Problemet med Cyberspace, interaktive media og kva det no måtte vere, er at dei fleste som bryr seg med slikt er teknologifrelste data-frikar som programmatisk forkynner at dette er den sanne, verkelege og rette Framtida. For deg og oss alle. Det trur ikkje eg.
Dette er folk av same slag som fungerte som bleieskiftarar for dei fyrste PC-ane på din arbeidsplass. Som fortalde at med dette nye programmet skal alt bli så bra. Og som aldri er til stades når det slett ikkje går så bra. Kort sagt: Mange teknofrikar skjønar ikkje at dei lever i ein digital subkultur, fjernt frå det folk flest opplever som interessant eller relevant.
I opplyst eigeninteresse bør journalistar ha ei nyfiken innstilling til kva som skjer på den nye, digitale informasjonsmarknaden. Den kan bli eit nytt arbeidsområde - eller kanskje ein ny konkurrent til dei håplause, men lønsame gamle media som i dag når ut til så godt som alle. Det er vanskeleg å tru at trugsmålet mot journalistane sine jobbar kan kome frå eit system som ser ut til å vere så opptatt av informasjon for informasjonens eiga skuld.
Kva så med dei store datanettverka sitt potensiale for å forbetre kvaliteten på (masse)kommunikasjon, utvide demokratiet og verke utjamnande? Eg vil her snakke om tre hinder for det. Kanskje er dei uråd å stige over.
For det fyrste har me språket. Kan du ikkje lese og skrive engelsk, kjem du nok ikkje til å ha særleg nytte av Internett. Engelsk er så godt som einerådande der i garden, og så lenge ein ikkje kan nytte sitt eige skriftmål på Internett, vil det vere eit svært stort og viktig hinder for svært mange. Motsett vil engelsk-språklege brukarar kjenne seg meir heime, vere fleire og legge opp det heile etter sine perspektiv. Når kjem forresten Internett på arabisk, kinesisk eller japansk?
For tekno-profetane og -misjonærane spelar språkbarrieren naturlegvis mindre rolle. Dei nyttar jo alt no fleire engelske enn norske ord. Dessutan har dei klokketru på at tida og den teknologiske utviklinga snart skal ha løyst slike små tekniske problem.
Teknofrikar forstår ikkje at teknologien i seg sjølv er eit problem. Same om dataskjermen blir full av liv og fargar, lyd og bilde, same om dataskjermen lyser opp når du kjem på jobb og ynskjer deg godmorgon. Dataskjermen er jobb. Den er ikkje så lett å handtere i sofakroken som til dømes ei avis på nokre titals gram.
Internett vil aldri servere kaffi. I det minste ikkje gratis.
Dei store datanettverka blir på brukarsida dominert av to grupper: Den fyrste er dei som fram til no har nytta desse tenestene, nemleg forskarar og fagfolk som nyttar nettverka som ein snøggare måte å diskutere fag og utveksle røynsler på. Innanfor fåog tronge faggrupper. Men berre i tillegg til seminar og konferansar der ein kan møast ansikt til ansikt.
Den andre gruppa er dei teknologifrelste. Dei verkar som profetar og misjonæar som spreier den glade teknobodskapen til alle som gidd å høyre på dei. Med von om at dei skal bli mange fleire og bli ein feit og veksande kyrkjelyd.
Profetane og misjonærane verkar som "nyttige idiotar" for dei rike, mektige og smarte som ser si von til forteneste på det heile. Som maskinprodusentar og innhaldsprodusentar, opphavsrettsoppkjøparar og informasjonsmonopolistar i marknadens namn.
Kor god garantist er marknaden for at datanettverka vil bli brukt i namnet åt utjamning og deltaking?
Når skal folk i Rwanda og India bli kopla til Internett?
Journalistane kan sjå jobbmarknaden lyst i møte. Datanettverka gjer at informasjonsmengda i verda veks eksponentielt. Store databasar lagar seg ikkje sjølve. Nokon må samle, halde oversyn over og presentere informasjonen på ein tilgjengeleg måte. Om det er journalistar, bibliotekarar eller andre som gjer dette er kanskje mindre interessant enn kven som er oppdragsgjevar og kva som er føremålet med det heile.
Men for journalistar med journalistiske ideal intakt, kan den aukande informasjonsmengda bli eit lite, eller helst stort, helvete, der skirselden er bytt ut med ei suppe av informasjonsbrokkar der det er uråd å skilje sanning og lygn.
Den aukande mengda profetar og misjonærar vil vere garanterte ei skinande framtid i data-skjermens ljos. Dei har longe vore frelste og er salige i si tru.
Så får det vere opp til oss andre å skru av skjermen av og til.
Johann Roppen, amanuensis i journalistikk ved Høgskulen i
Volda.
E-post adresse: johann.roppen@hivolda.no (skal snart virke
igjen, seier datafolka her på bruket)