Rapport 9104
Johann Roppen
KVA
STÅR I AVISA?
Ein
innhaldsanalyse av eit utval norske lokalaviser
Møreforsking
Volda 1991
Denne rapporten er ikkje lenger å
få tak i frå Møreforsking, men det er stundom folk som er
interesserte i å få tak i han. Difor har eg lagt manuskriptet ut på
Internett. Merk at sidetala i innhaldslista nedanfor er henta direkte frå
bokmanuset, og difor ikkje stemmer i dette nye formatet.
Prosjekt: Innholdsanalyse av lokalaviser
Prosjektleiar: Sigurd Høst
Medarbeidar: Johann Roppen
Finansiering: Rådet for anvendt
presseforsking og etterutdanning
ISBN 82-90426-71-2
ISSN 08800-1448
Johann Roppen, desember 2000.
***
Forord
1. Om prosjektet . . . . . . . . . . . . 5
2. Metode . . . . . . . . . . . . . . 6
2.1 Kvantitativ innhaldsanalyse (6)
2.2 Perspektiv (7)
3. Avisstrukturen på Sunnmøre . . . . . . . 9
3.1 Kvifor Sunnmøre (10)
3.2 Historikk (13)
3.2.1 Skiping av aviser (13)
a) Aviser i Ålesund (13)
b) Aviser på bygdene (14)
3.2.2 Samanhengen mellom folketal og avisskiping (15)
3.3 Dekningsområde og konkurranse (17)
3.4 Dekningsprosent og utgjevingsdagar (19)
3.5 Avislesing (21)
3.6 Redaksjonelle ressursar (21)
3.6.1 Sunnmørsposten (22)
3.6.2 Fådagarsavisene (23)
a) Storleiken på redaksjonane (23)
b) Når kom journalistane? (24)
c) Journalistanes bakgrunn (25)
d) Tilknytinga til lokalmiljøet (26)
3.7 Prisar (27)
3.8 Oppsummering (29)
4. Tidlegare forsking . . . . . . . . . . 31
4.1 Kommunaljournalistikk (31)
4.1.1 Bakke og Nymo (31)
4.1.2 Møre-Nytt (32)
4.2 Generelle innhaldsanalysar (33)
4.2.1 Dagbladet (33)
4.2.2 MRDH Volda (33)
a) Diakrone analysar (33)
b) Synkrone analysar (34)
4.3 Anna litteratur om Sunnmørsavisene (34)
5. Oversikt over datamaterialet . . . . . . . 36
5.1 Utval (36)
5.2 Fallgruver (36)
5.3 Trekking (38)
5.4 Stoffutval (39)
5.5 Materialet (40)
6. Geografi . . . . . . . . . . . . . 42
6.1 Sunnmørsposten og fådagarsavisene (42)
6.2 Lokalt stoff i fådagsavisene (45)
6.3 Stoffordeling mellom fleire dekningskommunar (46)
6.4 Stoffordeling og konkurranse (48)
6.5 Konklusjonar (49)
7. Fordelinga av tekst, bilde og tittel . . . . 50
7.1 Sunnmørsavisene (51)
7.1.1 Sunnmørsposten (52)
7.1.2 Fådagarsavisene (53)
7.2 Sunnmørsaviser og Osloaviser (56)
7.3 Side 1 (57)
7.3.1 Førstesidas funksjon (57)
7.3.2 Kva fins på 1.sida (58)
7.3.3 Sunnmørsposten (59)
7.3.4 Fådagarsavisene (60)
7.3.5 Sunnmørsposten og fådagsavisene (62)
7.3.6 Dagbladet (63)
7.4 Overgangar og 1.sidetitlar (63)
7.4.1 Bruk av ymse typer titlar (65)
7.5 Konklusjonar (66)
8. Tema . . . . . . . . . . . . . . . 67
8.1 Tabellar (69)
8.1.1 Mengde (70)
8.1.2 Fordelinga av tekst, bilde og tittel (71)
8.2 Gjennomgang av tema (73)
8.2.1 Kommunalstoff (73)
8.2.2 Politikk (74)
8.2.3 Samfunsstoff (75)
8.2.4 Ulukker (76)
8.2.5 Kriminalitet (77)
8.2.6 Næringsliv og arbeidsliv (78)
8.2.7 Familie, samliv og forbrukarspørsmål (79)
8.2.8 Kyrkjestoff (80)
8.2.9 Kultur (81)
8.2.10 Sport (82)
8.2.11 Personalia (83)
8.2.12 Lett stoff (84)
8.2.13 TV/Veret (84)
8.3 Utgjevingstakt og tema (85)
8.4 Konklusjonar (85)
9. Nynorsk og bokmål . . . . . . . . . . . 86
9.1 Språkstoda på Sunnmøre (86)
9.2 Språket i avisene (86)
9.2.1 Fordelinga av nynorsk og bokmål (86)
9.2.2 Sunnmørsposten (87)
9.2.3 Fådagarsavisene (88)
9.3 Meir om språket i Sunnmørsposten (92)
9.4 Språk og tema (93)
9.5 Språk i lesarbrev (95)
9.6 Konklusjonar (96)
10. Kjønn . . . . . . . . . . . . . . 98
10.1 Kvinnlege redaktørar (99)
10.1.1 Prioritering av tema (100)
10.2 Kvinnlege journalistar (101)
10.2.1 Produktivitet (101)
10.2.2 Hovedsaker (102)
10.2.3 Tema (102)
10.2.4 Form og metode (103)
a) Form (103)
b) Metode (103)
10.3 Kvinner og kommunaljournalistikk (103)
10.3.1 Kvinners prioritering av kommunalstoff (103)
10.3.2 Tal kvinnlege kjelder (104)
10.4 Konklusjonar (105)
11. Hovedsak . . . . . . . . . . . . . 107
11.1 Definisjon av hovedsak (107)
11.2 Alle aviser på Sunnmøre (108)
11.3 Avisformat og saker. pr. tekstside (109)
11.4 Plass til hovedsak (109)
11.5 Konklusjonar (109)
12. Kvar kjem stoffet frå? . . . . . . . . . 110
12.1 Stoffkjelder (110)
12.2 Stoffkjelder og tema (111)
12.3 Skilnader etter utgjevingstakt (115)
12.4 Tema i lesarbrev (115)
12.5 Tema i anna innsendt stoff (117)
12.6 Konklusjonar (118)
13. Form i journalistikk . . . . . . . . . 119
13.1 Kva form er mest vanleg (124)
13.2 Form i høve til tema (124)
13.3 Konklusjonar (126)
14. Metode . . . . . . . . . . . . . . 127
14.1 Metodar i journalistikk (128)
14.1.1 Metode i nyheitsarbeid (129)
14.1.2 Metode i feature-reportasje (130)
14.2 Metodar og tema (130)
14.2.1 Sunnmørsposten (132)
14.2.2 Fådagarsavisene (132)
14.3 Konklusjonar (133)
15. Kommunaljournalistikk . . . . . . . . . 135
15.1 Kommunalstoff = notisstoff? (136)
15.2 Dekning av kommunale sektorar (138)
15.2.1 Avisdekning og kommunal pengebruk (139)
15.2.2 Dekning og avistype (140)
15.3 Kommunalt nivå (141)
15.4 Sakas status (143)
15.5 Tid mellom artikkel og møte (144)
15.6 Geografi (146)
15.6.1 Sentrum og utkant (146)
15.6.2 Geografisk fordeling av Sunnmørspostens stoff (146)
15.7 Kjeldebruk i kommunaljournalistikk (148)
15.7.1 Tal kjelder (149)
a) Alt kommunalstoff (149)
b) Artikkellengde i høve til talet på kjelder (150)
15.7.2 Skriftlege og muntlege kjelder (151)
a) Dominerande journalistisk metode (151)
b) Type kjelde (152)
15.7.3 Kjeldenes status (153)
15.8 Vinkling (154)
15.9 Konflikt (155)
15.10 Konklusjonar (156)
16. Oppsummering . . . . . . . . . . . . 160
17. Framlegg til vidare forsking . . . . . . . 162
17.1 Utviding av prosjektet (162)
17.2 Historiske data (162)
17.3 Anna forsking (163)
17.3.1 Lesarundersøkingar (163)
17.3.2 Normative undersøkingar (164)
17.3.3 Språklege granskingar (163)
a) Nynorsk og bokmål (163)
b) Bokmål i fådagsavisene ved Ålesund (164)
18. Bokliste . . . . . . . . . . . . . . 165
19. Tabellar . . . . . . . . . . . . . . 168
20. Figurar . . . . . . . . . . . . . . 174
21. Stikkord . . . . . . . . . . . . . . 175
1. Om prosjektet
Det var opphavleg to målsettingar med dette prosjektet:
‑ Å samle praktiske og metodiske røynsler til eit utvida prosjekt som tek sikte på å beskrive journalistikken i alle lokalaviser i landet.
‑ Å beskrive journalistikken i avisene på Sunnmøre med spesiell vekt på kommunaljournalistikken.
Tidlegare har det ikkje vorte gjort slike studiar i Noreg.
Dette er den første undersøkinga som tek føre seg eit breitt
utval aviser over eit større geografisk område og som tek
sikte på å kartlegge alle stoffområde i avisene.
Metoden for beskrivelsane er først og fremst kvantitativ
innhaldsanalyse. I store trekk har me brukt ein metodikk slik den er tilrådd av Krippendorff (1980). På det praktiske planet har Harald Aas (1987) undersøking av Dagbladet vore ei viss rettesnor.
Prosjektet skal altså stå på eigne bein, men samstundes skal
vi ha i tankane at perspektivet må kunne utvidast både geogra‑
fisk og i tid.
Meininga er at metodane utan store endringar skal kunne nyt‑
tast på kva som helst lokalavis i Noreg og uavhengig av når
avisa kom ut. Dermed kan me få ei stor mengde homogene data
for nesten alle aviser i landet. Møreforsking tek då også
sikte på å gjere nettopp det i seinare prosjekt.
Innhaldsanalysar av enkelte tema for enkelt-aviser (helst større aviser) fins frå mange stader, men dei er som regel ikkje særleg detaljerte. Dessutan har kvar gransking hatt sine særskilte siktemål og vore samansett i høve til det. Dermed blir det vanskeleg å samanlikne granskingar med kvarandre.
2. Metode
Innhaldsanalyse er samlenamnet på forskingsmetodar som tek sikte på å kartlegge eller klarlegge innhaldet i tekstar.
2.1 Kvantitativ innhaldsanalyse
Ei undergruppe av innhaldsanalyse er kvantitativ innhaldsanalyse som me har nytta i denne granskinga.
Omgrepet kvantitativ innhaldsanalyse forstår me prinsipielt som:
Ein forskningsmetode som blir nytta til å dra slutningar av data i deira kontekst.
Kvantitativ innhaldsanalyse går ut på å kartlegge den manifeste, synlege, bodskapen i tekstar (tekstar i vid meining).
Innhaldsanalyse er først og fremst ein reiskap. Det gir inga meining å drive med innhaldsanalyse for innhaldsanalysens skuld. Målet med innhaldsanalyse kan vere å teste teoriar, skaffe ny kunnskap eller å etterprøve andre forskningsresultat.
Reint praktisk skjer innhaldsanalysen ved at me først finn ut kva opplysningar me treng i høve til det me vil finne ut. På grunnlag av dette arbeidde me ut eit skjema samansett av variablar som igjen er delt i fleire verdiar.
Opplysningane det blir spurt etter i skjemaet skal registererast for kvar eining.
I innhaldsanalyse kan me arbeide med einingar på fleire nivå. I vår innhaldsanalyse har artikkel vore eininga under kodinga. Seinare kan både avisside, ei heil avis og fleire aviser fungere som eining.
Så kan ein spørje om ein slik tilsynelatande overflatisk analyse av store mengder tekst verkeleg kan gi svar på særleg mykje. Må ein ikkje gå inn i kvar artikkel og nærlese den for å trekkje slutningar?
Etter vår meining er ikkje det eit absolutt krav. Slik me ser det kan kvantitativ innhaldsanalyse fungere som eit "rammeverk", som eit utgangspunkt for vidare forsking. Kvantitativ innhaldsanalyse kan ikkje gi svar på alt, men nokså mykje.
Avisstoff er i sin natur saktekster. Og den viktigaste skilnaden på ein saktekst og ein fiksjons-tekst (skjønnlitteratur) er lesemåten og skrivemåten, tanken bak skrivinga og lesinga. Sakteksten og den skjønnlitterære teksten nyttar begge det same språket og dei same grepa.
Sagteksten giver os sin meddelelse direkte, eksplicit. Vi må registrere dens oplysninger, følge dens ræsonnementer. Så har vi læst teksten. Fiktionstekstens egentlige meddelelse kommer kun indirekte til udtryk.
(Brandt-Pedersen og Rønn-Paulsen 1982, side 15).
2.2 Perspektiv
Perspektivet i granskinga er synkront, me vil seie noko om
journalistikken i dag. Siktemålet med granskinga er deskriptivt. Me tek sikte på å beskrive korleis norske aviser ser ut.
Det har funnest aviser i Noreg i over 200 år, og me har hatt samfunnsvitskapleg medieforsking i 35 år, men enno veit me ikkje kva som står i avisene. I grunnen veit me altså ikkje kva slags medium avisene eigentleg er.
Det kan hevdast at eit synkront perspektiv blir for trongsynt og perspektivlaust. Men på den andre sida kan resultata både av ein synkron og ein diakron analyse vurderast mot
journalistiske normer.
Men det er sjølvsagt interessant å innføre eit historisk
perspektiv. Det bør gjerast seinare ved å gjennomføre
tilsvarande innhaldsanalysar av eldre materiale. Mange (strids)spørsmål i journalistikk og massekommunikasjons-forsking gjeld nettop den historiske utviklinga. Og dessutan den venta - og kanskje frykta? - utviklinga.
3. Avisstrukturen på Sunnmøre
Figur 1: Kommunane på Sunnmøre. Den breie streken midt på bildet syner grensa mellom Nordre og Søre Sunnmøre.
Sunnmøre er namnet på sørlegaste delen av Møre og Romsdal.
Området grensar i sør til Nordfjord (Sogn og Fjordane) og i
nord til Romsdal. På Sunnmøre lever kring 120.000 menneske.
Dei er spreidde over 17 kommunar og 40.000 husstandar. Byen
Ålesund er den største kommunen med 35.000 innbyggjarar.
Det er vanleg å dele Sunnmøre i to delar: Nordre Sunnmøre og Søre Sunnmøre. Grensa mellom dei to delane kan variere litt, men til vanleg reknar ein Ørsta kommune og Hareid kommune som dei nordlegaste av kommunane på Søre Sunnmøre.
Sunnmørsposten er einaste dagsavisa i området. Med eit opplag på 39.522 (1989) er Sunnmørsposten den 10.største avisa i Noreg. Avisa har mellom 65 og 86 prosent dekning på Sunnmøre. Gjennomsnittleg dekning er knapt 80 prosent. Dekninga er best i kommunane ved Ålesund og tynnare lenger vekke frå byen.
I tillegg til Sunnmørsposten kjem det ut 12 småaviser med
opplag mellom 1.300 og 4.800. Desse småavisene kjem ut mellom
ein og tre gonger i veka og dekkjer samla alle kommunar utanom
Ålesund. Bygdebladet (Sjøholt) dekkjer også Vestnes kommune (6.275 innbyggjarar (1980) og 2.178 husstandar (1989)) i Romsdal.
I tillegg kjem gratisavisa "Nytt i Uka" ut i Ålesund. Avisa spreier opplaget sitt til alle husstandar på Nordre Sunnmøre.
3.1 Kvifor Sunnmøre
Det er mange gode grunnar til å studere avisstrukturen på Sunnmøre. Sett i høve til Rosses "paraply-hypotese" (Høst 1988 s. 18) har Sunnmøre eit fullt utbygd avissystem:
Sunnmørsposten både skriv om alle kommunar på Sunnmøre og blir lesen i alle kommunar på Sunnmøre. Lokale fådagarsaviser dekkjer alle kommunar utanom Ålesund.
Høst skriv då også:
Systemet med overordnet dagsavis og underordnede lokalaviser er sannsynligvis bedre utbygget og mer oversiktlig på Sunnmøre enn i noen annen del av landet.
(side 19)
Høst nyttar tre kriterium for å skilje mellom aviser på lågaste og mellomste nivå: Storleik (opplag), utgjevinstakt og innhald (geografisk fordeling). Storleik og utgjevingstakt er det lett å skaffe opplysningar om. Den geografiske fordelinga av innhaldet er det lett å skaffe seg eit overflatisk inntrykk av, men i denne granskinga ser me meir systematisk på spørsmålet.
Nedanfor skal me sjå på alle desse kriteria. Me har lagt vinn på å sette tala inn i ein historisk samanheng.
Figur 2: Idealbilde av avissystemet på Sunnmøre - fullt utbygd paraply-system.
