YTRINGSFRIDOM?
Dagens Næringsliv, 15. januar 2001, side 35
Det er truleg rett at avisenes redaksjonar står friare og har større ressursar i dag enn tidlegare, men likevel kan det sjå ut til at redaktørane prioriterer økonomiske framfor journalistiske topp-prestasjonar. Så kanskje har eigarane fått eller skapt dei redaktørane dei ønskjer seg? skriv Johann Roppen
Gunnar Bodahl-Johansen etterlyste i DN 2. januar debatt kring konsekvensane av konserndanning i dei norske mediebransjane, og debatt har han fått etter at regiondirektør Truls Velgaard i Orkla Media svarte han i DN 4. januar. Der Bodahl-Johansen er kritisk og pessimistisk er Velgaard stort sett optimistisk i si vurdering av kva store eigarar har å seie for vilkåra for ytringsfridom om mediemangfald i dagens Medienoreg.
Begge dei to debattantane har arbeidd med politisk journalistikk i Fredriksstad Blad. Bodahl-Johansen gjekk frå stillinga som politisk redaktør i Fredriksstad Blad til Norsk Presseforbund og er i dag å finne ved Institutt for Journalistikk. Velgaard klatra i Orklas karrierestige: I Fredriksstad Blad avanserte han frå stilling som journalist til politisk redaktør, ansvarleg redaktør og ansvarleg redaktør/adm.dir. Dei siste åra har han vore regiondirektør for Orkla Media i Østfold. Då Norpress (tidlegare Høyres Pressebyrå) vart gravlagt sommaren 1998 var Velgaard som styreleiar og Bodahl-Johansen sjefredaktør.
Så tette og kryssande band mellom to sentrale debattantar burde vere ei nyttig påminning om dei små og oversynlege forholda både innanfor arbeidsmarknaden og meiningsmarknaden når det gjeld norske media.
Bodahl-Johansen meiner journalistar og redaktørar vert sosialiserte inn i eit konsernlojalt mønster der intern systemkritikk kan bli ein effektiv karrierebrems. Som ei følgje av dette blir kritikk av mediekonsentrasjon eller mediekonsern undertrykt eller teia i hel av konsernas aviser.
Eg tvilar på at det finst nokon lokal debatt å undertrykke. Sidan 1985 har over 20 aviser vorte kjøpte opp av Orkla, men ingen lesarbrev var å sjå i avisene om saka. Det er ingenting som tyder på at redaktørane sensurerte inlegg om spørsmålet. Når lokale nummer 1-aviser dei siste åra har kjøpt lokale fjernsynsselskap så har dette ofte skjedd etter at fjernsynsselskapa har hatt store økonomiske problem. Når den lokale avisa går inn og reddar fjernsynsselskapa frå nedlegging og dermed sikrar det lokale medietilbodet for publikum i området, så er det ut frå ein lokal synsstad ikkje lett å kritisere dette. Det er betre med to enn ei røyst i lokalsamfunnet, sjølv om dei to røystene har same herre.
Bodahl-Johansen er lite konkret når det gjeld alternativ eller tiltak mot konsernmakta, men framhevar pressestøtte og eksistensen av nummer 2-aviser som døme på ein vellukka mediepolitikk.
Velgaard gjer det likevel for lett for seg når han hevdar at Bodahl-Johansen med dette ønskjer seg attende til 1970-åra og partipressetida. Slik eg les Bodahl-Johansen er hans poeng at pressestøtta blant anna var tufta på tanken om at det var prinsipielt uheldig med berre ei røyst i lokale mediemarknader og at det også i dag bør vere eit grunnleggande prinsipp i media. Velgaard sluttar seg i prinsippet til at "Makten må være delt, for ikke å bli misbrukt", men i praktisk mediepolitikk vil han (og Orkla) ikkje at dette skal gjelde i lokale og regionale marknader der Orkla har ei svært sterk stilling fleire stader. Sett på spissen ser det ut til at Orkla og Velgaard meiner at lokal og regional mediemaktkonsentrasjon er greit, så lenge det finst fleire større nasjonale eigarar.
Orkla har sidan 1985 brukt ca. 1 milliard kroner på å kjøpe lokalaviser i Noreg og er i dag ein av tre store aviseigarar i landet. Orkla er på avismarknaden mindre enn Schibsted, men om lag like stor som A-pressen, målt i avisopplag. Det må prinsipielt sett vere betre med tre store aviskonsern enn med to, og i ein nasjonal samanheng kan då Orkla seiast å hatt positiv innverknad på avismarknaden.
