«Vest-avisa burde aldri ha kome ut»


Å gi ut avis i Vanylven burde vere eit umuleg prosjekt. I kampen mot stadig fleire tv-kanalar, mot video, mot fargerike laussalsaviser og store lokalaviser som kjem ut kvar dag, så burde ein kommune med 3-4.000 innbyggjarar ikkje kunne brødfø ei lokalavis. Og eit eventuelt forsøk burde fått eit stutt liv og enda på lista over gode forsøk som vart løna med godord og takk-for-innsatsen-det-var-synd-det-ikkje-gjekk.

Men så kjem ho ut likevel. Kvar torsdag ligg ho i postkassa til folk i Vanylven «og næraste bygder». Og Vest-Avisa er ikkje aleine. Dei lokale eindagsavisene kjem ut på eit 40-tals stader, stort sett langs kysten frå Rogaland til Nord-Trøndelag. Dei aukar salstala og det vert starta nye aviser på stadig nye plassar. Dei lokale eindagsavisene har dei siste åra auke opplagstala med rundt 10 prosent pr. år, medan til dømes VG og Dagbladet har hatt ein auke på under to prosent.

Lokale eindags- og fådagsaviser vert ikkje lagt særleg merke til i sentrale presse- og mediemiljø i Noreg. Avisene er stort sett oversett og sjeldan direkte kritiserte. Men om lokale småaviser er det likevel mange mytar som er med på å nedvurdere verdien til avisene. Nedanfor skal me sjå litt nærare på desse mytane, og ein del av dei kan det vere godt å avlive.

Myte nr. 1) Eindagsavisa kjem ut for sjeldan

Det er sant at ei avis som kjem ut berre på torsdagar kan vanskeleg vere oppdatert på alt som skjer i samfunnet. Lokale hendingar har ein stygg tendens til å skje utan omsyn til kva dag avisa kjem ut, og stoffet i avisa blir dermed for gammalt til at det kan vere av interesse for folk. Dette er også eit problem for annonsørane som helst vil annonsere når det passar dei i staden for å annonsere ein bestemt dag i veka.

Men kor viktig er dette? Har det eigenverdi har det å kome ut med mange utgåver i veka? Treng folk å få vite siste nytt samstundes som det skjer? Kanskje er det for lite tid til ettertanke i vår oppkava tid? Det blir uansett mange nok aviser å halde styr på, medan ei avis som kjem ut ein gong i veka er velsigna grei å ha med å gjere.

Myte nr. 2) Eindagsavisa er for tynn og for dyr

Det er rett at eindagsavisene som regel har få sider. Vest-Avisa har som oftast 12-16 sider. Dei tynnaste eindagsavisene har vanlegvis 8 sider, medan dei tjukkaste er oppe i 32 sider. Dei fleste har mellom 12 og 20 sider - alt etter kor mange lysingar som står i avisa.

Aviser som VG og Sunnmørsposten vil i løpet av eit år levere 20-25 gonger så mykje stoff Vest-Avisa. I løpet av ei tre veker vil Sunnmørsposten levere meir stoff enn Vest-Avisa klarer i løpet av eit år.

Vest-Avisa kostar 50 øre pr. avisside, Sunnmørsposten kostar 10 øre pr. side og VG kostar rundt 20 øre pr. avisside Vest-Avisa er dermed ti gonger så dyr som Sunnmørsposten, målt i sidetal, når me tek omsyn til at avissidene i Sunnmørposten er dobbelt så store som avissidene i Vest-Avisa.

Men VG og Sunnmørsposten skriv ikkje om Vanylven kvar dag. VG skriv for alle i heile landet og kjem til Vanylven helst når det har skjedd noko tragisk eller sensasjonelt som dei reknar med at folk andre stader i landet kan tenkje seg å lese. Sunnmørsposten skriv meir om Vanylven, men med to journalistar på kontoret i Ulsteinvik og med fem andre og for det meste større kommunar å ta vare på er det vanskeleg å skrive mykje frå Vanylven.

Så sjølv om dei store avisene kvar einaste dag har myke stoff henta frå heile verda, så er det Vest-Avisa som formidlar klart mest stoff frå Vanylven - og det er det folk i Vanylven vil ha når dei kjøper avisa.

