Lagt til rette for www av Arnfinn Kjelland, Volda 17.1.1997. Attende til Bygdebok-sida: trykk her.
Ei gards- og slektshistorie skal, som namnet fortel, innehalde historie om gardar og slekter i eit visst område. Det er elles om lag det einaste fellestrekket ein kan finne, om ein samanliknar dei titals slike bøker som blir gjeve ut kvart år her i landet.
For det er enormt mykje stoff ein kan finne om noko som kan verke så enkelt som eit lite gardsbruk borti skogkanten, og folket som har budd der. Når kom garden til, er han frådelt frå ein annan gard, har han vore husmannsplass, kva tyder namnet, kven budde her, kva skjedde med dei ymse brukarane ut igjennom hundreåra osv. osv.
Eit gamalt hus kan t.d. fortelja mykje om dei som budde der og om levekåra før i tida, om ein først leiter på rette måten. Stadnamna rundt om på garden, på inn- og utmarka, fortel og mykje. Når gamalåkeren ovafor garden t.d. heiter "studulen", får ein straks assosiasjonar til å granske vidare. Har det vore seterstøl her før det vart gard? Kven hadde seter her? osv.
Og går ein først inn i det skriftlege kjeldematerialet,
dei hundretals tilfelle der garden og folket der er omtala i offentlege
protokollar og andre dokument, private brev, avisartiklar osv., kan ein
i regelen skrive ei heil bok om kvar einaste gard i heile landet. Ein er
derfor nøydd til å prioritere særs strengt, skal ein
presse historia til alle gardane i ei bygd inn i 2, 3 eller 4 bind. Store
mengder til dels svært interessant stoff må utelatast, både
av omsyn til det arbeidet det er å samle inn opplysningar og bearbeide
dei, og det antal trykksider som ein ville trenge om alt skulle takast
med.
PRINSIPP FOR LESJA-BØKENE
For gards- og slektshistoria for Lesja har forfattaren, i samråd med bygdeboknemnda, bestemt kva slags stoff som skal vera med. Det er lagt stor vekt på registreringa av folket (det som noko unøyaktig er kalla "slektshistoria"), og elles er det gjort eit forsøk på å skildre levekåra - korleis det var å livberge seg - på kvar gard i eldre tid. Meir tradisjonsliknande stoff, morosame historier, segner o.l., er utelate, sjølv om vi veit mange ville vore interessert i slikt.
Gards- og slektshistoria for Lesja, slik ho nå er utforma, må sjåast på som eit skjelett. Noko kjøt finn ein nok på dei beina som er, men ikkje mykje. Det er lagt vekt på å forklare slikt som det trengst grundigare (til dels vitskapeleg) innsikt til for å forstå.
Eit døme er tolkinga av stadnamn. Her har bygdefolk i svært mange høve resonnert seg fram til tolkingar sjølve, som kan verke logiske og rette ut frå uttale og skrivemåte av namnet i dag. Det ein ofte ikkje er klar over, er at eit stadnamn (t.d. eit gardsnamn) kan vera svært gamalt, frå ei tid før gamalnorsk vart talespråk her. Dette urnordiske språket kjenner vi lite til, og det er berre dei som på vitskapeleg grunn har granska eit namn som kan seia noko om kva det tydde da det kom til. Vi har fleire slike namn i Lesja. Sjå nærare om dette nedafor.
Eit anna felt vi har lagt stor vekt på, er framveksten av dei forskjellige bruka på ein gard. Særleg har vi lagt vekt på å få oversikt over husmannsplassane - kvar dei låg, når dei vart rydda, kven som budde der og når dei vart fråflytta att eller frådelte (skyldsette) til matrikulerte bruk.
For alle gardar og plassar frå før dette hundreåret har vi altså prøvd å seia noko om driftstilhøva og levekåra i eldre tid, bygd på dei oppgavene vi har over buskapen og åkerbruket frå 16-, 17- og 1800-talet. Sjølve talgrunnlaget er sett i tabellform, medan vurderingane er gjort i teksten. Det er gjort på eit vitskapeleg grunnlag, men dei er sjølvsagt likevel usikre.
Til sist folket på gardar og plasser, som det utan samanlikning er arbeidd mest med. Slektshistorie har alltid vore eit populært felt i bygdene i Norge, også i Lesja. Og utgangspunktet for bygdebokarbeidet her som i så mange andre bygder var ei stoffsamling som i hovudsak var slektshistorisk.
Slektsgransking og gardshistorie kan ikkje samanliknast. Ei slekt greinar seg vidt omkring, og let seg ikkje stoppe av grende- eller bygdegrenser. Garden ligg i ro, i hundreår etter hundreår.
Men likevel er folket og garden uløyseleg samanknytt. For at garden skulle eksistera som sjølvstendig driftseining måtte det bu folk der, og for at folket skulle overleva, måtte dei ha eit gardsbruk eller ein husmannsplass. Sjølv i ei bygd som Lesja var det berre eit mikroskopisk antal som kunne livberge seg på jakt og fangst, kol- og tjørebrenning, handverk, "ferdveig" eller andre attåtnæringar.
Eit vanleg døme på kva slektsgransking er, er å sjå om lag 1000 år attende i tida. Det er vanleg å rekne kvar generasjon til 30 år. Av det finn vi at det har levd 33 generasjonar sidan Harald Hårfagre var konge i Norge. Og sidan vi for kvar generasjon får dobbelt så mange formødre og -fedre, kan vi rekne ut at kvar einskilt av oss hadde på Hårfagre si tid 8.589.934.592 tipp x 30 oldeforeldre. Sjølvsagt har det vore mykje inngifte, men det er likevel etter måten stor sjanse for at vi alle nedstammar frå samlingskongen vår, etter ei eller anna innfløkt slektsline.
Ei slektstavle blir aldri lik for andre enn heilsyskenflokkar. Det er derfor ikkje rett å kalle bygdeboka her for ei slektshistorie, eller slektsbok. Men kvar gardshistorie inneheld så detaljerte opplysningar om folket der, kvar dei kom frå og kvar det vart av dei, at det skal vera etter måten enkelt å setja opp slektstavler for den som måtte ynskje det. Og vi trur at slektslinene innafor bygda er så godt kartlagt i denne boka som det er råd å få til.
Det er og lagt eit etter måten stort arbeid på å klarleggje
kvar det vart av bygdefolk som flytte ut. Vi har "følgt etter"
bygdefolket utafor bygda på det viset at vi har søkt å
finne ut kvar det vart av dei, om dei gifta seg, og med kven, og kva dei
dreiv med i livet. Etterkomarar født utafor bygda har vi ikkje registrert.
Vi har lagt eit særleg stort arbeid i å identifisere alle som
reiste til Amerika. I emigrantprotokollane står det ofte berre t.d.
at ein "Ole Olsen, 20 aar gml., f. i Lessøe" reiste ut.
Å finne ut kven han var kan da by på problem. Vi trur vi har
identifisert nesten 100% av dei som står i emigrantprotokollane og
kyrkjebøkene som utvandrarar (men mange reiste før dei tok
til å føre protokollar i utskipingshamnene, og dei er vi ikkje
sikre på).