Økonomisk sett er det liten tvil om at Orkla både har gjort avisene som bedrifter meir lønsame og kostnadseffektive enn tidlegare. Det er også rimeleg å tru at Orkla ved å gå inn på marknaden påverka Schibsted og A-pressen som konsern til å endre kurs i kommersiell retning raskare enn dei elles ville gjort.
Så langt har Orkla og andre mediekonsern sine kjøp av lokalaviser og andre media verka like permanente og irreversible som andre konsern sine oppkjøp av lokale sparebankar og elektritisitetsverk eller kjededanningar i daglegvarebransjen. Eigarskapslova som vart sett i kraft 1. januar 1999 tek sikte på å demme opp for ytterlegare eigarkonsentrasjon i norske media, og Eigarskapstilsynet som fører tilsyn med heimel i lova har registrert ein sterk minke i talet på oppkjøp frå 1999 til 2000. Det kan kanskje tyde på at lova verkar.
Som Velgaard meiner eg at partipresse-systemet ikkje bør idylliserast. Eg meiner i tillegg at det er store likskaper mellom dagens konsern og fortidas partipressesystem, til dømes når det gjeld intern rekruttering og karrieremønster men også til dels finansiell kontroll. Det er ikkje grunn til å tvile på at det i partipressa var eit veletablert system for ideologisk kontroll over avisinnhaldet, men som denne debatten syner er det delte meiningar om det er slik i dag. Den prinsipielt viktige skilnaden på før og no er bortfallet av lokal konkurranse og framvekst av ein meir sjølvstendig og ubunden journalistikk som står som garantist for større internt mangfald i kvart einskild medium.
Korleis står det så til med journalistikken i Velgaard sitt konsern?
Velgaard framhevar at Orkla ikkje har publisistiske mål med verksemda si men stør fellesverdiar som blant anna redaktørplakaten. Kan ein likevel lese ein redaksjonell profil som ein konsekvens av Orklas måte å styre avisene på? Her skal ei side ved Orklaavisenes journalistikk framhevast, nemleg mangel på undersøkande journalistikk.
Velgaard seier at redaksjonane til Orkla sine aviser aldri har vore så store som i dag. Velgaard meiner vidare at redaksjonane står friare til å kritisere lokale makthavarar under konserneigarskap enn tidlegare tiders lokale eigarskap.
Men nyttar avisene seg av denne fridomen? Orklas lokalaviser har aldri vunne utmerkingar for undersøkande journalistikk på den nasjonale SKUP-konferansen. Til samanlikning har A-pressens lokalaviser vunne åtte slike utmerkingar dei ti siste åra. A-pressen har også årleg deltakarar frå eit titals aviser på SKUP-konferansen, medan det berre er to av Orklas aviser som sender journalistar til konferansen kvart einaste år. Dei to avisene er Drammens Tidende og Østlandets Blad.
Ei vanleg forklaring frå Orklas redaktørar er at undersøkande journalistkk helst er noko dei største avisene driv med. Det er eit dårleg argument sidan A-pressens lokalaviser har vunne så mange prisar, og A-pressens aviser er ikkje større enn Orkla sine.
Undersøkande journalistikk er gjerne tidkrevande. Det er langt frå sikkert at prosjekta gjev dei forventa resultata. Når journalistar arbeider med lange prosjekt blir det vanskeleg å få vaktplanen til å gå opp. Og når stoffet endeleg blir publisert kan det skape strid i lokalsamfunnet. Kanskje gjeld avsløringane store annonsørar og avisa kan dermed få eit dårlegare tilhøve til viktige kundar. Dette er alle eigenskapar som er stikk i strid med sentrale Orkla-verdiar som effektivitet, kostnadskontroll og gode kunderelasjonar. Mangelen på målsettingar for den redaksjonelle verksemda i Orklas aviser gjer at redaktørar og journalistar ikkje har kunna stø seg på konsernpolicy i prioriteringa av undersøkande journalistikk. I den grad redaktørane har prioritert undersøkande journalistikk i sine strategiske planar kan ein konstatere at førebels har det gjeve små resultat.
***
Johann Roppen er stipendiat i medievitskap ved Høgskulen i Volda arbeider med ei doktoravhandling om mediekonsentrasjon i Noreg.