Figur 3: Sunnmørspostens verkelege "paraply". Horisontalt avstand frå Ålesund, vertikalt dekningsprosent for kvar kommune (opplag 1989).
Eit viktig mål for oss har vore å kartlegge arbeidsfordelinga mellom Sunnmørsposten og fådagsavisene. Sidan avis-mønsteret er svært likt i alle kommunar med omsyn til konkurranse og lesing, kan me handsame fådagsavisene som ei gruppe. Men me har også i mange høve peika på skilnader mellom aviser med ulik utgjevingstakt.
3.2 Historikk
3.2.1 Skiping av aviser
Frå andre stader i landet og frå andre land kjenner me til at politikk har vore ein viktig grunn til å starte aviser. Partia trong talerør for sin politikk, og avisene var lenge det einaste massemediet.
Alle fådagarsavisene på Sunnmøre er ubundne. Det er sjeldsynt å sjå leiar-artiklar, men dei er stundom å finne i somme aviser.
Sunnmørsposten vart starta som avis for Venstre og var Venstre-avis fram til 1977. Sidan då har avisa rekna seg som ubunden.
a) Aviser i Ålesund
Første avisa i Ålesund kom ut i 1857. Sidan då har det vorte starta 28 aviser i Ålesund i åra 1857 til 1986. Somme av dei rett nok som framhald eller namneendringar på tidlegare aviser. Flest aviser vart starta i åra mellom 1900 og 1940. I desse åra kom det ut 13 nye aviser. Ei av dei var Møre Social-Demokrat som i 1931 endra namn til Sunnmøre Arbeideravis og skulle halde det gåande til 1985. I 1927 fanst det sju aviser på ein gong i byen, to av dei kom berre ut det eine året.
Sunnmørsposten kom i 1877 som opposisjonsavis til to Høgre-aviser. Før Ålesunds-brannen i 1903 kom det ut fire aviser i byen. Etter Ålesunds-brannen har Sunnmørsposten vore den viktigaste avisa i byen og etterkvart også på Sunnmøre.
Sidan 1986 har Sunnmørsposten vore einaste abonnementsavis i Ålesund. Det er tredje gongen på 130 år at ei avis har monopol i byen. Første gongen var i åra 1857 til 1872 då "Aalesunds handels og søfartstidende" var einaste avis i byen. Andre gongen var dei siste krigsåra. Mellom 1942 og 1945 var det berre Sunnmørsposten som kom ut.
Då krigen kom fanst det seks aviser i Ålesund. Sunnmøre Arbeideravis stoppa i 1940 og Aalesunds Avis kom ikkje ut dei tre siste krigsåra. Sunnmørsposten kom ut under heile krigen. Etter krigen var det desse tre nemnde avisene som tok til å kome ut att. Aalesunds Avis var ei Høgre-avis medan Sunnmørsposten var ei Venstre-avis. Aalesunds avis gjekk inn i 1957 (Kjelder: Universitetsbiblioteket 1973 og Ulstein 1982).
b) Aviser på bygdene
Bygdeavisene på Sunnmøre har ei lang historie. Den første avisa i området var "Norsk landboeblad" som tok til å kome ut i Volda i 1810. Avisa tok mål av seg å vere ei riksavis for norske bønder (Fet 1984). Avisa Møre (1902) som i dag er avis for Volda kommune reknar seg attende til denne avisa. Møre er slik "sjuande far i huset" for alle dei små fådagarsavisene på Sunnmøre.
Det var særleg i Ørsta/Volda området dei første småavisene kom. I fleire bolkar kom det ut to aviser i kommunane. I Volda i åra 1892 til 1896, 1910 til 1911, 1913 til 1919 og 1921 til 1926. I Ørsta kom det ut to aviser i åra frå 1935 til 1941.
Vikebladet og Vest-Posten slo seg i hop til ei ny avis (Vikebladet/Vest-Posten) i september 1989. Denne endringa skjedde før me sette i gong innhaldsanalysen. I innhaldsanalysen har me altså nytta "Vikebladet/Vest-Posten" som er namnet på den nye avisa. Har det vore nødvendig å korte inn namnet har me kalla avisa (VB/VP). Me refererer til avisstatistikkar når det gjeld opplag og dekning og har då nytta tala for Vikebladet. Vikebladet/Vest-Posten trykkjer for tida (juni 1990) avisa i eit opplag på ca. 4.800 .
Sommaren 1990 gjekk eigarselskapet til Vest-Avisa konkurs. Men etter refinanisering kjem avisa ut som før. Storfjord-nytt har også gått gjennom ein konkurs (september 1990), og det er i skrivande stund (oktober 1990) uvisst korleis det går med den avisa.
3.2.2 Samanhengen mellom folketal og avisskiping
I tabellen nedanfor har me sett opp skipingsår, folketalet i dekningsområdet i skipingsåret og folketalet i dekningsområdet i 1980 for alle avisene på Sunnmøre.
Aviser på Sunnmøre pr. 1.1.1989. Skipingsår, folketal i dekningsområdet i skipingsåret. Folketal i dekningsområdet i 1980
__________________________________________
Folketal i
dekningsområdet
‑‑‑‑‑‑‑‑‑‑‑‑‑‑‑
Avis Skipa Skip.år 1989
__________________________________________
Møre 1810 1,986 7,986
Sunnmørsposten 1877 8,346 120,588
Vikebladet 1929 5,195 10,077
Møre‑Nytt 1935 6,195 10,244
Vestlandsnytt 1935 7,880 11,463
Sulaposten 1945 4,455 6,759
Sykkylvsbladet 1946 3,598 6,802
Sunnmøringen 1946 3,911 4,663
Vest‑Avisa 1970 3,851 3,897
Vest‑Posten 1971 3,938 4,481
Haramsnytt 1971 14,062 15,042
Bygdebladet 1972 13,405 24,812
Storfjord‑nytt 1979 2,099 3,074
Øy‑blikk 1985 6,126 6,209
__________________________________________
Kjelde: Statistisk sentralbyrå og Høst 1989.
"Norsk landboeblad (Møre)" og Sunnmørsposten er to spesielle aviser i denne samanhengen. Møre har kome ut så lenge at avisa er aleineståande i sitt slag. Møre er historisk sett ikkje på nokon måte representativ for norske fådagarsaviser.
Sunnmørsposten har kome ut i ein by og har utvikla seg til å bli ei svært stor dagsavis.
Me må dermed sjå vekk frå desse to avisene når me skal samanlikne folketalet i dekningsområdet til avisene.
Av tabellen ser me at avisene har vorte skipa i puljer. Første pulja kom i åra 1929 til 1935. Avisa Møre-Nytt (Ørsta) høyrer med til denne pulja, men i Ørsta har det vore avis nesten samanhengande frå før hundreårsskiftet (Universitets-biblioteket 1974). Folketalet i dekningsområdet til avisene låg mellom 5.000 og knapt 8.000.
I andre pulja av nyskipingar like etter krigen var folketalet i dekningsområdet langt lågare. Folketalet i kommunane var 3-4.000 innbyggjarar i kommunane som fekk avis like etter krigen. Avisene kjem i dag ut sjeldnare og har lågare opplag enn avisene i den førre pulja.
Etter 1970 har me hatt ei ny pulje med avisskipingar. No er det ikkje så tydelege mønster ute og går lenger. Haram, Ørskog og Vanylven var nye kommunar sett saman av fleire tidlegare småkommunar. Det verkar truleg at kommunesamanslåinga skapte nye einingar som mellom anna vart så store at dei kunne fø ei fådagsavis. Det er interessant å sjå på den store skilnaden i folketalet i avisenes dekningsområde.
Dei to sista skota på avisstammen må reknast som aleineståande prosjekt. Storford-nytt starta som "Norddal bygdeblad" i 1979 og kom ut annakvar veke, ikkje heilt regelbunde. For eit år tilbake tok avisa til å dekkje granne-kommunen Stordal og fyller no krava til pressestøtte. Siste nytt om avisa er at selskapet gjekk konkurs tidleg i oktober 1990 og avisa kom ikkje ut 4.oktober. Det er i skrivande stund uvisst om avisa kjem ut oftare.
Giske kommune var til 1985 einaste Sunnmørskommunen som ikkje vart dekt av ei fådagsavis. Men avisa Øy-blikk kom i 1985, og med det må me kunne seie at Sunnmøre har eit fullt utbygd avissystem.
3.3 Dekningsområde og konkurranse
Dekningsområdet til ei avis kan vere
1) Området avisa sjølv kallar dekningsområdet (avisas subjektive oppfatning)
2) Dekningsområdet kan også definerast som området der ein minsteprosent av innbyggjarane kjøper avisa.
3) Dekningsområdet kan også definerast som området der den redaksjonelle dekninga ligg over eit visst minstemål.
Som me skal sjå er det for dei fleste avisene på Sunnmøre mellom alle desse tre måtane å definere dekningsområde på.
Avis-konkurranse får me når minst to aviser overlappar same området på minst ein av desse tre måtane.
På Sunnmøre finn me konkurranse mellom aviser på same nivå berre i Stordal og Haram. Det er her tale om Storfjord-nytt sitt før omtala åtak på Stordal som har vore Bygdebladets kommune. Bygdebladet dekkjer på si side Haram som er utgjevarkommunen til Haramsnytt. Me kjem meir detaljert inn på desse avisstridane seinare.
Vikebladet og Vest-Posten konkurrerte i Hareid kommune fram til samanslåinga av avisene 1.september 1989.
Sunnmørsaviser er innblanda i "aviskrigar" i to kommunar utanfor Sunnmøre. Både Haramsnytt og Bygdebladet dekkjer Vestnes kommune (Romsdal).
Vestnes kommune blir dekt av dei to fådagarsavisene me alt har nemnt. I tillegg kjem det ut ei eiga fådagsavis i kommunen ("Vestnesavisa"). Vidare har Romsdals Budstikke lokalkontor i Vestnes, og Sunnmørsposten har kjempa hardt for å halde på sine marknadsdelar i kommunen.
Vest-Avisa dekkjer Selje i Nordfjord, men ser ikkje ut til å kome inn på marknaden i særleg grad. Fjordenes Tidende (Måløy) har framleis svært høg dekning i kommunen. I sommar (1990) gjekk Vest-Avisa konkurs, og vanskane røtte seg attende til satsinga på Selje kommune. Avisa har vorte refinansiert og kjem ut som før.
Me har ikkje full oversikt over korleis dekningsområdet til avisene har ymsa opp gjennom åra. I tabellen nedanfor står berre dekningsområde pr. 1.1.90.
Som eit døme på skiftande dekningsområde kan me nemne at "Norsk landboeblad" i 1810 tok sikte på å vere ei avis for alle bønder i Noreg. Etterfølgjarane minka stegvis dekningsområdet til avisa. I dag står det "avis for Søre Sunnmøre" under avishovudet, men i praksis dekkjer avisa Volda og delvis Ørsta.
Vest-Posten vart starta opp som avis for Hareid, men har prøvt å dekkje både Ulstein og Hareid.
Nær halvparten av Bygdebladet sitt opplag i Haram (ca. 125 av 265 aviser) går til lesarar på Vatne. Haramsstoffet i Bygdebladet er då også som regel henta frå Vatne. Det verkar som om Bygdebladet satsar på å kome inn på Vatne meir enn i heile kommunen.
Alle aviser på Sunnmøre
Skipingsår, utgjevarstad og dekningsområde (kommunar)
_______________________________________________________
Avis Skipa Stad Dekningsområde 1989
_______________________________________________________
Møre 1810 Volda Volda
Sunnmørsposten 1877 Ålesund Heile Sunnmøre
Vikebladet 1929 Ulsteinvik Ulstein og Hareid
Møre‑Nytt 1935 Ørsta Ørsta
Vestlandsnytt 1935 Fosnavåg Herøy og Sande
Sulaposten 1945 Langevåg Sula
Sunnmøringen 1946 Stranda Stranda
Sykkylvsbladet 1946 Sykkylven Sykkylven
Vest‑Avisa 1970 Fiskå Vanylven og Selje
Vest‑Posten 1971 Hareid Hareid
Haramsnytt 1971 Brattvåg Haram og Vestnes
Bygdebladet 1972 Sjøholt Ørskog, Vestnes, Haram,
Skodje og Stordal
Storfjord‑nytt 1979 Sylte Norddal og Stordal
Øy‑blikk 1985 Valderhaug Giske
_______________________________________________________
Kjelde: Høst 1989b
Vatne er den austlege delen av Haram kommune og ligg dermed nærast Ørskog og Skodje. Vatne var eigen kommune fram til 19?? då den blei ein del av Haram kommune.
3.4 Dekningsprosent og utgjevingsdagar
Me har tidlegare sagt at det er samsvar mellom avisenes subjektive oppfatning av dekningsområdet sitt og to meir objektive kriterium som dekningsprosent og innhald.
Me skal først sjå på Sunnmørspostens dekningsgrad i prosent dekning av alle husstandar i kommunane på Sunnmøre:
Sunnmørspostens dekningsprosent
i kommunane på Sunnmøre.
________________________________________
Hus‑ Deknings‑
Kommune Opplag standar prosent
________________________________________
Giske 1,600 1,826 88
Haram 2,342 2,765 85
Skodje 861 1,031 84
Ålesund 11,322 13,579 83
Sula 1,759 2,110 83
Stranda 1,286 1,602 80
Ørskog 531 662 80
Stordal 281 355 79
Sykkylven 1,727 2,210 78
Norddal 531 702 76
Ulstein 1,279 1,709 75
Vanylven 918 1,239 74
Ørsta 2,354 3,302 71
Hareid 1,002 1,434 70
Sande 754 1,082 70
Herøy 1,767 2,597 68
Volda 1,771 2,713 65
Sum/gj.snitt 32,085 40,918 78
________________________________________
I tabell 4 har me sett opp gjennomsnittleg dekningsprosent for alle avisene på Sunnmøre i lag med ein del andre opplysningar om avisene.
Sunnmørsposten og fådagarsavisene (samla) har nesten same høge dekningsprosenten på Sunnmøre. Langt dei fleste les altså både Sunnmørsposten og si lokale fådagarsavis. Me har heller usikre tal for avisene som ikkje er medlemmer av NAL. Det har me markert ved å sette ein parentes kring tala det gjeld. Me har ikkje fått dekningsprosenten til Sulaposten.
Opplag, dekningsprosent og utgåver pr. veke for alle aviser
____________________________________________________
Utg.
Opplag Dekn. pr.
Avis 1989 pst. veke Avisdagar
____________________________________________________
Sunnmørsposten 39,807 78 6 alle kvardagar
Møre‑Nytt 4,846 93 3 ti, to, la
Møre 3,640 90 3 ti, to, la
Vikebladet 3,508 79 3 ti, to, la
Bygdebladet 3,295 48 3 ti, to, la
Vestlandsnytt 4,632 80 2 ti, fre
Haramsnytt 2,552 68 2 ti, to
Sykkylvsbladet 2,359 82 2 on, fre
Sunnmøringen 2,177 87 2 on, la
Vest‑Posten 2,146 (90) 2 on, fre
Vest‑Avisa 1,892 95 1 to
Øy‑blikk 1,707 (80) 1 to
Sulaposten 1,594 1 to
Storfjord‑nytt 878 (80) 1 to
____________________________________________________
Dekningsprosent er gjennomsnittleg dekningsprosent i dekningsområdet. Dekningsprosent i parentes tyder at tala er usikre.
Som me ser kjem avisene ut på ulike dagar. Tre-dagarsavisene kjem ut mandag, tirsdag og torsdag. Ein-dagsavisene kjem ut på torsdagar. To-dagarsavisene kjem ut på litt forskjellige dagar.
3.5 Avislesing
Etter det me kjenner til om lokalaviser blir dei lesne "av alle". Fleire granskingar frå Volda syner at kring 90 prosent av alle voldingar les Møre "kvar gong" (Langvart 1974, Øye 1988). Det ser ikkje ut til at lesinga av lokalavisa har minka frå 1974 til 1988.
3.6 Redaksjonelle ressursar
Aviser på ulike nivå har ulike ressursar til rådvelde. Sunnmørsposten er ei verksemd med ein omsetnad på over 100 millionar kroner, fådagarsavisene har gjerne ein omsetnad under ti millionar. Dette speglar seg sjølvsagt att i dei redaksjonelle ressursane.
3.6.1 Sunnmørsposten
I "By og land i 100 år" (Ulstein 1982) kan me lese at redaksjonen i Sunnmørsposten ikkje vart utvida til to mann (redaktøren medrekna) før i 1904. Då tilsette redaktør Ivar Flem ein redaksjonssekretær. Tidlegare hadde det berre kortare tid funnest meir enn ein mann i redaksjonen. I 1913 var dei tre mann i redaksjonen. Den første kvinna i redaksjonen kom i 1918.
I 20-åra kom dei såkalla bygdemeldarane. Dette var gjerne lærarar som sende stoff om nytt i bygdene til avisa. Desse var gjerne lærarar eller andre folk som var flinke til å skrive. Etterkvar fekk avisa eit finmaska nett av slike meldarar, men i dag har journalistane for lengst teke over arbeidet til meldarane.