KAPITTELINNDELINGA
Desse bøkene er delt inn etter eit fast mønster. Det er gjort eit forsøk på å behandle kvar grend som ei slags "overordna" eining. Men det er ikkje utan problem å definere kva ei grend er. Vi har kome til at på Lesjaskogen er det framleis dei gamle skulekretsane som er nærast det vi kan kalle grender. Men ikkje ned til minste detalj - grensa mellom Einbus-kretsen og
Kyrkjekretsen går mellom Nordi Lie og Sy Lie, og det er ikkje naturleg å rekne to bruk av same garden til to forskjellige grender. Elles er det såpass grisgrendt på Skogen at inndelinga seier seg sjølv. Vi er ikkje så trygge på grendegrensene i hovudsoknet ennå.
Kvar slik grend har så fått si innleiing. Denne innleiinga er mindre enn opphaveleg planlagt, da tida og sidetalet ikkje strakk til. Men nokre emne er med: litt om framvoksteren av gardane i grenda frå dei eldste tider, folketalsutviklinga, litt om beiarlag og andre samarbeidsformer, vegar og andre ferdselsliner, seterbruket, og næringsutviklinga, eldre og nyare tid.
Etter innleiinga for kvar grend kjem ein så til det vi må kalle hovudkapitla i boka: dei einskilde gardshistoriene. Det vi her kallar ein gard er eigentleg ein namnegard, dvs. vi kallar t.d. Einbu for ein "gard". Dette er ei historisk korrekt nemning - alle namnegardar var opphaveleg eitt einaste gardsbruk, rydda av villmark av den fyrste bureisarfamilien på staden.
Kvar "namnegardshistorie" følgjer så same mønsteret. Vi finn fyrst avsnitt som gjeld heile namnegardsområdet, om grenser og naturtilhøve, den eldste tida (med tydinga av gardsnamnet), eigedomstilhøva før sjølveige og bruksdelingar og -samanslåing der husmannsplassane er med. I dette avsnittet finn vi så eitt eller fleire kart over gardsområdet, med namn på jordstykke, plassering av gamle og nye gardar m.m. Vi finn og oversiktstabellar, for dei gardsbruka som blir nemnt lenger nede i teksten, og vi finn eit skjema over bruksdeling og skyldutvikling (forklara nedafor) dersom det var mange bruk på garden. Dersom det har vore jordskifte på garden før siste hundreårsskifte, kan vi finne kart og opplysningar frå dette.
Deretter kjem som regel eit eller fleire avsnitt om gardane før oppdeling i dei bruka vi finn att i dag. Dei heiter gjerne "Hovudbruket før 1710", "Stor-Enstad inntil sist på 1600-talet" o.l., og inneheld litt om drift og levekår, og så eit avsnitt om folket som budde der.
Så kjem dei eigentlege gardshistoriene - eit avsnitt om kvart gardsbruk vi finn att i dag. Desse gardshistoriene følgjer og eit tilnærma fast mønster. Vi finn opplysningar om matrikkelen, kvar gardsbruket ligg, korleis det har kome til (ryddings- eller frådelingstidspunkt og kva for gard bruket evt. er frådelt frå m.m.), skriveformer av namnet, grenser, driftstilhøva i dag, seter og husmannsplassar, og så etter måten mykje om drift og levekår i eldre tid (det varierer sjølvsagt etter kor mange opplysningar vi har). Deretter kjem så oversikta over folket på garden.
Når vi så har gått igjennom kvart gardsbruk, som er ordna tilnærma frå nord mot sør, finn vi eit avsnitt om nyare heimar og bruk i namnegardsområdet. her gjev vi i meir stikkordsform opplysningar om bustadhus og bureisingsbruk bygd på 1900-talet.
Til sist kjem eit oversyn over nedlagte plassar og bruk i namnegardsområdet.
Her kjem kvar husmannsplass (og småbruk eller større gard)
som er permanent nedlagt som sjølvstendig driftseining. Vi har sett
grensa her til kring 1960 - gardsbruk som etter det tidspunktet ikkje har
vore drive sjølvstendig er plassert her (sjølv om det kanskje
budde folk der lenger, og husa kanskje framleis er i god stand og nytta
som feriestad). Her er opplysningane om garden knappare. men opplysningane
om drift og levekår i eldre tid, og folket, følgjer same mønster
som for dei andre gardsbruka. Her finn vi og summariske oversikter over
anleggsfolk som budde på gardane i kortare eller lengre tid (og som
har "sett spor etter seg", t.d. ved dåpsinnføring
i kyrkjebøkene), og over folk som er nemnt på ein gard utan
opplysningar som har sett oss i stand til å identifisere dei.
NÆRARE OM LANDSKYLDA (SKYLDMARKEN)
Skylda på ein gard, det vi i dag til dagleg kallar "skyldmarken", har vore ei verdetakst på garden i alle fall attende til 1200-talet. Granskarane trur skylda kom til i samband med at nokre "autoritetar", først og fremst kongen og kyrkja, etter kvart fekk eigedomsretten til fleire og fleire gardar utover høgmellomalderen /tida ca. 1000-1350). For at desse godseigarane skulle tene noko på dei gardane dei åtte, var dei nøydd til å leige dei ut mot betaling. Og for at betalinga ikkje skulle fastsetjast heilt vilkårlig, utvikla det seg etter kvart eit verdetakstsystem i landskylda. Leiga vart fastsett i høve til skylda.
Skylda på eitt gardsbruk kunne vera delt mellom fleire eigarar, som kvar fekk leigeinntekt etter kor stor del av garden (rekna etter skylda) dei åtte. Dette systemet er ikkje kjent utanfor Norge, og var truleg hovudgrunnen til at bøndene her til lands var frie, i mykje større grad enn lenger sør i Europa.
Opphaveleg var skylda gjeve opp i varer garden kunne produsere. Granskarane trur at skylda opphaveleg vart sett til 1/6 av årsproduksjonen på garden. I Lesja kjenner vi kuhuder, delt i 12 kalvskinn. Eit skinn var delt i 4 fetlingar, eigentlig huda av ein kalvefot. Vi finn og alen vadmål og pund fisk som vareslag landskylda skulle betalast med. På Skogen var det visst berre huder og skinn.
Så kom Svartedauden i 1350. Kanskje 2/3 av alt folket i landet døydde. Seinare utover 13- og 1400-talet kom nye pestbølgjer, så folketalet tok seg ikkje opp att. Men gardane låg der, folkelause. Truleg flytte dei som overlevde inn til dei beste gardane, i dei sentrale strøka. Kanskje vart kvar einaste gard på Lesjaskogen liggjande utan brukar i eit par hundre år.
Dette førte til at godseigarane måtte setja ned skylda for å få leigd ut gardane. Det er rekna ut at landskylda i Gudbrandsdalen kring 1430 var nede på 17% av gamal skyld, og at ho sokk enda meir ned til 13% kring 1500. Der låg ho fram til ut på 1600-talet. Denne reduksjonen i inntektene til leiarane i landet, adelen og kyrkja, er kanskje den viktigaste forklaringa på at Norge vart nærast ein provins under Danmark i lang tid - det var ikkje økonomisk grunnlag for noko eige norsk statsapparat.
På Lesjaskogen er skyldtilhøva spesielle. Gardane her var sikkert skyldsett i høgmellomalderen. Men utover 14- og 1500-talet må dei ha lege øyde, utan brukarar og utan å vera leigd ut som setrar eller underbruk. Slik har den gamle skylda heilt falle bort, på mest alle gardane. Det budde nok folk nokre stader, og dei dreiv nok jordbruk, men dei var friteke for landskyld og truleg skatt og tiend av kornavlinga. Grunnen var at det måtte bu folk her som på Dovrefjellet, for å sjå til at ferdafolk kunne få mat og kvile.
