Vestads vevstad   Ymseposten   Mål og middel   Bokinnsynet   Privaten   Lesarbrev

Klassikaren Språk er makt av Rolv Mikkel Blakar

Den som har lese Språk er makt, kjem iallfall til å hugse tittelen. Truleg kjem lesaren også til å komma i hug noko av innhaldet. Sia samfunnsvitaren og psykologen Rolv Mikkel Blakar gav ut boka i 1973, har ho komme i seks utgåver. Det seier noko om kva for posisjon denne Pax-boka har fått - og ho har fått stå utan konkurranse i Noreg.

Språk er makt lærte meg som norskstudent på 80-talet at språk er meir enn ord i system. Som journalist var det nyttig å veta kva språket gjer med meg, og kva eg og andre kan gjera med språket. Nå, som førelesar i mediespråk ser eg på perspektiva i denne 70-talsboka som det viktigaste på min del av pensum, og eg synst det er uforsvarleg å utdanne folk til mediebransjen utan at dei har lært kva slags reiskap språket er.

Eg vil i denne omtalen komma inn på nokre av emna Blakar tek opp, for på den måten å fortelja noko om ærendet hans, samstundes som eg håper at det skapar interesse for både boka og bodskapen. Det aner meg at Rolv Mikkel Blakar greidde å skaka lesarar som før dei las boka hadde sett på vanleg, friksjonsfri språkbruk som tilnærma nøytral, og språket som ein rettferdig berar av bodskap. Boka hans punkterer den førestellinga.

Da Blakar kom med Språk er makt i 1973, hadde dialektbølgja begynt, kampen mellom nynorsk og bokmål hadde for lengst funne sine former, og det var samstundes eit sterkt, radikalt engasjement både på arbeidsplassar og i utdanningsinstitusjonar. Boka til Blakar utdjupa tydeleg det mange kjende på og hadde sett merkelappar som "klassespråk" på - språket er ingen nøytral reiskap. Det er det heller ikkje i dag, og bevisstheita denne boka kan skapa hos lesarane, har framleis påverkingskraft.

Fyrste kapittel i boka tek for seg korfor ein kan seia at språk er makt. Her er det tale om perpektiv vi skapar og sansar gjennom språket. Eksempelvis gjev det ulikt inntrykk å snakke om at flaska er halvfull enn om ho er halvtom, om vi seier at nokon har knabba eller stole kaker, osv.  Blakar nemner at orda vi vel å bruke, ikkje berre viser til noko, men dei vekkjer også assosiasjonar og utløyser kjensler. Eit ord som kan verke nøytralt og uskuldig, kan altså styre tankane våre i bestemte retningar og stimulere visse haldningar. Blakar meiner vidare at verkelegheitsoppfatninga vår blir strukturert og formidla gjennom språket, jf Sapir/Whorf-hypotesen, som går ut på det same. Forfattaren framhevar her at ordtilfanget vårt "naturlegvis (er) heilt ut avgjerande for kva slags sosiale realitetar vi kan gripe, forstå og formidle ved hjelp av det norske språket" (s 40).  Samstundes røper språkbruken noko om haldningane til språkbrukaren andsynes emnet det er tale om, så vel som til den han vender seg til. Språkbruk skapar fellesskap eller avstand, gjennom faguttrykk, slang, dialektbruk osv.

Det som gjer dette interessant i dag, er at det set ord på noko som mange har eit inntrykk av, men som dei ikkje riktig har fått sett ord på - eller har tileigna seg. Og i motsetning til mange andre språkteoretikarar, er Blakar lett å lesa. Kapittel 2 i Språk er makt syner lesarane svart på kvitt kva språkleg makt sendarar av mediebodskapar sit med, og på grensene for denne makta. Blakar går gjennom ulike ledd i kommunikasjonsprosessen, og det har andre gjort mye meir innvikla enn han både før og etter. Blakar peiker på kva som kan skje i ulike delar av kommunikasjonsprosessar, i staden for å byggje ut ein avansert modell. Det set iallfall denne lesaren pris på.

For å vera konkret: Blakar set meir eller mindre likheitsteikn mellom språklege verkemiddel og maktmiddel, som at det vi kallar eit fenomen er med på å avgjera korleis vi skal oppfatte fenomenet. Eit døme frå 90-talet er det nylaga ordet `samråderett`. Ordet vekkjer positive assosiasjonar, og vart brukt til fordel for norsk EU-medlemskap i EU-kampen. Eit anna punkt er dei premissa ein sendar legg til grunn for kommunikasjonen, og som det kan vera vanskeleg for ein mottakar å stille seg tvilande eller negativ til utan at det forstyrrar kommunikasjonen. Slik perspektivstyring er det nødvendig å vera merksam på i til dømes analyse av nyheitsintervju og debattar.

