Gro og Anne, eller Gro og dei andre?
Dagsrevyen vart av nei-sida skulda for å vere ubalansert til fordel
for ja-sida. NRK har stort sett avvist kritikken ved å seie at alle
saker vart vurderte journalistisk etter nyhendeverdi. Men kven var mest
å sjå i tv-ruta? Gro eller Anne?
NRK er framleis den viktigaste arenaen i ein norsk valkamp. Dagsrevyen sine
folk styrer i stor grad bildet som blir formidla av valkampen, både
ved å legge rammene for valkampen og ved å reise eller å
la vere å reise eit spørsmål. Dagsrevyens status byggjer
både på prestisje opparbeidd sidan dei fyrste valkampsendingane
i 1961 og mangeårig monopol-tilvære, men også på
NRK si stilling som eit upartisk og balansert medium, lisensbetalt. I tillegg
er NRK Dagsrevyen framleis nyhendemediet med det største talet på
åskodarar. Dagsrevyen si behandling av politiske spørsmål
vert oppfatta som politisk viktig og har krav på allmenn interesse.
Dei siste åra har Dagsrevyen møtt sterkare konkurranse frå
fleire konkurrentar og møter dermed dei same utfordringane som dei
fleste andre europeiske allmennkringkastarar.
For NRK som institusjon er kravet om balanse eit middel der målet
er å vere upartisk. Programreglane pålegg NRK sine medarbeidarar
å vurdere kva synspunkt som har krav på allmenn interesse og
syte for at synspunkta vert presenterte i ein rimeleg balanse (NRK 1982,
1990). Formuleringane i programreglane om balanse har stått uendra
frå reglane vart vedtekne fyrste gongen i 1975 fram til i dag.
Westerståhl (1971) meiner balanseomgrepet er ein del av objektivitetsomgrepet.
Westerståhl set balanseomgrepet i samanheng med presentasjonsmåten
og oppfattar omgrepet upartisk som summen av balanse og nøytral presentasjon.
I tillegg vert det også stilt krav om sanning og relevans, men om
objektivitet likevel er muleg å oppnå er ein diskusjon som me
skal la ligge.
Ein balansert presentasjonsmåte av synspunkt kan tolkast som at ulike
synspunkt bør få like stor del av sendetida, men også
at synspunkta bør få lik behandling av journalistane når
det gjeld val av saker, val av spørsmål, stil og tone. I denne
artikkelen skal me avgrense oss til å sjå nærare på
korleis NRK Dagsrevyen fordelte sendetida mellom dei to partane i EU-striden
i 1994. Dette er altså berre eit av krava som kan stillast til ei
balansert dekning, men det kan vere eit nyttig utgangspunkt for vidare studiar.
Balanseomgrepet har vorte mykje granska i empiriske studiar av valkampar,
og mediedekninga av den norske EU-striden i 1972 og 1994 framstår
som eit prototypisk døme på situasjonar der balanseomgrepet
kan nyttast i empirisk forsking (jf. McQuail 1992:225): Valet er ei viktig
og avgjerande politisk handling. Valkampen vert for dei fleste formidla
gjennom massemedia, og i mediedekninga av valkampen vert det fokusert på
aktuelle samfunnsspørsmål. Det er lett å identifisere
dei to gruppene av motstandarar og det vert forventa at dei to skal handsamast
likt, både når det gjeld sendetid og på andre måtar.
Eit gjennomgåande problem for balanse-studiane har vore at balanse
vanskeleg kan målast med stoppeklokke-mål åleine. I den
røynlege verda står som regel ikkje ulike politiske alternativ
like sterkt, og burde då media gi inntrykk av at dei er det (jf. Hvitfelt
1994b:19)? I det norske EU-valet vert dette argumentet mot stoppeklokkemålet
på mange måtar utlikna: NRK er offentleg eigd og har sjølvpålagte
krav om å vere upartisk. Dessutan er folket delt på midten i
spørsmålet.
I EEC-valkampen i 1972 hadde NRK-leiinga som ei av målsettingane med
valkampdekninga at dei to sidene skulle få like stor del av sendetida.
Elles gjaldt dei same reglane som i andre valkampar ved at EEC-stoff berre
skulle takast opp i bestemte program, at NRK var varsam med å nytte
folk som var engasjerte i EEC striden i ikkje-politiske program, og NRK
tilsette som var engasjerte i striden fekk ikkje sleppe til på lufta
(Østbye 1977:219).
METODE
I programreglane seier NRK at balansen ikkje gjeld einskildprogram men heilskapsinntrykket
over tid. Det vil seie at ei vurdering av balanse må vere representativ
og omfatte meir enn eit einskild innslag, eit einskild program eller nokre
få program.
