Lagt til rette for www av Arnfinn Kjelland, Volda 16.1.1997. Attende til Bygdebok-sida: trykk her.

Bygdeboknemndas forord

I den seinare tida har bygdebokarbeidet gått raskt fram i bygdene våre. Sist i 1960-åra kom det ynske frå fleire om å starte opp med gards-og slektsbok for Lesja.

Lesja kommunestyre hadde saka oppe til drøftings den 7. juli 1972, og gjorde dette vedtaket: "Det velges en bygdeboknemnd med 5 medlemmer. Nemnda får som oppdrag først og fremst å undersøke (vurdere) om det er stor interesse blant bygdefolket for å få utgitt en bygdebok. Finner nemnda at så er tilfelle, bør den så langt det er mulig forsøke å bringe på det rene hva det vil koste å få utgitt en slik bok, og på hvilke måte det kan tenkes finansiert. Kommunestyret er av den mening at kommunen økonomisk bør støtte utgivelsen av en bygdebok, men vil først ta stilling til i hvilken grad og på hvilken måte dette skal skje når nemnda har avgitt uttalelse. Det er ønskelig om nemnda avgir sin uttalelse forholdsvis raskt."

Til medlemmer i nemnda vart desse vald: Hans Hole, Ola Skotte, Sigurd Øverli, Per Kollstad, Bjarne Bjølverud. I kommunestyremøte den 4. oktober 1972 låg det føre søknad frå Ola Skotte og Per Kollstad om å bli fritekne, og i staden for dei kom Kristian Anseth og Hans Hagestande med. Bjarne Bjølverud vart vald til formann, Sigurd Øverli til nestformann og Kristian Anseth til sekretær.

Tanken var å nytte det arbeidet som overlærar Per Berg, Hamar, gjennom mange år hadde lagt ned på dette feltet. Berg var sjølv lesjing. Han arbeidde mykje med dette, m.a. i arkivet på Hamar og i Oslo. Fleire i Lesja har slektstavla si frå hans hand.

For etterslekta trengst det at ein prøver å ta vare på, og føre vidare kunnskapen om korleis forfedrane levde og budde i den gamle tida. Verdien av dette har diktaren Johan Falkberget så treffande gjeve uttrykk for: "Fortida er som grunnmuren under huset vi bur i. Lar vi den forfalle, er det fare for at vi før eller seinare blir husville."

Vi vonar at bokverket vil gjera sitt til at folket i bygda vår og utreiste bygdefolk, kan få betre kjennskap til tida føre oss. Vi vonar og at dette vil styrke interessa for og kjærleiken til heim, slekt og bygd hjå dei som kjem etter oss. Ei nyskapingstid som den vi nå lever i, vil kanskje gjera det enda meir nødvendig enn før å ha rotfeste i heimbygda si.

Materialsamlingane etter Per O. Berg og alt stoffet som sia er henta frå arkiva og lagt til rettes av forskjellige medarbeidarar, skulle gjera bokverket så nøyaktig og påliteleg som mogleg.

Dei to fyrste medarbeidarane var Egil Mølmen og Arne Amundgård. I 1981 vart Arnfinn Kjelland, Trondheim, tilsett som ansvarleg redaktør og forfattar. Kristian Anseth har kontrollert slektsopplysningane. Herborg Doseth har vore kontorassistent, og m.a. skrive manuskriptet og samla inn stoff og gamle bilete. Jørn Sandnes, Trondheim, har gjeve råd om skrivemåten av stadnamn og anna, og Audun Einbu har lese manuskriptet og gjeve råd om språket i samråd med forfattaren og i samsvar med dei retningslinene som bygdeboknemnda har drege opp. Bjarne Fossøy har arbeidd med å avfotografere gamle bilete. Han har og teke ei rad nye bilete. Marit Sørumgard har teikna gardskarta, Inger Slettahaug har sett namn på dei, og Per Einbu har teikna dei oversiktsskissene som står som vignettar fyrst i kvar namnegardshistorie.

Vi i bygdeboknemnda vil takke for tilliten vi fekk. Det har heile tida vore godt samarbeid i nemnda, og vi rettar ein hjerteleg takk åt alle som har gjeve opplysningar og hjelp i samband med arbeidet.

Lesja, september 1986,

Bjarne Bjølverud Sigurd Øverli Hans Hagestande

Kristian Anseth Hans Hole