I Språk er makt bruker Blakar mye plass på kjønn og språk. I kapittel 3 viser forfattaren korleis språket er med på å støtte opp om innarbeidde førestellingar om manns- og kvinneroller. Sia språket er eit arvestykke, blir verdiar formidla automatisk frå generasjon til generasjon, og endringar skjer ikkje så fort. For å få fortgang i arbeidet for likestilling, har vi i Noreg brukt språket aktivt. Blakar er skeptisk til denne strategien. Språklege nyskapingar kan motverke forandring, meiner han, fordi nye, kjønnsnøytrale ord kan tilsløre at verkelegheita som dei nye orda blir brukt om, ikkje har forandra seg. Ordet `stortingsrepresentant` for `stortingsmann` forandrar ikkje det faktumet at det sit færre kvinner enn menn på Stortinget.

Kva skal ein så gjera for å vise at språket verkar diskriminerande? Blakar peiker på to strategiar. Den eine går ut på å avsløre eller problematisere skjult kjønnsdiskriminering gjennom språket, og at ein gjer merksam på dette når ein bruker det som kan vera diskriminerande ord. Ordet `yrkeskvinne` kan brukast, om ein samstundes gjer merksam på at ordet yrkesmann ikkje eksisterer - det uttrykkjer underforstått at det er naturleg at ein mann har eit yrke.

Den andre strategien er å finne språklege nyskapingar som viser kjønn, som er likestilte eller nøytrale med omsyn til kjønn. Somme av nyskapingane Blakar nemner, har slått gjennom, t d `politikvinne`, andre har det ikkje. Ved å presisere at det er tale om ein mannleg overlege, drosjesjåfør osv får vi samstundes sagt noko om den kjønnsdiskrimineringa Blakar finn når kvinnelege utøvarar i same yrke får etiketten `kvinneleg` knytt til yrkestitlane sine. Blakar meiner også at det kan vera ønskjeleg med det han kallar språkleg reversering. Det vil mellom anna seia at ein bruker ord som til vanleg er brukt om kvinner, om menn - og med kjønnet markert. Men korkje `sjukebror` eller `skravlemann` er vel særleg mye brukt…  På desse måtane får Blakar fram korleis ein kan bruke språket til å syne roller og rolleoppfatningar. Og her ser dagens lesarar at ein del av denne synleggjeringa har vorte gjennomført for ord som syner kvinner i ulike yrkesroller, medan `vaskekone` har vorte erstatta med `reinhaldar` eller andre kjønnsnøytrale (?) hankjønnssubstantiv med høgare prestisje.

Da Blakar skreiv boka, meinte han at det var riktigast å bruke språket til å avdekkje kjønnsrollefordelinga, og i ein overgangsperiode overdrive fokuset på kjønn. Dersom vi nå er ferdige med denne perioden - og det ser det ut til at vi er - skal vi ifølgje forfattaren gå over til å finne fram til kjønnsnøytrale språklege uttrykk, og nøytralisere seiemåtar som `kvinneleg drosjesjåfør`. I ein artikkel frå 1997 viser forøvrig Toril Swan at vi i Noreg har valt ein generisk strategi på dette punktet; idealet har vore å bruke personnemningar som ikkje er kjønnsmarkerte. I tysk har ein valt synlegheitsstrategien, der det blir synt kva kjønn det er tale om (Kjønn, språk og ideologi, Språknytt 4/97). Artikkelen til Swan syner at språket nok har støtta arbeidet for likestilling, og kan godt lesast som eit supplement til kapittel 3 hos Blakar.

