INTERNETT

WORLD WIDE WEB

Per Arne Brandal 1996

Føreord

I 1996 fekk underteikna kr. 30 000,- til vikarmidlar for å

- auke kompetansen om INTERNETT, WWW og dei ulike teknologiane som
vert brukte i systema
- sjå på korleis HVO (med hovudvekt på administrasjonen) kan nytte seg av muligheitene
INTERNETT og WWW gir innanfor kommunikasjon og informasjon internt og eksternt

Mykje av tida er brukt til å pløye gjennom ein god del litteratur og tekniske fagbøker om emna.

Ein god del tid har gått med til å anvende kunnskapane i arbeidet med å planleggje og faktisk implementere ei WWW-teneste ved HVO.

Denne trykksaken er på mange måtar ein «spin-off» basert på foredrag eg har hatt om emna, notat, drøftingar, interne handbøker eg har utforma, osv.

Eg vonar at heftet kan gi lesarane ei kjapp innføring i INTERNETT og WWW, informasjons- og kommunikasjonsmuligheiter systema opnar for, teknologien, osv.

Mot slutten finns det også nokre gode råd for dei som går i tankar om å få ein web på lufta.

Per Arne Brandal
informasjonskonsulent

Innhald

1. INTERNETT - EIN KORT HISTORIKK s. 3
1.1 Den kalde krigen s. 3
1.1.2 Konseptet s. 3
1.2 ARPANET s. 4
1.3 INTERNETT s. 5
1.4 UNINETT s. 5
1.4.1 SAMSON-prosjektet s. 5
1.5 Protokollar s. 6
1.6 Tenester på nettet s. 6
1.6.1 E-post s. 6
1.6.2 FTP s. 7
1.6.3 Telnet s. 8
1.6.4 News s. 8
1.6.5 Gopher s. 8
1.6.6 Søkjeverkty s. 8

2. WORLD WIDE WEB s. 9
2.1 Tapt informasjon ved CERN s. 9
2.2 Hypertekst s. 9
2.3 WWW tar form s. 9
2.4 Litt meir om WWW-konseptet s. 10
2.5 Mosaic s. 11
2.6 HTTP s. 11
2.7 HTML s. 12
2.7.1 Nokre HTML-koder s. 13
2.8 Avansert HTML s. 17
2.8.1 Forms s. 17
2.8.2 Interaktive kart s. 17
2.9 UNIX-scripts s. 18
2.10 Grafikk og fargebruk s. 18
2.10.1 Filformat s. 18
2.10.2 Korleis NETSCAPE viser fargar s. 19
2.10.3 Netscape sin fargetabell s. 20
2.11 Web-lesarar s. 20
2.12 Søkjemotorar på web'en s. 20

3. WWW-TENESTA VED HØGSKULEN I VOLDA s. 21
3.1 Web-gruppa ved HVO s. 21
3.2 Mandat s. 21
3.3 Mål for WWW-tenesta ved HVO s. 21
3.4 Administrative og organisatoriske løysingar s. 22
3.5 Sentrale ressursar og koordineringsfunksjonar s. 23
3.6 Utforming av HVO sine web-sider s. 24

4. WWW-TENESTA - STATUS OG VIDARE UTVIKLING s. 27
4.1 Mange operative redaksjonar s. 27
4.1.2 Informasjonsinnhaldet s. 27
4.1.3 Grafikk s. 28
4.1.4 HTML-koding s. 28
4.1.5 CGI-scripts s. 28
4.2 Vidare utvikling av WWW-tenesta s. 29

5. BRUK AV DET INTERNE NETTVERKET VED HVO s. 31
5.6 INTRANETT vs. felles dataområde på NOVELL-nettet s. 32

6. Å VEVE EIN WEB - NOKRE TIPS s. 35
6.1 Kommunikasjonsprosessar på web'en s. 35
6.2 Nokre særtrekk ved web'en s. 35
6.3 Korleis særtrekka ved web'en endrar tradisjonelle planleggingsmetoder s. 37
6.4 Element i ein metodikk for å planlegge ein web s. 37
6.5 Prosessane i metodikken s. 39
6.6 Kva vi ikkje kan planlegge s. 40
6.7 Fleire råd s. 41
6.8 Fallgruver s. 41
I. INTERNETT - EIN KORT HISTORIKK

1. 1 Den kalde krigen
For over trevde år sidan då den kalde krigen verkeleg var kald (eller var på nippet til å bli retteleg fjelge), var ein på militært hald i USA oppteken av følgjande spørsmål: Korleis kunne dei sentrale styresmaktene oppretthalde kommunikasjon og kommandolinjer med resten av landet etter eit eventuelt atomangrep? Ein var nemleg sørgjeleg klar over at eit atomangrep ville slå ut alle konvensjonelle kommunikasjonssystem, så behovet for å få utvikla eit kommunikasjons-nettverk som kunne overleve dei kollosale kreftene i ei hydrogenbombe var påtrengande.

RAND Corporation, USA sin fremste «Cold War Think-tank», fekk i oppgåve å skissere ei løysing. I 1964 vart dei første planane for eit nytt kommunikasjonsnettverk lagt fram. Nettverket skulle ikkje ha nokon hovudsentral/sentral leiing, og vidare: nettet skulle frå starten av konstruerast slik at det skulle fungere sjølv om det var «sprengt i filler».

1.1.2 Konseptet
Prinsippa var enkle - og dristige. Dei ulike delane av nettverket skulle i utgangspunktet sjåast på som upåliteleg til alle tider, men nettet som heilheit skulle ha eit design som gjorde at det var i stand til å overvinne denne upålitelegheita. Alle nodene (datamaskinene) i nettet skulle ha lik status. Kvar node skulle ha same rettar til å lage, sende og ta imot meldingar.

Meldingane skulle delast opp i pakkar som alle bar mottakarmaskinen sin adresse. Pakkane skulle så ta seg fram gjennom nettverket (via telefonlinjer, kablar osv) fram til adressaten på individuell basis. Sjølve ruta var uinteressant, - berre resultatet. Pakkane skulle kastast som ein varm potet frå node til node meir eller mindre direkte i retning motakarmaskinen. Sjølv om store delar av nettet vart sprengt bort i eit atomangrep, ville pakkane likevel vere på veg gjennom ein eller annan telefonkabel til noder som framleis var i drift som igjen kunne sende pakkane vidare. At konseptet fungerer fekk vi sjå under Golfkrigen i 1991. Då dei allierte prøvde å bombe sønder og saman alt som var av infrastruktur i Irak, var det stort sett berre INTERNETT-kommunikasjon som fungerte. Ein skal ikkje sjå bort frå at meldingar frå Bagdad til Basra var ein tur innom Washington på vegen!

I 60-åra vart dette nye desentraliserte, «blastproof», pakkesvitja konseptet testa ut av forskarar ved RAND, MIT og UCLA.

1. 2 ARPANET
Etter ei tid ville Pentagon opprette eit noko større nettverk, og i 1969 vart ARPANET med fire noder oppretta. Takka vere ARPANET kunne vitskapsmenn og forskarar ved universitet over heile USA dele dei relativt dyre dataressursane (prosessorkraft). Men nettet kunne brukast til meir.

ARPANET vart snart teke i bruk som eit raskt elektronisk postsystem, og etter relativt kort tid var hovudtrafikken på ARPANET i form av elektroniske brev og meldingar. Forskarane hadde utvikla eit raskt og billeg postsystem som var av umåteleg stor verdi fagleg og sosialt. Seinare skulle vitskapsmenn ved ulike andre universitet utvikle fleire tenester for nettet.

1. 3 INTERNETT
Utover 70-åra auka tala på nodar i ARPANET. Nye nettverk kom til. Desse nettverka vart kopla saman, og ein såg konturane av det vi i dag kallar INTERNETT; ei samling nettverk som dekkjer det meste av kloden vår.

1. 4 UNINETT
UNINETT er a) eit elektronisk datanett for høgskular og universitet i Noreg,
b) ein infrastruktur for nettet og c) eit statseigd selskap for drift av nettet.
UNINETT omfattar alle universitet og høgskular, ein del forskingsinstitusjonar og offentlege institusjonar. I 1993 talde desse ca. 200 institusjonar. UNINETT-prosjektet vart starta i 1987 for å knyte saman universitet, høgskular og regionale forskingsmiljø i Noreg. UNINETT er sjølvsagt ein del av det globale INTERNETT.

1.4.1 SAMSON-prosjektet
I 1992 vart dei regionale høgskulane tilknytte nettet. Gjennom SAMSON-prosjektet (Samordna Opptak - Nettilknyting) vart UNIX-maskinar og såkalla ruterar utplasserte ved 80 høgskular. Programvare vart utdelt og det vart halde kurs for edb-ansvarlege (som ved gamle dh var underteikna).

UNINETT kan sjåast frå mange vinklar. Det er så og seie den elektroniske sida av Noregsnettet. Det er ein hovudveg for internasjonalisering i høgre utdanning. Det representerer eit viktig potenisale både for administrasjon, fagleg samarbeid og undervisning.

