Kronikken
i Dagbladet, 20. desember 2001:
http://www.dagbladet.no/kultur/2001/12/20/302185.html
”Såpeseriar som Pensacola medverkar til å legitimere Afghanistan-krigen, meiner Johann Roppen som er amanuensis i journalistikk ved Høgskulen i Volda.”
I
Dagbladet 13. desember fortalde
professor Rune Ottosen under overskrifta ”USAs globale mediesensur”
om den amerikanske regjeringa sitt arbeid for å kontrollere media og
korleis amerikanske media friviljug innordna seg regjeringas vilje. Perspektivet bør også
utvidast til å omfatte amerikanske såpseriar som fungerer som reklame for Pentagon.
Då
Golf-krigen tok til i 1991, gjorde NRK sitt for å halde oppe moralen ved
å ta seriane ”Svarte Orm” og ”’allo,
’allo” av plakaten. Det høvde seg dårleg å syne
satiriske program som ironiserte over ein meiningslaus krig, inkompetente
offiserar og krigstrøtte soldatar når Saddam skulle jagast ut av
Kuwait. Då passa det betre å sende ”Krig og erindring”
som gav eit meir krigspolitisk korrekt bilde av kva krig handla om.
Ti
år seinare gjer norsk fjernsyn også sitt for å støtte
krigsmoralen. Ikkje ved å kutte ut upassande fjernsynsprogram, men meir
effektivt ved å gjere det motsette: Å halde fram med å sende
amerikanske såpeseriar som forherligar innsatsen til den amerikanske
krigsmakta. Det beste dømet på dette er TV 2-serien
”Pensacola – Wings of Gold” som blir sendt på sein kveldstid fleire dagar i
veka.
I
”Pensacola” er det ei gruppe unge, vakre og sympatiske amerikanske
jagarflygarar som står i fokus, nærast ein militær versjon av
Baywatch. Arabiske land lagar stort sett trøbbel. Til skilnad frå
krigen i Afghanistan er også arabarane utstyrte med jagarfly slik at det
i fjernsynsserien kan virke som om det er ein strid mellom jamne partar som
blir utkjempa. Men til skilnad frå dei amerikanske pilotane, er arabarane
sløge, stumme og flyg med eit svart visir nedfelt når dei er ute
på tokt. I ein av episodane endar luftstriden med at ein amerikansk
jagar-veteran skyt ned ein arabar og jagarflyet hans for å redde ein ung
vakker kvinneleg jagarpilot som har tekniske problem med flyet sitt. Vel nede
på hangarskipet beklagar flygaren at det var nødvendig å
skyte ned fienden. Men han blir raskt avbroten av ein oppglødd kollega
som seier at endeleg har USA fått eit nytt flygaress – Den
første på tjue år som har skote ned fem fiendefly. Det var
på tide!
Ein
undertekst i denne og liknande seriar er at det amerikanske systemet er det
naturlege og ryddige. Amerikanarar er fredselskande og ønskjer det beste
for alle, men andre land lagar stundom trøbbel for den velmeinande.
Ikkje-amerikanarar blir sjeldan
framstilte som sympatiske karakterar som forfølgjer sine eigne rasjonelt
motiverte prosjekt og ikkje berre
inngår i eit puslespel med amerikanske rammer. I dagens samanheng
fungerer desse seriane som reklame for USAs luftkrig i Afghanistan.
Bør
media som har ambisjonar om å formidle ein sjølvstendig
journalistikk sende slike seriar no når NATO og Noreg er i krig?
Bør slike seriar sendast i det heile?
Frå
Vietnam-krigen og fram til i dag
har amerikanske militære skaffa seg stadig betre kontroll over media.
Under Vietnam-krigen kunne journalistane gå nærast fritt omkring og
mange meiner at den breie mediedekninga sterkt medverka til å snu
amerikanarane sitt syn på krigen. Gradvis via Granada, Panama, Kuwait,
Kosovo og Afghanistan har Pentagon sikra seg stadig betre kontroll over
mediedekninga gjennom ulike ordningar der journalistane berre får tilgang
til kjelder og delar av slagmarka utvalde av det militære. Mediestyring
er ikkje særskilt vanskeleg når mykje av krigen foregår
på hangarskip. Al-Jazeera er naturlegvis eit plagsamt skjegg i suppa,
ytringsfridom eller ikkje.
