år i øvste klasse hos rektor Steensen på Bergens Kathedralskole.

1743

Begge brørne tok til på teologistudiet i København. Privat studierådgjevar eller rettleiar under studiet var juristen Scheid.

1745

Teologisk embetseksamen 1. juni 1745. Begge fekk laud på prøva i homilietikk, men haud illaudabilis på preika.

1745-1750

Hans Strøm budde heime hos mora i Borgund. Sjølvstudiar i ortodoks-pietistisk og filosofisk litteratur i farens bibliotek. Noko privatundervisning ved sidan av.

1750

Augustinus Meldahl, prost på Sunnmøre og farens etterfølgjar som sokneprest i Borgund, bad Hans Strøm om å ta imot ei stilling som kapellan hos han. Strøm var deretter kapellan hos Meldahl i 14 år, frå 1750 til 1764.

1752-53

Erich Pontoppidans naturhistorie kom ut. Strøm vart fascinert av verket, og han ville gå i gang med liknande arbeid sjølv. Han hadde alt då levert ei teikning (av sjøormen!) til Pontoppidans verk. Omlag samstundes, eller helst noko seinare, fekk han tilsend Linnés botaniske avhandlingar frå broren Ole i København.

1750-åra

Hans Strøm startar kartlegginga av 'Fogderiet Søndmør'. Reiste på fleire ferder kring om på Sunnmøre. Notatar frå reisene i Annotations-Bog.

1755-56

Restaureringa av Giske kapell. Her forfatta Hans Strøm teksten til epitafiet som enno heng i kapellet. Kontakt med treskjeraren Tavle-Jakop, Jakob Sørensen Giskegaard (1736-1827).

1760-åra

Omfattande registring av meteorologiske, botaniske, zoologiske og entomologiske forhold. Funna vart delvis publiserte i 'Beskrivelsen' og delvis i spesialartiklar i det norske og danske vitskapsselskapets skrifter i 1760- og 1770-åra.

1762

Første band av Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør kom ut. Det hadde då vore ferdig i nærare tre år. Verket vart trykt på Sorø-akademiets forlag i København. Ferdiggjeringa av andre band drog endå meir ut. Det vart endeleg redigert av Ole Strøm, og først trykt 1766.

1763

Korresponderande medlem i Det Trondhiemske Lærde Selskab (frå 1767 kalla Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab).

1764

Innvotert medlem av Det Kgl. Videnskabers Societet i København 10. februar 1764. Mora Gunhild Susanna Hagerup døydde dette året.

1764

Utnemnd sokneprest i Volda prestegjeld 3. februar 1764. Gift 5.12. s.å. med Helene Dorothea Grave (1734-1808), enka etter den førre presten Morten Meyer. Alle borna i ekteskapet til Hans og Helene Dorothea Strøm døydde tidleg. Berre stesonen, Christian Burchard Meyer (1762-1837) levde opp.

1764-1779

Sokneprest i Volda i 15 år. Vart i denne tida renommert som naturforskar. Eit patriotisk og vitskapsinteressert miljø oppstod med Strøm i rolla som inspirator og rettleiar. Talde kapellanane hans i Volda, Jens Andreas Krogh (1766-1769) og Claus Frimann (1771-1779), tilreisande Marcus Schnabel (1744-1780), Martin Vahl (1749-1804) (studerte hos Strøm i Volda 1767-1769, hos Linné i Uppsala 1769-1774). Bonden Henrik Ellingsson (Skutle) Løndahl flytta frå Voss til Volda. Den dansk-tyske entomologen, Johann Chr. Fabricius (1745-1808), var i Volda for å helse på Strøm (i 1778). Både Rasmus Vassbotn og Sivert Aarflot vart tekne til omgangsskulelærarar av Strøm (i 1772 og 1778).

1773

Syndmøre Practiske Landhuusholdnings-Selskab skipa 2. november 1773. Fall meir eller mindre saman då Strøm og initiativtakaren, sorenskrivar Melchior Falch, begge drog i slutten av 1770-åra.