I 100-års soga kan ein lese om ein jamn vekst i talet på journalistar, og ei sterk utbygging av lokalkontor. I åra 1954 til 1974 bygde avisa ut nettverket av lokalkontor. Avisa har i dag sju lokalkontor. Ved lokalkontora i Molde og Volda arbeider det to journalistar, ved dei fem andre lokalkontora arbeider det ein journalist. Utanom Molde og Volda ligg det lokalkontor i Ulstein, Stranda, Måløy og i Stryn.
I tilegg har avisa sidan 1920 åra hatt ein Oslo-medarbeidar. Den første var Daniel Helset som først leverte riks-stoff til Sunnmørsposten som var ein av fleire tingarar til ei nyhende-teneste på nynorsk. Etterkvart vart det berre Sunnmørsposten attende. I 1947 overtok ein journalist frå hovudredaksjonen jobben som Oslo-medarbeidar. Men han arbeidde også som sekretær for stotingsgruppa til Venstre. I 1967 fekk avisa fast Oslo-kontor med eigen redaktør.
Sunnmørsposten har for tida 46 tilsette i redaksjonen.
Ser me på storleiken på redaksjonen i høve til talet på dekningskommunar kan me rekne med at Sunnmørsposten har rundt to journalistar pr. kommune (Roppen 1989).
Dei 46 journalistane er for tida organiserte slik: Lokalgruppe (inkludert lokalkontor-journalistane), samfunnsgruppe, sport, feature, foto og desk. Lokalgruppa (som er den største gruppa) fungerer som det me kan kalle nyheitsredaksjon. Alle journalistar går i turnus og har kvelds- og helgavakter med jamne mellomrom. Kvar gruppe har sin gruppeleiar som fungerer som kontaktledd mellom gruppa og redaksjonsleiinga.
3.6.2 Fådagarsavisene
a) Storleiken på redaksjonane
I dei fleste fådagarsavisene fungerer redaktøren som ein vanleg journalist. Somme av redaktørane er då også organiserte i Norsk journalistlag og ikkje i redaktørforeininga.
Talet på journalistar per kommune ymsar mellom ein og fire.
I eindags avisene arbeider ofte ein lærar som deltids‑tilsett redaktør (Storfjord‑Nytt og Sulaposten), eller redaktøren driv anna verksemd i tilegg til avisa. Redaktøren i Vest‑Avisa driv også revisorkontor. I tillegg har gjerne avisa tilknytt meir eller mindre faste medarbeidarar. Gjerne lærarar som arbeider deltid som journalistar.
To‑dagars avisene har gjerne ein redaktør og minst ein
journalist på full dag i redaksjonane. Redaksjonen har
ofte funksjonen sentralbord og gjer ofte grafisk arbeid som
avisklistring eller liknande.
Tre‑dagars avisene har tre‑fire journalistar på heil dag.
Avisene er såpass store at dei tilsetta i verksemda i stor
grad har særskilte oppgåver. Journalistane, typografane og
kontorfolka driv kvar med sitt.
b) Når kom journalistane?
Utgangspunktet for flesteparten av fådagarsavisene har vore einmannsavisa. Dette kan me kalle Syversen-modellen etter den kjende redaktøren for Trangeviks-posten. Redaktøren var einaste tilsette i redaksjonen og hadde ofte tekniske funksjonar i tillegg.
I ei semesteroppgåve frå linje for media og journalistikk (Dåsnes og Styve 1985) har det vorte kartlagt når avisene utvida frå ein-manns redaksjon til to-manns redaksjonar.
Møre var først ute. Avisa utvida frå einmanns-redaksjon til to-manns redaksjon i 1960. Det var ti år før neste avis. Møre utvida til to journalistar alt i 1962. Det skulle gå 18 år før neste avis utvida redaksjonen til to journalistar i tillegg til redaktøren.
Frå 1985 hadde alle aviser på Søre Sunnmøre to journalistar (i tillegg til redaktøren) i redaksjonen.
Tidspunkt for utviding av redaksjonen i
fådagsavisene på Søre Sunnmøre.
_______________________________________
Avis Skipa Ein journ. To journ.
_______________________________________
Møre 1810 1960 1962
Møre‑Nytt 1935 1971 1981
Vikebladet 1929 1977 1980
Vestlandsnytt 1935 1980 1985
Vest-Posten 1971 1979 1984
________________________________________
Kjelde: Dåsnes og Styve (1985)
Som me ser utvida alle avisene frå ein-mannsredaksjon til to-mannsredaksjon (redaktør+journalist) før 1980. Me ser også at det tok stundom svært stutt tid før avisene utvida redaksjonen på nytt og gjekk opp til to journalistar i tillegg til redaktør. Sett i høve til den lange tida avisene hadde berre redaktør kan ein snakke om ei fullstendig omvelting på få år.
Ei avis som Vikebladet vart i 48 år driva som ein-mannsredaksjon. Men så tok det berre tre år før avisa tilsette endå ein journalist. I dag er avisa slått saman med Vest-Posten og i redaksjonen arbeider det kring fem journalistar (i tillegg til redaktøren) på heil dag eller kortare tid.
I granskinga si kartla Dåsnes og Styve også redaksjonar i småaviser i Nordfjord. Det fell utanfor denne rapporten å omtale resultata derifrå, men me kan seie at det ikkje såg ut til å vere nokon spesielle skilnader mellom avisene i Nordfjord og avisene på Sunnmøre på dette punktet.
c) Journalistanes bakgrunn
Dåsnes og Styve har også undersøkt bakgrunnen til journalistane i fådagarsavisene. Gjennomsnittsalderen er kring 30 år. Alle var mellom 18 og 40 år. Aldersfordelinga samsvarer bra med den gjennomsnittlege fordelinga i NJ sin medlemsmasse.
Dei har funne at ein høvesvis stor del av journalistane har høgre utdanning. Journalistutdanning og lærarutdanning er det mest vanlege. 11 av 16 journalistar hadde ei eller anna form for høgre utdanning. Det ligg langt over NJ sitt gjennomsnitt.
Det synte seg at journalistane med fagutdanning var nye på staden, medan journalistane med anna høgre utdanning hadde god lokalkunnskap.
I fådagarsavisene arbeidde det berre ein kvinnleg journalist i 1985, og berre sju av dei 16 journalistane var organiserte i NJ. Det er tal langt under det vanlege i pressa.
Gjennomtrekken i avisene er stor. Ni av 16 journalistar hadde vorte tilsette i løpet av det siste året. Men journalistane hadde i liten grad planar om å slutte i avisene. Høg gjennomtrekk er vanleg i små aviser, mindre vanleg i større aviser.
Det såg også ut til å vere eit slags A-lag og B-lag av journalistar. A-laget hadde gjerne fagutdanning, hadde ein god del praksis og gjorde lite anna enn journalistisk arbeid. B-laget hadde ikkje fagutdanning, lite praksis og hadde ein god del andre oppgåver enn berre journalistisk arbeid.
d) Tilknytinga til lokalmiljøet
I ei anna semesteroppgåve (Nøringset 1988) vart journalistane i fire fådagarsaviser på Søre Sunnmøre kartlagt. Tre redaktørar og to journalistar hadde politiske tillitsverv i 1988. Tre journalistar hadde hatt politiske tillitsverv tidlegare. Samstundes meinte 11 av 12 journalistar og redaktørar at det var prinsipielt uheldig at journalistar er partipolitisk engasjerte.
Så her var det stor skilnad mellom liv og lære. Alle avisene er politisk ubundne.
8 av 12 journalistar og redaktørar hadde også tillitsverv i idrettslag. Journalistane opplevde ikkje medlemsskapen som noko hinder i det journalistiske arbeidet. Publikum pressa på for å få omtale av tilstellingar i avisa på førehand. Og ikkje for å få omtale etterpå. Det er interessant i høve til påstandar om at småaviser berre byr på returinformasjon.
3.7 Prisar
Dei viktigaste inntektskjeldene for alle aviser er tinging og lysingar. Det er ikkje uvanleg at innkomene er fordelte med på 20 prosent på tinging og 80 prosent på lysingar.
Me skal nedanfor prøve å finne samanhengar mellom utgjevingstakt, dekningsprosent og opplag for avisene på Sunnmøre.
Alle aviser på Sunnmøre 1989. Utgjevingstakt, dekningsprosent, oppplag (1989), prisar på tinging (kroner per år) og lysingar (vanleg plass, øre per spaltemm.). Ordna etter tingingspris.
__________________________________________________________
Dekn. Tinging Lysingar
Avis Takt pst. Opplag (kr.) (øre)
__________________________________________________________
Sunnmørsposten 6 78 39,807 990 575
Bygdebladet 3 48 3,295 400 295
VB/VP 3 79 3,508 350 265
Møre 3 90 3,640 325 240
Møre‑Nytt 3 93 4,632 320 240
Sykkylvsbladet 2 82 2,359 300 310
Vest‑Avisa 1 95 1,892 290 275
Haramsnytt 2 68 2,552 280 295
Vestlandsnytt 2 80 4,846 270 265
Storfjord‑nytt 1 (80) 878 260 300
Sunnmøringen 2 87 2,177 260 280
Sulaposten 1 1,594 210 250
Øy‑blikk 1 (80) 1,707 180 305
Gj.snitt (utanom Sunnmørsposten) 287 277
__________________________________________________________
Usikre tal står i parentes.
Av tabell 5 ser me at tre-dagsavisene er dyrast å tinge. Og ein-dagsavisene har helst dei lågaste prisane. Men av tabell 4 ser me også at ein- og to-dagsavisene er blanda litt inn i kvarandre. For ein- og to-dagsavisene er det ikkje noka naturlov at avisene er dyrare til oftare dei kjem ut.
Fådagsavisene på Sunnmøre. Gjennomsnittleg opplag, dekningsprosent og prisar på tinging og lysingar etter utgjevingstakt.
________________________________________
Dekn. Tinging Lysingar
Takt Opplag pst. (kr.) (øre)
________________________________________
3 3,769 78 349 260
2 2,984 79 278 288
1 1,518 (85) 235 283
________________________________________
Usikre tal står i parentes.
Særskilt interessant er det å samanlikne tingingsprisen for 3-dagsavisene med dekningsprosenten og opplaget. Av tabell 4 går det fram at til lågare dekning, til høgare pris. Me ser også at høgare opplag fører til lågare pris.
Bygdebladet har lågast opplag og dekning i sitt område, men har høgaste prisen. Møre-Nytt har høgaste dekninga og opplaget, og lågaste prisen pr. år. For alle desse fire avisene har me sikre tal på dekning.
Det er ikkje lett å seie om høg pris fører til låg tinging eller låg pris til høg tinging. Andre faktorar enn prisen spelar også ei rolle for tinginga. Alle avisene er utan konkurranse og bestemmer i praksis prisen sjølv, men dei kikkar nok også på prisane til andre aviser når dei vurderer si eiga prising. Lesarane kan ikkje protestere på prisen ved å skifte til ei anna avis, dei må i staden la vere å tinge avisa og lese ho på anna vis.
For lysingar finn me mindre ymsing, men største avisene har lågaste prisane, trass i at lysingane når ut til flest lesarar.
3.8 Oppsummering
Sunnmøre har i dag eit fullt utbygd avissystem på dei to nedste nivåa. Sunnmørsposten er einaste avisa på mellomnivået på Sunnmøre (sidan 1985), og samstundes lokalavis for Ålesund. Historisk sett er dette eit unntak. Sidan 1872 har det alltid vore minst to abonnementsaviser i Ålesund (med unntak av dei tre siste krigsåra).
Avisene på lågaste nivået konkurrerer berre i svært liten grad med kvarandre geografisk sett.
Dei eldste avisene som lever i dag kjem ut på Søre Sunnmøre. Dei fleste bladtiltak på Nordre Sunnmøre vart stuttliva. Berre ein kommune på Søre Sunnmøre vart ikkje dekt av ei fådagsavis då første kommunen på Nordre Sunnmøre (Sula) fekk avis i 1945.
Skiljet mellom nord og sør syner også att på andre måtar:
Avisene på Søre Sunnmøre kjem ut i dei største bygdene, dei kjem ut oftast og dei har størst opplag. Dei eldste avisene er også dei tjukkaste.
Prisane på tinging og lysingar ymsar mykje. Prisen på tinging heng nært saman med utgjevingstakt, sjølv om me finn ymsingar. To-dagsavisene er i gjennomsnitt billegare enn tre-dagsavisene, men dyrare enn ein-dagsavisene.
For tre-dagsavisene finn me at til mindre opplag og lågare dekningsprosent - til dyrare lysingar.
Prisen på lysingar heng korkje saman med utgjevingstakt, opplag eller dekningsprosent. Dyraste lysingane
har to-dagsavisa Sykkylvsbladet og ein-dagsavisa Øy-blikk. Billegaste lysingane har tre-dagsavisene Møre og Møre-Nytt. I gjennomsnitt har tre-dagsavisene lågaste prisane på lysingar.
Men det er ikkje tvil om at tingarane av tre-dagsavisene får mest att for pengane. Den dyraste ein-dagsavisa er berre ti kroner billegare enn den billegaste tre-dagsavisa.
4. Tidlegare forsking
Nedanfor følgjer ein kort oversikt over innhaldsanalysar og forsking på kommunaljournalistikk i norske aviser:
4.1 Kommunaljournalistikk
4.1.1 Bakke og Nymo
Birger Nymo og Audun Bakke gjorde tidleg på 80-talet fleire undersøkingar om kommunaljournalistikk. Både frå ein sosiologisk innfallsvinkel (Nymo) og ein journalistisk innfallsvinkel (Bakke).
Avisene dei granska kan alle plasserast i gruppa mellomstore dagsaviser.
Avisene var delvis i konkurranse med kvarandre innanfor somme kommunar: "Tønsbergs blad" og "Vestfold Arbeiderblad" for Tønsberg, Sem og Nøtterøy kommunar. "Namdal Arbeiderblad" og "Nordtrønderen og Namdalen" for kommunane Namsos, Grong og Nærøy. "Fremover" og "Harstad Tidende" for Evenes og Lødingen og i tillegg to kommunar avisene ikkje konkurrerte i: Narvik og Harstad.
Dataene samla dei inn gjennom ein innhaldsanalyse kommunalstoffet i seks aviser. Mars og april-utgåvene (1978) av avisene var datagrunnlaget og baud på tilsaman 2.073 avisartiklar.
Kort oppsummert er dette resultata deira:
1) Avisene formidlar ni gonger så mykje informasjon frå kommmunen til publikum som omvendt.
2) Når innbyggjarane er kjelder er dei stort sett organiserte - dei er medlemmer av ein organisasjon.
3) 80 prosent av kommunalstoffet er møte- eller dokumentreferat.
4) Hovudutval, formannsskap og kommunestyre er dei komunale nivåa avisene skriv mest om.
5) Dei fleste formannsskapssaker blir refererte. Kommunestyrestoff tek mest plass. Dette har ei praktisk årsak. Formannskapet er (nesten alltid) eit lukka møte der pressa berre har tilgjenge til sakspapira. Motsett er kommunestyret eit ope møte, og har vore leverandør til det klassiske møtereferatet i norsk presse.
6) 2/3 av alt kommunalstoff er notisar.
4.1.2 Møre-Nytt
Etter mønster frå Bakke/Nymo har Longvastøl (1985) granska Møre-Nytt si kommunaldekning. Me skal stutt referere nokre av resultata:
Innkomande/krav, utval, formannskap og komunestyre er dei stega i vedtakskjeden som Møre-Nytt skriv om.
2/3 av alle saker vert omtala før endeleg avgjerd, noko som er svært bra i høve til Bakke/Nymos resultat (17 prosent).
Over 50 prosent av alle oppslag var henta frå lukka møte. Men denne delen minka til ca. 1/3 av oppslag mellom 3 og 7 spalter.
Ein fjerdedel av alle redaksjonelle oppslag baud på informasjon i retning til kommunen. Reknar ein med lesarbrev og "på telefonen" aukar denne delen til over 1/3 av alle oppslag. I Bakke/Nymo si gransking var delen til-informasjon berre 1/10.
Longvastøl fann også at journalistane nytta berre ei kjelde i 94 prosent av alle oppslag. Og ein-kjelde prosenten var 88 av alle oppslag over 3 spaltar. Tre kjelder eller meir blei nytta i berre ein prosent av alle oppslag, også dei over tre spaltar.
4.2 Generelle innhaldsanalysar
4.2.1 Dagbladet
Harald Aas' innhaldsanalyse av Dagbladet (Aas 1987) er den einaste innhaldsanalysen som har teke mål av seg til å teikne eit heilskapleg bilete av ei avis. I neste kapittel kjem me til å vise til denne undersøkinga der det er naturleg.