1. 5 Protokollar
Ein protokoll er eit sett med reglar eller «språk» som gjer at datamaskiner kan kommunisere med kvarandre. Protokollen i INTERNETT er TCP/IP. TCP eller «Transmission Control Protocol», deler meldingar opp i pakkar og set desse saman att når alle pakkane er komne fram til mottakar. IP eller «Internet Protocol», tar seg av adressering og ser til at pakkane vert ruta gjennom ulike nodar og ulike nettverk fram til mottakaren.

1.6 Tenester på nettet
Over kommunikasjonsprotoikollen TCP/IP har det gjennom åra blitt utvikla ei rad INTERNETT-tenester. For kvar teneste er det utvikla eigne program (og protokollar).

1.6.1 Elektronisk post
E-post vil seie overføring av meldingar frå ein datamaskin til ein eller fleire andre. Kvar institusjon i UNINETT får tildelt eit hierarkisk oppbygd «domenenamn». Denne adressa er del av den enkelte brukar si adresse. Adressestrukturen er: brukar@node.domene
(t.d. pb@hivolda.no).

Ein kan også abonnere gratis på såkalla «lister» (faglege og andre e-post baserte fora for debatt og informasjon) ved å sende ein bestemt kommando med e-post til ein såkalla «listetenar».

1.6.2 Filoverføring (FTP)
Filoverføring vil seie overføring av filer over datanettet frå ein maskin til ein annan. Med filer meiner vi her alt som kan lagrast elektronisk (tekst, diagram, bilde, lyd, program osv). Ein kan a) hente filer frå andre maskinar, b) la andre hente og sende filer frå/til eins eigen maskin.

På INTERNETT er det mange maskinar som har eit ope brukarområde med katalogar/underkatalogar/filer som fungerer som eit arkiv eller bibliotek der ein fritt kan hente dokument. På engelsk vert slike arkiv gjerne kalla «FTP-sites». Overføring av filer frå eit ope filarkiv blir kalla «anonym filoverføring» eller «anonym FTP», fordi ein som brukaridentitet som oftast berre treng å oppgi ordet «anonymous».

1.6.3 Fjerninnlogging (telnet)
Fjerninnlogging vil seie at ein loggar seg inn på ein maskin som fysisk er plassert ein annan stad. PC'en vil då emulere (etterlikne) ein terminal og oppføre seg som om den var direkte kopla opp mot den eksterne datamaskinen. Med fjerninnlogging kan ein søkje i BIBSYS, bruke tungreknemaskiner ved Universitetet i Trondheim m. m.

1.6.4 Elektroniske konferansar (news)
Ein elektronisk konferanse er eit forum der ein via PC kan debattere eller utveksle informasjon. For å føgje med i ei gruppe brukar ein som regel ein «newslesar» (no NETSCAPE). Gruppene har hierarkisk oppbygde namn som gjer det greit å orientere seg. I dag er det slike diskusjonsgrupper for dei fleste emne, seriøse som useriøse.

1.6.5 Gopher
Sett frå brukaren si side er gopher er ein hierarkisk oppbygd informasjonsmeny. Gopher er svært lett å bruke, og brukaren navigerer gjennom menysystemet til ein finn den informasjonen han er ute etter utan å vere nøydd til å vite kvar denne informasjonen faktisk ligg.

1.6.6 Søkjeverkty
Archie er eit søkje og hentesystem der ein kan søkje på namn på filer i ftp-arkiv. Archie finns m. a. på gopher.

Veronica er eit søkje- og hentesystem som omfattar titlar på postar på gophertenarar i mange land.

WAIS er eit søkje- og hentesystem som i motsetnad til Archie og Veronica ikkje berre søkjer på namn på filer, men også på ord i filene. WAIS finns på gopher.

II. WORLD WIDE WEB
Sjølv om dei «klassiske» INTERNETT-tenestene etterkvart vart godt utvikla med program som var lette å bruke, hadde ein del av desse tenestene sine klåre avgrensingar.

2. 1 Tapt informasjon ved CERN
Ved CERN (Conseil Européen puor la Rechherche Nucléaire European) i Sveits arbeider tusenvis av forskarar saman om ei rad ulike prosjekt. Forskarane er avhengige av å dele informasjon om prosjekta, og informasjonen var typisk nok på ei rad ulike datamaskiner i «gøymt» nede i meir eller mindre (u)oversiktlege katalogstruktarar. Forskarane hadde store problem med å halde oversikt over og finne att informasjon, - eit problem som vart forsterka av den store gjennomtrekken på personalsida.

På slutten av 80-talet vart problemet med «tapt» informasjon så påtrengande at ein var nøydd til å gjere noko med saka. Dei tradisjonelle hierarkisk oppbygde informasjonssystema sine avgrensingar vart for store, og ein begynte å leite etter andre måtar å organisere informasjonen på.

2. 2 Hypertekst
I 1989 begynte ein å arbeide med eit informasjonssystem basert på «hypertekst» som skulle gjere det mogleg å dele informasjon på ein enkel og effektiv måte mellom geografisk skilde forskarteam i CERN-miljøet.

Hypertekst er kort og godt elektronisk tekst som ikkje er bunden av ein lineær struktur. Ord i eitt dokument er knytte til andre dokument. Å bevege seg i hypertekst er så og seie det elektroniske motstykket til å bla i kryssreferansar i eit leksikon eller kanskje heller i eit bibliotek.

2. 3 World Wide Web tar form
Det første framlegget til eit World Wide Web-prosjektet frå Tim Bernes-Lee ved CERN var «World Wide Web: Proposal for a HyperText Project».

Frå dette siterer eg: « There is a potential large benefit from the integration of a variety of systems in a way which allows a user to follow links pointing from one piece of information to another one. The forming of a web of information nodes rather than a hierarchical tree or an ordered list is the basic concept behind HyperText.»

Dei neste avsnitta utviklar konseptet. Eg siterer dei fordi dei representerer noko av det klaraste som er skrive om hypertekst, hypermedia og WWW:

«The texts are linked together in a way that one can go from one concept to another to find the informastion one wants. The network links are called a web. The web need not be hierarchical, and therefore it is not necessary to «climb up a tree» all the way again before you go down to a different but related subject. The web is also not complete, since it's hard to imagine that all the possible links will be put in by the authors. Yet a small number of links is usually sufficient for getting from anywhere to anywhere else in a small number of hops.

The texts are known as nodes. The process of proceding from node to node is called navigation. Nodes do not need to be on the same machine; links may point across machine boundaries. Having a world wide web implies some solutions must be found for problems such as different access protocols and different node content formats. This issues are addressed by our proposal.

Nodes can in principle also contain non-text information such as diagrams, pictures, sound and animation. The term hypermedia is simply the expansion of the hypertext idea to these other media. Where facilities already exists, we aim to allow graphics interchange, but in this project, we concentrate on the universal readership for texts, rather that on graphics.»

2.4 Litt meir om WWW-konseptet
Som eg har vore inne på tidlegare har INTERNETT utvikla seg til eit enormt nettverk med ei ufatteleg mengde informasjons lagra på eit utal maskiner over heile verda. Programvaren for dei tradisjonelle tenestene FTP, gopher, telnet osv. har vore rimeleg gode, men vanskelege å bruke for den vanlege mann og kvinne.

Gopher t.d., var eit godt forsøk på å gjere det lettare å finne infromasjon på nettet, men gopher er i grunnen berre eit distribuert menysystem som brukaren navigerer i for å lese (berre tekstfiler) eller laste ned filer.

World Wide Web starta som eit prosjekt som skulle distribuere vitskapleg informasjon gjennom datanettverk v.h.a. hypertekst. Ideen var at forskarar som samarbeidde om ulike prosjekt kunne få høve til å presentere forskingsrapportar osv. i si heilheit med tekst og grafikk, og seinare også lyd, bilde, video m. m.

Hypertekstkoplingar i eit dokument koplar det saman andre dokument som gjerne kan liggje på ein informasjonstenar i eit anna land.

Med ein grafisk web-lesar kan du sjå formatterte dokument som innheld grafikk og «opplyste» hyperlinkar. Web-lesaren lar deg navigere gjennom Web'en/INTERNETT ved å klikke på desse hyperlinkane utan å bruke kompliserte kommandoar som t. d. i gamle FTP.

Teknisk sett er WWW eit distribuert hypermedia system. Nokre viktige element i dette systemet er:
- hypertekst
- sjølve INTERNETT
- multimedia

Det er viktig å leggje merke til at HTML-basert hypertekst som system ikkje treng INTERNETT. Eit distribuert informasjonssystem basert på HTML kan implementerast på kva som helst lokalt nettverk (INTRANETT). Sjå drøfting av INTRANETT seinare.

Vidare er det verdt å få med seg at Web'en ikkje er INTERNETT. Sjølv om web-klientar som NETSCAPE kan utføre FTP, gopher, NEWS, e-mail osv. er desse gamle INTERNETT-tenestene ikkje ein del av Web'en, men sjølvstendige informasjonssystem basert på eigen teknologi, protokollar osv.

Multimedia kombinerer ulike presentasjonsteknologiar som grafikk, lyd, animasjon, video osv.

2. 5 Mosaic - A «killer application» for the Web
I 1992 vart den første «skikkelege» web-lesaren Mosaic lansert. Eit «killer» konsept, World Wide Web, hadde fått si lenge etterlengta «killer» programvare. WWW-tenarar vart sette opp over alt i eit forrykande tempo, og den brukarvennlege Mosaic med sitt grafiske brukar-grensesnitt gjorde at bruken av INTERNETT bokstavleg tala eksploderte.