Medan ein del av eksempla Blakar dreg fram for å syne kjønnsdiskriminering i og gjennom språket verkar utdaterte, gjeld ikkje det same undertrykking av språk. Slik eg ser det, er det fyrst og fremst debattklimaet som er annleis. Fyrst på 70-talet var språkstriden i Noreg kvassare enn han er i dag, og Blakar bruker kapittel 4 til å syne språkleg undertrykking i Noreg. Dei vrangførestellingane om og den latterleggjeringa av nynorsken Blakar skildra fyrst på 70-talet, finst framleis, ikkje minst i media. Eit døme er at VG for eit par-tre år sia brukte to sider på å spørja kjende nynorskbrukarar om kva sjeldne nynorskord tyder. Eg kan ikkje tenkje meg at avisa ville ha brukt like mye plass på å spørja bokmålsbrukarar om vanskelege bokmålsord. Også her er Blakar sitt ærend avsløringa - av eksempelvis skjulte fordommar og kompliment med dobbel botn. Dei med språkleg tryggheit og makt kan ta seg rett til å vurdere og gje kompliment om språket til andre, skriv Blakar. Når ein nynorskbrukar får høre kor vakkert det er med nynorsk i lyrikk, kan han lett glømme at godorda dreg fokus vekk frå at den som seier dette like gjerne kunne ha sagt at nynorsk eigentleg ikkje passar som nyheitsspråk.

Kapittel 5 er om korleis sosiale realitetar blir skapt gjennom avisspråket. I dette kapitlet skisserer Blakar ein "passiv kommunikasjonsmodell", som han kritiserer  for å unnlata å dra inn den makta avsendar har til å strukturere eit bilde av verkelegheita for mottakarane. Blakar syner korleis Aftenposten og Klassekampen dekte Norgas-streiken i Oslo i 1970, og analysen syner kva for premiss artiklane om konflikta bygde på i desse to avisene. Samstundes viser han kva for oppfatningar ei gruppe lesarar (Blindern-studentar) hadde av dei to avisene og rammene dei skreiv innafor. Dei skarpe ideologiske skiljelinjene frå 70-talet  - også som vist i avisspråket - kan vekkje latter i dag, men innfallsvinkelen og hovudpoenget til Blakar, er like fullt aktuelt. Blakar godtek ikkje at språket passivt "avbildar" verda, og ønskjer at vi skal sjå kritisk på den aktive, skapande rolla media har gjennom språket. Dette påverkingsperspektivet er det nok større forståing for i dag enn da boka kom ut, på same måte som at eit saklegheitsideal meir eller mindre har erstatta trua på ein objektiv journalistikk.

Dei delane av boka eg har gått gjennom til nå, utgjer den opphavlege Språk er makt-boka.
Gjennomgangen min kan skapa eit inntrykk av at eg er overbegeistra for boka og einig i alt som står der. Det er eg ikkje. Eg synst til dømes at kapitlet om nynorsk blir for knytt til målrørsla sitt strev til å ha allmenn interesse, og at kapittel 5 er for langdrygt. Dette er kanskje eit utslag av alder og historieløyse, men i det heile meiner eg at boka framstår som vel ordrik og litt rotete oppbygd. Det kan forklarast med at det eigentleg er ei artikkelsamling, med stoff frå tida mellom 1969 og 1972. Ikkje alle eksempla Blakar kjem med, er like treffande eller gyldige i dag som den gongen, heller. Forfattaren ber da au lesarane vurdere om dei eksempla han nemner framleis er dekkjande, eller om situasjonen har endra seg.

Eg kunne ha ønskt ei forkorta og oppdatert utgåve av Språk er makt, men Blakar vil ikkje gje oss det. Han skriv i innleiinga til 1996-utgåva at avstanden i tid har verdi i seg sjølv, slik at å komma med ein nyskriven versjon er "nesten som ei mild historieforfalsking" (s 9). Dessutan peiker han på at media i dag står andsynes tilsvarande språklege og verdimessige val som Klassekampen og Aftenposten fyrst på 70-talet. Det er eg einig i, og eg deler også Blakar sitt syn på at det fleirkulturelle Noreg fortener å bli plassert i eit språk-makt-perspektiv. Eit aktuelt tankekors her er at NRK Austlandssendinga nå har redaksjonelt tilsette med utanlandsk aksent, men held seg ikkje med nynorskbrukarar. Utslag av språkleg diskriminering?

Språk er makt blir nok ståande som ho er. Nokon andre bør skrive om språk og makt ved inngangen til eit nytt tusenår, med omsyn til den faglege utviklinga sia 1970-talet og dei språklege og samfunnsmessige endringane vi har sett sia da. Før det skjer, meiner eg det er nødvendig at alle som forskar på medieinnhald eller utdannar seg til redaksjonelt arbeid i mediebransjen, bør ha lese dei fyrste 150 sidene av Språk er makt.

Av Jon Peder Vestad. Trykt i Norsk medietidsskrift 2/1999.



Vestads vevstad   Ymseposten   Mål og middel   Bokinnsynet   Privaten   Lesarbrev