4.2.2 MRDH Volda
Fleire studentar ved linje for media og journalistikk ved MRDH Volda har laga innhaldsanalysar av aviser, særleg av aviser på Sunnmøre. Nokre av dei er spesielt interessante for oss og me skal kome tilbake til dei utover i rapporten. Andre kan berre tene som ein demonstrasjon av at det kan vere svært vanskeleg å samanlikne resultat av innhaldsanalysar om metodane er ulike. Me har delt arbeida i to grupper etter perspektivet i kvart arbeid. Først diakrone analysar (utvikling over tid) og så synkrone analyser (korleis er stoda no):
a) Diakrone analysar
Olav Hatlemark og Arild Johnsen (Hatlemark og Johsen 19??) har granska Møre og Vikebladet i åra 1968 og 1978. John Karevoll (Karevoll 1974) har granska avisa Møres dekning av ymse emne i åra 1935 til 1973.
I 1974 kom ein innhaldsanalyse som tok føre seg alle utgåver av bygdebladet Synste Møre (I dag Vest-Avisa). Analysen vart skriven av Karin Alstad og Jorunn Myre (Alstad og Myre 1974).
I ei oppgåve blir framsida i 19 tre-dagars aviser (mellom anna Møre, Møre-Nytt og Vikebladet) samanlikna for åra 1969, 1979 og 1989. Anne-Line Evenrud og Øystein Solvang sto for den oppgåva (Evenrud og Solvang 1989).
Berta Styve Lid har gjennomført ei gransking om kvinner og journalistikk med utgangspunkt i avisa "Nidaros" (Trondheim) som tidleg på 80-talet var ei "kvinneavis". Eigd og driven av kvinner (Lid, 19??).
b) Synkrone analysar
Bjørne Jortveit har sett på ulike utgåver av Sunnmørsposten for 1981 og såg på avisa etter tema, geografi og grafisk inntrykk (tittel, bilde, tekst, annonser, anna) (Jortveit 1981).
Ein annan innhaldsanalyse tek føre seg tema og språk i tekst og annonsar i fire fådagarsaviser i Hordaland. Dei blei systematisk undersøkte i ei oppgåve frå 1977. Avisene er Grannar, Sotra-Nytt, Hordaland og Strilen. Dei to som gjorde granskinga var Bjørn Morken og Kjell-Øvre Helland (Morken og Øvre-Helland 1977).
Ingvild Jensen har i ei anna gransking sett på framsida av Sunnmørsposten, Glåmdalen og Dagbladet i 1981 (Jensen 1982).
I ei oppgåve har Kari Bjøntegård sett på titlar, bilde og tekst sin del av avisene Aftenposten, Arbeiderbladet, Dagbladet (fullformat) og Verdens Gang (Bjøntegård 1977).
4.3 Anna litteratur om Sunnmørsavisene
Jostein Fet (Fet 1984) har granska "Norsk Landboeblad", mellom anna presenterer han resultat frå ein kvantitativ innhaldsanalyse. Han har mellom anna funne at berre 10 prosent av stoffet i avisa var lokalt stoff.
Ragnar Ulstein har skrive boka om Sunnmørsposten si historie gjennom 100 år: By og land i 100 år. Boka kom ut 1982 i høve Sunnmørsposten sitt 100-årsjubileum. Me har nytta materiale frå denne boka i omtalen av Sunnmørsposten.
Forfattaren har lagt størst vekt på å plassere Sunnmørsposten inn i den generelle sunnmørske historia på dei 100 åra avisa hadde kome ut. Men han skriv også om den tekniske og økonomiske utviklinga til avisa.
5. Oversikt over datamaterialet
Meininga med granskinga er å kartlegge avisinnhaldet i eit utval aviser innanfor eit geografisk avgrensa område. Vårt område er Sunnmøre, sørlegaste tredjedelen av Møre og Romsdal.
Avisutvalet vårt blir ei konstruert "avisveke", samansett av aviser frå tre forskjellige tidsseriar (sjå tabell nr. 8).
5.1 Utval
Sunnmørsposten er einaste avisa som har seks utgåver i veka. I vår avisveke har me teke utgangspunkt i Sunnmørsposten og sett opp ein tabell over utgåvene til dei andre avisene i høve til Sunnmørsposten. Kvar avis er representert med like mange eksemplar som dei har utgåver i veka. Unntaket er ein-dagars avisene som me har med to utgåver av for å få stort nok utval.
Dei tolv fådagarsavisene på Sunnmøre kjem ut med tilsaman 24
aviser i veka. I vårt materiale har me teke med to utgåver av
ein‑dagars avisene og me kjem slik opp i 28 avisutgåver. I dei
28 avis‑eksemplara var det tilsaman 1259 artiklar og dei
kravde 400.936 spaltemillimeter.
I alt har me koda 932 artiklar frå 6 utgåver av
Sunnmørsposten. Desse 932 artiklane kravde tilsaman 289.718 spaltemm. i avisa.
Om me dividerer talet på spaltemillimeter med talet på artiklar finn me at i Sunnmørsposten er artiklane i gjennomsnitt 31 cm. lange, i fådagarsavisene er artiklane i gjennomsnitt 32 cm. lange.
5.2 Fallgruver
Utvalet er altså nokså avgrensa. Difor blir det svært viktig å vere sikker på at utvalet er representativt. Spesielle hendingar kan gi store utslag. For å unngå desse spesielle hendingane har me kartlagt slike "miner":
Fotballsesongen deler avisåret i to. I fotballsesongen trur me at fotball og anna idrett tek svært mykje meir plass i avisene enn utanom fotballsesongen. Andre stader der vinteridrett er mykje utbreidd finn me nok ikkje ei så klar todeling av stoffet.
Fotballsesongen strekkjer seg frå og med mai til og med september.
Me har valt å ta med ein serie frå fotballsesongen. Dette stoffet set sitt preg på avisene og er viktig stoff for ein del lesarar.
Kommunens budsjettarbeid er også i ein viss grad med på å prege avisåret. Kommunen driv budsjettarbeid heile året, men like før budsjettet skal vedtakast finn me nok ekstra mykje stoff om budsjettet i avisene. Kommunebudsjettet blir som regel vedteke i desember.
Me har valt å unngå aviser frå dei seks siste vekene av året.
I vekene før jul plar avisene ha ekstra mykje annonsar. Dermed blir det ofte mindre plass til redaksjonelt stoff.
Før har me nemnt budsjettstoffet som kan gi store utslag dei siste vekene av året. Jula styrkar oss i trua på at dette er eit rett val.
Om sommaren (juni-juli) har avisene si "agurktid". Den er gjerne prega av liten stofftilgang og at dei faste journalistane har ferie.
Denne delen av avisåret også "unormal" i den tydinga at avisene ikkje kan rekne med jamn tilgang på alle typar stoff. Me har ikkje med denne delen av året i vårt utval.
11. september i fjor var det Stortingsval. I tida før og like etter valet vil val-stoffet dominere i avisspaltene.
Heilt spesielt innanfor vårt område er samanslåinga mellom avisene Vikebladet (Ulsteinvik) og Vest-Posten (Hareid). Samanslåinga skjedde 1.september. Avisene heldt fram med like mange journalistar som før samanslåinga, og dette er grunnen til at denne avisa er så mykje tjukkare enn dei andre lokalavisene. 2.november kom også avisa ut med eit 20 siders "byggenummer" i tillegg til den vanlege avisa på 24 sider. Byggenummeret er ikkje med i granskinga.
Dei utvalde avisene er nok tjukkare enn det som blir "vanleg" for den nye avisa. Gjennomsnittleg sidetal i dei tre Vikebladet/Vest-Posten i vårt utval er 18,7 sider. Gjennomsnittleg sidetal i sju aviser dei to siste vekene i januar er akkurat 16 sider.
5.3 Trekking
Me sit dermed att med følgjande tidsperiodar som me har nytta som trekningsgrunnlag:
A) Januar-april og B) 22.september-15.november.
For at avisene skal vere så nye som råd har me valt å trekke ut to veker frå hausten 1989 og ei veke frå vinteren 1990.
Resultatet av trekninga blei veke 38/89 for dei første dagane av "avisveka" vår. For dei midterste dagane vart resultatet veke 44/89 og resultatet av siste trekninga blei veke 5/90.
Resultatet av trekninga er uttrykt i tabellen på neste side.
Oversikt over avisutval og trekking av aviser
_____________________________________________________________
Veke og år 38/89 44/89 5/90
Dato 18 19 20 21 22 1 2 3 4 2 3
Dag m t o t f o t f l f l Sum
_____________________________________________________________
Sunnmørsposten x x x x x x 6
Møre x x x 3
Møre‑Nytt x x x 3
VB/VP x x x 3
Bygdebladet x x x 3
Vestlandsnytt x x 2
Haramsnytt x x 2
Sykkylvsbladet x x 2
Sunnmøringen x x 2
Sulaposten * x x 2
Vest‑Avisa * x x 2
Øy-blikk * x x 2
Storfjordnytt * x x 2
Sum 1 6 3 3 1 1 8 4 1 1 5
Sum/veke 14 14 6 34
_____________________________________________________________
(Avisene merka * kjem ut berre ein gong i veka)
5.4 Stoffutval
Det er det redaksjonelle stoffet me er interesserte i å sjå nærare på. Annonsar ikkje er med i analysen, men somme stader har me nytta talet på samla annonsemengde.
Einingane i innhaldsanalysen er alle artiklane i alle avisene. Me skal analysere journalistikken i desse avisene ut frå det desse artiklane kan fortelje oss.
Liste over variablar og verdiar (kodebok) er med som tillegg 2.
5.5 Materialet
Denne tabellen syner kor stort opplag avisene i granskinga
har. Tabellen syner også kor mange sider og kor mange
spaltemilimeter det var i aviseksemplara som er med i vårt
materiale.
Oversikt over aviser på Sunnmøre og datamaterialet.
Rangert etter opplag.
___________________________________________________________
Opplag 1989 Eks. Spaltemm.
‑‑‑‑‑‑‑‑‑‑‑‑‑ i sum ‑‑‑‑‑‑‑‑‑‑‑‑‑
Avis Opplag Pst. und sider Spaltemm. Pst.
___________________________________________________________
Sunnmørsposten (f) 39,807 55 6 304 289,718 42
Møre‑Nytt (f) 4,846 7 3 48 52,216 8
Vestlandsnytt (t) 4,632 6 2 28 34,766 5
Møre (t) 3,640 5 3 36 44,024 6
VB/VP (t) 3,508 5 3 56 50,859 7
Bygdebladet (h) 3,295 5 3 36 47,418 7
Haramsnytt (h) 2,552 4 2 20 21,535 3
Sykkylvsbladet (h) 2,359 3 2 20 18,471 3
Sunnmøringen (h) 2,177 3 2 20 22,995 3
Vest‑Avisa (t) 1,892 3 2 24 30,675 4
Øy‑blikk (h) 1,707 2 2 24 20,394 3
Sulaposten (t) 1,594 2 2 24 31,655 5
Storfjordnytt (h) 878 1 2 24 25,928 4
Sum 72,887 100 34 664 690,654 100
Gjennomsnitt 5,607 8 3 51 53,127 8
____________________________________________________________
Avisene merka (t) blir trykte i tabloid, (h) tyder halvformat og (f) tyder fullformat.
Me har rekna ei fullformat-side som to halvformat sider. Tal sider i tabellen tyder altså tal halvformat eller tabloid-sider. Aarflots prenteverk (Møre) i Volda trykte alle avisene merka (t) unnateke Vestlandsnytt. Vestlandsnytt har same type trykkeri som Aarflots prenteverk.
Spaltehøgda på ei tabloid-side ymsar frå 380 mm. til 400 mm. pr.side. Spaltehøgda på ei side i halv-format er kring 350 mm. Ei full-format side er kring 520 mm. Arealet på ei full-format side er då vel dobbelt så stor som arealet av ei halv-format side.
Me har nytta to eksemplar av dei fire ein‑dagars avisene Vest‑Avisa, Øy-blikk, Sulaposten og Storfjord‑nytt. For desse avisene må spaltemm. og tal artiklar vegast ved å dividere med 2 når me skal rekne ut gjennomsnitt.
6. Geografi
22.august 1844 skriv Ivar Aasen frå "Skaanevigssøen" til Maurits R. Aarflot:
Jeg skylder at underrette Dig om, at jeg har modtaget de 5 første Nummere af Landboavisen, ... Den fornøielse hvormed jeg læste samme, var saa meget større, som det var saa meget længere end ellers, siden jeg havde faaet nogen Efterretning fra Søndmør. Hvor vilde jeg ikke nu ønske, at dette kunde skee fremdeles, og at jeg atter af Landboeavisen kunde erfare det Vigtigste fra Hjembygden; ...
(Aasen 1957)
Kanskje har ikkje så mykje endra seg sidan 1844. Då som no les me lokalavisa fordi den fortel om "det Vigtigste fra Hjembygden".
Det geografiske dekningsområdet til ei avis har alltid vore eit svært viktig kriterium for inndeling av aviser. Det geografiske dekningsområdet er grunnsteinen i paraply-systemet. Paraplyane blir plasserte etter geografiske kriterium, og me nyttar geografi som ein av tre måtar å skilje mellom aviser på ulike nivå.
Me kjem også inn på geografisk fordeling av stoff som ein del av kapitlet om kommunalstoff.
6.1 Sunnmørsposten og fådagarsavisene
Me reknar Sunnmørsposten sitt dekningsområde som området frå
Nordfjord til Romsdalsfjorden (inkludert Gloppen og Vestnes).
Etter eit tre-delt nivå-system kjem Sunnmørsposten på det mellomste nivået og fådagarsavisene på det lågaste nivået. For avislesarane i Ålesund blir Sunnmørsposten avis på lågaste nivået når det gjeld dekninga av Ålesund.
Som einaste av avisene på Sunnmøre abonnerer Sunnmørsposten på NTB. Avisa har også lokalkontor i Oslo og i Molde der fylkesadministrasjonen held til.
Geografisk fordeling av Sunnmørsposten sitt stofftilfang.
Artiklar og spaltemm. i prosent
______________________________
Arena Art. Sp.mm.
______________________________
Sunnmøre 38 33
Nordvestlandet 18 21
Noreg 24 27
Utanriks 17 14
Irrelevant 4 4
Sum 100 100
______________________________
Sunnmørsposten hentar altså rundt halvparten av
stoffet sitt frå dekningsområdet (Sunnmøre + Nordvestlandet).
Dette samsvarer med oppfatninga av ei regionavis som "omnibus‑
avis" som skal stette alle avis‑behov innanfor sitt område.
Nasjonalt stoff og utanriks er ei av oppgåvene avisa må ta på
seg. I tillegg dekkjer Sunnmørsposten delvis Romsdal og Sunnfjord og fylkesstoff både i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.
Det er vanleg at aviser dekkjer utgjevarstaden best, same kor store avisene er. Dette gjeld også for Sunnmørsposten. Fordelinga på stoffet frå Sunnmøre står uttrykt i tabellen nedanfor:
Sunnmørspostens fordeling av stoff frå Sunnmøre
Prosent av artiklar og spaltemm.
______________________________
Arena Art. Sp.mm.
______________________________
Ålesund 50 51
Utanfor Ålesund 38 36
Heile Sunnmøre 12 13
Sum 100 100
_______________________________
Andre forklaringar på vektlegginga av Ålesund er at byen ikkje har noka anna abonnementsavis, medan alle dei andre kommunane blir dekte av ei fådagarsavis i tillegg til Sunnmørsposten. Dermed kan ein seie at Sunnmørsposten har sterkare grad av informasjonsplikt for Ålesund enn for resten av Sunnmøre.
Dessutan er det ikkje tvil om at Ålesund er det økonomiske tyngdepunktet i regionen.
Dei lokale fådagarsavisene dekkjer som regel ein eller to kommunar. Ingen av dei abonnerar på NTB og ingen av dei har lokalkontor utanfor dekningsområdet.
Geografisk fordeling av fådagarsavisene sitt stofftilfang.
Artiklar og spaltemm. i prosent
______________________________
Arena Art. Sp.mm.
______________________________
Sunnmøre 75 81
Nordvestlandet 8 6
Noreg 7 6
Utanriks 2 2
Irrelevant 8 6
Sum 100 100
______________________________
Det er ei vanleg meining at til mindre ei avis er, til meir lokal er ho. I tabell 10 på førre sida har me gruppert stoffet i fådagarsavisene på same måten som for Sunnmørsposten i tabell 8.
Fådagarsavisene skriv mest og lengst om sitt eige distrikt. Splittar me "Sunnmøre" i tabellen opp i "dekningsområde" og "resten av Sunnmøre" finn me at fådagarsavisene hentar kring 75 prosent av stoffet sitt frå dekningsområdet.
Snevrar me inn fådagarsavisene sitt dekningsområde til berre å
gjelde dei kommunane dei offisielt dekkjer finn me at fådagarsavisene hentar kring tre-firedelar av alt stoffet sitt frå det heilt lokale nærmiljøet. Det er i høgste grad lokal‑samfunnet som er "verdas navle" for fådagarsavisene.