2. 6 HTTP
Her skal vi kort sjå på interaksjonen mellom web-klient, Web-tenar og Web-dokument. Trans-aksjonane skjer i fire faser som alle er ein del av den underliggjande protokollen HTTP (HyperText Tranfer Protocol):
- tilkopling
- spørjing
- svar
- fråkopling

I den første fasen prøver klienten (ein web-lesar som Mosaic eller Netscape på PC) å opprette kontakt med web-tenaren som ligg på ein UNIX-maskin (ved HVO ligg den på samson.stud.hivolda.no) . Når kontakten er oppretta, spesifiserer klienten kva protokoll som vert nytta (HTTP, FTP, NNTP e. l.), kva objekt ein er ute etter osv.

Web-tenaren responderer ved å sende svaret på spørjinga til web-klienten som så lastar inn dataene og syner dei etter beste evne (på WWW er det klienten som bestemmer korleis fila tar seg ut på skjermen) på brukaren sin dataskjerm. Inneheld fila bilde, lyd o. l. vil nettlesaren starte andre program som viser eller spelar av desse.

Noko med det mest positive med WWW og web-lesarar som NETSCAPE, er at ein kan nytte alle dei tradisjonelle INTERNETT-tenestene frå eitt og same program. INTERNETT har endeleg fått eit vennleg ansikt!

2. 7 HTML
HTML er ei forenkla utgåve av SGML (Standard Generalized Markup Language) som er ei rad koder som vert nytta til å lage dokument som er lesbare for ei rekkje plattformer og programvare. Formatteringskodene vert plassserte i tekstdokument i som er laga ASCII-format. HTML var ikkje i første omgang tenkt som eit verktøy for fancy layout, men som eit hjelpemiddel til å strukturere informasjonen på ein tilfredsstillande måte. Nyare utgåver av HTML-standarden, og spesielle utvidingar av denne standarden, gir likevel HTML-teknikaren stor kontroll over korleis side skal sjå ut.

Kodene i HTML-fila vert tolka av brukaren sin web-lesar som i neste omgang viser dokumentet på skjermen i rett format (rett skrift, overskrifter, layout osv)

Eksempel:
I HTML fila står det <H2>Overskrift</H2>
Web-lesaren viser det slik skjermen din: Overskrift

Over ser du korleis ein del av heimesida vår «eigentleg» ser ut.

2.7.1 Nokre HTML-koder
HTML-koder skal omsluttast av hakeparantesar < > Kodene er ikkje «case-sensitive» - ein kan skrive valfritt med store eller små bokstavar. Kodene er av tre typer:
<kode>
<kode>tekst</kode>
<kode atributt=«parameter»> tekst </kode>

2.7.1.1 Dokumentdelar
<html> Viser at dette er eit HTML-dokument
<head> Startar dokumentets hode
<title> Tittel som blir vist i klientens dokumentvidu </title>
</head>
<body> Her startar sjølve dokumentet

Dokumentets tekst og hyperlinkar

</body>
</html>

2.7.1.2 Overskrifter i 6 nivå
<h1> . . . </h1> Nivå 1
<h2> . . . </h2>
<h3> . . . </h2>
<h4> . . . </h4>
<h5> . . . </h5>
<h6> . . . </h6> Nivå 6

2.7.1.3 Dokumentformatering
<hr> Horisontal strek
<p> Nytt avsnitt
<br> Ny linje

2.7.1.4 Tekstformatering

Logiske stilkoder
<pre> . . . </pre> Preformatted
<em> . . . </em> Emphasis
<strong> . . . </strong> Stronger emphasis
<kbd> . . . </kbd> Display a keyboard key
<cite> . . . </cite> Display a citation
<blockquote> . . . </blockquote> Quote
<address> . . . </address> Present address information

Fysiske stilkoder
<b> . . . </b> Boldface
<i> . . . </i> Italics
<u> . . . </u> Underline
<tt> . . . </tt> Typewriter font

2.7.1.5 Hypertekstlinkar
Dei viktigaste HTML-kodene gjeld naturligvis hypertekstlinkar. Ei hypertekst-kopling i eit HTML-dokument startar med direktivet HREF (hypertext reference), og så følgjer ein URL (Uniforrm Resource Locator) til det dokumentet ein ynskjer å peike til:
<a href="#anchor_name"> . . . </a> kopling i same dokument
<a name="anchor_name"> . . . </a> posisjonsmarkør
<a href="URL"> . . . </a> til anna dokument
<a href="URL#anchor_name"> . . . </a> spesifikk posisjon i anna dokument
<a href="URL?search_word+search_word"> . .</a> WAIS-søk

2.7.1.6 Lister

definition list <dl>
<dl compact>
<dt> First term to be defined
<dt> Next term to be defined
<dd> Next definition description
</dl>

unordered list <ul>
<ul>
<li> First item in the list
<li> Next item in the list
</ul>


Over ser du eksempel på <ul>

ordered list <ol>
<ol>
<li> First item in the list
<li> Next item in the list
</ol>

directory list of items <dir>
<dir>
<li> First item in the list
<li> Next item in the list
</dir>

2.7.1.7 Bilde (inline images)
<img src="URL" alt="Alternate Text"> Embed a graphic image in the document.
Attributes:

=top, middle, or bottom.

2.7.1.8 Forms
<ISINDEX> gir felt for input til index-søk (ofte WAIS)

<FORM ACTION=" " METHOD=" " > . . . </FORM> defininerer eit formular for input for hantering av CGI

Spesialteikn
&amp; gir &
&lt; gir <
&gt; gir >
&aring; gir å
&Aring; gir Å
&auml; gir ä
&ouml; gir ö

<!-- kommentarar omslutta av dissa teikna blir ikkje vist av klienten -->

2.7.1. 9 URL - Uniform Resource Locator
Uniform resource locator er ei unik adresse for kvart dokument og informasjonsressurs på INTERNETT. Den inneheld dessutan informasjon om korleis dokumentet ska handterast eller korleis resurssen skal nåast.

URL'ens anatomi er slik:
protokoll://server.datamaskin.organisation.land:port/katalog/filnamn.suffix#posisjon?søke-term

URL for web'en ved HVO: http://www2.hivolda.no

Det er berre dei første to delan eav URL'en som er obligatoriske - protokoll og
serveradresse. Resten kan utelatast om dei har standardverdiar eller ikkje er relevante.URL'en kan vere så lang som helst, men ikkje innehalde mellomrom eller linjeskift.

protokoll:
den protokollen som skal nyttast for å bruke ressursen
- http, telnet, FTP, gopher, news, WAIS, text, file

//server.datamaskin.organisasjon.land
serveren si domene-adresse

:port
Den Internet-porten som tenesta skal anropast på. Treng ikkje skrivast ut om den har ein standardverdi (default). Standardverdiar: WWW=80, WAIS=210, telnet=23, gopher=70

/katalog
Filkatalog (UNIX-syntax)
Kan vere i fleire nivå /kat1/kat2/kat3

/filnamn
Resursens filnamn. NB! Case sensitive

.suffix
filtype.
Påverkar klientens handtering av dokumentet. Case sensitive.

#position
Position i dokumentet.

?søketerm
Søketerm for index-søk med WAIS.
Om søkebegrepet inneheld fleire ord skal desse separerast med +

2.7.2 Hypertekst og hypermedia
HTML gjer det altså mogleg å lage hypertekstkoplingar til andre dokument og andre filtypar som bilde, video, lyd m. m. (hypermedia). Desse koplingane gjer at brukaren ikkje treng å vite kvar desse dokumenta fysisk er plasserte, og brukaren kan såleis v. h. a. desse koplingane navigere etter assosiasjonsprinsippet gjennom eit uttal av informasjonstenarar i i det globale INTERNETTET.

2. 8 Avansert HTML

2.8.1 Forms
Forms-funksjonen legg til rette for at kontrollert input (utfylling av eit skjema, eit søk osv) frå ein brukar kan bli prosessert av eit anna program (UNIX-script) som utfører det brukaren ber om, og sender resultatet tilbake. Eksempel på forms kan vere eit søk i ein adressekatalog.

2.8.2 Interaktive kart (image maps)
HTML støttar også bruk av «klikkbare» kart. Brukaren klikkar på ein del av eit bilde, kart e.l. og får så vist informasjon om det han har valt på skjermen.

Underteikna laga eit slikt interaktivt kart som hjelp for nye studentar før semesterstart 1996.

2. 9 UNIX-SCRIPTS
HTML-funksjonane forms og image maps føreset at det finns eit UNIX-program som kan utføre det web-klienten ber web-tenaren om å gjere.

Når web-tenaren regisrerer at brukaren vil ha utført t. d. eit søk i ein telefonkatalog, sender han jobben vidare til eit program på UNIX-maskinen. Slike program kallar ein gjerne scripts, og dei er i ofte programmerte i PERL. Desse programma liknar på batch-filer som vi kjenner frå MS-DOS.

Scripts som «utfører oppdrag» for web-tenarar, kallar vi gjerne CGI (Common Gateway Interface)-scripts.

