M
magasin
Programtype som br ulike slags innslag og sjangrar, ofte blanda med
musikk. I m. kan vi finne direkteintervju, ferdig innspelte reportasjar,
intervju med folk i studio el over telefon, høyrebilde, kåseri
osv. Av m.-typar kan nemnast kulturmagasin, aktualitetsmagasin og musikkmagasin
mailingliste
Postliste, adresseliste - register over redaksjonar/medarbeidarar
som skal el kan få pressemeldingar, meldareksemplar av bøker,
promoeksemplar av plater osv
manusbunden
Framføring med støtt i hand- el maskinskriven tekst.
Når ein eksempelvis inn- og utannonserer innslag, skal ein
ikkje verke (for) m.
markere
Setje merke, merke av - fysisk el elektronisk - i eit opptak
ein skal redigere
maskere
Skjule, dekkje over. Eit host kan m. eit redigeringsklipp, brå
innfeiding av musikk el ein jingle kan m. dårleg (miljø)lyd
på slutten av eit innslag
maskeringsklipp
Redigering som blir gjort for å fjerne el minke omfanget
av noko på eit opptak som ikkje er heilt bra
mastermaskin
Bandopptakar br til å ta opp masterteipen på
master/masterteip, mastertape
Band (i harddisksystem: fil) som inneheld ferdigredigert innslag; original.
M. blir br når ein sender og ev tek kopi. Også kalla
masterband
matespole
Bandspole som lydband blir spelt av frå - inn på
>oppsamlingsspole
medieingeniør
>Programingeniør, teknikar som er fagutdanna ved Høgskolen
i Stavanger for arbeid med det programtekniske i radio el fjernsyn
medhøyr medhør, medlytt
Kontrollytting, det å kunne høyre på noko
som blir avspelt el sendt, utan at det påverkar lydkjelda el
høyrest på lufta; >forlytt
medprogramleiar medprogramleder
Ein av to (sjeldan fleire) som avviklar sending; >bisitter. I
nokre tilfelle skil ein mellom m. og hovudprogramleiar, den som har
mest ansvar.
megahertz/MHz
Ein million hertz (svingingar i sekundet); br både om lyd
og sendefrekvensar
meiningsytring me(i)ningsytring
Innslag der nokon kjem med eit synspunkt. Når ein journalist
kjem med ei m., blir det presisert ("Kollega N.N. har tenkt på
dette", "Kollega N.N. har gjort seg opp ei meining" osv). Ei slik
m. ligg ein stad rundt kommentaren el kåseriet i form og tone
melding
1 Enkeltnyheit, framført (av avviklar) i studio utan bruk
av andre lydkjelder. Hos oss kan ei m. vere frå under fem ("Fotball:
Molde har slått Viking 3 -2") til maks førti sekund lang.
Ligg eit emne an til å krevje meir tid, vil truleg ein kollega lese
inn ei blokk om emnet, el saka bli dekt på annan måte. I færøysk
radio kan ein høyre m. på fleire minutt. Ein >bulleteng er
sett saman av meldingar. 2 Kritikk, vurdering av bok, plate o l; >anmeldelse
bm 3 Kunngjering, opplysning gitt i >studiostikk som del av ei meldingsteneste,
t d fiskerimelding
meldingsfelt
1 Del av dataskjerm som kan brukast til å skrive inn beskjedar,
stikkord osv, t d frå kontrollrom til avviklar i studio
2 Teiknrute, display
meldingsteneste meldingstjeneste
Formidling av opplysningar som gjeld bestemde lyttargrupper;
lyttarsørvis. Eks på m. er trafikkmeldingar el kunngjering
av om fiskerireguleringar for fiskefarty
mellombølgje/MB mellombølge
Frekvensområde frå 520 - 1608 kHz; forkortinga MB
tilsvarar MW på eng
mellomspel/msp mellomspill
Instrumentaldel av melodi. Etter >anslag 2 med song, kan det
komme eit parti med rein musikk, og som ein kan bruke til å
fortelje kva musikk ein speler. Sjå også >forspel
mellomstikk
Annonsering, >studiostikk. M. blir framført mellom to
programinnslag, t d ei plate og ein reportasje
mellomtone
Frekvensområde mellom bass og diskant
meter
Måleinstrument, vanlegvis for lydstyrke
meterband/mb meterbånd
Samanhengande felt av radiobølgjer, frekvensområde.