På eit tidspunkt, truleg ikkje før midten av 1500-talet, kom gardane på Skogen i eiga til ei dansk adelskvinne, fru Gørvel Fadersdatter Sparre. Korleis det gjekk føre seg veit vi ikkje. Gørvel hadde ikkje livsarvingar, og gav bort godset sitt til kongen i 1586. Da er gardane på Skogen nemnt for fyrste gong, med ein merknad om at viss brukarane vart pålagt å betale landskyld, "ville ingen der bo", og det ville vera særs alvorleg for det ferdafolket som for over Skogen. Dei gardane som er nemnt i skøytet til kongen, er Stuguflotten, Bjorlie, Rånå, Einbu, Sør-Einbu, Enstad og Vesl-Enstad.
Men det gjekk ikkje mange år før gardane vart skyldsett på nytt att. Det skjedde i 1600. Attåt dei sju frå 1586 vart og Skotte skyldsett det året. Så, i dei neste 10-12 åra, dukkar namnegardane på Skogen opp att, ein etter ein, til vi kring 1612 har alle gardane nord for Brandlie nemnt på ein slik måte at vi må tru dei er folkesette og i bruk att.
Men skylda har ikkje blitt fastsett ein gong for alle. Ho skal eigentleg
spegla verdien av garden, og burde derfor vore justert kvar gong det skifta
brukar, minst. Slik har det ikkje vore, men på 1600-talet var det
to periodar da det ser ut som styresmaktene har teke seg på tak og
justert (dvs. lagt på) landskylda på gardane på Skogen.
Det var i 1620- og i 1680-åra. Framleis vart skylda gjeve opp i vareslag.
På Skogen var det altså berre kuhuder og kalvskinn som vart
nytta.
MATRIKKELEN
Frå midten på 1600-talet vart alle gardane ført i særskilte lister eller protokollar, med opplysningar om kven som åtte dei og kor stor skylda var. Desse listene vart kalla "matriklar", og omgrepet gjekk etter kvart over til å tyde matrikkelen (i bunden form) for bygda (prestegjeldet). I dag finn vi tilsvarande opplysningar liggjande i eigedomsregister på EDB - i prinsippet er det framleis matrikkelen.
Skylda etter justeringa i 1680-åra vart så ståande uendra i 150 år. Og ho var grunnlaget for utlikning av mest alle skattar og avgifter. Desse hadde da som nå ein tendens til å auke på med åra. Men ut på 1800-talet var avviket mellom skyld og faktisk verdi så stort for så mange gardar, at det ikkje var råd å kome unna ein fullstendig revisjon. Det vart gjort, og vi fekk systemet med matrikkel- og løpenummer for kvart bruk, og skylda oppgjeve i daler, ort og skilling (1 daler=5 ort=120 skilling) frå 1838.
Men det vart ikkje gjort godt nok arbeid. Alt i 1860-åra vart det så bestemt å revidere skylda att. Og i 1888 vart den matrikkelen vi i dag kjenner sett i verk for Lesja. Det er her vi finn gards- og bruksnummer, og "skyldmark" - 1 mark=100 øre. Så det går ei samanhangande line attende frå i dag til året 1600 på Skogen, når det gjeld skyldmarken, medan lina for resten av gardane i bygda går attende til 1200-talet. På to gardar på Skogen kan vi elles finne noko som minner om gamal skyld, frå før 1600. Sjå drøfting under Sør-Bjølverud.
Til slutt må det nemnast at matrikkelen i dag ikkje på langt
nær er så viktig som for 100-120 år sidan. Hovudprinsippet
for skattlegginga vart omlagt med nye lover i 1882, 1892 og 1911, frå
skatt på eigedom til skatt på inntekt. Etter det tidspunktet
miste den 7-800 år gamle verdetaksten mest all betydning i høve
til tidlegare.
BRUKSDELINGSSKJEMAET
For nokre gardsbruk vil ein finne bruksdelingsskjema. Det er
helst der namnegarden er oppdelt i mange bruk, t.d. Bjorlie, Enstad og
Bjølverud på Skogen. Skjemaet er eit utsnitt over den perioden
det skjedde mest oppdeling, med årstala gjeve på den loddrette
aksen. Breidda på skjemaet svarar til den samla skylda på namnegarden,
og storleiken på bruka i høve til kvarandre (% av den samla
skylda). I 1838 og 1888 (der skjema dekker desse åra) kunne tilhøvet
mellom bruka bli skipla - det er markert i skjemaet (sjå t.d. under
Stuguflotten nedafor).
DRØFTING AV VERDET AV GARDANE
I gardshistoriene vil ein finne drøftingar av verdet av garden ved sal ut av slekta. Grunnen til at vi ikkje tek med overdragingar til nær slekt er at det kan ha vore tilhøve ved prisfastsetjinga som ikkje blir avspegla i den prisen som vart tinglyst.
Vi har laga oss ein indeks, som vi samanliknar prisen ved sal
av dei einskilde gardane med. Indeksen er gjennomsnittspris pr. skyldskinn,
jamna ut over ein 5-årsperiode (s.k. glidande gjennomsnitt). Prisutviklinga
er gjeve att i figuren nedafor.
VERDET AV GARDANE I 1803
Vi har og drøfta verdet av gardane i 1803. Grunnlaget er den takseringa av gardane som vart halde da. Denne er ikkje særleg fint gradert, men er likevel eit korrektiv til matrikkelskylda, som da ikkje hadde vore endra på over 100 år for nokon gard på Skogen.
Vi har og her rekna ut gjennomsnittstaksten i høve til skylda. Denne var 23,2 daler pr. skinn i skyld.
Når Ner-Enstad i 1803 vart taksert til 160 daler, svara det derfor
til ei skyld på 6,9 skinn. Men skylda var etter matrikkelen 8,3 skinn
- altså kan ein seia at verdetaksten tyda på at skylda burde
ha vore 1,4 skinn lågare enn ho verkeleg var, i 1803. I gardshistoria
for Ner-Enstad står det at skylda kring dette hundreårsskiftet
låg 20% over det garden eigentleg var verd etter driftstilhøva
(6,9 skinn=100%, differansen til verkeleg skyld etter matrikkelen 1,4 skinn=20%
av 6,9 skinn). Tilsvarande blir det for Nystugu (u. Stuguflotten). Der
var taksten og 160 daler (=6,9 skinn), men skylda berre 5 skinn. I gardshistoria
for denne garden står det at skylda låg 28% under det garden
eigentleg var verd etter driftstilhøva (6,9 skinn=100%, differansen
1,9 skinn=28% av 6,9 skinn). Slike utrekningar er gjort for alle gardar
som vart taksert i 1803.
NYMATRIKULERINGA I 1830-ÅRA
Dette har vi så nytta vidare til å vurdere utviklinga fram til nymatrikuleringa i 1830-åra. Det burde ikkje vera så stort avvik mellom den skylda taksten i 1803 tyda på, og den nye skylda gardane fekk i 1830-åra. Det gjekk 34 nye skyldskilling på eit gamalt skyldskinn i 1838, i gjennomsnitt for Skogen.
