Du er besøkande nr:  sidan 8. juli 1997.
Oppdatert pr. 28.4.1999, Arnfinn Kjelland (red.): ak@hivolda.no

Heimen - vitskapleg tidsskrift for lokal og regional historie 

Redaksjonen er flytta til Høgskolen i Agder frå 1.1.1999. Ajourførte sider for tidsskriftet finn du her.

Frå 1.1.1995 - 31.12.1998 var redaksjonen ved Høgskulen i Volda, Historisk institutt

Utgjevar: Landslaget for lokalhistorie

Nokre smakebitar frå tidsskriftet i perioden det vart redigert i Volda:

Framsida, hefte 1, 1995: Volda er eit gammalt skulesentrum. Biletet viser "Voldens høiere Almueskole", bygd i 1860 av Volda kommune. Skulen var eit resultat av skulelova i 1860, men planlegginga hadde gått føre seg heilt sidan 1846. Kostnaden var 1400 spd. - ei stor investering den gongen. Men alt i desember 1865 kom katastrofen: "Stor-elva" i Volda gjekk i flaum, undergrov skulehuset og tok det med seg ut på Voldsfjorden. Foto Marcus Thrane. Biletutlån og opplysningar: Jostein Nerbøvik.

Innleiing
Tidsskriftet Heimen har vore gjeve ut sidan 1922 av Landslaget for lokalhistorie (om utgjevar, sjå nedafor). Tidsskriftet får støtte frå Noregs forskingsråd.

I perioden 1973-1994 var redaksjonen lokalisert ved Historisk institutt, Universitetet i Trondheim. I perioden 1973 til 1976 var dosent Hallvard Bjørkvik redaktør, frå 1976 til 1986 professor Jørn Sandnes, med førsteamanuensis Helge Salvesen, Universitetet i Tromsø som medredaktør frå 1979 til 1986. I perioden 1987 - 1994 har det vore tre redaktørar: professor Kjell Haarstad, professor Dagfinn Slettan og førsteamanuensis Anders Kirkhusmo. Frå 1989 har Jostein Molde vore redaksjonssekretær i halv stilling.

Litt frå innhaldet, og ei lenke til andre lokalhistoriske ressursar på Internett:

  • I artikkelen "Lokalhistorie på høgskulenivå" i hefte 1, 1995 kan du lese om historiestudiet i Volda 1972-1994.
  • Innhald og "Frå redaksjonen" i heftene frå og med nr 1, 1995 (blir utlagt)
  • Her kan du lese den første redaksjonelle artikkelen frå Volda.
  • Her finn du ein serie artiklar "Informasjon frå RHD" (Registreringssentral for historiske data i Tromsø, om edb-spørsmål) som har stått i Heimen.
  • Her finn du ei enkel ressursside for bygdebøker, lokalhistorie og musé på Internett (WWW).

  • Redaksjon 1995-1998:
    Frå og med årgang 1995 er redaksjonen flytta til Høgskulen i Volda, og den består no av:
    Atle Døssland, tlf. 70 07 50 88 e-post: atd@hivolda.no
    Arnfinn Kjelland, tlf. 70 07 51 06, e-post: ak@hivolda.no
    Arnljot Løseth, tlf. 70 07 51 21, e-post: al@hivolda.no

    Adresse:
    Historisk institutt, AHF, Høgskulen i Volda
    N-6101 Volda
    Fax: 70 07 50 51

    Redaksjonsråd 1995-1998
    Kjell Haarstad, Trondheim
    Liv Marthinsen, Oslo
    John Ragnar Myking, Bergen
    Einar Niemi, Tromsø
    Bjørn Slettan, Kristiansand
    Anna Tranberg, Bø