Lagt til rette for www av Arnfinn Kjelland, Volda 16.1.1997. Attende til Bygdebok-sida: trykk her.
Når denne boka kjem ut, er det meir enn 6 år sidan eg besøkte Lesja fyrste gongen. Det var etter invitasjon frå bygdeboknemnda. Sjølv var eg student, og inne i sluttfasen av embetsstudiet med historie hovudfag.
Da brevet frå bygdeboknemdna kom, tenkte eg som så at det måtte vere betre å få arbeide vidare med det eg hadde gjort dei 3-4 siste åra, enn å begynne i eit yrke eg berre hadde eit halvt års spesialutdanning i (som lærar). Eg hadde og lyst til å forske vidare innafor historie som vitskap, og tenkte at eit "raskt" bygdebokarbeid kunne vere gunstig for å vinne erfaring.
Her må det skytast inn at det ikkje finnst noko utdanning i nett slikt historisk arbeid i Norge. På universitet og høgskolar lærer ein fyrst og fremst historisk metode - korleis ein arbeider med historisk kjeldemateriale, kva for spørsmål ein kan stille til ei kjelde, og kva for svar ein kan vente å finne. Men den spesielle metoden som må nyttast i gards- og slektshistorisk arbeid blir det knapt nok undervist i nokon stad. Eg hadde før eg kom i gang med Lesja-arbeidet, skrive ei s.k. hovudoppgave der eg analyserte kva utmarka hadde å seie for avkastninga av jordbruket samla for ei bestemt bygd, i eldre tid. Denne er strengt vitskapeleg - ikkje-faghistorikarar vil ha store problem med å følge drøftingane.
Lokalhistorie - særleg gards- og slektshistorie - har altså ikkje vore prioritert ved universitet eller høgskular. Om det ikkje har vore sett direkte ned på av lærarane, har det i alle fall ikkje gjeve særleg prestisje å arbeide med det. Da får da og ein vordande bygdebokforfatter lett det inntrykket at ho/han går til ei lettvint oppgave, som kan gjerast med venstrehanda medan den høgre kan nyttast til meir "avansert" historisk arbeid. Dei fleste får seg ei overrasking når dei går i gang, i alle fall om dei vil ta arbeidet med ei gards- og slektshistorie alvorleg, fagleg sett.
Eg fekk meg altså ei overrasking. Nett det med erfaring var riktignok rett. Av det eg kan om bygdebokarbeid i dag, har eg lært ca. 90% etter at eg begynte med bygdeboka for Lesja. Eg har og lært svært mykje om lokalhistorie, om korleis folk i ei bygd som Lesja har levd og arbeidd opp igjennom hundreåra, forhold eg ikkje ville ha vunne innsikt i om eg ikkje har fått arbeide med gards- og slektshistoria for bygda.
Eg har hatt hjelp av mange, både innan- og utanbygds. Professor Jørn Sandnes i Trondheim har gjeve fagleg rettleiing i mange spørsmål. Personalet ved Statsarkivet i Hamar har alltid stått til teneste, med kopiering av kjelder og råd og vink om faglege spørsmål elles. Frå Norsk lokalhistorisk institutt har det alltid vore hjelp å få. Innanbygds har det nettet av lokale kontaktpersonar eg har fått hjelp av, vore uvurderleg. Eg har og hatt uvanleg gode arbeidsvilkår som tilsett av Lesja kommune. Eg har hatt eit godt samarbeid med bygdeboknemnda. Kolleger som har høyrt om, eller vore innom og sett på arbeidsforholda, er imponert.
Situasjonen på arbeidsmarknaden fyrst i 1980-åra førte til at kultursektoren fekk ein god del pengar, for å sysselsette personar som var arbeidsledige. Vi har nytta mykje slik hjelp i bygdebokarbeidet, til meir rutineprega arbeid. Eg skal ikkje her nemne namna til alle dei som har vore med - takk til alle.
God hjelp og gode arbeidsvilkår gjer at oppdragsgjevaren, bygdefolket
ved kommunen, kan stille store krav til bygdeboka. Om kvaliteten er god
nok, kan diskuterast. Eit slikt stoff kan alltid gjerast betre, meir nøyaktig.
Meir gransking kan føre til atein kan ta bort fleire "elles
ukjent", "truleg" og "kanskje". Slik kan ein halde
på i det uendelege. På eit punkt må ein seie stopp. No
har vi granska nok, dette er kva vi har funne ut. Det punktet har eg bestemt.
Ansvaret for at innhaldet så held mål, er derfor mitt åleine.
Lesja i februar 1987,
Arnfinn Kjelland