Utrekningane er gjort slik (for dei same gardane som nemnt over): Ner-Enstad vart i 1838 matrikulert til 2 daler 21 skilling eller 261 skilling. I høve til den gamle skylda var dette ein reduksjon; 261 skill./34=7,7 skinn. 7,7 skinn er 92% av 8,3 skinn, som var matrikkelskylda til Ner-Enstad før 1838. Dette kan vi så samanlikne med tilhøvet på garden kring 1803, og vurdere om det var vokster eller ikkje i denne perioden.
For Nystugu tilsvarande: ny skyld i 1838 2 daler 1 ort 9 skilling eller 273 skilling. Den nye skylda vart altså 161% av den gamle.
Vi dreg ikkje meir vidtgåande konklusjonar av dette enn at drifta
på båe desse gardane må ha blitt forbetra utover i dei
fyrste tiåra av 1800-talet (viss dette ikkje kjem i konflikt med
andre kjelder, t.d. jordbruksteljinga i 1835 eller dødsbuskifta,
sjå om kjeldene nedafor).
GARDANE I NØRDRE OG SØRE VERKET
For gardane mellom Brandlie og hovudsoknet har vi gjort ein vri. Dei
var ikkje matrikulert, men dei vart taksert i 1803. Vi har så vurdert
taksten for kvar gard i høve til gjennomsnittet for dei matrikulerte
gardane (23,2 daler pr. skinn), og kome fram til kva skylda "burde
vore" for desse gardane i 1803. Ei takst på 40 daler svara etter
dette til ei skyld på 1,7 skinn i høve til dei andre gardane
på Skogen. Dette er og gjort for dei husmannsplassane (fåe)
lenger nord, som vart taksert i 1803.
TABELLANE
Som nemnt framafor har vi samla dei driftsopplysningane vi har i talform for alle bruka under kvar namnegard, i oversiktstabellar. Desse tabellane er delt i to. Den fyrste syner innmarksproduksjonen, åkerarealet og foravlingane for kvart bruk. Den andre gjev opplysningar om husdyrhaldet og den samla produksjonen tala tyder på, med forsøk på å rekne ut kor mange menneske som kunne leva av produksjonen. Vi skal forklare korleis desse siste utrekningane er gjort seinare. Fyrst nokre ord om korleis tabellane er sett opp, og kvar vi har tala frå.
I tabellane finn vi att dei same bruka som vi har gardshistorier frå, dersom vi har driftsopplysningar for dei. Det tyder t.d. for Kvam at vi finn ein bolk i tabellen for Nørdre Kvam inntil 1748, så Nistugu, Ruste, Oppistugu, Sy Kvam osv. (sjå innhaldslista til Kvam s. 631). Under kvar av desse bolkane finn vi dei driftsopplysningane vi har kjelder for.
Med driftsopplysningar meiner vi konkrete taloppgaver over buskapen,
åkerutsæden og/eller foravlinga for heile eller delar av bruket
for eit visst tidspunkt. Desse oppgavene kan vera meir eller mindre rette
- i eldre tid vart skattane likna ut etter verdet på garden, og det
var om å gjera å halde denne så låg som råd
var. Dessutan vart det kravd inn tiend av kornavlingane, og da var det
sjølvsagt om å gjera å gjeva opp så lita avling
som råd. Vi har fleire døme frå rettsprotokollane om
at brukarane betalte for lite. I kva grad ein kan stole på gamle
driftsopplysningar, er gjeve opp i samband med drøftinga nedafor,
om kjeldene og av og til i sjølve teksten.
Kjeldegrunnlaget
Tala i tabellene er altså bygd på opplysningar frå forskjellige kjelder. Det er viktig å vera merksam på at desse kjeldene må tolkast. Det står ikkje rett ut at dei avla så og så mykje. Det står som regel at dei sådde eit visst antal tønner korn, og så står det ein annan stad at dei avla t.d. 5 foll. Eller det kan stå kor mykje dei avla, men utan opplysning om det er netto eller brutto (før eller etter at såkornet var trekt frå). I eldre tid (til ut på 1700-talet) betalte bøndene og tiend av kornavlinga. Det går ofte ikkje fram om den avlinga som er gjeve opp gjeld før eller etter at tienda var betalt. Det er teke omsyn til ei rad slike forhold, ved dei utrekningane som er gjort for tabellane.
Dei gjennomgåande kjeldene (som dekkjer tilnærma alle gardane som fanst på den tida kjelda er frå) er drøfta under kjeldeavsnitta nedafor. Her skal vi berre peike på trekk som er av betydning for å vurdere om dei driftsopplysningane vi finn er å lite på.
Kvegskatten 1657, gjev opp sommarbuskap, er truleg nokså korrekt.
Landkommisjonen 1661 gjev opp for Lesja kornutsæd og tiende, gjev truleg for låge tal.
Ei tiendeliste for 1666, gjev truleg den verkelege tienda for eit uvanleg godt kornår.
Matrikkelen 1668, gjev buskap, kornutsæd og tiend, truleg i såkalla "normalår" på den tida. Tala er truleg i lågaste laget.
Matrikkelforarbeidet 1723, gjev buskap, kornutsæd og foravling, truleg i normalår. Tala, serleg oppgåvene over foravling, er rekna for å vera betydeleg for låge.
Teljinga 1782 (truleg ved soknepresten), gjev opp folketal, buskap, kornutsæd og -avling og foravling (lass høy). Tala er truleg i lågaste laget (sjå drøfting av den produksjonen tala tyder på, i høve til folketalet, under dei einskilde gardane).
Jordbruksteljingane 1835 og 1845, gjev buskap og kornutsæd. Særleg 1835 må gjeva for låge tal, når vi samanliknar med buskap ved dødsbuskifte same året (sjå t.d. under Sy Kvam). Tala frå 1845 er så mykje større, at det ikkje er råd å tru at det berre kjem av forbetringar i drifta. Det var rett nok dårlege år (den siste borkebrødstida) sist i 1830- og fyrst i 1840-åra.
Jordbruksteljinga 1865, gjev buskap og korn- og potetutsæd. Tala er truleg rimeleg rette. Det var dårlege år fyrst i 1860-åra, så tala er ofte lågare enn dei frå 1845. Dette er fyrste teljinga som gjev driftsopplysningar for alle umatrikulerte bruk (husmannsplassar).
Matrikkelforarbeidet 1866, gjev innmarksareal, korn- og potetutsæd og -avling, buskap og foravling av markaslått og seterkveer. Arbeidet er grunnlaget for skyldmarken i dag (sjå framafor). Matrikkelforarbeidet er ei registrering av korleis kommisjonen av dugande bønder meinte drifta på eit bruk burde (kunne) vore, med den dyrkamarka, det jordsmonnet, den skogen osv. det hadde var. Teljinga året før (1865) syner korleis det verkeleg var på bruket. Ei samanlikning her gjev viktige opplysningar.
Jordbruksteljinga 1875, gjev buskap og kornutsæd.
Attåt har vi ei rad med einskildopplysningar, fyrst og fremst
frå dødsbuskifta, og nokre panteobligasjonar. Desse er teke
inn i tabellane og drøfta under drift og levekår i gardshistoriene.
Det gjeld og enda om dei berre syner ein del av buskapen - t.d. føderådsbuskapen.
Skifta er elles systematisk drøfta i teksten, sjå nedafor.