Som vi ser er det ikkje mykje vits i å bruke funksjonane forms og image maps HTML-filer utan ein er i stand til å programere eit UNIX-script som gjer jobben.

2.10 Grafikk og fargebruk

2.10.1 Filformat
Når du scannar inn eit fargebilde på ein 24-bits fargescanner, blir informasjonen om fargane raudt, blått og grønt lagara i tre «kanalar» i filtyper som t. d. TIFF. Kvar av dei tre primærfargane blir tildelt eit 8 bits binært tal (ein byte) som kan vise verdiar frå 0 til 255. Har du eit 24-bits grafikk-kort på PC'en din kan det vise bildet i 256x256x256=16,7 mill. fargar, såkalla «truecolor».

Du kan diverre (ikkje enno i alle fall) bruke TIFF som filformat på web'en. Ein har i grunnen berre to filformat å velge mellom, nemleg JPEG og GIF. Begge kan nyttast til «in-line» grafikk.

JPEG er eit filformat, - og ein kompresjonsmetode. JPEG tar rimeleg godt vare på fargeinformasjonen i t. d. ei TIFF-fil, og bør difor brukast til fotografi.

GIF-filer blir krafig komprimert, men støttar berre såkalla indekserte fargar (ein fast fargetabell), og kan vise maksimum 256 fargar. Fargetapet ved å gå direkte frå TIFF til GIF er difor stort. GIF er best til «line-art» som t. d. ikon, grafar og strek-logo'ar, osv.

Ein vil snart oppdage at JPEG lagar «grumsete» line-art, og at GIF lagar store og «utvaska» fotografi.

Ikkje konverter fotografi til GIF før du er heilt ferdig med bildet. Straks du konverterer frå
t. d. TIFF, som kan handtere opp til 16,7 millionar fargar, til GIF, vil ein for alltid tape fargeinformasjon.

Transparent GIF er nyttig fordi dei skaper betre overgangar mellom grafikken vår og web-lesaren sine bakgrunnsfargar. Den transparente fargen blir erstatta med web-lesaren sin bakgrunnsfarge, uansett kva farge det måtte vere. Paint Shop Pro kan lage transparent GIF.

Namnet til høgskulen som transparent GIF.

Som ikkje transparent GIF. Den kvite bakgrunnsfargen i grafikken blokkerer for (den grå) bakgrunnsfargen i NETSCAPE.

Interlaced GIF kjem først til syne med lav oppløysing (i motsetning til å bli bygt opp linje for linje med full oppløysing) på brukaren sin skjerm, og kan difor gi brukaren raskt ein ide om kva graikken handlar om. Paint Shop Pro kan lage interlaced GIF.

2.10. 2 Korleis Netscape viser fargar
Dei fleste som har prøvd å lage fargegrafikk for bruk på web'en har opplevd at det som tar seg strålande ut i PhotoShop på eit 24-bits grafikk-kort, ser heilt forferdeleg ut når ein ser grafikken igjen i Netscape. Fargane har endra seg, dei har blitt grumsete og det som verre er. La det sere sagt med ein gong: bruk av fargar på web'en er ikkje enkelt, og har skapt mykje frustrasjon blant håpefulle web-snekrarar.

Netscape brukar ein teoretisk fargetabell der kvar primærfarge raudt, grønt og blått blir representert med eit tal frå 00 til FF i hexadesimal (0 - 255 i desimal). I denne tabellen er det totalt 256x256x256= 16,7 mill. fargar.

Eit 24-bits fargekort kan vise 16,7 mill fargar. Kvar av dei tre primærfargane blir tildelt eit 8 bits binært tal som kan vise verdiar frå 0 til 255. Så har du eit 24-bits skjermkort, -hurra! Då vil du alltid sjå fargane i korrekt.

Men dei fleste som brukar Netscape har berre 8-bits (eller 4-bits VGA som berre kan vise 16 fargar) SVGA grafikk-kort. På desse systema viser Netscape berre 256 predefinerte (indekserte) fargar, og kanskje ikkje det eingong!

Kva skjer så med fargar som ikkje finns i denne faste og begrensa fargetabellen? Netscape prøver å vise desse fargane med ein metode vi kallar «dithering» som blandar nokre pixels av ein farge med nokre pixels av ein annan farge for å «skape» ein ny. Står du langt nok vekk frå skjermen, kan denne «blandemetoden» sjå OK ut, men på 40 cm. avstand med 72 dpi på skjermen ser det ganske grumsete og fælt ut.

Om ein vil ha grafikk med gode og skarpe fargar, bør ein difor avgrense fargebruken til fargetabellen som Netscape kan vise på flest mogleg skjermar utan å bruke «dithering». Du kan bruke t. d. PhotoShop til å lage grafikk med indekserte fargar. Det finns ulike metodar for å redusere talet på fargar i grafikken, og det er ikkje alltid lett å få eit godt resultat utan for mykje «dithering». Råd om dette, NETSCAPE sin fargepalett m. m. finns på nettet.

2.10.3 Netscape sin fargetabell
Netscape viser, - utan «dithering», fargane ein får ved å blande raudt, grønt og blått når kvar av desse fargane har desse verdiane:

hexadesimal desimal

00 0
33 51
66 102
99 153
CC 204
FF 256

T. d. #CC3399 er ein «non-dithering» farge.
Tips: Bruk kalkulator for å oversetje verdiane frå hexasimal til desimal..

Som du ser summerer denne tabellen seg opp til 6 x 6 x 6 = 216 fargar. Kva med dei andre 40? Netscape lar reine grå- , raud- , grøn- og blåfargar få nokre få tilleggsfargar.
Her er ei liste over desse:

Svart #000000

For referanse, her er dei additive primærfargane:
#FF0000 (255, 0, 0) Raud
#00FF00 ( 0,255, 0) Blå
#0000FF ( 0, 0,255) Grøn

2. 11 Web-lesarar
I dag finns dei ei rekkje grafiske web-lesarar på marknaden. Dei fleste kan ein få gratis over INTERNETT. Dei mest brukte er NETSCAPE og Internet Explorer. Utviklingan går rivande fort, og nye funksjonar blir bygt inn stadig vekk.

2. 12 Søkjemotorar på WWW
Her er nokre søkjemotorar du kan bruke på web'en:
Alta Vista. URL er http://altavista.digital.com
Yahoo. URL er http://www.yahoo.com/
Lycos. URL er http://fuzine.mt.cs.cmu.edu/mlm/lycos-home.html
WebCrawler. URL er http://webcrawler.com.html
World Wide Web Worm. URL er http://www.cs.colorado.edu/home/mcbryan/WWWW.html
InfoSeek. URL:http://www.infoseek.com/III. WWW-TENESTA VED HØGSKULEN I VOLDA

Underteikna tok våren 1994 kontakt med UNINETT, og fekk dei til å installere ein WWW-tenar på ein av UNIX-maskinene ved høgskulen. Etter ein del ekspermentering med HTML-koding, FTP osv fekk HVO på lufta ei heimeside (URL: http://www2.hivolda.no) sommaren 1994. Underteikna fekk også koda og lagt ut ein del informasjon. Det var snart klart at HVO måtte formulere eit autorativt overordna rammeverk for WWW-tenesta, vurdere ressursbruk osv.

3. 1 Web-gruppa ved HVO
Web-gruppa vart nedsett av høgskuledirektøren vinteren 95/96 for å formulere mål og organisatoriske løysingar for bruken av World Wide Web som informasjons- og kommunikasjonskanal for Høgskulen i Volda.

Desse er med:
Høgskuledirektør Jan Driveklepp
IT-ansv. Svein Arnesen
Torrey Seland (ASF)
Bjørg Nedregotten (AFM)
Jon-Arild Kvamme Sollid (AHF)
Per Gunnar Flø (ALU)
Kirsten Hundvebakke (bibl.)
Per Arne Brandal, sekr. (adm.)
Vidar Myklebust (MFV)

3. 2 Høgskuledirektøren sitt framlegg til mandat for WWW-gruppa:
- Mål og organisering for WWW
- Organisatorisk og administrativ løysing
- Framdrift av prosjektet og arbeidet
- Brukaropplæring
- Omfang
- Operativt ansvar

WWW-gruppa har hatt fem møte, og la 28. oktober 1996 fram sitt framlegg til mål og organisering av WWW-tenesta ved HVO. Framlegget er ført i pennen av informasjonskonsulent Brandal som har vore sekretær i gruppa.

3. 3 Mål for WWW-tenesta ved HVO
Høgskulen i Volda ønskjer å byggje opp ei WWW-teneste som støttar opp under høgskulen sine målsetjingar innanfor hovudfunksjonane
- undervisning
- forsking
- administrasjon/forvaltning

WWW-tenesta ved høgskulen kan på ein god måte supplere og i visse høve erstatte tradisjonelle informasjonstiltak mot eksterne og interne målgrupper som m. a:

- potensielle søkjarar og nye medarbeidarar
- andre høgskular og universitet
- forvaltnings- og styringsverk lokalt, regionalt og sentralt
- studentar og tilsette
- ålmenta

Høgskulen bør aktivt søkje å utnytte dei spesielle særtrekka ved WWW og dei nye muligheitene dette mediet gir innanfor (fjern-)undervisning, forsking og administrasjon/forvaltning. Nokre av særtrekka er:
- kontaktpris (kostnad pr. potensielle brukarar av tenestene)
- lav brukarterskel
- søkjeverktya
- multimedia
- interaksjon
- integrasjon
- det grafiske grensesnittet
- fleksibilitet

3. 4 Administrative og organisatoriske løysingar
Dei ulike verksemdsområda ved høgskulen bør vurdere kva muligheiter ein ser ved bruk av World Wide Web som informasjons- og kommunikasjonssystem innanfor sitt felt, og utvalet går inn for at ansvaret for WWW-tenesta ved HVO vert lagt til fleire sjølvstendige redaksjonar.Dei ulike redaksjonane må redaksjonelt og operativt vere forankra i dei verksemdsområda dei dekkjer og operere innanfor det overordna rammeverket HVO til ei kvar tid har for denne tenesta.

