Lagt til rette for www av Arnfinn Kjelland, Volda 17.1.1997. Attende til Bygdebok-sida: trykk her.

Forord

Etter å ha arbeidd med historia til gardane og slektene i Lesja i nokså nøyaktig 15 år, er det ikkje utan ei viss kjensle av lette at eg nå legg fram siste bindet. Eg har rett nok langt frå arbeidd samanhangande med gardshistoria desse 15 åra - men likevel har eg hatt prosjektet "i bakhovudet" heile tida.

Når nå resultatet ligg føre, vonar eg bygdefolket i Lesja vil vera rimeleg nøgde med resultatet. Eg er fullt klar over at ikkje alle er fullnøgde; i dette som i så mange andre samanhengar gjeld ordet om at til lags åt alle osv. Nokre saknar spesielt stoff frå sin gard eller si grend, nokre synest ein del av stoffet ikkje er interessant, andre er usamde i korleis gardsnamnet blir skrive osv.

Bøkene er skrive etter ein nokså stram disposisjon. Alle gardane er - så langt råd er - behandla likt; ein finn same type stoff og same omfang av opplysningar. Det har vore eit særskilt mål at også dei småe i Lesja-samfunnet dei siste 2-300 åra skulle få sin plass i bøkene, på lik line med dei "store". Men det har kosta ekstra arbeid - dei småe har ikkje sett like tydelege spor etter seg i kjeldematerialet.

Eg vonar desse bøkene inspirerer til fortsatt lokalhistorisk arbeid i Lesja. Det er nemleg rett at det er svært mykje stoff som det ikkje har vore råd å få med. Det gjeld til dømes stort sett alt om dei einskilde husa på gardane; nærare detaljer om liv og arbeid for folket (barn, ungdom, vaksne og gamle) på gardar og plassar; om driftsformene (og omleggingane av dei) i jordbruket i bygda i siste halvdel av 1900-talet osv. Mykje av dette er stoff som sjølv ikkje i vår moderne til blir fanga opp av dei mange skiftlege kjeldene som kjem til, men må samlast inn på kvar einskild gard.

Dette siste bindet er skrive medan eg har hatt arbeidsstad ved Høgskulen i Volda. Det har vore ein fordel for arbeidet, ved at Høgskulen har stilt kontorplass og -utstyr, og kollegene i fagmiljøet har inspirert til innsats i avslutninga. Det har vore ein ulempe på det viset at eg ikkje har hatt same kontakten med Lesja-bygda som eg hadde under arbeidet med dei to fyrste binda. Bygdeboknemnda har søkt å bøte på dette ved å engasjere Ingebjørg Ulfsby Bottheim som redaksjonssekretær for dette bindet, med særskilt ansvar for kontakt med bygdefolket (supplering av innsamla stoff særleg om utflytte lesjingar, dei kulturhistoriske karta, korrekturutsendingane o.l.). Utan Ingebjørg sin iherdige innsats hadde ikkje dette bindet vorte på langt nær så fullstendig som det er, med omsyn til dette.

For siste del av arbeidet med dette bindet har vi hatt eit ekstra hjelpemedel: kyrkjebøkene for Dovre for perioden 1855-1902, i hovudsak edb-registrerte ved Dovre Data Arkiv på Dombås (under leiing av Ola Tovmo). Dei har ført til at vi på ein svært lettvint måte har vore i stand til å sjekke namn på ektefeller, rette årstal m.m. frå nåverande Dovre kommune, særleg Dombås-grende. Det var spesielt heldig at vi kunne gjera det for siste delen av dette bandet av gards- og slektshistoria, sia sambandet med Dovre sjølvsagt har vore sterkare dess lenger sør i bygda vi kjem.

Avslutningsvis vil eg nemne at sjølv om gardshistoriebøkene for Lesja er omfangsrike, og inneheld mykje stoff, er det på ingen måte sikkert at alt som står her er 100% rett. Det har heilt sikkert lurt seg inn feil, med årstal, namn o.l. Det kan òg vera at dei vurderingane eg har gjort, t. d. i samband med når dei einskilde bruk eller husmannsplassar vart rydda og/eller nedlagt, om setrane på gardane osv., ikkje er gode nok. Eg kan ha oversett kjelder, og det kan koma fram nye opplysningar i kjelder eg ikkje har nytta. Det er berre for tida fram til ca. 1700 at det har vore eit mål å gå igjennom absolutt alle kjelder som fortel om bygda. Det er derfor eg i bøkene har nytta atterhald som "truleg", "kanskje" og "visstnok". Ei viktig kjelde det ikkje har vore råd å gå igjennom er t. d. forliksprotokollane, som starta i 1797. Det skal i hovudsak vera råd å finne kjeldene til opplysningane i bøkene, gjennom den arkivkatalogen vil bli laga til bygdebokarkivet.

LESJA/VOLDA, 14. AUGUST 1996

ARNFINN KJELLAND