Samanliknar me desse tala med tala for Sunnmørsposten ser me ei klar arbeidsfordeling: Sunnmørsposten skriv om heile verda, fådagarsavisenes held seg til Sunnmøre.
Ei følgje av denne arbeidsfordelinga blir at fådagarsavisene tilsaman faktisk leverer meir enn dobbelt så mange spaltemmillimeter stoff om Sunnmøre som Sunnmørsposten i løpet av ei veke. Me har då voge ned ein-dagsavisene.
6.2 Lokalt stoff i fådagsavisene
Ovanfor har me handsama fådagsavisene som ei eiga gruppe. Men går me nærare inn på denne gruppa vil me finne at gruppa ikkje er einsarta. Deler me fådagsavisene i tre grupper etter utgjevingstakt finn me at tettare utgjevingstakt fører til mindre lokalt stoff.
Avisene som kjem ut berre ein gong i veka har mest lokalt stoff. Kring 85 prosent av stoffet i desse avisene var lokalstoff. Avisene som kjem ut to gongar i veka her i gjenomsnitt 81 prosent lokalstoff. Medan avisene som kjem ut tre gongar i veka har med ca. 70 prosent lokalstoff høvesvis minst lokalstoff. Me berre minner om at Sunnmørsposten som kjem ut seks dagar i veka har kring 54 prosent lokalstoff.
Utgjevingstakt og opplag heng i hop for avisene på Sunnmøre. Til tettare utgjevingstakt, til større opplag. Einaste unntaket er Vestlandsnytt som er den nest største av fådagsavisene men kjem ut berre to dagar i veka. Det syner seg då også at Vestlandsnytt har minst lokalstoff av to-dagsavisene. I prosent lokalstoff plasserer Vestlandsnytt seg midt i mellom gjennomsnittleg prosent lokalstoff for 2-dagsavisene og 3-dagsavisene.
6.3 Stoffordelinga mellom fleire dekningskommunar
For Sunnmørsposten sin del har me alt sett at utgjevarstaden Ålesund blir høgt prioritert, avisa skriv mest om Ålesund.
Fire av fådagarsavisene dekkjer også meir enn ein kommmune. Det er Vestlandsnytt (Herøy og Sande), Vikebladet/Vest-Posten (Ulstein og Hareid), Bygdebladet (Ørskog, Vestnes, Skodje, Stordal og Haram) og Storfjord-nytt (Norddal og Stordal). Me skal no sjå nærare på korleis stoffet og tinginga fordeler seg på høvesvis utgjevarkommunen og dei andre kommunane.
Geografisk fordeling av alt stoff.
Aviser som dekkjer meir enn ein kommune. Prosent av spaltemm.
____________________________________________________________
Heile
dekn. Utgj.‑ Nr. 2 Andre Region.
Avis omr. komm. komm. d.komm.stoff Anna Sum
____________________________________________________________
Vestlandsnytt 10 48 19 0 7 16 100
VB/VP 15 23 32 0 10 20 100
Bygdebladet 10 11 28 17 7 27 100
Storfjord‑nytt 6 57 27 0 5 5 100
____________________________________________________________
Dekningsprosent i dekningskommunane
Aviser som dekkjer meir enn ein kommune.
________________________________________
Utgj.‑ Nr. 2 Andre
Avis komm. komm. d.komm.
________________________________________
Vestlandsnytt 87 75
Vikebladet 75 70
Bygdebladet 74 43 47
Storfjord‑nytt 75 50*
________________________________________
* For Storfjord-nytt har me berre usikre tal.
Avisene føyer seg ikkje utan vanskar inn i mønsteret. For Vestlandsnytt og Storfjord-nytt er saka grei. Utgjevarkommunen dominerer klart. Når det gjeld tinging er også kartet i samsvar med terrenget. For alle avisene gjeld at utgjevarstaden har flest tingarar i prosent av husstandar.
Unntaka er Vikebladet/Vest-Posten og Bygdebladet som nyttar meir plass på "nummer to" kommunane enn på utgjevarkommunane.
Vikebladet/Vest-Posten er inne i ein spesiell situasjon. Avisa er resultatet av ei samanslåing mellom Vikebladet (Ulsteinvik) og Vest-Posten (Hareid). Ei følgje av samanslåinga er at eit klart fleirtal av journalistane bor i Hareid. Dette verkar som ei god forklaring på tala.
Forklaringa på at Bygdebladet skriv meir om nummer-to kommunen Vestnes er nok at aviskonkurransen er knallhard i denne kommunen og Bygdebladet har mista abonnentar i kommunen. Dessutan er Vestnes kommune langt større enn utgjevarkommunen Ørskog.
Me kan altså ikkje slå fast som ein regel at utgjevarkommunen blir prioritert uansett. Andre faktorar spelar også inn, og aviskonkurranse er nok ein viktig faktor.
6.4 Stoffordeling og konkurranse
Me skal sjå nærare på aviskonkurransane som Bygdebladet er inne i. Bygdebladet vert utsett for åtak både i Vestnes og i Stordal.
Bygdebladet har dekt Vestnes heilt sidan avisa tok til å kome ut. Med over 6.000 innbyggjarar (6.275 innbyggjarar i 1980) er Vestnes like stor som dei andre dekningskommunane tilsaman (5.911 innbyggjarar i 1980). Me har då sett vekk frå Haram. Prisen for å forsvare Vestnes er å misse Stordal til Storfjord-nytt.
Mesteparten av stoffet i Bygdebladet kjem frå Vestnes kommune. Rekna i prosent av alt stoff kom 28 prosent av Bygdebladet sitt stoff frå Vestnes, medan 5 prosent kom frå Stordal. I dei tre utgåvene av Bygdebladet me har trekt ut sto det samla over 13.000 spaltemm. stoff frå Vestnes. Talet for Stordal er 2.286 spaltemm. stoff.
Storfjord-nytt leverte på si side 7.075 spaltemm. stoff frå Stordal i dei to avisene i vårt utval. Avisa kjem ut berre ein gong i veka og talet må dermed delast på 2 for at me skal kunne samanlikne Bygdebladet og Storfjord-nytt.
Me finn då at Bygdebladet leverte 2.286 sp.mm stoff frå Stordal i løpet av ei veke, mot 3.538 sp.mm frå Storfjord-nytt. Stoler me på at tala er representative for avisenes dekning av kommunen er det ingen tvil om at Storfjord-nytt skriv mest om Stordal.
Det syner seg då også at folk i Stordal har teke vel i mot den nye avisa. Opplaget aukar i Stordal, samstundes som Bygdebladet taper tingarar. I følgje NALs aviskatalog hadde Bygdebladet stabil og svakt veksande dekning i Stordal i 80-åra fram til 1988. Då var dekninga 57 prosent. Året etter kom Storfjord-nytt inn i kommunen. Bygdebladet si dekning av Stordal datt i 1989 til 37 prosent. I Vestnes hadde Bygdebladet i fjor 43 prosent dekning, eit kraftig dykk frå 1988 då avisa hadde 61 prosent dekning i kommunen.
Konklusjonane me kan dra ut frå dette er at lesarane kjøper den avisa som skriv mest om heimkommunen deira. Me kan ikkje i denne granskinga vurdere kvaliteten på dei to avisenes dekning av Stordal, men kundane har vel rett?
6.5 Konklusjonar
Sunnmørsposten og fådagsavisene er på kvart sitt nivå i det norske avissystemet. Dette syner også att i den geografiske fordelinga av stoffet i avisgruppene på følgjande måtar:
Dei minste avisene skriv mest om sitt primære dekningsområde. Men til større avisene blir, til meir spalteplass får saker som ikkje har lokal tilknyting.
Paraply-hypotesen stemmer for ein stor del når me ser på stoff-prioriteringa av utgjevarkommunen. Som regel er høvesvis mest stoff henta frå utgjevarkommunen når avisa dekkjer fleire kommunar.
Men andre faktorar kan skiple dette bildet. Me har to døme på at "nummer-to" kommunar har fått mest stoff. Mulege forklaringar kan i det første høvet vere at fleirtalet av journalistane bur i "nummer-to" kommunen og i det andre høvet aviskonkurranse i "nummer-to" kommunen.
7. Fordelinga av tekst, bilde og titlar
I Dagbladets redaksjon hører man ofte utsagn som sier at tabloid-journalistikk er tidens form, og tabloiden krever det bærende bilde.
(Klausen 1986 side 214)
Dette sitatet frå Med Dagbladet til tabloid kan fortelje oss litt om kvifor fordelinga av tekst, bilde og titlar er viktig. Men me kan vel aller først arrestere omgrepet "tabloid-journalistikk". Laussals-journalistikk er vel eit betre ord. VG og Dagbladet har så langt i frå monopol på tabloid-formatet.
Laussalsavisene har langt frå monopol på å bruke bilde. Faktisk var ur-lokalavisa Norsk Landboeblad i Volda den første norske avisa som begynte å bruke illustrasjonar:
Ellers kan vi notere at de første illustrasjoner i den norske dagspresse forekom i denne tiden. Det var "Norsk Landboeblad på Ekset som omkring 1810 begynte med simple tresnitt som illustrasjoner til enkelte artikler. Bygdefolk hadde skåret snittene og efter at figurene var anbragt i teksten, la redaktøren endog farve på dem et par ganger.
(Fiskaa side 41-42)
Dei siste åra (les: sidan VGs suksess) har bilda vorte ein stadig viktigare del av avisa. Dette har Harald Aas funne for Dagbladet (Aas 1987) og det same har Evenrud og Solvang (1989) funne for framsida av tre-dagsavisene.
Auka plass til bilde er ei sentral side ved det me kan kalle avisenes "laussalspreg". Andre sider ved laussalspreget er stadig sterkare personifisering (noko bilda er med på å forsterke), og sterkare vektlegging av nyhende.
Men sjølv om teksten har fått ein mindre prosentvis del av alt avisstoffet skal me ikkje gløyme at det totalt står langt meir tekst (og bilde) i avisene i dag enn tidlegare.
Dessutan har det vorte lettare og billegare å få god teknisk kvalitet på avisbilde. Offsetprent og stadig betre fotografiske teknikkar er dei viktigaste nyvinningane her. Dei fotografiske prosessane og foto-teknikken har også vorte stadig enklare og billegare å handtere. Telefotobilda frå NTB blir også av stadig betre teknisk kvalitet. Alt dette har tala for sterkare bruk av bilde.
Bilde er også som oftast langt enklare og billegare både å framstille og å handsame enn tekst. Eit bilde kan redigeraren utan hindringar auke og minke storleiken på. Det er mykje vanskelegare å gjere med brødtekst. Det er også lett å "blåse opp" bilda for å fylle avisa når avisa har for lite stoff.
Auka bruk av bilde i seg sjølv treng altså ikkje tyde på at avisene er meir tabloidiserte no enn før. Det er kanskje like mykje snakk om ei "teknifisering". Ei utvikling der dei tekniske og økonomiske mulegheitene styrer utviklinga.
Auka mulegheiter skal og må utnyttast.
Det er kanskje eit utslag av det same fenomenet me finn når aviser brått får høve til å nytte uavgrensa med fargar. "Farge-eksplosjonen" kan ofte vare mange år.
7.1 Sunnmørsavisene
Det som er mest slåande når me samanliknar Sunnmørsposten og fådagarsavisene er kor like dei er gjennomsnittsfordelingane for tekst, bilde og tittel:
Samanlikning mellom fådagarsavisene og Sunnmørsposten
_____________________________________________
Avis Tekst Bilde Tittel
_____________________________________________
Fådagarsavisene 53 34 13
Sunnmørsposten 55 33 12
_____________________________________________
Tala blir nesten dei same også om me ser vekk frå førstesida.
7.1.1 Sunnmørsposten
Avisa tilsette første fotografen på heil dag i 1953. Samstundes fekk avisa eigen klisjemaskin. Før dette måtte bilde sendast til Bergen eller Trondheim for å klargjerast for trykkjing. Sunnmørsposten gjekk over til å trykkje avisa i offset 1.juni 1977.
Sunnmørsposten
Tittel, bilde og tekst målt i prosent av alt stoff
_________________________________________________
Dato Tekst Bilde Tittel Sum
_________________________________________________
Mandag 18.9.89 59 29 12 100
Tirsdag 19.9.8 54 35 11 100
Onsdag 1.11.89 54 34 12 100
Torsdag 2.11.8 55 32 13 100
Fredag 2.2.90 56 30 14 100
Laurdag 3.2.90 50 38 12 100
Gjennomsnitt 55 33 12 100
_________________________________________________
Me ser at titlane ymsar mellom 11 og 14 prosent av
plassen i avisa, men at 12 prosent både er gjennomsnittleg prosent og vanlegaste prosent.
Utslaga er noko større for tekst og bilde, men her er også tala større. Årsaka til at bilde-prosenten er lågast mandag
kan vere at all sport frå helga må inn i mandagsavisa og fører til at bilda blir prioritert ned i høve til teksten. Mandagsavisa me trekte låg då også slik til at den vart overlappa både av slutten på sommaridretten og begynnelsen av vinteridretten.
I laurdagsavisa krev "laurdagsstoffet" mykje bilde.
Jortveit (1981) har også laga ein innhaldsanalyse av Sunnmørsposten (1980) og sett på fordelinga av tittel, tekst og bilde. Han har fordelt stoffet på ein nokon annan måte enn vi. I tillegg til tittel, tekst og bilde har han også med annonsar og "anna". Til "anna" høyrer luft i redaksjonelt stoff, rammer, strekar, vignettar og eigenannonsar. Me har sett vekk frå eigenannonsar og rekna vignettar til bilda. Luft, rammer og strekar har helst enda i tekst-kategorien. Det er då grunn til å vente at tekst og bilde har noko større verdiar enn dei eigentleg skulle hatt.
Verdien av å samanlikne tala blir ringare på grunn av skilnaden i målemetode.
Sunnmørsposten
Tekst, bilde og tittel i 1980 og 1990.
_________________________________________________________
Måling Tekst Bilde Tittel Sum
_________________________________________________________
Jortveit 1980 56 28 15 99
Roppen 1990 55 33 12 100
_________________________________________________________
På grunn av ulike målemetodar kan ikkje tala takast som anna enn ein peikepinn på at Sunnmørsposten truleg brukar stadig meir plass på bilde. Det er i så fall heilt i tråd med den utviklinga Aas har funne for Dagbladet.
7.1.2 Fådagarsavisene
Ingen av fådagarsavisene har tilsett fotografar på heil dag. Journalistane fotograferer sjølve.
Fådagarsavisene
Tittel, bilde og tekst målt i prosent av alt stoff
Ordna etter tekst‑prosent.
_________________________________________________
Avis Tekst Bilde Tittel Sum
_________________________________________________
Vikebladet 62 23 15 100
Storfjordnytt 60 31 9 100
Sulaposten 58 36 6 100
Møre‑Nytt 57 24 18 100
Møre 55 30 15 100
Haramsnytt 54 33 13 100
Vest‑Avisa 53 38 9 100
Sykkylvsbladet 49 33 18 100
Vestlandsnytt 48 35 17 100
Bygdebladet 47 39 14 100
Øy-blikk 46 43 11 100
Sunnmøringen 43 46 11 100
Gjennomsnitt 53 34 13 100
_________________________________________________
Me finn store skilnader fådagarsavisene i mellom. Sunnmøringen har ein bildeprosent som er dobbelt så høg som Vikebladets (46 prosent mot 23 prosent). Dei same to avisene er også ytterpunkta for tekstprosentar. Vikebladet sin tekst‑prosent er 62 medan Sunnmøringen har 43 prosent tekst.
Svære skilnader finn me også i tittel‑bruken. Sulaposten har
ein tittel‑prosent på 6 medan Møre‑Nytt har 18 prosent
titlar av alt redaksjonelt stoff.
Møre‑Nytt er einaste fådagarsavisa som har halde på
fullformatet. Men denne avisa (og Sunnmørsposten) skil seg
lite ut frå dei mange sunnmørsavisene i tabloid og halvformat.
Me merkar oss at Møre‑Nytt har større titlar og mindre bilde
enn gjennomsnittet for fådagarsavisene. Men Møre‑Nytt har
berre 2,5 prosent høgre tekst‑prosent enn gjennomsnittet. Vi
kan ikkje seie for sikkert at Møre‑Nytt er meir "tekst‑rik"
enn gjennomsnittet for fådagarsavisene. Eller Sunnmørsposten
heller for den del.
Figur 4: Avissider frå Vikebladet/Vest-Posten og Sunnmøringen.
Som me ser er det store skilnader ute og går fådagsavisene i mellom, sjølv om avisene samla sett blir nesten lik Sunnmørsposten. Ein kan verte freista til å tru at storebror Sunnmørsposten er "malen" for dei mindre avisene når det gjeld tilhøvet mellom titlar, bilde og tekst. Utslaga er like store på kvar side av Sunnmørspost-skalaen.