Innmarksproduksjonen
Tabellen (under kvar namnegard) over innmarksproduksjonen syner kva for kjelde som er nytta, årstalet, utsæd og netto avling av korn og poteter rekna i kg, kor mykje mat nettoavlinga representerer, kor stort åkerareal utsæden av korn og poteter dekkjer, kor stor foravling bruket fekk av åkrane (dvs. halm) kor mykje høy som var avla på garden (ikkje berre innmarka), og kor mange foreiningar denne foravlinga gav.
Det er ei rad atterhald med desse tala. I neste tabell reknar vi ut kor mykje for buskapen på garden trong, og her er det som regel stort avvik - det hadde truleg ikkje overlevd ei einaste ku på Lesja (og i resten av landet) om bøndene ikkje hadde meir for enn dei oppgav dei hadde...
Med kornavlinga er det likeeins. Det er minimumstal som er gjeve opp. Fyrst med tala frå 1845, 1865 og 1875 reknar ein med at ein er i nærleiken av dei faktiske tilhøva.
Omrekningane til kg er gjort etter dei (varierande) tønnestorleikane
som var, og hl-vekt for kornet og poteta. Follavkastinga er usikker, men
sett til 5 for alle tidspunkt. Omrekninga til matverde i millionar kcal
er gjort etter kjent næringsverde av produkta. Åkerarealet
er funne ved at ein til ein viss grad kjenner kor tjukt dei sådde
i gamaltida. Mengda av halm er rekna ut etter kor stor avlinga var (brutto,
sjølvsagt), medan høyavlinga er oppgjeve i kjelda (og derfor
alt for låg, altså). Omrekningane til foreiningar er gjort
etter reine landbruksfaglege prinsipp.
Husdyrhaldet
Med tabellane om husdyrhaldet er det likeeins. Husdyrtala er teke rett frå kjeldene, men er rekna om til s.k. kyrlag for at ein skal kunna samanlikne frå kjelde til kjelde. Eit kyrlag er sett tilsvarande ei ku, 1/2 hest (altså ein hest blir rekna lik 2 kyr), 2 uksar, 2 kviger, 2 kalvar, 2 grisar og 6 sauer eller geiter.
Eit problem er at dei fleste kjeldene før 1875 ikkje gjev opp buskapen i detaljar, med kvart dyreslag spesifisert. T.d. gjev matrikkelen frå 1668 berre opp "Fæe" - som da dekkjer både oksar, mjølkekyr, kviger, kalvar, sau m. lam og geiter. Seinare er som oftast stor- og småfe spesifisert, men aldri oksar frå mjølkekyr o.l.
Tala over "Storfæ" o.l. frå kjeldene er derfor rekna om. Vi har ein kjeldeserie som går parallellt, og som gjev heilt nøyaktige opplysningar - dødsbuskifta. Her står det ikkje berre kva for dyreslag som var på garden, men og ofte alderen på dyra, namnet på dei og sjølvsagt verdet.
Vi har da berre summert dei besetningane vi har oversikt over gjennom skifta, og rekna ut den prosentvise fordelinga av "Storfæ", i oksar, mjølkekyr og kviger. Denne fordelinga er så lagt inn i omrekningane i tabellane, både for kyrlag og produksjonen.
For denne buskapen vi på dette viset har kome fram til, er det så rekna ut forbehov. Det er gjort ut frå det ein i dag veit om foringstilhøva (svelteforing), levandevekt av stor- og småfe osv. Dette behovet kan ein så samamlikne med den produksjonen som er gjeve opp i førre tabell, så ser ein avviket. Dette avviket vart nok her i Lesja i stor grad dekt opp ved sanking av reinmose, som det ikkje finnst oppgaver over.
Deretter er matproduksjonen av buskapen rekna ut (mjølk og kjøt). Det er gjort etter nokså innvikla statistiske metodar, som det fører for langt å gå inn på her. Tilhøvet mellom matproduksjonen av husdyra og åkeren gjev så interessante opplysningar.
Til slutt er det eit overslag over kor mange menneske garden fødde.
Vi reknar at i ei vanleg folkemengd (t.d. ei bygd som Lesja) i gamal tid,
trong kvart menneske i gjennomsnitt 2500 kcal pr. dag for å leva
rimeleg bra. Vi reknar vidare 2000 kcal som eit minimum. Dette er i gjennomsnitt,
og det er produksjonen delt på 2000 kcal og 365 dagar som gjev talet
i dette feltet.
DRIFT OG LEVEKÅR I ELDRE TID
Under dette avsnittet i gardshistoria har vi forsøkt å
vurdere driftstilhøva for dei enkelte bruka, og levekåra for
folket, opp i gjennom hundreåra. Innhaldet varierer. For nokre gardar
har vi rikeleg med opplysningar, gjennom t.d. dødsbuskifta, for
andre har vi kanskje ingenting før jordbruksteljingane starta i
1835. For husmannsplassane har vi kanskje ikkje noko i det heile teke.
Vi har sett på alle dødsbuskifta, for kvar gard. Men opplysningane
i dei varierer. Nokre stader står det berre sumariske oppgaver over
formue og gjeld, andre stader står det detaljer som namn, alder og
farge på kvar ku på garden.
Nettoformue
Vi har gjeve att buskapen i tabellane, og vurdert nettoformuen i buet. Den er omrekna til 1980-verde etter ein indeks, der vi har sett gjennomsnitts kvigepris fast. Ei kvige kosta i 1980 om lag 10.000 kr. Så har vi rekna ut gjennomsnitt takst for kviger i dødsbuskifta frå 1658 til 1840. Den gjennomsnittstaksten er så sett tilsvarande 10.000 kr i 1980-verde (sjå diagrammet).
Denne gjennomsnittstaksta var i 1662 på 1,99 daler. Av det finn vi at ein daler svara til 5.025 kr i 1980-verde. Ein formue på 100 daler svara da til om lag 500.000 kr i 1980-verde.
Dette kan sjølvsagt ikkje tolkast heilt bokstaveleg. Men det
gjev i alle fall eit betre inntrykk enn om vi berre gjev opp kor mange
daler formuen var på. Det seier oss svært lite i dag.
Tabellane - sjølvbergingsgraden
Levekårsdrøftinga på grunnlag av tabellane må bli summarisk. Grunnen er det systemet vi har vald for omrekning av driftsopplysningane for kvar gard. Vi har t.d. funne at det som etter 1800 var kalla "Stort kvæg" o.l. var fordelt med 50% mjølkekyr, 34% kviger og 16% oksar og kalvar. Når så produksjonen er rekna ut for ein buskap, er denne fordelinga brukt kvar gong, enten det var 20 "Stort kvæg" på garden, eller 1 på ein husmannsplass (som da sikkert var ei ku).
Vi har derfor vore særs varsame med å trekkje konklusjonar av samanlikningar mellom folketalet på garden, og produksjonen. Er det stort avvik, har vi gjeve merknad om det.
I innleiinga for kvar grend har vi så summert nokre av dei viktigaste oppgavene frå tabellane. Om tala kan vera usikre når det gjeld einskildbruk, blir dei straks meir å lite på for større område som t.d. grendene - småfeil jamnar seg ut.
Oppgavene er truleg minst å lite på for dei eldste tidene.
Kjeldegrunnlaget for folketal og produksjon er usikre. Av tabellen over
sjølvbergingsgraden nedafor kan vi likevel lesa særtrekk for
kvar grend. Desse er drøfta i grendeinnleiingane.