Dette kravet om heilskapsinntrykk over tid er fylgt opp i to tidlegare undersøkingar
av NRK sin balanse i aktuelle spørsmål. Undersøkingane
er naturlege metodiske referansepunkt for studiar av NRK sin balanse. Den
eine studien vart utført av den svenske professoren Jørgen
Westerståhl (1973) og omhandla EEC-dekninga i 1972. Den andre omhandla
dekninga av krigen i Libanon i 1982 og vart utført av professor Daniel
Heradstveit (1985). I begge desse høva stod to klare motstandarar
mot kvarandre: Ja og Nei sida i EEC spørsmålet, og Israel mot
PLO i Libanon-krigen.
Westerståhl kom fram til at under EEC-striden i 1972 hadde ja sida
svak overvekt i NRK si dekning, men i nyhendeprogramma var ja-sida klart
overerrepresentert. Westerståhl forklarte dette med at regjeringa
høyrde til på ja-sida. Det regjeringa gjorde hadde ofte stor
nyhendeverdi og i nyhendeprogramma måtte NRK legge større vekt
på at nyhendeutvalet skulle vere sakleg og relevant enn å tilstrebe
ei 50/50 fordeling.
I vurderinga av dekninga av krigen i Libanon nytta Heradstveit ein kombinasjon
av kvantitativ innhaldsanalyse og intervjuundersøkingar. Innhaldsanalysen
vart nytta til å kartlegge fordelinga i sendetid mellom dei to partane
i konflikten, og kva omgrep som NRK nytta i ulike høve. Studien synte
at NRK oftast slapp til orde israelske kjelder, men at NRKs journalistar
i stor grad adopterte PLO-terminologi om krigen. Heradstveit fann også
ein samanheng mellom publikum sine haldningar til krigen og vurderinga av
NRK si dekning av krigen, og fann at synet på krigen i stor grad fortalde
kva haldningar folk hadde til NRK si dekning. Særleg dei pro-israelske
var misnøgde med NRK dekninga og kjende at PLO vart favorisert.
Båe desse studiane nyttar kvantitativ innhaldsanalyse som målereiskap.
Det same har me gjort i undersøkinga av NRK si dekning av EU-valkampen
i 1994. Undersøkingsperioden er tida frå 9.september til 28.oktober
1994.
Utvalseiningane er Dagsrevy-innslag om Noreg og EU. Innslag om interne tilhøve
i EU, og EU sitt samhøve til andre land og organisasjonar er ikkje
med i utvalet. Person er kodingseining. Person er forstått som nokon
som har spela ei rolle i eit innslag - anten ved bilde og tale, berre tale
eller som har blitt referert til av journalisten. Kvar einskild person er
registrert og klassifisert etter kva side dei stod på i EU-kampen
og kva prioritet dei hadde i innslaget. EU-dekning i andre NRK program enn
Dagsrevyen er ikkje med i utvalet.
Variablane me har nytta set oss i stand til å måle tre aspekt
ved balanse: 1) Talet på personar frå ja- og nei-sida 2) Prioritering
av ja- og nei-personar etter EU-standpunkt og 3) Ja- og nei-personar i høve
til emneområde.
Klassifiseringa av personar etter ja- og nei-standpunkt er stort sett uproblematisk.
Vurderinga av prioritet av kvar einskild person blir vurdert i høve
til når i innslaget personen får sleppe til, kva måte
personen blir presentert på og kor lang tid personen får på
skjermen. Personar som får sleppe til fyrst eller sist, eller som
har ein stor del av det samla innslaget, blir rekna som hovudpersonar. Personar
som berre er med i mindre delar av innslaget eller som berre blir omtala,
blir rekna som bipersonar. Eit innslag kan dermed ha fleire hovudpersonar.
Me nyttar dermed eit forekomstmål i staden for eit omfangsmål,
men etter vår vurdering høver det for formålet då
Dagsrevyen nyttar nokså faste format på sine innslag.
Alle innslag er også klassifiserte etter emneområde. Tanken
bak det er at ja- og nei-sida står sterkt på ulike saksfelt,
og at ja- og nei-personar difor vil syne att i ulik grad på ulike
område.
Klassifiseringa vart på førehand testa på eit mindre
utval innslag og gav tilfredsstillande resultat. I etterkant har materialet
vorte testa for intrasubjektiv reliabilitet (Krippendorff 1980) med resultat
på eit tilfredsstillande nivå (jf. Nymo 1982, Aas 1987, Roppen
1992)
FUNN
I alt hadde Dagsrevyen 99 innslag og meldingar som omhandla Noreg og EU
dei 50 dagane som var med i undersøkinga. 16 av EU-sakene var med
blant Dagsrevyens fire hovudsaker. I alt vart det registrert 238 personar
i desse innslaga.