1775-76

Folkeopplysningsbøkene (to band) Tilskueren paa Landet. Strøm gav eitt eksemplar av bøkene til kvar skulekrins i Volda.

1776

Innvotert medlem av Det Kgl. Svenske Patriotiske Selskab.

1778

Innvotert medlem av Berlinischer Gesellschaft Naturforschender Freunde.

1778

Vart utan søknad kalla til Eiker prestegjeld 25. november 1778. Reiste i juli året etter.

1778

Gav ut Nytten og Fornødenheden af Naturens Kundskab, for alle i Almindelighed og for Geistligheden især, fornemmelig i Norge. Arbeidet må reknast som eit moralfilosofisk arbeid i Leibniz-Wolff-tradisjonen.

1779

Titulær professor (Professor Theologiæ extraordinarius) 1. oktober 1779. Den 26. april s.å. vart han orientert om at han var innvotert medlem av  Kgl. Swenska Wetenskaps Academien i Stockholm.

1779-1797

Sokneprest i Eiker i 18 år. Skjøtta kallspliktene og granskingsarbeidet på same vis som i Volda. Også her samla han kring seg vitskapsinteresserte personar, særleg Marcus Schnabel (kapellan i Lier 1779-1780) og Hans Jacob Wille, (kapellan hos Strøm 1785-1788). Også den første kapellanen hans i Eiker, Lorentz Budde, hadde sanka topografisk tilfang som Strøm nytta i 'Beskrivelse over Eger'.

1780-åra

Mange publikasjonar kvart år. Dei er gjerne kortare og meir populariserte enn dei avhandlingsprega skriftene frå tiåra før. Medlem av det Kgl. Danske Landhuusholdnings-Selskab, Aggershuusiske Patriotiske Selskab og dei "Oeconomiske" selskapa i København og Christiania.

1781

Redigerte saman venen og disippelen Marcus Schnabel (1744-1780) sine etterleivde skrifter.

1784

Physisk-oeconomisk Beskrivelse over Eger-Præstegiæld i Aggershuus Stift. Strøm hevda å ha nytta seks år på arbeidet.

1788

Det gamle universitetskravet vart markert i samband med kronprinsvitjinga. Strøm nytta høvet til å gje ut En Nordmands Fordring til sine Landsmænd ved Anledning af Rothes Danmarks og Norges Fordringer til hinanden. Kom ut som anonymt vedlegg til Norske Intelligentz-Sedler 18. juni 1788.

1782-1793

Omfattande arbeid med den norske mosefloraen.

1790

Dr. theol. på ei avhandling om urkristendommen, Dissertatio Exegetico-Theologica De Adoratione In Spiritu Et Veritate, 30. september 1790.

1790-åra

Meir konservativ tenking enn før i moralske, religiøse og samfunnsrelaterte spørsmål. Forskrekka over den franske revolusjonen. Ville innskrenke ytringsfridommen.

1791

Maleri av Hans Strøm truleg utført i 1780-åra av Peder Aadnes. Maleriet vart stukke i kopar av Seehusen 1791.

1791

Medstiftar i Det Tophographiske Selskab for Norge, ein av forlauparane til eit norsk universitet. Truleg har Strøm vore sterkt medverkande i utforminga av det krevjande programmet selskapet tok mål av seg å realisere.

1792

Den første norskproduserte huspostillen, Prædikener over alle Søn- og Festdages Evangelier til Andagtsøvelser for Almuen. Forbetra utgåve 1794.

1796

Testamenterte ei samling av bøker og "Naturalier" til den Deichmanske Stiftelse ved gåvebrev 26.7.1796.

1797

Ved nytt gåvebrev 17.1.1797 vart ein sum løyvd til beste for konfirmantar i Eiker.

1797

Hans Strøm døydde på Eiker 1.2.1797, knapt 71 år gammal.


WWW-red.: Arnfinn Kjelland, Historisk institutt, HVO, 11.8.1997