På kortbølgja finn vi td 49 meterbandet, som tilsvarar
5950 - 6200 kHz
middle of the road/MoR
Musikksjanger, musikk som er populær i store lyttargrupper
og som i liten grad støyter vekk nokon
mik, mikrofon
Apparat som gjer lydsvingingar om til vekselstraum, del av utstyr
for lydopptak
mikrofonmembran
Rørleg, vâr "hinne"-del i mikrofon, er festa til
ein svingspole som rører seg i eit magnetisk felt når
eit lydtrykk når mikrofonen
mikrofonskrekk
Redsel, nervøsitet; br om folk som ikkje liker å
snakke inn i ein mikrofon
mikrofonstamme
"Handtak" el "kropp" på mikrofon, det som er nedanfor mikrofonhovudet
mikrofonstativ
1 Støtte, feste, det som held ein mikrofon oppe
2 Ukritisk journalist, ein som ikkje stiller kritiske spørsmål
og som let intervjuobjektet sleppe til for lett
mikrofonstøy
Ulyd frå ein mikrofon, t d pga >handstøy
mikrofontekke
Det å like seg el passe framfor open mikrofon, mangel på
>mikrofonskrekk
mikse
Blande lyd, føre lyd frå ulike kjelder saman slik
at resultatet blir ei ny lydblanding
miksar mikser/miksebord
Kontrollpanel, bord med nødvendig utstyr for produksjon av lydprogram
- kanalinn- og utgangar, innstillingsknappar, spakar osv. M. blir
br når ein miksar og redigerer lyd frå ulike kjelder,
ev også sender, jf >kontrollbord
miljølyd
Bakgrunnslyd, lyd som finst naturleg på ein opptaksstad.
Når ein gjer opptak, er det lurt å ta opp eit strekk
med m., som ein kan br til å leggje blokker på, maskere dårlege
overgangar o l. Jf også >kontentum, lydtapet, lydteppe
Milli Vanilli-test
Prøve, test for musikarar der dei skal vise på lufta
at dei verkeleg kan spele/syngje noko a la det dei gjer på
plater. Oppattkalla etter gruppa Milli Vanilli, som ikkje spelte
musikken dei gav ut
minikontroll
Lita redigeringseining, >underkontroll
minoritetsradio
Radiostasjon med t d innvandrarar og språklege minoritetar
som målgruppe
mjuknytt, mjuksak
Gladnyheit; pussigheit, kuriositet. M. er oftast br om nyheitssak
el -emne som ikkje handlar om politikk, økonomi eller andre
"alvorlege" saker, og blir gjerne sendt til sist i sendinga
modulere
Endre/forme ei berebølgje slik at ho kan overføre
t d lyd, teikn og bilde
modulasjon
Det å forme ei berebølgje vha eksempelvis eit lydsignal
momentanstart
Avspeling i riktig fart frå første sekund - dvs
når startknappen blir trykt ned, jf >flying (start). Vha m.
unngår ein at musikk og bandinnslag får >sur start
momentliste
Stikkord, faktaoversyn til å ha klar når ein skal
intervjue nokon; m. kan ein t d ha i bakhand til oppfølgjingsspørsmål
mono
1 Lyd i ein kanal, ikkje stereo 2 Opptak/avspeling av band
i ei breidd (fullspor)
monomikrofon
Mikrofon som tek opp i mono
monolog
Einetale - som framføring av t d melding, blokk, studiostikk
montasje/-program
Sjanger der ein set saman ulike lydkjelder og innhaldstypar til
eit heile, t d musikk, opplesing, intervju, miljølyd. Ein
m. er nøye planlagd og redigert, og er radiohandverk på
sitt mest avanserte. >Dokumentar og >feature er
montasjetypar
montør
Ein som lagar >montasjeprogram
motsetningstrykk
Det å uttale ord med ulik betoning/vekt, slik at innhaldsforskjellen
mellom orda kjem tydelegare fram
mottakar mottaker
1 Lyttar 2 Mottaksapparat
multitrack
Fleirspor, br om bandspelarar med meir enn to kanalar
musicam
Kodesystem for digital lyd
musikkbru
Musikksnutt, kort musikalsk overgang mellom to delar av eit innslag/program;
>bru
musikkformatering
Musikkval, musikkprofil avgjort av ein overordna programpolitikk;
>formatering
musikkpoliti
Musikkekspert, gjerne sjølvutnemnd og med betrevitar-haldning
til musikkbruk. I redaksjonane har stillinga til m. etter kvart
vorte avløyst av pålegg frå musikkprodusentar
musikkprodusent
Medarbeidar som har til oppgåve å halde seg orientert om
(ny) musikk, og setje opp lister over musikk som skal spelast i ulike program
musikktapet
Bakgrunnsmusikk, musikk som ligg under studiolyd i ei sending;
jf >lydtapet
mute
Undertrykke, dempe; kople ut ei kjelde frå miksebordet
mygg
Liten mikrofon, slipsnålmikrofon; blir festa på jakkeslag
o l. Ein m. undertrykker bass frå kroppen
måletone
Signal, tone som syner styrke, br til å kontrollere innspelingsnivå
og overføringslinje
målgrupperadio
Stasjon el program som er nøye retta mot ei bestemt nålgruppe
N
Nagra