Seterdrift og forsanking i utmarka
I ei fjellbygd som Lesja var jordbruket tufta på utmarksressursane i større grad enn elles, i eldre tid. Ved omrekning til matproduksjon ser ein gjerne det ved at husdyrproduksjonen er stor i høve til åkerproduksjonen. Husdyra produserte mesteparten på sommarbeite, i gamal tid. Om vinteren vart dei sveltefora. Det var om å gjera å fø så mange dyr som råd var over vinteren, slik at dei kunne utnytte sommarbeitet.
Høg husdyrproduksjon tyder ofte at garden utnytta utmarka relativt mykje enten ved beite i heimemarka, eller ved setring. Mykje for vart nok utan tvil hausta i utmarka, der det var stor buskap. Innmarka vart i stor grad nytta som åker. Det er elles ikkje greitt å skilja mellom inn- og utmark - overgangen var nok flytande mellom hamn - ruskeslått - udyrka eng osv.
Det har elles alltid vore ein "energistraum" mellom innmarka og utmarka. Utmarka, seterlykkjene, eng på innmarka og halm av kornet gav vinterfor til buskapen. Det foret vart til gjødel, som vart spreidd på innmarka, og som gav større åkeravling. På innmarka var altså halmen eit "biprodukt", som vart nytta som for og som derfor førte til at det kunne haldast fleire dyr på gardane. Desse kunne så nytte sommarbeitet til produksjon seinare. Dette var eit naturleg og lukka kretslaup i det gamle jordbruket.
I nyare tid har det blitt ein "energistraum" inn i
jordbruket i bygda, ved at kretslaupet får tilført kunstgjødsel
og kraftfor - energi - utanfrå. Det gjer det moderne jordbruket grunnleggjande
forskjellig frå det gamle, i Lesja og i resten av landet.
1900-talet
Drøftingane kjem om lag ikkje inn på tilhøva på
1900-talet i det heile. Grunnen er at vi ikkje har skrivne kjelder (det
er ikkje lov å offentleggjera tala frå jordbruksteljingane
for kvart bruk), og at vi ikkje har sett oss i stand til å gå
ut og samle inn opplysningar frå dei som lever på gardane i
dag. Arbeidsmengda ville blitt for stor. Det får vera ei oppgave
for historieskrivarar i framtida å skildre det siste store "hamskiftet"
på kvar gard - omleggingane frå dei fyrste åra etter
krigen, og fram til i dag. Dei er formidable.
FOLKET
Folket på gardar og plassar er det som nemnt arbeidd mykje med. Vi har prøvd å identifisere alle, kvar dei kom frå og kvar det vart av dei. Det er gjort systematisk, ved hjelp av ei lang rad kjelder; kyrkjebøker (døypte, konfirmerte, vigde og gravlagte), folketeljingar (heile familiar på bestemte tidspunkt); dødsbuskifte (attlevande arvingar på skiftetidspunktet, samt ofte andre slektsopplysningar og), rettssaker (om odel med slektsopplysningar kanskje hundre år bakover i tida, slektsopplysningar ved andre vitneprov, leiermålssaker der syndarane var "med hinanden beslægtet i 3die led" o.l.).
Familiane er så plassert under eit gardsbruk eller ein husmannsplass (seinare og i nyare bustadhus, sjølvsagt). Men folket flytte mykje, i gamal tid og. Vi kan finne at same familien har budd i ei lang rad forskjellige heimar. Vi har da plassert dei der dei budde lengst, eller medan barna voks opp. Der står alt vi veit om familien. I dei andre heimane er det gjeve krysstilvising.
Over kvar familie står det ei line med halvfeit skrift. Årstala
her er den perioden vi trur familien dreiv garden eller plassen.
Atterhald og uvisse
Det er ikkje råd å finne kvar det vart av alt folket i bygda 2-300 år bakover i tida. Det er og problem med identifiseringa. Kven var den Ola Ols. "fra Lessøe" som gifta seg i Romsdalen da eller da?. Det kunne vera 5-6
forskjellige, på om lag same alder. Vi har her nytta begrep som "kanskje", "visstnok" og "truleg", som vanleg er. Står det t.d. "visstnok" ved ein person som reiste til Amerika, tyder det at vi ikkje har funne ho/han i emigrantprotokollane, men at folk har fortald om utreisa.
For fleire barn (og vaksne og, i alle fall før midten av 1700-talet)
står det "elles ukjent". Det tyder at vi har leita relativt
nøye etter kvar det vart av desse, etter kvar dei kom frå.
For barna her vi t.d. kontrollert konfirmasjon systematisk til midten av
1800-talet, og sporadisk seinare. Vi har databehandla folketeljingane for
1865, 1875 og 1900, og finn derfor lett att folk der. Desse har vi og kontrollert.
Truleg er dei fleste "elles ukjente" døde som småbarn.
Fram til 1820-åra ser det ikkje ut til at prestane har vore så
nøye med føringa av slike, i kyrkjebøkene.
Krysstilvisningssystemet
For å halde orden på dei tusenvis av familiar vi har rekonstruert, har vi laga oss eit nummersystem. Dette systemet fann vi var eigna til bruk i boka og. Det er dei nummera som står fyrst på lina over kvar familie, med halvfeit skrift.
Nummera er todelte, og ført med bindestrek. Det fyrste talet viser attende til kva for eit bruk eller plass vi er på. Det må ikkje blandast saman med gards-eller bruksnummera i skøyte o.l. Kvar heim (gardsbruk, husmannsplass, bustadhus) som har eksistert ein eller annan gong under kvar namnegard (Bjorlie, Kvam, Enstad o.l.) har eit nummer. Likeeins har vi gjort det med dei nye boligområda Lesjaskog sentrum og Lesjaverk sentrum (og Lesja sentrum og Joramo seinare). Kvart bustadhus har sitt nummer.
For kvar heim har så kvar familie sitt nr. att - det som står etter bindestreken. Her er rekkjefylgja tilnærma historisk - nr. 1 er som oftast den fyrste familien vi har funne her. Men strengt historisk må dette ikkje oppfattast - det kan ha vore brukarar innimellom, som vi ikkje har funne.
Det er og nytta bokstavar nokre stader. Det er gjort for å skilja ut folk som (truleg) har budd ein stad, utan å vera eigarar (eller brukarar). Det er og nytta dersom det har vore to brukarar (t.d. sysken) i lag på ein gard.
Etter dette blir ei tilvising til Skotte (1-7) eintydig. Ho viser attende
til Skottegarden før han vart delt i Nord- og Sør-Skotte,
til brukar nr. 7, Peder Johanness. frå Ner-Enstad og kona Marit Martinsd.
frå Hågås-Tande. Dei bygsla Skotte kring 1711.
KJELDENE
Kyrkjebøkene og dødsbuskifta
Kyrkjebøkene startar i 1724 for Lesja prestegjeld. Men det omfatta både Dovre og Øvre Folldal, og det kan nokre gonger (der presten ikkje har skrive kva for ei kyrkje som vart nytta) vera vanskeleg å avgjera kva for sokn folket kom frå.
Dessutan slurva prestane med føringa. Det ser vi lettast ved å samanlikne med dødsbuskifta. Der er det svært mange arvingar det ikkje er innført dåp for, i kyrkjebøkene. Omvendt er det mange som skulle vore arvingar, som manglar i skifta. Det tyder at dei må vera døde, utan at presten har ført inn jordfestinga.