Ei avis sitt format fortel oss aleine altså ingenting om
korleis avisa prioriterer tekst og bilde. Alle fådagarsavisene
har stort sett dei same rammevilkåra med omsyn til bemanning,
konkurranse og dekning. Men likevel blir ikkje avisene like med omsyn til tekst, bilde og tittel.
Avisa "Sunnmøringen" på Stranda blir produsert av
Sunnmørsposten. Det er interessant å merke seg at denne avisa
ligg på botn i tekst‑prosent. Avisa har faktisk større bilde‑
prosent enn tekst‑prosent.
Skal me kåre avisene på nokon måte må vel Sunnmøringen få
"tabloid‑prisen", Haramsnytt "gjennomsnitt‑prisen" og
Vikebladet "tekst‑prisen".
7.2 Sunnmørsaviser og Oslo-aviser
Når det gjeld metode og tilnærming har me henta mykje frå Harald Aas innhaldsanalyse av Dagbladet (Aas 1987).
Det kan vere greit å samanlikne avisene på Sunnmøre med Dagbladet for å sjå kvar landet ligg.
I tabell 19 på neste side har me sett inn Harald Aas sine tal for Dagbladet og vårt gjennomsnitt frå Sunnmørsposten.
Dagbladet, Sunnmørsposten, Vikebladet og Sunnmøringen
Tilhøvet mellom tekst, bilde og tittel. Prosent av sp.mm.
________________________________________________
År Tekst Bilde Tittel Sum
________________________________________________
Dagbladet 1969 50 35 15 100
1977 48 31 21 100
1982 48 36 16 100
1983 40 46 14 100
Sunnmøringen 43 46 11 100
Sunnmørsposten 55 33 12 100
Vikebladet 62 23 15 100
________________________________________________
Kjelde til tal for Dagbladet: Aas (1987)
Det er ikkje svært stor skilnad mellom Sunnmørsposten 1990 og Dagbladet 1969. Men sidan då har Dagbladet endra seg mykje.
Fådagarsavisene med mest bilde og minst stoff har prosentar
som minner om tala for Dagbladet i 1983.
7.3 Side 1
7.3.1 Førstesidas funksjon
Førstesida er avisas "ansikt", det første lesarane legg merke til når dei får avisa i handa. 1.sida kan slik reknast som den viktigaste sida i avisa. 1.sida fungerer dels som ein salsplakat for avisa, dels som ein presentasjon av dei viktigaste sakene i dagens avis.
I Noreg har 1.sida i laussalsavisene (VG og Dabladet) utvikla seg til å bli nesten reindyrka salsplakatar for avisene. Avis-stativa er også tilpassa dette på den måten at avisa står oppreist i stativet. Kjenneteikn ved 1.sidene i laussalsavisene er gjerne eit stort bilde og kjempestore overskrifter som kan lesast på 5 meters avstand.
VG og Dagbladet har auka salstala mest av alle norske aviser dei siste åra. Når bransjen skal kåre "årets avisside" får VG og Dagbladet alltid ein god slump av premiane. Det er difor ikkje så rart at mange journalistar hentar sine viktigaste kreative impulsar til utforminga av 1.sidene frå VG og Dagbladet. Det syner att i mange aviser.
I svenske laussalsaviser ser framsidene ofte nokså grå og kjedelege ut i høve til norske laussalsaviser. Men avisen satsar der på særskilte salsplakatar som fyl med avisbunkane til kiosken. I Finlands største avis Helsingin Sanomat er framsida annonseside. Det er altså inga meining i å tru at ei avis-framsida "må" vere slik som i VG og Dagbladet berre fordi VG og Dagbladet har funne på det.
7.3.2 Kva fins på 1.sida
I tråd med "laussalsnormane" har det utvikla seg ei oppfatning av korleis ei 1.side i ei avis skal sjå ut og kva grafiske verkemiddel som skal nyttast.
Tidlegare var det mest vanleg at avisene hadde vanleg løpande brødtekst på side 1. Artiklane vart ofte avslutta på ei anna side (overgang). Dette vert rekna som avlegs i dag.
Det vert rekna som meir moderne avisredigering å nytte 1.sidetilvisingar. Det vil seie at på side 1 står berre ein slags ekstra-ingress til sjølve sakene som står inne i avisa, også dei med ingress. Sjølvsagt er 1.side artikkelen utstyrt med tittel, og gjerne bilde og bildetekst (sjå neste side).
Figur 6: Døme på overgang ("over til siste side") og 1.sidetilvisingar i Vikebladet/Vest-Posten
Ein mellomting er det me har kalla 1.sidetitlar. Det er titlar som står på førstesida men som ikkje har anna tekst i lag med seg.
Figur 7: 1.sidetittel frå Møre
7.3.3 Sunnmørsposten
Sunnmørsposten har heilt gjennomført berre 1.sidetilvisingar på side 1. Einaste unntaket er (farge)bilde som kan gjelde årstida, jakt eller liknande.
Sunnmørsposten
Fordelinga av tekst, bilde og tittel på side 1.
________________________________________________
Dato Tekst Bilde Tittel Sum
________________________________________________
Mandag 18.9.89 21 62 16 100
Tirsdag 19.9.89 28 50 22 100
Onsdag 1.11.89 39 36 25 100
Torsdag 2.11.89 29 42 28 100
Fredag 2.2.90 32 38 30 100
Laurdag 3.2.90 28 51 21 100
Gjennomsnitt 30 47 24 100
________________________________________________
Sprika er her større enn for gjennomsnittet av heile aviser. Med berre seks framsider er materialet for tynt til at me kan kome så mykje lenger.
Men me kan nemne at den samla flata redaksjonelt stoff på framsida av Sunnmørsposten ymsa frå 1.488 spaltemm (mandag) til 2.370 spaltemm. (tirsdag). Den samla satsflata (utanom avishovudet) er omlag 3.150 spaltemm. Mandagen vart altså knapt halvparten av framsida nytta til redaksjonelt stoff. Dagen etter vart tre-fjerdedelar av framsida nytta til redaksjonelt stoff. Årsaka til variasjonane er annonsemengda på framsida.
7.3.4 Fådagarsavisene
I fådagarsavisene er det nokså varierande praksis når det
gjeld bruken av 1.sida. Sykkylvsbladet, Storfjord‑nytt,
Sunnmøringen og Bygdebladet brukar helst 1.sidetilvisingar på
Fådagarsavisene
Fordelinga av tekst, tittel og bilde på side 1.
________________________________________________
Avis Tekst Bilde Tittel Sum
________________________________________________
Haramsnytt 58 23 19 100
Sulaposten 57 35 7 100
Møre‑Nytt 54 21 25 100
Vest‑Avisa 51 32 16 100
Møre 50 28 22 100
Vestlandsnytt 47 29 24 100
VB/VP 38 38 24 100
Bygdebladet 37 31 33 100
Øy-blikk 31 51 17 100
Sykkylvsbladet 30 47 23 100
Storfjord‑nytt 27 56 18 100
Sunnmøringen 20 62 18 100
Gjennomsnitt 42 38 21 100
________________________________________________
side 1 og lar det eigentlege stoffet kome inne i avisa. Men
også i desse avisene kjem det ein og annan notis som blir
avslutta på side 1. Vikebladet og Møre‑Nytt har både overgangar, 1.sidetilvisingar og notisar som blir avslutta på side 1.
Ser me på kvar enkelt avis finn me til dels store skilnader avisene i mellom. Og det er til dels store sprik mellom avisas profil på side 1 og resten av avisa:
Fådagarsavisene
Gjennomsnittleg tekstprosent på side 1
og i heile avisa. Rangert etter skilnaden
mellom dei. Prosent.
_______________________________________
Avis Alle Side 1 Skilnad
_______________________________________
Storfjordnytt 60 27 33
Vikebladet 62 38 24
Sunnmøringen 43 20 23
Sykkylvsbladet 49 30 19
Øy-blikk 46 31 15
Bygdebladet 47 37 10
Møre 55 50 5
Møre‑Nytt 57 54 3
Vest‑Avisa 53 51 2
Sulaposten 58 57 1
Vestlandsnytt 48 47 1
Haramsnytt 54 58 ‑4
______________________________________
Me ser at halvparten av avisene har mellom -4 og 5 prosent meir tekst totalt i avisa enn på side 1. Dei andre avisene har mellom 10 og 33 prosent meir tekst inne i avisa enn på framsida.
Årsaka til sprik er nok ei meir eller mindre medviten styring mot laussals-preg på framsida av avisene: Større overskrifter og bilde - mindre tekst. Ei gransking av framsida på 3-dagarsaviser syner då også ei heilt klar utvikling i denne retninga (Evenrud og Solvang 1989). Særleg er det bilda som blir opprioriterte, både i tal og samla storleik.
Utviklinga av bildestorleik på framsida av 19 3-dagarsaviser i åra 1969, 1979 og 1989. Kjelde: Evenrud og Solvang (1989). Spaltemm.
_________________________
Gjennomsnittleg
År Spaltemm. bilde
_________________________
1969 215
1979 428
1989 703
_________________________
Det høyrer også med å fortelje at i 1969 vart 67 prosent av 3-dagarsavisene trykte i tabloid-format. I 1989 vart 80 prosent av avisene trykte i tabloid. Avissidene vert altså mindre, men det står stadig meir og større bilde på framsida av avisa.
7.3.5 Sunnmørsposten og fådagsavisene
Når me såg på alt avisstoff samla fann me at Sunnmørsposten og fådagarsavisene hadde nesten same prosentane. Men det gjeld ikkje for framsida:
Gjennomsnittleg fordeling av tittel, bilde
og tekst på side 1 i fådagarsavisene og
Sunnmørsposten. Målt i prosent av spaltemillimeter.
___________________________________________
Avis Tekst Bilde Tittel
___________________________________________
Fådagarsavisene 42 38 21
Sunnmørsposten 30 47 24
___________________________________________
Me ser at fådagarsavisene og Sunnmørsposten har nokså like
verdiar for titlane sin del av 1.sida. Men når det gjeld
tilhøvet mellom bilde og tekst har fådagarsavisene og
Sunnmørsposten motsette verdiar. Stor‑format avisa brukar
langt meir plass på bilde enn på tekst på framsida. Medan
fådagarsavisene i tabloid og halvformat har langt meir tekst
enn bilde på framsida.
7.3.6 Dagbladet
I tabellen nedanfor har me samanlikna gjennomsnittet for framsidene på sunnmørsavisene med Dagbladet (1983).
Det me se på er gjennomsnittleg fordeling av tittel, bilde og tekst.
Gjennomsnittleg fordeling av tittel, bilde og tekst på side 1 i Sunnmørsavisene og alle sider i Dagbladet. Prosent.
___________________________________________
Avis Tekst Bilde Tittel
___________________________________________
Sunnmørsavisene 37 42 22
Dagbladet 40 46 14
___________________________________________
Framsida av ei gjennomsnittleg Sunnmørsavis har altså verdiar som ligg nær ei vanleg side i Dagbladet. Skilnaden er at sunnmørsavisene har større del titlar og litt mindre del tekst og bilde enn Dagbladet.
7.4 Bruk av overgangar og 1.sidetitlar
Tilsaman fann me 21 artiklar med overgang, anten frå side 1
eller frå anna side inne i avisa. Me fann også 30 saker hadde fått det me kallar 1.sidetittel. Desse artiklane er bakte inn i tabellen, men dei utgjer samla vel to prosent av alle artiklar.
Ser me særskilt på 1.sida blir bildet noko annleis:
Alle aviser
Typer hovedsaker på 1.sida
_____________________________________________
Type hovedsak Artiklar Prosent
_____________________________________________
Hovedsak 38 23
Hovedsak med overgang 7 4
Ikkje hovedsak 113 67
Ikkje hovedsak med overgang 10 6
Sum 168 100
_____________________________________________
Som me ser hadde 17 1.sidesaker, eller vel ti prosent av alle
1.sidesaker overgang. Det er meir vanleg med overgang på
hovedsaka på 1.sida enn på andre saker på 1.sida.
Ser me på kvar enkelt avis finn me at Møre‑Nytt, Sulaposten og
Storfjord‑nytt er avisene som brukar overgangar mest:
Aviser som brukar overgang. Alle sider. Tal artiklar.
_______________________________________________________
Hovedsak Ikj.h.sak
Avis m/overg. m/overg. Sum
_______________________________________________________
Møre‑Nytt 2 3 5
Sulaposten 4 4 Storfjord‑Nytt 4 4
Vest‑Avisa 1 2 3 Vikebladet 1 2 3 Øy-blikk 1 1 Bygdebladet 1 1
Sum 8 13 21
_______________________________________________________
1.sidetilvisingar, skrivne særskilt for 1.sida er mest vanleg
å sjå i Sykkylvsbladet, Bygdebladet, Vikebladet og
Sunnmøringen:
1.sidetilvisingar
____________________________________
Tal på
Avis 1.sidetilv.
____________________________________
Sykkylvsbladet 8
Bygdebladet 6
Vikebladet 6
Sunnmøringen 5
Storfjord‑nytt 4
Sulaposten 3
Møre‑Nytt 1
Sum 33
____________________________________
Sulaposten og Vikebladet/Vest-Posten nyttar mykje både 1.sidetilvisingar og overgangar (sjå figur 6).
Avisene som ikkje er med i dei to siste tabellane brukar helst
heile artiklar og 1.sidetitlar på side 1. Avisene dette dreiar
seg om er Møre, Haramsnytt og Vestlandsnytt.
7.4.1 Bruk av ymse typar titlar
Evenrud og Solvang (1989) har også sett på kva type titlar som står på framsida av tre-dagarsaviser. Tabellen nedanfor syner svært tydleg kva veg utviklinga har gått:
Titteltypar i 1.side oppslaget i tre-dagarsaviser
1969, 1979 og 1989. Prosent av alle oppslag.
____________________________________________________
Titteltype 1969 1979 1989
____________________________________________________
Hovedtittel 36 19 63
Hoved+stikktittel 9 46 33
Hoved+undertittel 50 21 2
Hoved+stikk+under 5 14 2
Sum 100 100 100
____________________________________________________
Som me ser går utviklinga mot stadig reinare tittelbruk: Mot bruk av berre hovedtittel. Undertittelen har nesten vorte vekke på dei tjue åra som har gått. Det ser ut til at auka bruk av stikk-tittel har vore eit overgangsfenomen på vegen mot rein hovedtittel.
7.5 Konklusjonar
Tekst, bilde og titlar sin plass av det totale redaksjonelle stoffet er i gjennomsnitt den same i Sunnmørsposten og fådagsavisene. Men mellom fådagsavisene er det store skilnader i prioriteringa av tekst, bilde og tittel. Frå over 60 prosent tekst til vel 40 prosent tekst.
Fådagsavisene har i gjennomsnitt meir tekst men mindre bilde på sine framsider sett i høve til Sunnmørsposten.
Framsida av fådagsavisene har for mange aviser sterkare "laussals-preg" enn dei andre sidene i avisa. Skilnaden mellom avisene var også svært stor. Frå 20 prosent tekst på framsida til 58 prosent tekst på framsida.
Overgangar er truleg i ferd med å forsvinne. Det same gjeld bruk av stikktitlar og undertitlar (Evenrud/Solvang 1989).
8. Tema
Mange har sterke meiningar om kva lokalavisa skriv mykje og lite om. Men få har prøvt å måle dette systematisk. Me skal sjå på fordelinga av tema på mange ulike måtar. Me skal først presentere tabellane som skal nyttast og seinare kommentere kvart tema i høve til tabellane.
Inndeling i tema er eit viktig spørsmål i innhaldsanalyse av aviser. Inndelinga i tema kan ymse frå gransking til gransking og det blir vanskeleg å samanlikne resultata frå ei gransking med ei anna. Som regel blir tema-kategoriane delte inn i store sekkepostar.
I vår gransking har me valt å nytte svært findelte tema-kategoriar (sjå kodeboka). Det var ein medviten strategi som låg bak dette valet: Ved å vere svært detaljert i kodinga står ein svært fritt i data-handsaminga. Tema-gruppene kan kombinerast på mange ulike måtar, alt etter kva ein ynskjer å studere. Me trur også at får meir nøyaktige data ved å kode tema på denne måten. Kvar gruppe blir svært spesifisert, og dermed er det også enkelt å samle tema i hovedgrupper.
Det blir også svært enkelt å "herme" etter tema-inndelinga i andre granskingar. Ved å kombinere våre tema-kategoriar på ulike måtar kan me få same klassifiseringa som andre har nytta. Det skal dermed vere råd å kunne få sikrare data og sikrare slutningar.
I tillegg T5 - Tema har me gjort greie for ein del tema-inndelingar som har vorte nytta i andre granskingar. Me har også gjort greie for korleis våre data kan tilpassast desse andre granskingane. I eit seinare kapittel skal me samanlikne med granskingar frå andre land. Nedanfor skal me samanlikne med nokre granskingar gjort av journaliststudentar frå MRDH Volda.