Berbar (slepbar) bandopptakar, laga i Sveits. N. er eig
namnet på produsenten. Det finst ulike typar
Nagra-opptakarar, m a Nagra E, IS og SN
nagraband nagrabånd
Lydband br på Nagra-spelar. Eit n. er om lag 600 fot langt, og
varer ca 15 minutt når farta er 7 1/2 tps (vanleg innspelingshastigheit
på Nagra)
nagraskulder
Vond skulder pga at ein har bore Nagra for mye på den eine
skuldra
nasal
Lyd uttalt gjennom nasen
nattradio
Sending nattetid, også brukt om ein avslappa tone i ei
sending
nattradiostemme
Omgrep br om stemme som er litt djup, nær og kjenslefylt
naudstikk nødstikk
Ferdigskriven >melding 3 som ein har i tilfelle ein får
sendetid ein lyt fylle
nedslagsfelt
>Dekningsområde
nett
Sendenett, sambandslinje; linjer og utstyr for signalformidling
nettutgåve nettutgave/-versjon
Programstoff lagt ut på internett, anten som lyd, tekst
el bilde: P4 har to ulike nettutgåver av nyheitene sine, i
skriftleg form og lydform
nisjeprogram, nisjeradio
Sending for ei spesiell (lita) lyttargruppe
nivå
Lydstyrke
nivåforskjell
Sprang el hopp i lydstyrke
normalisere
Få til å samsvare med ei norm, endre ordval, ordbøying
og/el uttale etter bm el nn
normalspråk
Standardisert språkføring/uttale etter reglar som
gjeld for bm el nn
nulle, nullstille
1 Stille teljeverk på null 2 Føre attende
til utgangspunkt
nyheitsbulleteng nyhetsbulletin
Kort nyheitssending som i hovudsak er sett saman av meldingar
nyheitsavviklar/-opplesar nyhetsavvikler/-oppleser
Den som framfører ein nyheitsbulleteng
nyheitssamandrag
Nyheitsoppsummering, oppattaking av dei viktigaste nyheitssakene.
Eit n. tek med to-tre setningar om kvar sak, sjeldan fleire enn fem
saker
nykommar nykommer
Melodi el artist som er ny på ei speleliste
nyrekarakteristikk
Mikrofoninnstilling, om at mikrofonhovudet er laga/stilt inn slik at
mikrofonen er mest vâr for lyd frå ei retning - eit område
framfor mikrofonen som er forma lik ei nyre. Det finst mikrofonar
som har såkalla super-nyrekarakteristikk, og som tek opp lyd framafrå,
men lite frå sidene og nesten ikkje bakfrå
nyttelyd
Lyd som ein ønskjer å ta opp el sende, del av lydbilde
som skal brukast, ikkje bakgrunnslyd. På eit intervju teke
opp i ei gate, er praten mellom journalist og intervjuobjekt n.,
medan lyd frå trafikk o l er bakgrunnslyd
nær mik
Det å snakke nært mikrofonen med dempa stemme, -
gjer at ein høyrer stemmekvalitet, trykk, kjensler o l godt.
Ved nær mik er mikrofonen vâr for pustelyd. Bruk av nær
mik kan nyttast for å formidle ein indre monolog
nærkringkasting
Kringkastingsverksemd med geografisk avgrensa nedslagsfelt
nærradio
Lokalradio, stasjon med avgrensa geografisk dekningsområde;
også br som skjellsord på programverksemd som ikkje blir
sett på som særleg profesjonell. I Noreg har vi hatt
n. sia 1982, men med særløyve for øvingsradioen Radio
Volda alt på 70-talet
O
OB, OB-buss
Sending/opptak frå annan stad enn studio, av eng outdoor
broadcasting `utandørs kringkasting`. Jf >radiobil
oldies
Gamle slagerar, populærmusikk som ikkje er nylaga. På
nitti-talet er Elvis, Beatles og ABBA p., i neste tiår
vil truleg også musikk av Michael Jackson, Madonna og Prince
bli rekna som oldies. Også kalla golden oldies
omformar omformer
Vidaresendar, relésendar; kringkastar som forsterkar og
sender vidare signal/program frå ein hovudstasjon i same nettverk,
men på ein annan frekvens
omtale
Opplysning, melding om at t d ei bok er gitt ut og kva ho handlar
om, ev med ei (overflatisk) vurdering av det som blir omtalt. I ei
o. treng ein ikkje gå så kritisk til verks som i ein
>kritikk, ein legg heller meir vekt på å nemne emne, sjanger
og litt frå handlinga
opning åpning
Start, >anslag, det som innleier eit program. Ei o. er ofte spelt
inn på førehand
oppbrukt
Utsliten, - om emne, musikk el intervjuobjekt som har vore
så mye på lufta ei stund at det er uaktuelt/uinteressant/plagsamt
for lyttarane å bruke sendetid på det
oppbygging
Gang, rytme, samansetjing av innslag el program(flate)
oppfølging
1 Det å stille spørsmål etter det som blir
sagt i ei utspørjing/kjem fram i eit ordskifte 2 Arbeid
vidare, ny >vri, etterarbeid med ny sak som mål; om det å
prøve å lage ny sak ut frå reaksjonar på/andre
sider ved eit emne 3 Hjelp, støtte
opphavsrett
Rett den som har skapt eit åndsverk har over dette verket.