Slik sett vil dei ulike redaksjonane/web'ane i WWW-tenesta avspegle den organisatoriske strukturen og funksjonane ved høgkulen elles. Ei slik organisering av informasjonsarbeidet er også i tråd med dei statlege prinsippa for offentleg informasjon (m. a. leiar- og linjeprinsippet).

Vi kan tenkje oss redaksjonar for
- kvar avdeling
- fellesadministrasjonen
- fou
- biblioteket
- studentane og studentaktivitetar
- knutepunktsfunksjonar, faglege tyngdepunkt

Kvar redaksjon bør ha følgjande funksjonar/kompetanse:
- redaktør
- avdelingswebmaster
- HTML-kompetanse
- design-/implementeringskompetanse
- leverandør(ar) av fagstoff

For kvar delweb er det viktig å definere:
- målguppe
- mål
- delmål
- kven som skal bidra med saksinformasjon

Design, implementering og drift av web'en må skje innanfor det rammeverket høgskulen til ei kvar tid har for WWW-tenesta. For å lage eit slikt rammeverk har høgskulen sett ned ei eiga WWW-gruppe (sjå under).

3.5 Sentrale ressursar og koordineringsfunksjonar
Målsetjingar for bruk av WWW bør fellast ned i høgskulen sine overordna planverk, IT- og informasjonsplanar, verksemdsplanar på avdelingsnivå, osv.

Nokre av funksjonane/kompetansen som gjeld WWW-tenesta ved HVO kan dekkjast av sentrale ressursar.

3.5.1 Sjefsredaktør
Rektor
3.5.2 Drift av WWW-server (UNIX)
IT-kontoret har det overordna ansvaret for drift av UNIX-maskinen.

3.5.3 Sentral webmaster
Informasjonskonsulenten

3. 5.4 Web-gruppa
Sentral planleggings- og koordineringsgruppe. Denne såkalla Web-gruppa har fått sitt
mandat av høgskuleleiinga. Gruppa er samansett av medlemmer frå avdelingane, fellesadm.
og leiing. Gruppa bør fungere som ressursgruppe, og får ansvar for å formulere råd om mål og organisering av WWW-tenesta ved HVO, utvikle eit rammeverk med m. a. malsider for web'ane ved HVO samt kome med føringar m.o.t. design (i vid tyding) og implementering.

3.5.5 Redaktørgruppe
Denne gruppa skal arbeide med redaksjonelle problemstillingar, arbeidsfordeling m.m.

3.6 Utforming av HVO sine WWW-sider
Design i vid tyding omfattar m. a. katalogstruktur, «look and feel», grafikk, typografi, osv.

Ein bør ta stilling til føjgjande hovedpunkt ved utforminga av elektroniske dokument:
-Informasjonsinnhald
-Oppbygging av informasjonshierarki
-Grafisk utforming
-Tekniske omsyn

3.6.1 Informasjonsinnhaldet
Offisiell informasjon skal vere oppdatert og korrekt.

Det er ønskjeleg at brukarar av HVO sitt informasjonssystem lett skal kunne finne fram til informasjon. Det er difor viktig at sentral informasjon om dei forskjellige avdelingane er konsistent fra avdeling til avdeling. Følgjande er eit minstekrav til den informasjon som skal vere med på dei ulike sidene i informasjonssystemet. Det er opp til kvar enkel informasjonstilbydar å utfylle dette med annan relevant informasjon.

Alle sider skal inneholde informasjon om:
(Informasjon med interesse for brukarar utanfor Noreg bør vere både på norsk og engelsk)
-Kven som er ansvarleg for informasjonen, gjerne med e-mail adresse
-Kva for avdeling denne personen høyrer til (der dette er aktuellt)
-Når sida sist blei oppdatert, evt. når informasjonen vert forelda
-Ei kopling "oppover" i informasjonshierarkiet (F.eks. skal heimesida til eit institutt ha ei
kopling til avdelinga si heimeside og vidare opp til høgskulen si heimeside.

Heimesider for avdelingar,institutt osv skal i tillegg innehalde følgjande informasjon:
(informasjonen bør også ligge føre på engelsk):
-Kort beskrivelse av avdelinga/eininga
-Besøksadresse, postadresse, telefonnummer og faxnummer. E-post adresse bør også vere
med.

Gjerne koplingar til:
-Sentrale adresselister
-Studieinformasjon
-HVO si heimeside

3.6.2 Oppbygging av informasjonshierarki
Hypertekstbasert informasjon kan strukturerast svært fritt. Når informasjon blir gjort tilgjengeleg via WWW, er det viktig å strukturere informasjonen slik at brukaren lett finn fram. Viss informasjon om eit tema er spreidd over fleire sider, bør ein ta høgde for at brukaren ikkje kjem inn i informasjonshierarkiet frå ei oversiktsside. På alle sider som er ein del av eit større informasjonshierarki, bør det difor opplysast om kva for informasjonsmengde sidene er ein del av.

Det bør også leggast til rette for navigasjon mellom dei forskjellige sidene i eit informasjonshierarki. Flytting mellom dei ulike sidene i dokumentet bør ikkje baserast på nettleseraren sine innebygde navigasjonsmuligheiter, men ved hjelp av koplingar på sidene i dokumentsamlinga. Desse koplingane kan anten vere ein del av sjølve dokumentteksta, eller eigne koplinger øverst og/eller nederst på kvar side. Eit minstekrav bør vere at brukaren kan kome tilbake til oversiktssida i hierarkiet ved hjelp av koplingar i dokumentet.

3.6.3 Grafisk utforming
Bruk av grafikk (bilde/illustrasjonar) vil i mange tilfelle gjere eit dokument meir lesbart og auke informasjonsutbyttet for lesaren. Ein bør likevel huske at kapasiteten på maskiner og nettverk ofte er begrensa, og der grafikken ikkje tener til å auke utbyttet av eller klargjere informasjonen, bør bruken begrensast. Spesielt gjeld dette dokument som er berekna for ei nasjonal/internasjonal målgruppe. Dei samme prisippa bør også gjelde for andre typer multimedia-dokument.

Det er ønskjeleg at lesaren av eit elektronisk dokument lett skal kunne skille mellom offisiell og uoffisiell informajon. Dette kan gjerast ved å skille mellom den grafiske profilen på dei forskjellige type sider. Konsistent bruk av grafiske element på høgskulen sine sider vil også gjere det lettare for brukaren å orientere seg innan informasjonshierarkiet.

Sider som inneheld uoffisiell informasjon skal ikkje bruke HVO sin grafiske profil.

3.6.4 Tekniske omsyn
Teknikken gir nesten ubegrensa muligheiter til å lage avanserte/kompliserte elektroniske dokument. Disse muligheitene er diverre ikkje alltid i tråd med ønsket om informasjonsformidling. Husk også at det finns ulike maskin- og programvare hos lesarane av dokumentet. Det bør vere mogleg å få utbytte av sida sjølv om lesaren sit med svart/kvit-skjerm uten muligheiter for grafikk eller multimedia. Elles bør layout og fargebruk være rolig og moderat.

3.6.5 HTML
Den gjeldande HTML-standarden er p.t. HTML 2.0. Nokre nettlesarar (som Netscape Navigator og Microsoft Internet Explorer) har støtte for eigendefinerte utvidingar av denne standarden. Hvis desse vert brukte, må ein vere merksam på at ikkje alle nettlesarar vil kunne vise informasjonen slik den er utforma. Informasjon fra HVO bør nytte standard HTML.

IV. WWW-TENESTA VED HVO - STATUS OG VIDARE UTVIKLING

Først ein liten titt på det du i dag kan finne på http://www2.hivolda.no.

4.1 Mange operative redaksjonar
Web'en ved HVO er samansett av fleire web'ar som alle har sin eigen redaksjon og informasjonsansvarleg. Pr. dato er følgjande redaksjonar operative:
- fellesadministrasjonen (hovudvekt på studieinfo. og katalogteneste)
- biblioteket
- fou
- avdeling for mediefag (har også ansvaret for web'en til ASIFA)
- avdeling for samfunnsfag
- avdeling for humanistiske fag (har også ansvaret for web'en til Ivar Aasen-inst.)
- orakeltenesta (studensider m.m.)
- ulike studentredaksjonar (VEKA, Peikestokken, CERP o. a.)

4.1.2 Informasjonsinnhaldet
Det tar tid å byggje opp ein god web, - men HVO er godt på veg. Under «Studiestaden Volda» finn du informasjons om studietilboda, intervju med noverande og tidlegare studentar, KEV-info, informasjon om SfS, bilde frå Volda m.m.