Det "verste" eksemplet er frå Sandan. 22. desember 1755 var det skifte etter Gjertrud Endresd. Enkjemannen, Elling, ville gifte seg opp att. Som gjeld i skiftet er oppført 7 daler 16 skilling - meir enn verdet av ei god ku - til soknepresten Fugleberg, for at han hadde halde likpreike over Gjertrud. Men jordfestinga er ikkje ført inn i kyrkjeboka...
Vi har og andre døme. Iflg. kyrkjeboka vart Marit Kristoffersd. frå Slettom, 53 år, jordfesta 22. august 1813. Det kan ikkje ha vore nokon annan enn kona til Henrik, på Sør-Slettom (2-10). Men 3. januar året etter (1814) var det skiftesamling på Slettom, da buet etter Henrik skulle registrerast, og da har sorenskrivaren ført: "Enken Marit Kristoffersd. er nærværende...".
Iflg. kyrkjeboka vart Ola Hanss. Sæter jordfesta 1. juli 1817 ved Verkskyrkja. 19. september året før (1816) var det skiftesamling på Sæter, "efter den her forhen boende og i dette Aar afgagne Mand Ole Hansen."
Desse eksempla viser at det ikkje er enkelt å arbeide med dei eldste kyrkjebøkene for Lesja. Grunnen til feila er truleg at prestane ikkje ville bruke tid på føringa. Dei hadde kanskje skrive på ein lapp det dei hadde gjort i Verkskyrkja ein sundag i februar. Så datt lappen ut av lomma til presten på heimturen. Når han skulle føre boka, kanskje 3-4 veker seinare, eller meir, hadde han gløymt nokre av detaljene.
Dødsbuskifta var lovregulerte, og er mykje sikrare når det gjeld slektskapstilhøve. Men det var slett ikkje alle som åtte noko særleg da dei døydde, og da vart det heller ikkje skifta.
Frå 1840-åra vart det og mindre detaljerte registreringar i buet, medan slektsregistreringane er dei same.
I dei eldste kyrkjebøkene finn ein dåp, vigsel og jordfestingar
ført om ein annan, i den rekkefylgja dei vart utført. Seinare
(etter 1820) vart dei førte på kvar si liste. Altargang og
konfirmasjon med namn vart ført i særskilde lister heile tida.
Det er fleire årrekkjer som manglar av desse listene, særleg
på 1700-talet.
Pantebøker, -register og tingbøker
Desse protokollane er det same som grunnboka og -registeret i dag. Pantebøkene er ført frå fyrst på 1700-talet, registra frå sist på same hundreåret.
Pantebøkene inneheld skøyte, føderådsbrev, obligasjonar og andre dokument knytt til fast eigedom. Dei er ført kronologisk, og dokumenta er som regel ordrett avskrive i protokollane. I registra er dokumenta innført under kvar matrikkelgard (gard med eige matrikkelnummer), med stikkord om kva det gjeld, og tilvising til panteboka.
Sjølve tinglysinga av dokument gjekk føre seg på
bygdetinga. Det var som regel tre slike kvart år, vår-, sommar-
og haustting. På desse vart det og ført protokollar - tingbøker
eller justisprotokollar. Dei inneheld mykje meir enn berre tinglyste dokument:
referat av offentlege påbod, skattar o.l., og referat og domsslutningar
i alle rettssaker. Bygdetinget fungerte i denne samanhengen om lag som
heradsretten i dag. Dessutan kom ikkje forliksrådsordninga før
i 1797. Før det er alle slag "fillesaker", om gjeld, ærekrenkingar,
slagsmål m.m. nemnt i tingbøkene.
Folke- og jordbruksteljingar
Slike finst det fleire av. Den fyrste, som vi trur er ei teljing, er frå 1782. Den gjev summariske opplysningar, om folketal og jordbruk på matrikkelgardane. Vi er ikkje sikre på korleis denne lista er kome til - om det er ei teljing eller t.d. eit oversyn over det presten trudde garden kunne fø av buskap, og så og avle av korn. Folketalet ser ut til å vera detaljert registrert.
Frå 1664 og 1711 har vi manntal, som dekkjer delar av befolkninga (1664: menn over 12 år; 1711: alle over 1 år). På ymse måtar har vi så rekna oss fram til det totale folketalet på desse tidspunkta.
Frå 1801 har vi den fyrste fullstendige folketeljinga, der namn, alder m.m. til kvar einskild person er gjeve opp. Der står m.a. familiar samla med opplysningar om kvart einskild medlem i familien.
Frå 1815 finst det og ei folketeljing, som berre inneheld samandrag av folketalet i kvart sokn i prestegjeldet. Teljingane frå 1825, 1835 og 1845 er splitta opp på matrikkelgardar (bruk), men utan namn på personane. For 1865, 1875 og 1900 er det namnelister att. Alle teljingane med namn er databehandla for Lesja, med m.a. alfabetsorterte lister.
Jordbruksteljingane begynner i 1835 (når vi ser bort frå
den frå 1782) og er ført saman med folketeljingane. Dei gjev
i prinsippet same opplysningane fram t.o.m. 1865. Dyra er delt i grove
kategoriar: hest, storfe, sau osv.. I 1875 er dei meir finfordelt: hest
og hoppe, okse, kyr, kviger og kalvar osv.
Andre kjelder
Husmannsmanntalet frå 1720- og 1730-åra vart ført av soknepresten Stockflet. Husmenn skulle betale ein særskilt skatt til kyrkja, derfor oppretta Stockflet dette manntalet.
Futerekneskap frå sist på 1500-talet til 1660-åra er brukt systematisk, dei nyare sporadisk. Her finst skattelister m. namn på gardbrukarane, bygsellister for gardar i kongens (statens) eige, med namn på dei leiglendingane som betalte fyrstebygsel (avgift for overtakinga av ein gard) og 3.-årstake (fast avgift kvart 3. år). Dette gald gardar der kongen rådde bygsla, dvs. hadde retten til desse avgiftene. I futerekneskapa finn ein og sakefallslister - lister over folk som vart bøtelagt for forskjellige handlingar, der bota kom til inntekt i rekneskapen. Mellom dei brotsverka folk vart bøtelagt for, var leiermål - ulovleg og straffbart samleie. Særleg alvorleg var det viss leiermålet gald ein svoger eller slektning.
Kassabøker vart ført av futen, for å halde oversikt over dei forskjellige skattane og avgiftene. Den eldste bevara for Nord-Gudbrandsdalen er frå 1715, og inneheld namn på brukarane på gardane.
Emigrantprotokollar vart ført ved utreise frå Norge. Dei eldste er frå 1867, frå Oslo. I 1874 begynner dei i Bergen, og i 1878 i Ålesund. Det tyder at dei som reiste ut før, ikkje er registrert i desse protokollane. Mange av dei er rett nok registrert i heimbygda (kyrkjebøkene), men da berre som at dei reiste til Amerika. På turen frå Lesja til Oslo o.l. kan tilhøva ha endra seg slik at dei ikkje reiste likevel. Når det står "til Amerika i 1870" tyder det at vi har opplysninga berre frå kyrkjebøkene. Elles står det "til Dakota over Oslo 1884" o.l.
Utabygds folketeljingar og kyrkjebøker. Fleire slike er
gjennomgått, og personar med fødestad Lesja er forsøkt
identifisert. Særleg har vi kontrollert mot EDB-versjonen av folketeljinga
for 1801 frå Grytten og Nesset. Der står det ikkje fødestad,
men namn, alder og familietilhøve gjer det likevel ofte mogleg å
identifisere utflytta lesjingar.