Me vil nytte ei hovudinndeling i 12 ulike tema: Kommunalstoff, politikk, samfunsstoff, ulukker, kriminalitet, næringslivs og arbeidslivsstoff, familie og forbrukarstoff, kyrkje, kultur, sport, personalia og lett stoff:
Kommunalstoff omhandlar kommunalstoff og kommunalpolitikk frå primærkommunane og fylkeskommunane. Kommunale spørsmål som bli "forlenga" inn i departement (eller Storting) blir også rekna som kommunale.
Politikk omhandlar riks-politikk og internasjonal politikk.
Samfunnsstoff er stoff om samfunsspørsmål som ikkje er i eit politisk perspektiv.
Ulukker er stoff om ulukker og forhold som kunne ha vorte ulukker.
Kriminalitet omhandlar alle typar kriminalitet, men i tillegg stoff om rettsvesen, politi og tvangsforretningar.
Næringsliv og arbeidsliv gjeld fiske, landbruk, industri og tenesteyting.
Familie, samliv, forbrukarspørsmål omhandlar mellom anna privat økonomi, helsespørsmål, eldre, organisasjonar og så vidare.
Kyrkjestoffet femner om alt religiøst stoff og livssynsstoff. Også kyrkjeleg musikk.
Kultur er skjønnlitteratur (det fins framleis dikt i avisene!), musikk, lokalhistorie bildekunst og så vidare.
Sport er både lokal sport og anna sport. Dei vanlegaste idrettsgreinene er spesifiserte. I tillegg kjem OL-94, tipping/trav/lotto, idrettsanlegg og så vidare.
Personalia omhandlar alt "pliktstoff" som fødde, døde, trulova, namnedagar, minneord, eksamenar og så vidare.
Lett stoff inneheld "faste spalter" som TV-stoff og teikneseriar. Men også vanleg journalistisk stoff som bilde av barn med dyr, blomar på uventa årstider og liknande.
8.1 Tabellar
Som me skal sjå nedanfor er det svært mange måtar å vurdere kor høgt eit tema blir prioritert i høve til eit anna. Me har valt ut fem måtar som me trur skal gi eit bra heilskapleg bilde av stoff-prioriteringane i dei to avisgruppene.
Dei fire første måtane er prosent av alt stoff, prosent av alle hovedsaker, prosent av stoff på side 1 og gjennomsnittleg lengde.
Me presenterer her tabellane for kvar avisgruppe. Etterpå skal me drøfte kvart tema i høve til tala på tabellen og dessutan seie meir om kva som ligg attom tala.
8.1.1 Mengde
Sunnmørsposten: Tal og prosent artiklar og spaltemm.
Ordna etter prosent spaltemm. for Sunnmørsposten
____________________________________________________
Tema Sp.mm. Hoveds. Side 1 Gj.sn.lgd.
____________________________________________________
Næringsliv 17 21 34 355
Sport 12 10 8 254
TV/Veret 12 10 668
Kommunalstoff 10 13 16 285
Politikk 10 11 5 293
Lett stoff 8 5 9 451
Kultur 8 10 3 326
Familie mm. 7 6 11 379
Samfunnsstoff 6 5 3 244
Ulukker 4 5 6 328
Krim 3 2 2 123
Personalia 3 2 3 172
Kyrkje 1 2 1 349
sum 100 100 100
Pst. gr.lag 289,718 112 12,597
____________________________________________________
Fådagarsavisene: Tal og prosent artiklar og spaltemm.
Ordna etter prosent spaltemm.
____________________________________________________
Tema Sp.mm. Hoveds. Side 1 Gj.sn.lgd.
____________________________________________________
Kommunalstoff 18 19 35 317
Sport 14 15 4 354
Kultur 13 13 5 353
Næringsliv 12 14 19 362
Familie mm. 10 10 10 292
Samfunnsstoff 9 11 9 297
Kyrkje 8 5 6 300
Lett stoff 5 4 3 322
Personalia 5 4 0 306
Krim 2 3 6 199
Politikk 2 2 2 282
TV/Veret 1 0 0 113
Ulukker 1 1 2 237
Sum/gj.snitt 100 100 100 318
Pst. gr.lag 400,936 286 35,538
____________________________________________________
8.1.2 Fordelinga av tekst, bilde og tittel
Den femte måten å vurdere prioritering av tema på er å sjå på tekst, tittel og bilde sine delar av den totale stoffmengda. I tabellane på neste side har me splitta opp sum spaltemillimeter for kvart tema og ordna etter lågaste tekstprosent.
Sunnmørsposten
Tema i prosent tittel, bilde og tekst.
Ordna etter tekstprosent
___________________________________________________
Tema Tekst Bilde Tittel Spaltemm.
___________________________________________________
Krim 69 10 21 100
Politikk 63 22 16 100
Kyrkje 62 27 11 100
TV/Veret 62 33 5 100
Sport 60 27 13 100
Kommunalstoff 59 25 16 100
Næringsliv 58 27 16 100
Samfunnsstoff 53 32 14 100
Personalia 51 40 9 100
Kultur 47 43 10 100
Familie mm. 44 45 11 100
Ulukker 42 44 13 100
Lett stoff 31 63 6 100
Gjennomsnitt 55 33 12 100
___________________________________________________
Fådagarsavisene
Prosent tittel, bilde og tekst for alle tema.
Ordna etter tekstprosent.
___________________________________________________
Tema Tekst Bilde Tittel Sum
___________________________________________________
TV/Veret 87 12 1 100
Kommunalstoff 62 18 20 100
Politikk 60 26 14 100
Kyrkje 59 29 12 100
Familie mm. 59 28 13 100
Samfunnsstoff 55 31 14 100
Sport 53 34 13 100
Krim 50 31 18 100
Næringsliv 50 35 15 100
Kultur 50 40 10 100
Personalia 43 51 6 100
Ulukker 40 46 14 100
Lett stoff 24 66 9 100
Gjennomsnitt 53 34 12
___________________________________________________
8.2 Gjennomgang av tema
8.2.1 Kommunalstoff
I mengde er kommunalstoff eit av dei viktigaste stoffområda for begge avisgruppene. For fådagarsavisene er kommunalstoff den største stoffgruppa med 18 prosent av alt stoff. For Sunnmørsposten er kommunalstoff den fjerde viktigaste stoffgruppa med 10 prosent av alt stoff.
På framsida av Sunnmørsposten utgjer kommunalstoffet 16 prosent av alt stoff. Kommunalstoffet er slik sett "overrepresentert" fordi i prosent av alt stoff har stoffgruppa berre 10 prosent. Kommunalstoff blir også i større grad hovedsaker enn anna stoff.
Kommunalstoffet får dobbelt så mykje plass på framsida av fådagarsavisene som gjennomsnittleg for alle avisene. Det kan ein sanneleg kalle ei klar prioritering. Det vil i praksis seie at kommunalstoffet utgjer ein tredel av alt redaksjonelt stoff på framsida av fådagarsavisene.
Når det gjeld hovedsaker finn me ikkje ei så klar prioritering av kommunalstoffet, prosenten hovedsaker er omlag den same som stoffprosenten.
For begge avisgruppene endar kommunalstoffet høgst på tabellen over tekst. Det vil seie at kommunalstoffet er det minst tekst-rike av alle stoffgrupper. Kommunalstoffet er dermed den stoffgruppa som får mest utstyr (bilde og titlar).
Ser me på gjennomsnittleg lengde finn me at i fådagarsavisene ligg kommunalstoffet på gjennomsnittet, medan kommunalstoffet i Sunnmørsposten i gjennomsnitt er noko kortare enn anna stoff.
Kommunalstoff skal handsamast meir utførleg i eit eige kapittel.
8.2.2 Politikk
Me har ovanfor gjort greie for kva me har rekna til denne stoffgruppa. Det er inga overrasking at fådagarsavisene nesten ikkje har "politikk" og ikkje prioriterer stoffet i det heile.
Sunnmørsposten nyttar ein god del plass til politikk. 10 prosent av alt stoff kjem inn under stoffgruppa. Politikken får 11 prosent av alle hovedsaker men berre fem prosent av alt stoff på framsida av avisa. Avisa har sett av side 2 til politikk og sida er då også merka "politikk".
Stofftypen blir litt prioritert når det gjeld blide, men har ein låg tittel-prosent.
I fådagarsavisene plasserer politikk seg heilt på gjennomsnittet når me ser på korleis stofftypen er utstyrt med tekst, bilde og tittel.
Før me ser på kva undergrupper "politikk" inneheld må me vere merksame på kva periode avisene er henta frå. Rundt årsskiftet 1989-90 rausa Berlinmuren og jernteppet. Dette fekk naturleg nok store følgjer for denne stoffgruppa. Internasjonal politikk utgjer då halvparten av alt stoffet, rikspolitikk berre ein tredjepart og krig/terror berre vel ti prosent. Me må vel kunne seie at granskinga vart gjennomført i ei så spesiell tid at den ikkje kan vere representativ for den vanlege dekninga korkje av utanlandet eller politikk i det heile.
Det er større grunn til å tru at fådagarsavisene si dekning av "politikk" er langt meir representativt. Avisene lar ikkje hendingane i Aust-Europa få noko å seie for innhaldet i avisa. Av dei 1.259 artiklane i granskinga handla berre to artiklar om internasjonal politikk. Tre firedelar av "politikk" stoffet handla om norsk rikspolitikk. Kring tjue prosent handla om generell partipolitikk eller om parti.
Denne gjennomgangen av "politikk" tener godt som ein illustrasjon på kva funksjon dei to avisgruppene tek sikte på å fylle: Sunnmørsposten prøver å dekkje heile verda, og bringer mykje utanriks når det skjer store ting i Aust-Europa. Fådagarsavisene strekkjer seg sjeldan særleg langt utom sitt eige dekningsområde. Difor får verdshistoriske hendingar ingen plass i fådagarsavisene: Berlinmuren ligg ikkje i Brattvåg.
Dette har ingenting med nyhendevurdering å gjere. Det er eit reint praktisk/økonomisk spørsmål, men er også i samsvar med rollefordelinga i avissystemet.
8.2.3 Samfunnsstoff
Samfunnsstoffet er korkje av dei høgast eller lågast prioriterte stoffområda i nokon av avisgruppene. Tendensen er vel helst at samfunsstoff ikkje blir prioritert opp på nokon måte.
Men eit par undergrupper er spesielt aktuelle og blir prioritert opp av Sunnmørsposten. Me tenkjer då på miljøspørsmål og samferdslespørsmål. Ingen er vel i tvil om at miljøspørsmål er spesielt aktuelt. På Sunnmøre er samferdsle eit alltid like aktuelt tema. Dette er dei to største undergruppene av samfunsstoff, og artiklane om desse to emna er då også klart lenger enn gjennomsnittet for stoffgruppa.
Dette verkar rimeleg. Men då er det litt rart at fådagarsavisene prioriterer annleis. Fleire emne krev nesten like mykje plass. Rekkjefølgja mellom dei er U-hjelp, utdanning, miljø og samferdsle. Fådagarsavisene skriv altså noko meir om U-hjelp og utdanning enn miljø og samferdsle-stoff.
Dette styrkjer inntrykket av fådagarsavisene som meir "mjuke" aviser enn større aviser. Me kan vel også dra inn at kristne organisasjonar og KrF står sterkt på Sunnmøre, og U-hjelp har alltid vore ei viktig sak for desse gruppene.
8.2.4 Ulukker
Ulukker er av dei minste stoffgruppene målt i spaltemillimeter. Den klart minste i fådagarsavisene og den fjerdeminste i Sunnmørsposten. Slutningane må difor bli meir usikre for denne stoffgruppa enn for større stoffgrupper.
Men det ser ikkje ut til å vere tvil om at ulukkesstoffet er svært tekst-dominert. Ulukkesstoffet har størst tekst-prosent av alle tema både i Sunnmørsposten og fådagarsavisene. Årsaka til det kan muligens vere reint praktisk. Ulukker skjer så uventa, gjerne nattestid. Og oppryddinga skjer såpass snøgt at avisene ofte ikkje rekk fram før ulukkesstaden er rydda. Me ser då også at ulukker har klart lågast prosent bilde-stoff av alle stoff-grupper. I staden har ulukker ei svært høg tittel-prosent. Den klart høgaste av alle tema i Sunnmørsposten, og heilt i toppen for fådagarsavisene.
Ut frå dette skulle ein tru at ulukker ofte blir hovedsaker, trass i at bildestoffet ofte manglar. I Sunnmørsposten hadde ulukkene like stor prosent av alle hovedsaker som prosent av alt stoff.
Sunnmørsposten har ein større prosent ulukker på side 1 enn inne i avisa. Fådagarsavisene plasserer ikkje ulukkene i særleg grad på framsida.
Trafikkulukkene var den ulukkestypen som talde flest artiklar i Sunnmørsposten. Det vart skrive åtte artiklar om trafikkulukker og fire om personulukker. Me nemner personulukker her fordi personulukkene kravde seks gonger så mykje plass som trafikkulukkene og var slik sett den typen ulukker avisa skreiv mest om. Ein svær reportasje om ei ulukke var skuld i at personulukkene fekk ein så stor del av plassen.
Fådagarsavisene skreiv også mest og flest artiklar om trafikkulukker. I fådagarsavisene finn vi altså ei meir rutinemessig rapportering av ulukker.
Bildet blir slik: Sunnmørsposten vurderer personulukker som "godt stoff" og lar det få tilsvarande spalteplass. Rett nok har me berre ein artikkel å trekke slutninga ut frå. Fådagarsavisene leverer stoff om ulukker meir rutinemessig og lagar ikkje særleg mykje utav ulukkesstoffet.
8.2.5 Kriminalitet
I mengde er stoff om brotsverk eit av dei minste stoffområda. I prosent av spaltemillimeter utgjer kriminalstoffet berre tre prosent i Sunnmørsposten og to prosent i fådagarsavisene. I Sunnmørsposten vert stofftypen heller ikkje tildelt særleg store oppslag eller får store teigar på førstsida.
Aas sin analyse av Dagbladet synte at kriminalstoffet utgjorde åtte prosent av alt stoff i 1983. Dagbladet har altså to-tre gongar så mykje kriminalstoff som avisene på Sunnmøre.
Sunnmørsposten presenterer oftast kriminalstoff som notisar. Kriminalitet og brotsverk kravde 8 prosent av alle artiklar, men kravde berre tre prosent av plassen i avisa.
Valdsbrotsverk og sedskapsbrotsverk er dei typane kriminalitet som Sunnmørsposten skriv lengst om. Begge desse stofftypane fekk i prosent dobbelt så mykje plass målt i spaltemillimeter som målt i prosent. Artiklane om valdsbrotsverk og sedskapsbrotsverk blei altså dobbelt så lange som gjennomsnittet for kriminalstoffet.
I total mengde utgjer kriminalstoffet den nest minste stoffgruppa med to prosent av alt stoff. Men krim-stoffet får seks prosent av alt framsidestoff. Fådagarsavisene skriv altså lite om kriminalitet og brotsverk, men slikt stoff blir gjerne sett på framsida av avisa. Kriminalstoffet i fådagarsavisene blir i svært stor grad utstyrt med bilde, medan tittelprosenten blir låg.
Trafikksaker er den typen politistoff som fådagarsavisene rapporterar oftast om. Men vald og innbrot er stofftypane som får dei lengste artiklane i fådagarsavisene. Ingen av fådagarsavisene rapporterte om sedskapsbrotsverk i den tida me granska dei. Stofftypar som må reknast til rutine-rapportering er ordensforstyrringar, promillekøyring og trafikksaker.
Kriminalstoffet er ei av dei minste stoffgruppene i begge avisgruppene, og det hadde vore bra med eit større materiale før ein drog slutningane. Men me trur at det meste av det som står ovanfor berre vil bli stadfesta av ei meir omfattande gransking.
8.2.6 Næringsliv og arbeidsliv
Før me ser på denne tema-kategorien skuldar me å gjere merksam på at industri er svært viktig for næringslivet på Sunnmøre. Skipsindustri er svært viktig i ytre strok, medan møbelindustri er viktig i indre strok. I tillegg fins mykje anna småindustri. Herøy kommune er den største fiskerikommunen i landet.
I Sunnmørsposten er næringslivsstoffet stofftypen avisa verkeleg prioriterer. Prioriteringa er endå sterkare enn fådagarsavisenes prioritering av kommunalstoff. Tabellen syner at næringslivsstoffet er den største stoffgruppa med 17 prosent av alt stoff i avisa. Vidare utgjer næringslivsstoffet 21 prosent av alle hovedsaker og heile 35 prosent av alt førstesidestoff. Inga anna stoffgruppe kjem i nærleiken av ei slik prioritering.
Ser me på tilhøvet mellom tekst, bilde og tittel plasserer næringslivsstoffet seg rundt gjennomsnittet same korleis me ser på det. Det er ikkje rart sidan stoffgruppa er så stor. Næringslivsstoffet er med andre ord variert når me ser på korleis det utstyrt. Artiklane er lenger enn gjennomsnittet for alle artiklar.