Ja-personane er i klart fleirtal av dei som har fått sendetid. Av
alle, både hovudpersonar og mindre viktige personar, var det nesten
dobbelt så mange ja-personar som nei-personar i Dagsrevyen (tabell
1).
Tabell 1: Personar etter haldning til EU-spørsmålet.
Alle personar og berre hovudpersonar.
Ja Nei
Alle personar 134 77
Hovudpersonar 58 18
Ja-personane dominerer endå meir når me ser på korleis
personar frå ja- og nei sid blei prioritert. Av hovudpersonane var
det meir enn tre gonger så mange ja-folk som nei-folk (tabell 1).
Hovudpersonar vil som regel vere dominerande også på bildesida
av innslaget, og ja-sida har her hatt sterk dominans.
Tabell 2: Dei mest nytta Ja- og Nei-personane og talet på innslag
dei var med i. Personar med like mange innslag er rangerte etter kor ofte
dei var hovudpersonar i innslaga. Tal innslag
Gro Harlem Brundtland (ja) 21
Torbjørn Jagland (ja) 8
Anne Enger Lahnstein (nei) 6
Sigbjørn Johnsen (ja) 5
Erik Solheim (nei) 5
Kjell Magne Bondevik (nei) 5
Thorvald Stoltenberg (ja) 5
Tabell 3: Ja- og Nei-personar etter saksområde.
Ja Nei
EU-val 40 22
Arbeidsliv og -marknad 22 22
Økonomi 27 16
Jordbruk og fiske 11 3
Miljø 6 1
Andre 28 13
I alt 134 77
Regjeringa er representerert på ja-sida, og står for 41 av alle
ja-personar, og 22 av alle hovudpersonar på ja-sida. Regjeringa sine
medlemmer får aleine status som hovudperson oftare enn heile nei-sida
til saman. Ser me vekk frå regjeringa er det likevel framleis eit
klart fleire ja-personar enn nei-personar.
Valkampen handla ikkje om Gro og Anne, men om Gro og dei andre. Den fremste
leiaren på ja-sida var meir enn tre gonger så ofte på
skjermen i Dagsrevyen i denne perioden som den fremste nei-talskvinna. Det
er interessant å legge merke til at også Torbjørn Jagland
var oftare å sjå enn Anne Enger Lahnstein i denne to-månaders
perioden. Gro Harlem Brundtland var fleire gonger på skjermen enn
Anne Enger Lahnstein, Erik Solheim og Kjell Magne Bondevik tilsaman.
Både på miljø, jordbruk og fiske var det svært
stor ja-overvekt, medan det på område som EU-valet og Handel
og konkurranse var ei fordeling meir i samsvar med det overordna inntrykket
av EU-dekninga. Berre på eit av dei store emneområda, Arbeidsliv
og arbeidsmarknad, var det jamvekt mellom ja- og nei-personane. På
åtte emneområde (industri- og næringsliv, handel og konkurranse,
forsvar og tryggleik, kultur og utdanning, EU som organisasjon, likestilling,
kriminalitet og utanrikspolitikk) var ikkje nei-sida representert, medan
ja-sida var representert på alle emneområde. Nei-sida får
ikkje stå fram som 'ekspertar' på noko område.
KONKLUSJON
Svaret på spørsmålet i tittelen blir dette: I Dagsrevyens
reportasjar om EU var gjennomgangsmeloden "Gro og dei andre" -
ikkje "Gro og Anne". Elitekriteriar vart viktigare enn konfliktkriteriar.
Dagsrevyen hadde i EU-valkampen i 1994 ja-tilhengarar langt oftare på
skjermen enn nei-tilhengarar. Ja-tilhengarane fekk også høgare
prioritet ved at dei oftare hadde hovudrolla i Dagsrevyen sine hovudsaker.
Regjeringa sine medlemmer utgjer ein stor del av ja-personane, men sjølv
når me ser vekk frå regjeringa var det ja-dominans. Gro Harlem
Brundtland er den i særklasse mest nytta kjelda og Torbjørn
Jagland er også oftare nytta enn Anne Enger Lahnstein. Ja-tilhengarane
dominerer på så godt som alle emneområde, også på
områda miljø og jordbruk og fiske.