I
Golfkrigen var levande bilde av smarte bomber ei nyvinning i krigsreportasjen.
Kvar einskild videosnutt var av høg dokumentarisk verdi, men det var
Pentagon og ikkje journalistane som valde ut filmane som viste at bombene
trefte det dei skulle, og valde bort dei som bomma. Det var ikkje så lett
for mottakarane av bombene å velje vekk bombene som bomma. Ei
førebels lite brukt nyvinning i Afghanistan–krigen er levande
bilde frå dei amerikanske kommandosoldatane sine operasjonar. Dei einaste
bilda som har vorte vist fram synte seg etter nokre veker å kome
frå eit mislukka åtak, militært sett. Men før det vart
kjent, fungerte dei grundig sensurerte bilda som ei forteljing om ein
militær suksess.
Ein
konsekvens av det amerikanske
perspektivet på nyhendesendingane er at ein død amerikansk
agent og ein amerikansk
Taliban-soldat får meir omtale enn alle døde afghanarar til saman.
Men
Pentagon har også forstått at media er meir enn journalistikk og at
massekulturen i form av filmar og såpeseriar er ein vel så viktig
faktor i det mentale bildet av det amerikanske militæret og amerikansk
politikk, og dermed av dei krigane som til ei kvar tid blir utkjempa. Dagbladet
melde då også i november at ein av President Bush sine fremste
rådgjevarar hadde gjeve
”råd” til film- og fjernsynsbransjen for at dei skulle lage
film og fjernsyn som formidla amerikanske verdiar.
Spelefilmar
som gjev eit ”rett” bilde av det amerikanske forsvaret får
subsidiar i form av billig eller gratis tilgang til dyrt materiell som
jagarfly, hangarskip og flyplassar. Filmar som presenterer eit mindre
flatterande bilde av det amerikanske forsvaret, må rekne med å
betale dyrt for å leige det same materiellet. Det er opplagt at dette
får store konsekvensar for kva filmar som blir produserte og kva
bodskapar som blir formidla. Mediekontrollen vinn stadig nytt terreng.
Det er
vel dei færraste som ser såpeseriane som går rundt og trur at
forteljingane i dei er fakta. Men på mange vis er bilda og forteljingane
i Pensacola meir autentiske enn nyhendeinnslaga frå krigen. I Pensacola
er relasjonane mellom krigsmennene og –kvinnene er på eit plan som
alle kan forstå. Dei våpenteknologiske kulissane er mykje godt dei
same i nyhende og såpeseriar, men bilda i Pensacola er av langt betre
kvalitet og historia blir langt meir engasjerande fortalt enn dei bildemessig
sveltefora nyhendereportasjane som stort sett består av kondensstriper
mot himmelen, fly som heile tida startar og landar frå hangarskip og
flystriper. Der Dagsrevyen og TV 2-nyhenda gir oss fragment og i gode stunder
ei balansert framstilling, gjev Pensacola oss materiale som kan fylle ut mellom
fragmenta og lage ei samanhengande forteljing der dei pene unge og gode
amerikanarane slåst mot dei skjeggete, gamle og vonde arabarane.
John G.
Bernander og Kåre Valebrokk er ansvarlege redaktørar for alt som
vert sendt i NRK og TV2. Både nyhendesendingane og såpeseriane. I
dag opplever dei at handlingsromet deira er avgrensa, og dermed blir også
den journalistiske fridomen skadelidande. Ikkje berre ved at den journalistiske
mediedekninga i stor grad
følgjer amerikanske premissar. Men når NRK må dekkje
eit svært underskot og TV 2 tener for lite til at aksjonærane er
nøgde, ja så må det sparast. Amerikanske seriar subsidierte
av Pentagon og tilgjengeleg til dumpingprisar gjev billeg fyll i sendeflatene.
Men taparen blir den balanserte journalistikken.