Under «Administrasjon» og «Adresser» finn du oversikt over tilsette, telefon- og e-mail lister m. m. Desse listene ligg i tekst-format (ikkje HTML), og kan gjerast mykje betre v.h.a. tabellar, mail-to funksjonen osv.

Som ein er FoU-funksjonen og Biblioteket opp med eigne sider med godt informasjonsinnhald.

Tre avdelingar er operative: ASF, AMF og AHF. På desse sidene får du meir detaljert informasjon om avdelingane, institutta og dei tilsette. Du vil også finne faglege ressursider, koplingar til andre relevante ressursar osv.

4.1.3 Grafikk
Web'en ved HVO har moderat bruk av grafikk, og det kan vel seiast at høgskulen har noko å gå på når det gjeld grafisk profil generelt, og for web'en spesielt.

Når dette er sagt, vert dei grafiske elementa nytta slik at brukaren truleg opplever å navigere i eitt informasjonssystem sjølv om han flyttar mellom ulike redaksjonar sine informasjonshierarki.

4.1.4 HTML-koding
På HVO sine offisielle sider vert det stort sett nytta relativt enkle HTML-funksjonar. Ein del redaksjonar viser fine eksempel på bruk av frames og tabellar. Web-gruppa ser det ikkje som eit viktig mål å styre HTML-kodinga for stramt m. a. fordi nye funksjonar vert utvikla heile tida, og vi synest det er positivt at det foregår ein del eksperimenterin, -og kopetansebygging på bruket.

4.1.5 CGI-scripts
ASIFA redaksjonen brukar forms-funksjonen på ein eksemplarisk måte: skular som er med i ASIFA-katalogen kan v.h.a. denne funksjonen sende oppdaterte opplysningar direkte til redaksjonen.
4.2 Vidare utvikling av WWW-tenesta ved HVO
Som vi såg i kapittel 3, har Web-gruppa ved HVO no lagt fram si innstilling til mål, retningslinjer og organisering av WWW-tenesta ved HVO. Utfordringa framover vert m. a. å gripe fatt i implikasjonane av denne innstillinga.

4.2.1 Opplæring av web-ansvarlege
Web-gruppa har fått ansvar for å skipe til kurs for webansvarlege. Kurset vil ta for seg dei tekniske sidene ved det operative web-arbeidet, nyttig og nødvendig programvare, informasjonsfaglege problemstillingar m.m.

4.2.2 Ressursar til web-ansvarlege
Nokre redaksjonar har avsett ressursar til webansvarleg. Andre redaksjonar leiger hjelp til HTML-koding, implementering osv. Andre redaksjonar prøver så godt dei kan å bli sjølvhjelpte. Underteikna er av den meining, m. a. på bakgrunn av den rivande utviklinga på dette feltet innanfor alle sider av samfunnet, sentrale føringar osv, at HVO må allokere større ressursar til oppbygging og vedlikehald av denne tenesta.

4.2.3 Ressursar til HTML-koding
Det ligg eit opplagt rasjonaliseringspotensiale i bruk av web'en som distribusjonskanal for ulike typar informasjon. HVO kan spare mykje på å legge ut store og dyre trykksaker som
t. d. studiehandboka. Underteikna vil arbeide for at høgskulen/fellesadministrasjonen set av ressursar til event. innleige av studentar eller andre som kan ta jobben med å HTML-kode slike trykksaker. HTML-koding er det som kanskje tar mest tid i web-arbeidet.

4.2.3 Utvikling av informasjonsinnhaldet
Ei stor utfordring framover blir å få ulike delar av verksemda involvert i utviklinga av web'en. Bruk av WWW som informasjons- og kommunikasjonskanal må setjast på dagsordenen i ulike kontor og verksemdsområde. Fellesadministrasjonen t. d., har ein lang veg å gå når det gjeld bruk av WWW i internasjonalisering og studierettleing, katalogtenester, web'en som ekstern og intern nyheits- og meldingskanal osv.

4.2.4 Fjernundervisning
Bruk av INTERNETT i fjernundervisning er eit heilt OU-prosjekt i seg sjølv. Her vil eg kort peike på muligheitene som ligg i bruken av ulike funksjonar på nettet:
- e-post (rettleiing, kontakt mellom student og læarar)
- oppbygging av faglege ressurssider
- bruk av bildetelefon
- «virtuell klasseromsundervisning» (lærar er fysisk plassert ved HVO, klassen i
Kristiansund)

4.2.5 Publisering av fagstoff
Jf. strateginotatet er det viktig for HVO å synleggjere FoU-verksemda. Bruk av web'en som kanal er ein veg å gå. HVO bør i samarbeid med MFV utvikle rutiner for publisering av fagstoff på web'en, byggje opp kompetansekatalogar, oversikt over forskingsprosjekt osv

4.2.6 Grafikk
Å lage god grafikk til bruk på web'en er ikkje ei enkel sak. Web-gruppa vil ta initiativ til å få utvikla betre grafikk for web'en ved HVO.

4.2.7 CGI-scripts
Det er fristande å seie at det er først når funksjonane i web'en vert kopla med dei store muligheitene som ligg i fornuftig bruk av CGI-scripts, at det verkeleg tek til å svinge.
Problemet er at HVO har liten eller ingen kompetanse på dette området, men alt kan som sagt kjøpast for pengar.

4.2.7.1 Lokale søkjemotorar
Legge til rette for søk i personaloversikter, telefonlister, studentbasen, tekstbasen, osv.

4.2.7.2 Karakteropplysning
Det er mogleg å formidle sensur over nettet. I eit skjema (forms-funksjonen) oppgir studenten studentnummeret sitt, og får karakterutskrifta tilbake.

4.2.7.3 Påmenlding til konferanser o. l.
Forms-funksjonen med kopling til lokal database.

4.2.7.4 Meldingsteneste
Ved UiB fekk eg demonstrert korleis dei hadde bygt opp ei intern meldingsteneste. Tilsette som har nyheiter, meldingar osv sender dette eom e-post til informasjonsavdelinga. Desse tar i mot meldinga, og den vert automatisk publisert på web'en.

4.2.7.5 Spørjeskjema
Kan brukast i forsking, for å skaffe seg betre kunnskapar om brukarane av web'en vår osv.

4.2.7.6 Lokale diskusjonsgrupper
V. h. a. CGI-scripts kan ein setje opp ulike fora for intern meiningsutveksling.

4.3 Heimesider for tilsette
Skal dei tilsette kunne lage sine heimesider, må det installerast ein web-server på den UNIX- maskinen dei tilsette har sine UNIX-kontoar.
V. BRUK AV DET INTERNE NETTVERKET - WWW SOM INTERNT INFORMAJONSSYSTEM ELLER FELLESOMRÅDE PÅ NOVELL-NETTET?

(Denne bolken er basert på ein del notat frå underteikna der mogleg bruk av INTRANETT som internt informasjonssystem ved HVO vert vurdert opp mot bruk av eit fellesområde på NOVELL-nettet)

5.1 CWIS
INTERNETT-teknologien er ved mange høgskular og universitet i bruk som basis for interne informasjonssystem. Gopher vart i si tid utvikla som CWIS (Campus Wide Information System) for The University of Minnesota. Føremunene ligg i dagen; alle ved universitetet, både studentar og tilsette var på INTERNETT og teknologien var og er billeg (gratis). Ulempene har vore at brukar-programma har vore noko krøkkete og dermed vanskeleg å bruke for andre enn spesielt interesserte.

5.2 World Wide Web
Med web'en er terskelen for å ta i bruk program for søk og innhenting av informasjon kraftig redusert. Eit program som NETSCAPE er svært lett å bruke, og programmet erstattar langt på veg mange dei 4-5 forskjellige og vanskelege programma ein måtte bruke før for å ta i bruk a tenestene på nettet.

5.3 INTRANETT
Når alle tilsette og studentar ved høgskulen gjennom ulike sentrale føringar skal ha INTERNETT-tilgang, ligg det snublande nært å bruke web'en som informasjonskanal for interne målgrupper. Går høgskulen for ei slik løysing, er vi i godt selskap. Fleire og fleire private og offentlege verksemder ser at ein v.h.a. web-teknologi og NETSCAPE har alt ein treng for å bygge opp eit funksjonelt og framtidsretta internt informasjonssystem utan vesentlege meirkostnader.

5.4 Interne målgrupper
Ein organisasjon som HVO kan karakteriserast som eit system med mange subssystem. Fellesadministrasjonen er eit slikt subsystem i HVO, og studieadministrasjonen er eit subsystem i fellesadministrasjonen. For at høgskulen skal fungere godt er det viktig at desse subsystema kommuniserer godt og rettar innsatsen mot felles mål.

Ei intern målgruppe for informasjon kan karakteriserast ved mange ting, t. d. funksjon. Adm. leiarar på avdelingane er ei slik gruppe, alle fagtilsette er ei, osv. Andre målgrupper er meir flyktige og temporære.

5.5 Kva slags type informasjon egnar seg for intern bruk av WWW?
Grovt sett snakkar vi om to hovudmålgrupper for eit eventuelt INTRANETT: tilsette og studentar. Informasjonen må tilpassast desse målgruppene.