SKRIVEMÅTEN FOR STADNAMN
Bygda vår er full av stadnamn - det er titusenvis av dei. Vi finn namn på fjell, elvar, grender, gardar, inn- og utmark. Nokre av desse namna er utgamle - dei vart sett på av dei fyrste folka som slo seg ned her. Andre er nyare, til dømes namn i utmarka, som vart sett på etter kvart som utmarka vart meir og meir utnytta utover 17- og 1800 talet.
Kringom i bygda er det att ei rad minne etter liv og virke i eldre tid. Det er gravhaugar frå tida før kristendomen kom, gamle hus på gardar og setrar, gamle vegliner, tufter etter husmannsplassar osv. osv. Vi kallar desse fysiske restane for kulturminne, og ei rad av dei er freda.
Stadnamn er og kulturminne. Dei speglar attende til liv og virke i eldre tid. Dei som er eldre enn 4-500 år må tolkast, for språket i bygda var ikkje det same da. Dei aller eldste klarar vi ikkje å tolke, for dei går attende til ei tid da folk snakka eit slags urnordisk språk, som vi mest ikkje kjenner. Det var for meir enn 1500 år sia.
Alle kulturminne viser attende på særlege seder og skikkar i eldre tid - gravhaugane på religionen før kristendomen, gamle hus på bygningsskikk og handverk, osv. På same viset peikar stadnamna attende på språket slik det har vore nytta av bygdefolket opp igjennom tidene.
Vi reagerer når faste kulturminne blir øydelagt (hus rive, gravhaugar fjerna). Vi vil helst at dei skal fredast og sikrast for ettertida, jamvel om det kostar. Vi har ei liknande utvikling når det gjeld stadnamn. Nokre av dei - ein del gardsnamn - er blitt forvanska og forvrengt, i høve til det opphavet dei har.
Namnet på ein gard vart naturleg nok sett på da garden vart rydda. Det er difor i regelen det eldste kulturminnet frå garden, eldre enn hus og oldfunn. Det må difor vera særleg viktig at det blir teke vare på desse namna, utan forvanskingar og forvrengingar. Ei rad gardsnamn har i nyare tid (her: tida etter ca. år 1600) blitt fordanska, ved at embetsmennene i stor grad skreiv dansk. Det galdt langt utover 1800-talet. Det har og vist seg at danske namneformer har vore særleg seigliva - folk har visst trudd at dei fordanska formene er dei eldste og "riktigaste".
Det er dei sjølvsagt ikkje. Difor har vi konsekvent fjerna desse frå bygdeboka. Vi har vidare lagt stor vekt på å finne ein språkhistorisk korrekt skrivemåte for alle namn, ikkje berre gardsnamn. Det har ført til "nye" skriftformer for fleire gardsbruk, former som aldri har vore nytta før. Det er likevel dei formene som er nytta i bygdeboka som er dei riktige, når ein er viljug til å sjå på namnet som det kulturminnet det er.
Ei rad fordanska former har og blitt nytta som slektsnamn. Desse forandrar vi sjølvsagt ikkje på. Men tradisjonen med slektsnamn blant vanlege folk er ikkje gamal i Norge. Den festa seg ikkje før i siste halvdel av 1800-talet. Før den tid er det gardsnamnet som er nytta om ein person, ikkje eit slektsnamn, men faktisk adressa til vedkomande. Det ser vi av at om personen flytte, vart namnet på det bruket han/ho flytte til, konsekvent nytta i kyrkjebøker, grunnbøker o.l.
I bygdeboka er namna skrive konsekvent. Ein vil ikkje finne forma "Eneboe" ein stad, og så "Embu" ein annan stad. Skriveformene er vald med grunnlag i Kgl.res. om skrivemåten av stadnamn. Alle stadnamn er skrive i samhøve ved bygdeuttala, men i ein viss grad utjamna etter hovudtypar. Sterke hokjønnsord har i Lesjamålet endinga -e. Etter reglane skulle dei likevel i skrift ha endinga -i. (Det er grunnen til at vi finn former som -lii, -høi o.l. på nye kart.) I bygdeboka har vi vald å nytte endinga -e for slike stadnamn.
Bygdeuttale må leggjast til grunn når namna skal seiast etter skrivemåten vår. Som eit døme kan vi nemne at Tjørnslette med "Tjørn" og "Kjøn" som fyrsteledd får lik uttale. Men å bokstavere fyrsteleddet "Kjøn" er sjølvsagt heilt vill-leiande, når det gjeld tydinga av og opphavet til namnet.
Vi har altså granska namna nøye. Det skal borge for at det er "rette" skrivemåtar som er nytta her, som t.d. den kommunale administrasjonen kan ta etter. Vi har lagt stor vekt på å finne dei ekte bruksnamna - som som regel er sterkt avvikande frå det namnet eit gardsbruk kan ha i matrikkelen. Eit døme er garden Nedpåhaugen i Bjorlie. I matrikkelen (dvs. på grunnboksbladet) er denne garden kalla "Bjorlien nordre nedre østre og nordre mellem med Bakken øvre". Ikkje ein gong dette namnet er heilt historisk "rett" etter alle dei delingar og samanslåingar som har skjedd i Bjorlie - for Nedpåhaugen inneheld berre ein del av det gamle bruket som ein gong var kalla "Bjorlien nordre mellem". Å nytte slike namn i bygdeboka ville sjølvsagt gjort ho heller uskjønleg for lesarane.
Vi har elles eit alvorleg tilfelle av øydelegging av kulturminne nett gjennom stadnamnbruken i vår tid. I eldre tid nytta vi altså ikkje gardsnamn som familienamn, og vi tok dei heller ikkje "med oss" når vi flytta. No skjer det, slik at om vi kjøper ein gard, skriv vi det gamle familienamnet vårt. Når så ungar (og vaksne med) etter kvart blir vant med at dette "nye" namnet er knytt til garden, seier dei at dei skal opp og vitja ... (familienamn) i staden for gardsnamn.
På Skogen har vi fleire døme. Vi kan nemne eitt: på båe Sør-Einbusgardane har familienamnet nå vore Mølmen i fleire ættledd. Vi har høyrt vaksne folk seia dei skal opp i "Mølmen" når dei meiner eitt av bruka i Sør-Einbu.
I eitt tilfelle har dette vore så lenge i bruk at det mest ikkje er kjent noko "ekte" bruksnamn. Det gjeld gardsnr. 42 bruksnr. 1 Morke, som i matrikkelen heiter "nordre Søristuen". Det bruket var det ei grein av Thøringfamilien som åtte frå 1841, og dei nytta alt da slektsnamnet. Dei selde, og familien Nordgård frå Romsdalen kom. Etter dei att overtok familien Tøndevold frå Oslo. Denne garden har i alle fall gått under namna "Nordgård-Morke" og "Tøndevolds-Morke", og kanskje "Thøring-Morke" og. I bygdeboka har vi likevel vald å nytte namnet Systugu Morke, sjølv om det kanskje berre er på nabogarden det har vore brukt i vanleg dagleg tale.
Det er nokon som vil at namna skal skrivast slik dei står i "gamle papir". Med det meiner dei som regel tinglyste skøyte, kyrkjebøker o.l. Som nemnt framafor er desse meir eller mindre vilkårlege. Skulle ein konsekvent følge det som prinsipp, måtte ein og skrive "Læssøeskoven" om bygda - for slik står det i "gamle papir"...