DISKUSJON
Dei store norske avisene og kringkastingsselskapa har etter EU-valet gjort
opp status av si dekning og har mest utan unntak gitt seg sjølve
gode karakterar. Ja, Markus Markusson i Dagbladet har til og med slått
fast at EU-dekninga har vore av så god kvalitet at det er unødvendig
med noko forsking på feltet. Det var nok med ei oppsummering av dekninga
i Kringkastingsrådet.
I fagbladet Journalisten (2/1995) vart det hevda at det største problemet
for journalistane var at det var for mykje balanse: Journalistane i NRK
var utsette for balanse-terror. Det vart vidare hevda at den kritiske journalistikken
mangla i stor grad og ja- og nei-sida fekk sette dagsorden. Dette siste
kan kanskje stemme, men resultata frå denne undersøkinga tyder
ikkje på at Dagsrevyen var plagsomt balansert. Frå nei-sida
har då også Dagsrevyen vorte kritisert for å 'ha tendensar
til å betrakte regjeringa som forvalter av sannheten.' (Nestleiar
i Nei til EU Guro Fjellanger i Journalisten nr. 2/1995).
Norsk medieforsking har stort sett late EU-spørsmålet ligge.
Ei veke før valet prøvde Vekeslutt redaksjonen i NRK fåfengt
å finne studiar av EU-dekninga til norske media. Studentarbeidet som
denne artikkelen byggjer på var det einaste arbeidet Vekeslutt redaksjonen
kom fram til, men eit innslag om undersøkinga vart droppa "etter
ei vurdering høgare oppe i systemet", som det vart forklart
frå journalisten til ein av forfattarane av denne artikkelen.
I Sverige har det kome ei heil rekkje forskingsrapportar om mediedekninga
av EU. Dei fleste av desse er heil- eller delfinansierte av Næringslivets
Mediainstitut (NMI) (t.d. Larsson 1994, Pandolfi 1994, Hvitfelt 1994), men
det fins også fleire frittståande arbeid (t.d. Wallin 1992,
Ekström og Nohrstedt 1995).
Hovudtendensen er at NMI sine studiar konkluderer med at mediedekninga av
EU var ubalansert til fordel for nei-sida. Dette har NMI funne for programmet
'Glashuset' eit debattprogram om EU-spørsmål (Pandolfi 1994a
og 1994b), i avisa Norrländska Socialdemokraten (1994c) i telegramma
frå TT (Erixon och Pandolfi 1994b) og i Aktuellt i Kanal 1 (Erichson
och Pandolfi 1994a). Frittståande studiar har gitt til dels heilt
andre resultat enn konklusjonane i einskilde NMI studiar (Ekström og
Nohrstedt 1995, jf. Journalisten (Sverige) nr. 15/1995).
I ein annan rapport frå NMI (Hvitfelt 1994b) har EU-dekninga i alle
nyhendesendingane i svenske fjernsynskanalar vorte undersøkt på
same måte som i denne undersøkinga. Konklusjonen er at i alle
nyhendesendingane var det ubalanse til fordel for ja-sida. Funna til Hvitfelt
si gruppe er på mange måtar dei same som i denne undersøkinga:
Ja-sida fekk sleppe til dobbelt så ofte som nei-sida, og som i Noreg
var statsministeren den kjelda som vart desidert mest nytta.
Hvitfelt forsvarar indirekte ubalansen i svenske nyhendeprogram med at dei
to sidene var usymmetriske: Ja-sida hadde tyngre og saklegare argument og
vart stødd av fleire personar. Vurderinga av kva argument som er
tyngst og saklegast er vanskeleg å gå inn på, men både
i Noreg og Sverige var folket delt på midten i spørsmålet
om medlemsskap. I Noreg var det også like mange stortingsparti som
for og i mot medlemsskap. Oppfatninga av at den eine eller den andre sida
hadde saklegare og tyngre argument vart ikkje delt av veljarane. Derimot
er det klart at fleirtalet av dei vanlegaste kjeldene til Dagsrevyen og
andre viktige media var for medlemsskap!
Westerståhl forklarte ubalansen i 1972 med at Dagsrevyen måtte
fylgje krava om at saker skulle ha nyhendeverdi, og det førte til
ein nærast uunngåeleg ubalanse i dekninga av EEC-spørsmål.
Dette argumentet vert indirekte stødd av journalistar som oppfattar
kravet om balanse som eit slags tyranni.
Ein av konsekvensane kan bli at ei mediemedviten regjering i stor grad får
styre mediedekninga av politiske spørsmål på ein måte
som gagnar eigne standpunkt. Og dette skjer med journalistane si velsigning,
så lenge dei ikkje sjølve er i stand til å sette dagsorden
og torer å utfordre dei mektige kjeldene.