5.5.1 Operativ informasjon
Kvart kontor og funksjon i fellesadministrasjonen må av omsyn til effektivitet, lover og retningslinjer, osv. utrarbeide rutiner og instruksar for arbeidet i linja. Slik informasjon er til nytte og hjelp for sakshandsamarar på alle nivå ved høgskulen. Slik operativ informasjon kan leggast ut.

5.5.2 Saksførebuande informasjon
For å sikre dei demokratiske prosessane er det viktig at saksførebuande informasjon er tilgjengeleg før beslutningane vert tekne. Døme: Styresaker.

5.5.3 Katalogteneste
Kven gjer kva. Synleggjere kva vi gjer, kva vi kan bidra med.
Ulike katalogar.

5.5.4 Referat
Møteprotokollar

5.5.5 Newsletters
IFA, nytt frå rektor, nytt frå IT, osv.

5.5.6 Institusjonell informasjon
Dette er informasjon som kan sikre at alle tilsette veit kva som er høgskulen sine overordna mål, prioriteringar, osv. Døme: Årsmeldingar og programnotat. Strategidokumentet.

5.5.7 Nyheits- og meldingsteneste
Web'en kan med hell brukast til dette, men krev ein del ressursar m.o.t. til oppdatering av informasjonen.

5.6 INTRANETT vs. felles dataområde på NOVELL-nettet
Denne bolken er basert på eit notat som underteikna sende til høgskuledirektøren og IT-ansvarleg Svein Arnesen sommaren 1996. Bakgrunnen for notatet var at tanken om at alle sakshandsamarar i fellesadministrasjone skulle lære HTML-koding m.m. vart noko urealistisk.

5.6.1 Intern distribusjon av informasjon v.h.a. nettverk
Dette er ein freistnad på å drøfte nokre sider ved interne edb-baserte informasjonssystem som kan nyttast til å bygge opp lett tilgjengelege informasjonsressursar/distribuere informasjon mellom ulike delar av organisasjonen. Drøftinga gjeld ikkje informasjonssystem/databasar som MSTAS; opptak, rekneskap, osv. men informasjon i form av ulike dokument som referat, vedtak, katalogar osv.

Informasjonsteknologien ved HVO gir oss grovt sett to val:
1. Bruk av felles dokumentområde (L:\) som alle kan aksessere på NOVELL-server
2.Bruk av web-teknologi, såkalla INTRANETT

5.6.2 Felles dokumentområde på NOVELL-server

Føremuner:
- sendar kan lagre i kjende format som t.d. WP, WORD, EXCEL osv
- treng m.a.o. ikkje å lære HTML for å legge ut info
- unngår flaskehalsar som lett oppstår når det gjeld HTML-konvertering og
vedlikehald av info
- informasjonen kan nåast v.h.a. NETSCAPE , men menysystemet må då lagast i HTML
- informasjonen kan lesast direkte i standardprogram som WP, WORD, EXCEL osv.

Ulemper:
- kryptiske katalognamn gjer det vanskeleg å finne info (maks 8 teikn)
- berre tilsette med tilgang på NOVELL-nettet har tilgang (ekskluderer studentar og eksterne
målgrupper)
- stoff som eignar seg for interne og eksterne målgrupper må vedlikehaldast i to system: dette
og web'en
- ikkje hypertekst/hyperlinkar, men dokumentet kan nåast v.h.a. NETSCAPE
- informasjonen kan ikkje aksesserast av tilsette ute på reiser

Det må utarbeidast retningslinjer for bruk av området for å unngå kaos (behov for redaktør/redigent?) Området må delast opp i katalogar som gjer at brukarane lett finn fram, og
alle tilsette må ha tilgang til området

5.6.3 Bruk av web-teknologi, såkalla INTRANETT
Web-teknologien er ved mange høgskular og universitet i bruk som basis for interne informasjonssystem.

Føremuner:
- plattformuavhengig (kanskje ikkje så aktuelt ved HVO)
- hypertekst (informasjonen blir presentert i kontekst). Lett å finne fram
- eitt felles grensesnitt (NETTSCAPE)
- forms og andre CGI-scripts. Desse funksjonane gjer det mogeleg å søkje i studentregister,
katalogar, osv
- eitt informasjonssystem å forhalde seg til
- når interne og eksterne målgrupper
- eksterne brukarar kan silast ut v.h.a. IP adresser

Ulemper:
- behov for opplæring (HTML, FTP, osv)
- tidkrevjande HTML-konvertering (dette blir lettare med nye versjonar av eksist. program)

5. 7 Førebels konklusjon
For reinspikka intern info er nok bruk av felles område på NOVELL-nettet pr. dato mest fornuftig ut i frå eit cost/benefit omsyn. Då tenkjer eg spesielt på kor lite innsats det trengs for å gjere informasjonen tilgjengeleg for alle tilsette. Om det er ei framtidsretta løysing er eg meir usikker på.

Ein kan eventuelt ved seinare høve lage koplingar frå web'en til informasjonen L-området.

5. 8 Status L:\ -området
Pr. dato er fellesadministrasjonen i gang med å byggje opp informasjonsressursar på området L:\f-admin. VI. Å VEVE EIN WEB - NOKRE TIPS

Før eg skisserer ein metode som kan vere nyttig i planlegginga av ein web, skal vi kjapt sjå på nokre særtrekk ved web'en.

6.1 Kommunikasjonsprosessar på Web'en
Web'en er eit nytt medium for kommunikasjon mellom menneske, og den har som sagt ei rekkje karakteristiske trekk som gjer den forskjellig frå andre meir tradisjonelle media

Web'en endrar kommunikasjonsprosessane slik vi kjenner dei frå andre typar indirekte kommunikasjon, dvs. kommunikasjon som brukar eit objekt (papir, grafikk, ein skjerm) for å formidle ein bodskap.

Når vi planlegg ein web, kan vi likevel i stor grad trekke vekslar på kunnskapar vi har om å planlegge og presentere informasjon innan statiske eller ikkje-interaktive medium som bøker, film, bilde osv. I tillegg kan vi trekkje inn teknikkar frå programmering og design av brukargrensesnitt, t. d. programvare og brukargrensesnitt i ein minibank.

6.2 Nokre særtrekk ved Web'en
Web-kommunikasjon har andre avgrensingar i tid og rom , har ei annan form og nyttar ein annan avleveringsmekanisme enn tradisjonelle media.

På web'en er det brukaren som vel tid og rom for kommunikasjonen. Ein treng ikkje, som når ein går til biblioteket for å lese ei bok der, vere fysisk nær boka for å få tak i informasjonen. Informasjon på web'en er ikkje bunden til eit fysisk objekt som t. d. eit stykke papir. Eventuelle begrensingane ligg i mottakaren sitt web-lesar og distribusjonsmekanismen (nettverket).

Kommunikasjon på Web'en er forskjelling frå papirbasert informasjon som brosjyrer, brev, osv. fordi det inneber ein annan prosess for koding (informasjonen vert laga i hypertekst) og dekoding (korleis ulike web-lesarar som Mosaic og Netscape presenterer informasjonen for brukararane).

Forma - hypertekst - er forskjelling frå den lineære flyten av tekst på t. d. papir. Linkar i ei web-side kan vere til hypermedia ressursar, andre interaktive dokument eller informasjons-system.

Avleveringsforma er alltid den same, langs hypertekstlinkane i sjølve World Wide Web.

Brukaren av web'en står friare fordi han eller ho har fleire val i interaksjonen i høve til den store informasjonsmengda på web'en samanlikna med andre typar papirbasert informasjon.

Kommunikasjon på web'en finn stad i ein kontekst som er mykje større enn ein enkel «site» eller organisasjon. Web'en har utvikle sine eigne normer og reglar, og ein må vere klar over at web-kommunikasjon kryssar religiøse, kulturelle og språklege grenser.

Web-kommunikasjon er dynamisk. Web'en er i kontinuerleg utvikling. Kommunikasjon på web'en treng ikkje å vere låst i form (som ei avis er det når den først er trykt), og eksisterar innanfor eit informasjonssystem som i seg sjølv er i stendig endring (eit herleg kaos?).

6.3 Korleis særtrekka ved web'en endrar tradisjonell metoder for å utvikle informajon
Vi kan som sagt bruke tradisjonelle planleggingsmetoder når ein skal utvikle informajon for web'en. Men vi må i tillegg ta høgde for at:
- web'en ikkje har dei tradisjonelle avgrensingane i tid og rom
- informasjonen blir i stor grad påverka av brukarane sine web-lesarar og datautstyr
- informasjonen på web'en er ofte ekstremt dynamisk og eksisterar innan ein større kontekst

6.4 Element i ein planleggingsmetode
Figuren under illustrerer nokre element (den lille sirkelen) og nokre prosessar i ein planleggingmetode som kan nyttast for å utvikle ein web. Metoden liknar på tradisjonelle metodar, men er meir open i alle endar fordi ein web blir aldri ferdig som t. d. ei bok er det når den først er trykt.

På grunn av at sjølve World Wide Web er i stadig endring, - brukarane får stadig nye web-lesarar, HTML-standarden endrar seg osv, bør ein operativ web stadig endrast, og ein må stadig gjennom nye runder revidere alle elementa i metoden over.

