Mediespråk. Form og
formidling i journalistikk
Så det er sagt, dette er
eigenreklame, ikkje journalistikk!
Boka Mediespråk.
Form og formidling i journalistikk er no i handelen. Denne boka gir ei brei innføring i form og
formidling i journalistikk, frå eit overordna plan der det blir greidd ut om
språk og makt, språknormer og haldningar, til praktisk journalistisk arbeid
med språket som verkty. Det blir mellom anna gjort greie for språkideal,
journalistiske sjangrar og verkemiddel, argumentasjonsteknikkar og arbeid med
journalistiske tekstar. Forfattarane drøftar vidare kva som kjenneteiknar
godt språk og god kommunikasjon, og viser korleis ein kan ordleggje seg og
byggje opp gode tekstar innanfor ulike journalistiske sjangrar.
Boka handlar om
mediespråket i tradisjonelle medium, men kjem også inn på språket i nye
elektroniske medium. Språkbruk i radio og fjernsyn har fått god plass, og
stemmebruk og framføring er emne for eit eige kapittel. Forutan ei rekkje råd
om god språkføring, inneheld boka også oppgåver og ei journalistisk
ordliste.
Mediespråk. Form
og formidling i journalistikk er skriven for journaliststudentar og andre
som studerer eller bruker språk i massemedia. Boka kan også høve for lærarar
som underviser i mediefag og norsk i vidaregåande skular og folkehøgskular,
og for folk som arbeider med informasjon. Ho blir gitt ut av Samlaget, og er
no altså å få kjøpt.
Forfattarane er båe
tilsette ved Høgskulen i Volda (HVO). Bjarte Alme (f. 1938) er førsteamanuensis
i journalistikk ved Avdeling for mediefag på HVO. Jon Peder Vestad (f. 1963)
er stipendiat i mediespråk same stad. Båe forfattarane har arbeidd som
journalistar, og har journalistikk og mediespråk som arbeidsfelt.
Lagt ut på nettet 9.
august 2002
|