Ein litt for liten del av medlemene i HIFO Nordvestlandet, med ein tilreisande sensor ved Høgskulen, møttest til fag+sosialt samver på Vertshuset Anne Moritsdotter i Bjørkedalen, Volda, torsdag 11. juni 1998.
Som omvisar fekk vi med oss Erling Bjørkedal f. 1930. Han er
oppvakse i Moritsgarden i Bjørkedalen. Han synte oss først
den rekonstruerte fjørefar-båten, ein båttype som iflg.
Hans Strøm
eksisterte på Sunnmøre på 1700-talet, nytta til bankefisket.
På den tida snakka dei om "storebåtar", som truleg var ei fellesnemning
på fjørefarbåten og åttringen (der åttringen
var størst med fem årepar, medan fjørefar-båten
truleg hadde fire). Problemet er at det ikkje har vore kjent noko eksemplar
av fjørefarbåten i moderne tid.
Først i 1990-åra fann så Saxe Bjørkedal frå
Bjørkedalen eit lite sjøhus på Gurskøya som
var panelt med bord som tydeleg var frå ein "storebåt". Sjøhuset
var til nedfalls, og han fekk ta det han ville ha. Han fann store delar
av bordgangen, restar av kjølen og kjøldraget, nokre band
og ei tofte, som altså var "resirkulert" som bygnings-materialer.
På grunnlag av desse restene har så Saxe Bjørkedal
rekonstruert båten, som vi fekk orientering om av Erling.
Deretter spaserte gruppa opp til den rekonstruerte oppgangssaga, som Erling starta opp for oss med bulder og brak.
Medlemsmøtet vart avslutta med samling i Vertshuset Anne Moritsdotter, der vi fekk framifrå servering av vertinna, Anne Bjørkedal (så framifrå at vi mista siste ferja og laut køyre rundt Austefjorden heim).
(Alle foto: Arnfinn Kjelland)
Båtbyggjarmiljøet i Bjørkedalen er elles vidgjete. Sjå om Vikingskipet «Olav Tryggvason», bygd av Jakob Helset til 1000-årsjubileet i Trondheim, i magasinet Praktisk Båtliv nr 9, 1997.