Den som har o., har krav på vederlag for bruk av det han/ho
har laga. Folk med o. er tilslutta opphavsrettsorganisasjonar som
>GRAMO, Kopinor, >TONO og Den norske forfatterforening. Journalistar
har o. når noko dei har laga, blir br av andre enn den
opprinnelege oppdragsgjevaren (t d NRK), el etter særavtale. Den
som har o., skal som regel ha namnet sitt nemnt (i det minste på
>statistikken)
opplesar oppleser
Den som les ei forteljing, nyheiter o l
opplesingsserie
Bok som blir lese i fleire bolkar, anten som ein del av eit program
el som eigen programpost
opplevingsradio
Omgrep for programverksemd der det blir lagt vekt på å
gje lyttaren nye opplevingar, t d vha forseggjorde reportasjar med
overraskande lydbruk
opplysningsprogram
>Faktaprogram, sjanger der det blir lagt vekt på å
formidle kunnskap. Eit magasin kan godt vere eit >o.
oppsamlingsspole
Bandspole som lydband blir spelt inn på (frå >matespole)
oppspark
Presentasjon av emne el problemstilling før ein sett igang
ordskifte i studio, innringing el l. Eit o. kan t d vere ein >enkét,
liten reportasje el blokk med bakgrunnsopplysningar, og det kan komme
først i eit program for å få folk til å bli
huga på å følgje med vidare og ev ringje inn. Jf >anslag
oppsummering
Samandrag, konklusjon, hovudinntrykk t d etter eit ordskifte
opptak
Noko som er spelt inn på førehand og ikkje skjer/er
å høyre på direkten
opptakar
Band-, DAT-, HD-, kassettspelar el anna utstyr som ein kan spele
inn noko på
opptempo
Oppjaga, med høg fart, raskt driv - om måte ei sending
blir avvikla på
oppvarming
1 Det å varme opp, gjere stemmeband og musklar mjuke og
varme før ein skal i studio 2 Førehandsunderhaldning
- om å få publikum som er med i eit program i godlune
før programmet tek til
oppvarmingsøving
Regle, sangsnutt, stemmeleik br for å varme opp stemme.
Eks. på o. er at ein syng mi-me-ma-me-mo; mi-me-ma-me-mo..."
opp og ned skalaen, uttalar ordregler som "ripsbærbusker og
andre bærbusker" el les høgt gjennom det ein skal lese i studio
ordrett (sitat) > sitat
orientere
Opplyse, gje innføring i. I radiosamanheng blir o. når
ein ein som har følgt med på det siste som har skjedd,
har oversyn over eit (stort og vanskeleg) emne, og som får ordet
for å o. om dette ("NN orienterer"; "NN har lese dei siste meldingane
frå Midt-Austen")
overføre
Sende (direkte); gjerne brukt om å sende frå ei tilstelling
utanfor hovudredaksjonen, t d frå eit stadion, eit kommunestyremøte,
ei kyrkje el ein konsertsal
overgang
Skifte, mellomstilling, der ein går frå ein del til
ein annan. O. blir br både om emne og redigering/teknikk. Ei
stutt pause kan markere o. frå eitt emne til eit anna, og ein
>svupp i opptaket fortel at ein o. ikkje er nøye nok redigert
overliggjar overligger
Sak el emne som ikkje har vorte br, men som framleis er tilgjengeleg
overspeling overspilling
Kopiering frå ei maskin til ei anna, anten i same rom eller
i ulike rom med avstand til kvarandre, t d over >linje frå
bandspelar i kontrollrom i Bodø til ditto i Oslo
overstyring
Innspeling med for stor lydstyrke; >forvrenging. Når lydstyrka
er mellom +6 og 9 dB (desibel), er lyden overstyrt, og kan "sprekke"
overtone
Harmonisk tone som kling veikt saman med grunntone