Medieøkonomi

Som ein del av kurset i Mak 2 vert det arrangert eit eige kurs i medieøkonomi. Målet med kurset er å formidle kunnskap om korleis økonomiske omsyn direkte og indirekte er med på å forme medieinnhaldet, i konkurranse med journalistisk ideologi og allmennkringkastingsideal.

For aviser vil det verte lagt særleg vekt på å syne korleis konkurranseforhold påverkar journalistikken, eigenskapar ved kommersiell kringkasting vil bli drøfta i høve til ideal for allmennkringkasting. I den siste førelesinga om kommersiell film og internett vil det bli lagt vekt på å drøfte koplinga mellom teknologi, kommersielle omsyn og medieinnhald.

Kurset er nytt, og studentane sine røynsler og framlegg vil telje mykje når kurset skal evaluerast og vidareutviklast.

Det vil bli halde fire førelesingar:

1) Innleiing (McQuail/NOU 1995:3)
2) Avis (Høst)
3) Kringkasting (McManus)
4) Film/Internett (Garnham/Lyon)

Kurset blir avslutta med ei obligatorisk skriftleg oppgåve (4-6 sider). Sjå innleveringsfrist i semesterplanen. Oppgåva må vere godkjend før ein kan gå opp til eksamen i Massekommunikasjon.

Johann Roppen vil halde kurset i medieøkonomi.

Litteraturliste (alt er samla i eit kompendium):

Grunnleggande:
McQuail, Denis (1994): "Media Structures and Institutions", kapittel 6 (s. 154-182) i Denis McQuail: Theories of Mass Communication , Sage, London (28 sider)

NOU 1995:3 Mangfold i media. Om eierkonsentrasjon i massemedia , kapittel 4 "Medie- og eierskapsstruktur" (s. 25-83), Statens forvaltningstjeneste, Oslo (53 sider)

Avis:
Høst, Sigurd (1996): Aviskonkurransen. Nye og gamle teorier belyst gjennom A-pressens utvikling, kapittel 2 og 3 (side 11-34), Institutt for Journalistikk, Fredrikstad (23 sider)

Kringkasting:
McManus, John H. (1994): Market-Driven Journalism: Let the Citizen beware? , Kapittel 1-2 (s. 1-39), Sage, Thousand Oaks (38 sider)

Film/Internett:
Garnham, Nicholas (1990): "The Economics of the US Motion Picture Industry", kapittel 11 (s. 169-208) i Nicholas Garnham: Capitalism and Communication. Global Culture and the Economics of Information , Sage, London (39 sider)

Lyon, David (1988): "A new economy: new classes?", kapittel 3 (s. 42-64) i David Lyon: The Information society. Issues and Illusions, Polity, Cambridge (22 sider)