Gjennom heile planleggingsprosessen bør ein ha i tankane følgjande prinsipp og målsetjingar:
1. Brukarane sine behov. Kva er nyttig for dei ?
2. Effektiv bruk av ressursar. Ikkje bruk fancy grafikk eller funksjonar berre for å vise at du
kan det. Tenk på dei som sit med tekstbaserte web-lesarar, har trege modem, lita
bandbreidde osv,
3. Ein konsistent, tiltalande og effektiv «look and feel»

6.4.1 Målgruppeinformasjon
Godt kjennskap til målgruppa er nødvendig for å kunne utforme informasjon som passar til brukarane sitt behov. Effektiv kommunikasjon, og i særleg grad indirekte kommunikasjon, krev god planlegging av kva vi ønskjer å kommuniser til kven.

Beskriv publikummet du vil nå med ei enkelt setning. Ei enkel utsegn vil tene som ei verdfull rettesnor i den vidare utviklinga av web'en.

Definer den informasjonen du treng å vite om målgruppene (alder, kunnskapar, utdanning, interesser, m.m.)

Det er viktig å minne om at p. g. a. web'en sin dynamiske karakter, kan ein når som helst definere nye målgrupper for web'en.

6.4.2 Mål
Dette gjeld formuleringar som går på kvifor ein vil ha ein web på lufta i det heile tatt. Målformuleringa vil vere ei drivande og styrande kraft gjennom heile planleggingsprosessen og web-vevinga. Som alt anna ved web'en, kan målforuleringa vere kan vere dynamisk. For å definere målet for web'en, må ein tenkje gjennom kva ein ønskjer web'en skal bidra til. Nokre moment:
-Emne. Kva for kunnskapsområde skal web'en dekkje?
-Målgruppa. Kven vil vi nå?.
-Detaljeringsnivå. Basisinfo eller detaljert og djuptpløgjande informasjon?
-Forventa effekt. Kva vil vi at brukarane skal få ut av web'en?

6.4.3 Delmål
Straks det overordna målet for web'en klart, må ein spesifisere meir i detalj kva ein ynskjer å oppnå. Som alt anna ved web'en kan desse delmåla vere dynamiske. Dei kan fortløpande endrast, og nye kan når som helst leggjast til.

6.4.4 Saksinformasjon
Det er viktig å skaffe seg god kunnskap om det saksområdet web'en skal dekkje. Det er viktig å alliere seg med gode fagfolk og andre som kan bidra med kvalitativt god informasjon. Enno viktigare: ha ein plan for korleis ein skal kvalitetssikre og halde informasjonen oppdatert.

Det er også nyttig å skaffe seg oversikt over om det finns liknande ressursar på nettet frå før med tanke på eventuelle koplingar til desse, om det er vits i å byggje opp ein web til om dette emnet, osv.

6.4.5 Web-spesifikasjon
Her må ein i detalj spesifisere delmåla, og m. a. ta stillinga til saker som: Kva slags URL'ar skal ein ha koplingar til for å lage ein god informasjonsressurs, kva HTML-funksjonar og element skal ein ha med, - eller ikkje ha med. Skal ein bruke grafikk, lyd, video - eller berre tekst? Må vil ha CGI-scripts, eller oppnår ein det ein vil utan?

6.4.6 Web-presentasjon
Presentasjonen av web'en går på korleis sjølve web'en skal sjå ut («look and feel») samt den faktiske implementasjonen. Presentasjonen byggjer på web-spesifikasjonen. Ein må m. a. ta stilling til kva kompetanse som trengs for å få det til slik vi vil, vi må få laga grafikk og mal-sider, avklare eventuelt samarbeid med IT-ansvarleg på serversida (tilgang, katalogar) osv. Få ein testversjon på lufta.

6.5 Prosessane i metodikken
Ein web bli «aldri» ferdig. Difor er det viktig å halde følgjande prosessar gåande til ei kvar tid.

6.5.1 Planlegging
Her må ein m. a. velge mellom stadig nye og konkurrerande muligheiter for kommunikasjon slik at ein når dei overordna måla for web'en sett i høve til målgrupper, målgruppene sine forventningar, mål og delmål for informasjonen. Ein må også ta løpande stilling til kva saksinformasjon ein treng, korleis denne skal samlast og korleis denne skal oppdaterast. Skal web'en innhalde avanserte HTML-funksjonar (forms t. d.) er det viktig å sjekke om denne kompetansen finns, kvar den finns, om det er mogleg å få det implementert osv.

6.5.2 Analyse
Ein må kontinuerleg analysere korleis web'en fungerer med det mål for auget å kvalitetssikre og forbetre den. Her må er signal frå målgruppene viktig, og det kan gjerast ved å gjere det enkelt for brukarane å kome med tilbakemeldingar ved å nytte mail to - funksjonen, gjestebok o. l.

6.5.3 Design
Designet er basert på web-spesifikasjonen og ein må ta avgjerder om korleis web'en sine ulike komponentar skal konstruerast. Ein god designer veit korleis han eller ho skal oppnå det som spesifikasjonen ber om på ein fleksibel, effektiv og elegant måte.

6.5.4 Implementering
Dette gjeld den faktiske oppbygginga av web'en v. h. a. HTML. Har vi kompetanse, kan vi bruke web-editorar, skal vi bruke standard HTML eller utvidingar av standarden?

6.5.5 Utvikling
Utvikling oppnår vi om vi greier å halde ved like alle prosessane som er nemde over. Føremålet med å heile tida ta nye runder i planlegginga er sjølvsagt for å sikre at web'en fungerer best mogleg i høve til målgrupper, mål, delmål og forventa effekt..

6.6 Kva vi ikkje kan kontrollere (planlegge)
Det er ei rekkje faktorar ein ikkje kan kontrollere når ein lagar ein web.

6.6.1 Korleis brukaren oppfører seg
Du kan ikkje kontrollere korleis brukaren aksesserar og brukar informasjonen du legg ut. Vi kan gå ut i frå at brukaren vil opne web'en din på "toppen" (heimesida) og gå vidare derifrå (flaske). Men like gjerne kan brukaren kome inn på kva som helst side i web'en (nålepute).

Linkar til oppover til heimesida er difor viktig.

6.6.2 Brukaren sin web-lesar og display
Det finns ei rekkje ulike web-lesarar som syner informajonen vår ulikt. I tillegg er nye web-lesarar under utvikling, og desse vil ha fleire og funksjonar enn dei vi har i dag.
Dette inneber ei stor endring i høve tradinsjonell DTP der vi full kontroll over alt (fontar, layout, alignment etc)

HTML arbeider ut frå ein heilt annan filosofi for å presentere informasjon. HTML er ikkje eit språk for å drive avansert side layout! HTML er eit «markup language» som meir går på strukturen i dokumenta.

6.6.3 Linkar ut av web'en vår
Det er ofta nyttig å ha linkar til andre informasjonsressursar. Vi kan ikkje kontrollere om desse vert flytta, nedlagde, endrar karakter osv. Difor er det viktig å sjekke desse linkane med jamne mellomrom.
6.7 Nokre råd om web-design

6.7.1 Informasjon i høvlege storleikar
For å skape effektiv kommunikasjon er det viktig å tenke på korleis ein skal dele opp informasjonen i passande delar som gjer det lett for brukaren å tileigne seg informasjonen.

6.7.2 Linke saman sidene
Når ein deler opp informasjonen i fleire bitar (sider), er det viktig å planlegge nøye korleis desse skal linkast saman på ein brukarvennleg måte.

6.7.3 Lik «look and feel»
Eit godt råd er å byggje eit informasjonshierarki med malsider som gir brukaren ei kjensle av å bevege seg i eitt og same informasjonssystem. Malsidene kan styrer layout, grafikkbruk,
osv.

6.8 Fallgruver

6.8.1. Sider «from outer space»
Dette er sider som ikkje inneheldinformasjon om kven som skreiv denne sida, kvifor, kva slags web er den ein del av, når informasjonen vart oppdatert, osv.

6.8.2 «The Monster page»
Alt for mykje grafikk kan gi grå hår i hovudet på ellers robuste personar då slike sider kan ta utåleleg lang tid å laste ned. Bruk ikkje grafikk på over 50 K viss du kan unngå det. Lag heller såkalla «thumbnails» eller linkar til grafikken. Då kan brukaren sjølv avgjere om han vil laste ned herligheita.

6.8.3. «Multimedia overKILL»
Det kan av og til vere greitt å vise verda at ein beherskar bruk av video, animasjon, JAVA-scripts, bilder, lyd osv. Det er vel heller tvilsomt at det å stappe ei side full av slike element er
med på å fremje kommunikasjonen (jf. punkt 6.8.2)

- the end -

Litteratur:
Worl Wide Web unleashed
Kontur 2 og 3 1993
Using Corel Draw 6.0
Inside PhotoShop 3.0
The World Wide Web Handbook
Spinning the Web
Fyra färger och en bild
Super scanning techniques
Computer graphics
Getting started in computer graphics
Vår digitale framtid
Multimedia
Sluttrapport for Kompakt-prosjektet
Underlag for langtidsplan 1995-2000 (UNINETT)
Ymse artiklar frå nettet, datablad, osv.