Myte nr. 3) Eindagsavisa driv ein ukritisk og refererande journalistikk

Små aviser har små ressursar og vert difor tvinga til å skrive stoff som er snargjort å få fram. Det vil seie referat frå møte og intervju med folk som er glade i å prate. Lenge.

Dei store avisene driv ein langt meir ambisiøs og kritisk journalistikk, dei har ikkje eit så nært tilhøve til kjeldene at dei er bundne opp av kjeldenes syn på sakene og dei

Igjen er dette eit spørsmål som har to sider: Det er klart at små aviser er avhengige av kjeldene sine - på godt og vondt. Godt fordi aviser i små lokalsamfunn gjerne har eit svært breidt tilfang av kjelder - få er redde for å ta kontakt med eller å stå fram i avisa. Men på den andre sida er det vanskeleg å unngå at særleg rådmann og ordførar blir brukt i mange samanhengar. Og om rådmann og ordførar vil, så kan dei manipulere lokalavisa. I alle høve ein gong. Men om dei kan manipulere lokalavisa kvar gong kjem i like stor grad an på dugleiken til andre politikarar som til dugleiken og ryggrada til redaktøren. Når ordføraren i denne jubileumsavisa seier at han ofte har vore rasande på Vest-Avisa, men at det har gått fort over, så bør redaktør Osnes ta det som eit teikn på at Vest-Avisa har meistra balansegangen.

Myte nr. 4) Eindagsavisene held det berre gåande på pressestøtte

Dette er faktisk feil. Stort sett. Og i alle høve er det feil når det gjeld Vest-Avisa og andre etablerte små lokalaviser. Det er lysingane frå forretningar, lag og privatpersonar som er den viktigaste inntektskjelda til eindagsavisene. Utan lysingane kan ikkje avisa kome ut. Inntektene frå lysingane er dobbelt så store som inntektene frå bladpengane, og pressestøtta utgjer ein tiandepart av dei samla inntektene. Men for aviser som er i ferd med å etablere seg vil det stort sett vere uråd å klare seg utan pressestøtta dei fyrste harde åra før folk har fått tru på den nye avisa.

Eindagsavisene fekk pressestøtte fyrst frå 1989 og måtte før det klare seg utan statleg hjelp. Men då støtta kom hadde mange eindagsaviser svært dårleg økonomi, og pressestøtta berga truleg fleire aviser over ei kneik dei elles ikkje hadde klart. Seinare har dei fleste eindagsavisene klart seg godt. For året 1995 får eindagsavisene kr. 200.000 i pressestøtte, og det gjer dei fordi stortingspolitikarane meiner små aviser er eit gode som fortener statleg stønad.

Sanning: Vest-Avisa er framtida

Folk i Vanylven kan rekne med at Vest-Avisa vil vere å finne i postkassa også dei neste 25 åra - med det me veit i dag. Til liks med andre små aviser har Vest-Avisa dei siste åra utvikla seg mykje i positiv retning: Avisa har vorte tjukkare og formidlar meir stoff enn før, utforminga har vorte ryddigare og meir oversynleg, bildekvaliteten er på veg oppover, avisa har som regel alltid med seg dei viktigaste nyhenda frå Vanylven - før konkurrentane på nyhendemarknaden, avisa har investert i moderne teknologi og er som andre småaviser langt framme i den tekniske utviklinga.

Og sist men ikkje minst: Vest-Avisa er ei avis som folk tykkjer om, set pris på og vanskeleg kan klare seg utan. Det syner seg ved at så godt som alle i Vanylven tingar avisa og utflytte vanylvingar tek gjerne avisa med seg. Så lenge det er slik, kan Vest-Avisa sjå framtida lyst i møte.

Gratulerer med 25-års dagen!

Johann Roppen er amanuensis i journalistikk ved Høgskulen i Volda og har i fleire år forska på lokalaviser.

Referanse til trykt utgåve:
Roppen, Johann (1995): "Vest-Avisa burde aldri ha kome ut", i Vest-Avisa sitt 25-års jubileumsnummer 1995
Referanse for nettversjon:
Roppen, Johann (1995): "Vest-Avisa burde aldri ha kome ut", <a href="http://www.hivolda.no/amf/vestavis.html">