20 prosent av alt næringslivsstoffet handla om fiske og havbruk. Dette var altså den viktigaste undergruppa av det viktigaste stoffområdet. Nest viktigast var stoff om arbeidsamarknaden, bankar og industrien. Me har då sett vekk frå sekkeposten "anna økonomi" som tok like mykje plass som stoffet om fiskeri.
Tilhøvet mellom talet på artiklar og lengde på stoffet syner ikkje spesielle utslag. Prosent artiklar samsvarer som regel med prosent av stoffet. Men det kan verke som om dei lengste artiklane blir skrivne om industrien.
I fådagarsavisene vert også næringslivsstoffet vurdert som viktig. I mengde utgjer næringslivsstoffet 12 prosent av alt stoff. Næringslivsstoffet utgjorde 14 prosent av alle hovedsaker og 19 prosent av alt førstesidestoff. Ei heller klar prioritering av stofftypen.
Verdiane for tekst, bilde og tittel ligg i nærleiken av gjennomsnittet. Den gjennomsnittlege lengda av alle artiklar låg over gjennomsnittet i fådagarsavisene.
I fådagarsavisene var det varehandel som med 17 prosent av stoffet var den viktigaste undergruppa av næringslivsstoffet. Landbruk, arbeidsmarknaden og reiseliv var dei neste gruppene. Sekkeposten "anna økonomi" kravde 11 prosent av alt stoffet om næringsliv.
8.2.7 Familie, samliv og forbrukarspørsmål
Sex og samliv er ikkje det heitaste stoffet på Sunnmøre. Sunnmørsposten hadde i vårt utval berre ein artikkel som vart klassifisert under "samliv". Og det var sjølvsagt NTB-stoff.
Familie, samliv og forbrukarspørsmål står for sju prosent av alt stoff i Sunnmørsposten, og ti prosent i fådagarsavisene. I fådagsavisene har familiestoffet også ti prosent av alle hovedsaker og ti prosent av alle 1.sidesaker. I Sunnmørsposten har familiestoffet elleve prosent av alle 1.sidesaker og er altså oftare plassert på 1.sida enn stoffmengda skulle tilseie.
Ser me på tekstprosenten finn me at i Sunnmørsposten er stoffgruppa ei av dei med høgast tekstprosent (63 prosent tekst). I fådagsavisene er familiestoffet ei av stoffgruppene med lågast tekstprosent (43 prosent tekst).
Dei viktigaste gruppene for Sunnmørsposten innanfor denne kategorien er stoff om ymse fritidssyslar, natur og friluftsliv, helse, sjukdom og sosialt stoff og stoff om organisasjonar. Kvar av desse stoffgruppene står for kring 15 prosent av alt stoff om familie, samliv og forbrukarspørsmål. Dei same stoffgruppene går att når me ser på tal artiklar, med unntak av "ymse fritidssyslar".
Fådagarsavisene skil seg markert frå Sunnmørsposten ved at organisasjonsstoffet er så viktig for desse avisene. Knapt halvparten av alt stoff om familie, samliv og forbrukarspørsmål kom inn under kategorien "organisasjonar". Natur- og friluftsliv var nestviktigaste gruppe med 12 prosent av stoffgruppa. På tredjeplass kom stoff om helse, sjukdom og sosiale tilhøve.
8.2.8 Kyrkjestoff
Kristenlivet står sterkt hjå folk på Sunnmøre. Det er vanleg å meine at kristenlivet står sterkare i bygder enn i byar. Då skulle fådagarsavisene skrive meir om kyrkja enn Sunnmørsposten gjer. Og det stemmer. Berre ein prosent av Sunnmørsposten sitt stoff handlar om kyrkja, medan åtte prosent av fådagarsavisenes stoff er klassifisert som stoff om kyrkje eller religion. Etter tal artiklar har fådagarsavisene nesten ti gongar så mykje kyrkjestoff som Sunnmørsposten. Tala er 11 artiklar i Sunnmørsposten mot 101 artiklar i fådagarsavisene.
Men trass i ein høg stoffprosent kan me ikkje seie at kyrkjestoffet blir prioritert opp i fådagsavisene. Prosentane for hovedsaker og 1.sidesaker ligg lågare enn stoffprosenten.
Kyrkjestoffet står for berre ein prosent av Sunnmørspostens stoff, det er difor ikkje særleg vits i å seie så mykje meir om denne stoffgruppa. Me kan berre nøye oss med å slå fast at dei elleve artiklane fordelar seg med to på preikelista, 4 på kristenliv og organisasjonar, tre på kyrkjeleg musikk,
Ein tredjedel av kyrekjstoffet i fådagarsavisene er stoff om "kyrkje og kristenliv". Tju prosent handlar om kristne organisasjonar. Frå stoffkategorien "familie og forbrukarstoff" visste me at organisasjonsliv er ei svært viktig stoffgruppe for fådagarsavisene. Kristne organisasjonar ikkje er noko unntak.
8.2.9 Kultur
I mengde stoff er det stor skilnad mellom Sunnmørsposten og fådagsavisene: Sunnmørsposten 7 prosent, fådagsavisene 13 prosent. Altså dobbelt så mykje kultur i fådagsavisene. Sunnmørsposten prioriterer kulturstoffet noko opp i redigeringa av avisa. 10 prosent av av hovedsakene handlar om kultur. Men på framsida utgjer kulturstoffet berre tre prosent. Fådagsavisene har også langt mindre kultursaker på framsida enn inne i avisa.
Etter tekstprosent blir kulturstoffet sånn omtrent middels i Sunnmørsposten, men i fådagarsavisene er kulturstoffet heller tekstorientert.
I Sunnmørsposten er det litteraturen som tek største jafset av kulturkaka. I mengde stoff utgjer litteraturstoffet ein tredel av alt kulturstoff. Andre største stoffgruppe er lokalhistorie med 19 prosent av alt stoff. I fådagsavisene er lokalhistorie viktigaste stoffgruppa med 30 prosent av alt kulturstoff. Nummer to i fådagsavisene er "anna musikk" (som tyder anna musikk enn pop-musikk) med 19 prosent. Dette er i stor grad stoff om kor og korps og anna lokal musikk.
I tillegg til desse store kategoriane har i fådagsavisene fleire stoffgrupper kvar kring ti prosent av kulturstoffet. Desse kategoriane er litteratur, film og "anna kultur". "Film" vil i praksis seie resyme av vaskesetelen på filmen.
8.2.10 Sport
Sport er i mengde eit av dei aller viktigaste stoffområda i begge avisgruppene. I Sunnmørsposten blir sport i liten grad førstesidestoff og hovedsaker. I fådagsavisene blir sportsstoffet gjerne hovedsaker, men heller sjeldan framsidestoff.
Sunnmørsposten har ein langt større prosent bildestoff i si sportsdekning enn fådagarsavisene har. Ei forklaring kan vere at det kan vere vanskeleg å fotografer sport for urøynde fotografar. Sunnmørsposten har jo mange fotografar på heil dag, og er såleis sikra høg kvalitet på sine bilde.
Fotball er den klart mest dekte idretten. Godt over halvparten av sportsstoffet i Sunnmørsposten handlar om fotball. Handball er nummer to med kring 13 prosent av stoffet, tipping/trav fylgjer like etter. Delar av denne granskinga dekkjer serie-innspurten i fotball og serie-starten i handball. Me skal ikkje bastant seie at Sunnmørsposten prioriterer fotball framfor handball eller volleyball. Til det har me for liten oversikt over kor mange lag og utøvarar som er aktive innanfor kvar idrettsgrein. Og sjølv det vil ikkje vere noko fullgodt mål på kor "rettvis" fordelinga av stoffet er. Nivå innanfor kvar idrettsgrein er ei anna side av saka. Men det er nok inga overdriving å hevde at Sunnmørsposten satsar mest på konkurranseidretten.
Fotball-dominansen er ikkje så stor i fådagarsavisene. Rundt 40 prosent av sportsstoffet handlar om fotball. Kanskje kan mindre bilde vere forklaringa på dette. Idrettsadministrasjon, handball, trim og friidrett er dei andre områda i eit nokså jamnt felt. Fådagarsavisene dekkjer berre sitt eige område, og det er ikkje alle greiner den lokale idretten står sterkt i. Men når trim er såpass viktig for fådagarsavisene gir det inntrykk av mindre grad av elite-orientering enn i Sunnmørsposten.
Stoff om tipping og trav fins omtrent ikkje i fådagarsavisene.
8.2.11 Personalia
Personalia er ei av dei minste stoffgruppene. Men fem prosent av stoffet i fådagarsavisene handlar om personalia, så det er ikkje noka heilt lita stoffgruppe.
Personalia blir prioritert heller lavt. Prosentane oppslag og 1.sidestoff er helst under stoffprosenten. Personalia blir i svært stor grad illustrert. I begge avisgruppene ligg personalia blant stoffgruppene med høgst bildeprosent.
I Sunnmørsposten er er kring 60 prosent av personaliastoffet omtale av åremål eller fødde, døde og døypte. I fådagarsavisene er prosenten 80.
Resten er fordelt på tilsettingar, oppseiingar, lokale "heltar" utanfrå og "anna personalia". Men i Sunnmørsposten er det ein "lokal helt" som har kome tilbake frå USA som gjer at akkurat den gruppa blir såpass stor som ni prosent av stoffet.
8.2.12 Lett stoff
Lett stoff har den største bildeprosenten i Sunnmørsposten. Bilda utgjorde 63 prosent av "lett stoff". Det var svært mykje høgre enn alle andre grupper. Tittelprosenten var heller låg, med seks prosent berre halvparten av gjennomsnittet.
Ei viktig forklaring til denne høge prosenten er nok teikneseriane. Teikneseriane utgjorde over tjue prosent av stoffgruppa, og blir rekna med til bilde/illustrasjonar.
Elles er lett stoff på mange måtar ei gjennomsnitts stoffgruppe i Sunnmørsposten. Åtte prosent av alt stoff, litt underprioritert blant hovedsakene, litt overprioritert blant 1.sidesakene.
"Dyr, barn og blomster" kravde over førti prosent av alt stoffet. Dei siste førti prosenta blir delt mellom kryssord, sjakk, bridge, omtala av underhaldning, TV-kommentar og anna stoff.
I fådagarsavisene utgjer stoff om dyr, barn og blomster rundt 60 prosent av alt lett stoff. Glimrande lokal-stoff med menneskeleg appell vil mange seie når ein gjeng småungar kjem for å selje blomsterbukettar, eller når dei har fiska ein merkeleg fisk. Teikneseriar krev vel tjue prosent av stoffet, kryssord og konkurransar tek resten av stoffet.
8.2.13 TV/Veret
Romfreke TV-tabellar og verkart gjer det naudsynt å plassere desse stofftypane i ein eigen kategori. Her har me også plassert TV-omtalar og faste vermeldingar i fådagsavisene.
Stoffet sin karakter gjer uinteressant å diskutere nærare desse stofftypane. Me nøyer oss med å registere at dette er den tredje-største stoffgruppa i Sunnmørsposten, men er ikkje representert på framsida i det heile. I fådagsavisene utgjer TV/Veret berre ein prosent av alt stoff.
8.3 Utgjevingstakt og tema
Me har ovanfor drøfta kvart tema nokså utførleg og heile tida sett på fådagsavisene som ei eiga gruppe. Men me finn også skilnader mellom fådagsavisene. Ser me på fådagsavisene etter utgjevingstakt finn me at dei minste avisene gir mest plass til samfunssstoff, kultur og personalia. Til oftare avisene kjem ut til mindre vil avisene skrive om desse emna. Motsett har me at til større avisene er, til meir vil dei skrive om politikk, TV-stoff og om veret.
8.4 Konklusjonar
Sunnmørsposten prioriterer klart høgast stoff om næringsliv og arbeidsliv, medan fådagsavisene prioriterer høgast kommunalstoff. For desse to stoffgruppene gjeld det at dei utgjer ein tredel av alt 1.sidestoff i kvar si avisgruppe.
Både Sunnmørsposten og fådagsavisen prioriterer sport som den nest-viktigaste stoffgruppa. Kriminalitet og ulukker er små stoffgrupper for alle aviser.
Mindre aviser har meir samfunnsstoff, kultur og personalia. Store aviser har meir politikk, TV-stoff og ver(kart).
9. Nynorsk og bokmål
9.1 Språkstoda på Sunnmøre
Sunnmøre er eit av dei område i landet der nynorsk står sterkast. I alle kommunar utanom Ålesund er nynorsk administrasjonsmål i kommunane og opplæringsmål i skulen. Ålesund er språkleg nøytral men bokmål er opplæringsmål for dei fleste skuleelevane i kommunen. Men sjølv i Ålesund kommune fins det fleire skular som berre har nynorsk som opplæringsmål og ved andre skular fins det nynorske parallellklassar. Desse skulane ligg helst i utkantane av kommunen. I alt har 23 prosent av alle elevar i Ålesund (1.-6.klasse) nynorsk som opplæringsmål.
9.2 Språket i avisene
Alle fådagarsavisene på Sunnmøre vert redigerte på nynorsk med unntak av Øy-blikk som vert redigert på begge målformene. Somme aviser var og er eigde av ihuga målfolk. Det er såleis inga stor overrasking når nynorsk står solid i lokalavisene.
Sunnmørsposten vert redigert på begge målformene og er den nest-største avisa i landet som vert delvis redigert på nynorsk.
9.2.1 Fordelinga av nynorsk og bokmål
Kor mykje nynorsk og kor mykje bokmål har så avisene på Sunnmøre?
Fordelinga går fram av tabell 32. Det er inga overrasking at nynorsk står så sterkt i fådagarsavisene, medan nynorsk kanskje står svakare enn ein skulle tru i Sunnmørsposten.
Fordelinga på nynorsk og bokmål i
Sunnmørsposten og fådagarsavisene
Prosent av spaltemm.
______________________________
Sunnmørs‑ Fådags
Målform posten avisene
______________________________
Nynorsk 23 92
Bokmål 74 6
Uklart 1 1
Irrelevant 2 1
Sum 100 100
Sum sp.mm. 289,718 400,936
______________________________
9.2.2 Sunnmørsposten
Før me går inn på årsaker til Sunnmørspostens låge nynorsk-prosent skal me sjå på kva målform stoffet frå ymse kjelder har:
Sunnmørsposten.
Språkprosent for stoff frå ymse stoffkjelder
Prosent av spaltemm.
_____________________________________________________
Kjelde Nynorsk Bokmål Ukl./irr. Sum
_____________________________________________________
Uklart 11 62 27 100
Eige stoff 34 66 0 100
Frilans 39 61 0 100
NTB 0 97 3 100
Andre samarb. 0 97 3 100
Innsendt/innringt 30 59 11 100
Rest * 25 75 0 100
_____________________________________________________
* Rest er samanslått av NPK, Andre media, spaltistar og irrelevant
Som me ser dominerer bokmål i spaltane i Sunnmørsposten, også i det eigenproduserte stoffet. Dette trass i at 60 prosent av Sunnmørspostens lesarar har nynorsk som sitt naturlege mål, og trass i at 60 prosent av journalistane også har vakse opp med nynorsk. Kvifor er det slik?
Det er fleire mulege forklaringar på dette og det kan vere lurt å peike på kven Sunnmørpostens journalistar har hopehav med: Dei fleste journalistane i hovudredaksjonen bur i Ålesund kommune. I denne kommunen er bokmål nokså einerådande på dei fleste område. Det er eit tildriv til å skrive bokmål.
Eit viktigere moment er nok dei interne normane i redaksjonen i Sunnmørsposten. I arbeidet med denne rapporten har me ikkje gjort noka eiga gransking av desse normane. Men ut frå vårt materiale ser me heilt tydeleg at det er "lov" å skrive bokmål om bygdestoffet, men at det nesten ikkje blir skrive nynorsk om stoff frå Ålesund. Dessutan finn me at eit klart fleirtal av personane i leiande stillingar i redaksjonen har bokmål som sitt hovudmål. Tradisjon og kultur spelar heilt sikkert ei rolle her, men den har me ingen oversikt over.
Eit tredje moment er muligens det viktigaste. Dette tredje tildrivet, den tredje kjelda til påverknad er den prestisjen dei store Oslo-avisene har. Oslo-aviser er størst. Oslo-aviser er best. Det er best å jobbe i Oslo-aviser. Oslo-aviser er på bokmål. Dessutan er det betre lønna å jobbe i Oslo-aviser enn i Sunnmørsposten.
Summen av dette blir at Oslo-avisene har ein normerande verknad på journalistar andre stader i landet. Og eit av utslaga er truleg auka bruk av bokmål.
9.2.3 Fådagarsavisene
Ser me på nynorsk-prosenten i kvar enkelt av fådagarsavisene ymsar den frå 75 prosent i Sulaposten til 99 prosent i Møre. Øy-blikk har 79 prosent nynorsk.
Fådagarsavisene
Nynorsk i prosent av artiklar og spaltemillimeter. Rangert etter prosent av spaltemillimeter.
_____________________________________
Avis Artiklar Spaltemm.
_____________________________________