Det er ikkje sikkert at balansetyranniet er noko verre kjeldenes tyranni.
Referansar:
Ekström, Mats og Stig Arne Nohrstedt (1995) EU lokalt - JA eller
NEJ? En studie av sex lokaltidningars rapportering inför folkomröstningen
1994, Högskolan i Örebro, Örebro
Erixon, Dick og Anne Pandolfi (1994a) 'EU-journalistiken i Aktuellt', i
Janerik Larsson (1994) Slaget om EU - media i fokus, Näringslivets
Mediainstitut, Stockholm
Erixon, Dick og Anne Pandolfi (1994b) Med nej på dagordningen,
Näringslivets Mediainstitut, rapport nr. 15/94, Stockholm
Heradstveit, Daniel (1985) Mediakrigen i Libanon: Var NRK balansert?
Norsk Utanrikspolitisk Institutt, Oslo
Hvitfelt, Håkan (red.) (1994a) Media Monitor: En redigerad bild.
EU i medierna inför folkomröstningen, Januari 1994, Näringslivets
Mediainstitut, Stockholm
Hvitfelt, Håkan (red.) (1994b) Media Monitor: Folkets röst.
Aktuellt, Rapport, TV4-Nyheterna och Ekot inför EU-valet, December
1994, Näringslivets Mediainstitut, Stockholm
Krippendorff, Klaus (1980) Content analysis, Sage
McQuail, Denis (1992) Media Performance. Mass Communication and the Public
Interest, Sage, London - Newbury Park - New Delhi
NRK (1982) Kommentarer til programregler for Norsk rikskringkasting,
Oslo
NRK (1990) Kommentarer til programregler for Norsk rikskringkasting,
Oslo
Nymo, Birger (1982) Lokalaviser og lokalpolitikk, Oslo
Pandolfi, Anne (1994a) Att kasta sten i glashus, Näringslivets
Mediainstitut, rapport nr. 4/94, Stockholm
Pandolfi, Anne (1994b) Information blir opinion i glashuset, Näringslivets
Mediainstitut, rapport nr. 6/94, Stockholm
Pandolfi, Anne (1994c) NSD: Nyhetstidning eller kampanjorgan?, Näringslivets
Mediainstitut, rapport nr. 16/94, Stockholm
Roppen, Johann (1992) Journalistikk og ålmenn samtale, eit perspektiv
på norske bygdeblad, hovudoppgåve i massekommunikasjon og
mediekunnskap, UiB, Bergen
Wallin, Ulf (1992) EG - hot eller löfte? Argument i dagspress, radio
och TV för och mot svenskt EG-medlemsskap, Rapport nr. 3, Institutionen
för journalistik och masskommuniktion, Göteborgs Universitet,
Göteborg
Wallin, Ulf (1994) Vad fick vi veta? En studie i svenska nyhetsmediers
rapportering åren före folkomröstningen om EU, Rapport
nr. 5, Institutionen för journalistik och masskommuniktion, Göteborgs
Universitet, Göteborg
Westerståhl, Jørgen (1971) Objektiv nyhetsförmedling,
Akademiförlaget, Göteborg
Westerståhl, Jørgen m.fl. (1973) EF i Norsk Rikskringkasting.
En studie av radio- och tvsendingarna infør folkomrøstningen
1972, Göteborgs Universitet, Göteborg
Østby, Stallvik og Votvik (1994) På troverdigheten løs.
En rapport om favoriseringen av ja-siden i Dagsrevyen og Verdens Gang
før EU-valget i 1994, semesteroppgåve ved journalistutdanninga,
Høgskulen i Volda, Volda
Østbye, Helge (1977) Norsk Rikskringkasting. Oppbygging - programvirksomhet
- publikumsreaksjoner, rapport nr. 2, senter for mediaforskning, Universitetet
i Bergen,
Bergen
Aas, Harald (1987): Kommersialisering og medievridning i Dagbladet. En
innholdsanalyse med spesiell vekt på overgangen til tabloid, hovudoppgåve
i statsvitskap, Universitetet i Oslo, Oslo
Referanse til trykt utgåve:
Av Johann Roppen, Tore Østby, Arve Stallvik og Johan Votvik (1996):
Gro og Anne, eller Gro og dei andre?, i Syn og Segn nr. 3, Det Norske
Samlaget, Oslo
Referanse for nettversjon:
Av Johann Roppen, Tore Østby, Arve Stallvik og Johan Votvik (1996):
Gro og Anne, eller Gro og dei andre? <a href="http://www2.hivolda.no/amf/nrkeubal.html">