Demokratiet
og det norske samfunnet
Hausten
2003 er det val, i 2005 er det 100 år sia Noreg vart sjølvstendig nasjon. Da
er det dessutan nytt stortingsval. Desse hendingane gjev høve til å sjå på
mange sider ved det norske demokratiet. Nå veit eg sjølvsagt at media tek
for seg det norske demokratiet dagleg, men kanskje er dei for sikre på det
demokratiske sinnelaget til viktige samfunnsaktørar?
For nokre veker sia
kunne vi lese at nokre næringslivsfolk har sett opp statsminister Kjell Magne
Bondevik på fyrsteplassen over dei mest ”patetiske” personane i Noreg.
Også andre menneske med klare verdistandpunkt sto på same lista.
Kjøp og sal av
politisk makt
Det å ha sjølvstendige
meiningar som desse næringslivsfolka ikkje liker, skulle dermed
diskvalifisere dei frå å bli tatt alvorleg. Eg meiner det er kåringa som er
alvorleg. Her er det altså ei gruppe ressurssterke menneske som ingen i Noreg
har valt til å forvalte samfunnsverdiar, som ytrar seg. Det er ingen som har
valt dei store aksjespekulantane og næringslivstoppane som samfunnsstøtter,
dei er forretningsmenn og kjøper og sel. Somme ønskjer å kjøpe seg makt, -
dei kallar det handlingsrom, mulegheit til privat initiativ og liknande.
Kjøp og sal er også
vanleg i politikken, heilt klart, men dei menneska som da forhandlar, er stort
sett valde ut frå partilister som alle i Noreg i teorien kan vere med på å
påverke. Tilsette rådgjevarar osv. er unnataka. Alle kan bli medlemmer av
eit politisk parti og arbeide i partia. Om partiet til Kjell Magne Bondevik
ligg under ti prosents oppslutning i folket, så er likevel regjeringa han
leier det einaste styringsdyktige alternativet det norske demokratiet har nå.
Dei er folkevalde. Næringslivstoppane er ikkje folkevalde. Dei forkynner ei
personleg makt, medan dei utskjelte politikarane forvaltar ei folkevald makt.
Og denne makta har vorte innskrenka dei siste åra, mellom anna på grunn av
den oppfatninga av at staten skal styre med minst muleg som stadig fleire har
tatt til seg.
Folkevald
”handel” er folkevald
Eg er overbevist om
at det finst rikeleg med antidemokratiske haldningar hos viktige menneske i
Noreg. Men dette blir sjeldan eller aldri avslørt, og iallfall ikkje tatt på
alvor. Til fleire posisjonar og oppgåver vi får i Noreg som fell utafor
offentleg styring, til meir spelerom får da ikkje-valde forvaltarar. Dei
demokratiske vala blir meir meiningslause, og meir av det som kunne ha vore
politikk, blir til handel. Der har vi kjøp og sal igjen, og som nemnt – det
er ikkje ukjent i politikken. Men det finst ein viktig forskjell, og det er at
politikarane som kjøpslår, opptrer som folkevalde og må finne fram til løysingar
som gjeld eit fellesskap, medan næringslivstoppane arbeider for seg sjølve,
for styret sitt og for aksjeeigarane sine. Dette gjer næringslivstoppane til
småkongar, og somme av dei har også politiske ambisjonar.
Det armslaget
sutrekoppane i næringslivet har og krev, kan sjølvsagt smitte over på
politikarar, så det er ikkje akkurat noka overrasking at folkevalde byter
hattar og får toppstillingar i det private, heller. Uheldig samrøre mellom
personlege økonomiske interesser og politikk hos politikarar, må ein sjølvsagt
slå ned på. Men at politikarar løyver pengar til tiltak som står for same
verdigrunnlag som dei sjølve, er ikkje ”korrupsjon på norsk”, det er
snakk om politiske handlingar som har følgt demokratiet vårt i tiår.
Småkongar i og
utafor politikken
I Italia har dei
Berlusconi, og også her til lands ser vi at somme ser på politikk som ein
slags form for handel, der nokon skal vere forretningsførarar med veldig stor
makt. Det skader etter mitt syn demokratiet. Sjølvsagt må næringslivsfolk få
vere aktive i politikken, som politikarar. Men ville dei vere interesserte i
å styre etter demokratiske prinsipp?
Vi får høre at
organisasjonane har for stor makt i Noreg, og da er det særleg fagforeiningar
og bondeorganisasjonar det er snakk om. Men kva med klager over makta til NHO,
Rederiforbundet og Prosessindustriens Landsforening? Den møter vi sjeldnare.
Dei store lønnstakarorganisasjonane er rekna som ein del av det norske
demokratiske systemet, og somme næringslivstoppar ønskjer nok inderleg at
dei hadde sloppe å ha tilsette som stilte krav. Sjølv kan dei derimot stille
mange slags krav, og i kraft av posisjonar, sjølvtillit og evne til å sleppe
til i media, får dei forkynne oppfatningane sine. Dei kan bli oppfatta som
motekspertise, det friske, opposisjonelle synet som går makta tvert imot. Bak
lurer reaksjon, ei tru på ”naturleg” makt i tråd med
marknadsliberalistiske lover, mot den gammaldagse trua på folkevilje, val og
demokratisk styring. Og det finst alltids ein eller annan ekspert som kan støtte
dei, med vitskaplege titlar bak namna sine.
Den politiske
retorikken
Vi er ikkje fødde
demokratar. Eg har skjønt såpass mye at det går an å bli maktkåt og
avhengig av makt, og somme politikarar er det meir enn andre. Det demokratiske
sinnelaget hos enkelte politikarar burde nok au undersøkjast.
Ei side ved den
politiske kulturen i Noreg som eg ikkje har sett særleg behandla ennå, er
korleis politikarar har gått frå å vere representantar for veljarar, eit
parti, eit departement osv. – eit ”vi”, til eit ”eg”. Også
statsministeren gjev uttrykk for at det er han som ordnar og fiksar alt muleg.
Ei retorisk analyse av politikarspråk før og nå kan faktisk bli eit godt
stykke politisk journalistikk. Endringa frå ”vi” til ”eg” er ikkje
uvesentleg for kva inntrykk vi veljarar får av politikken, om vi er
inkluderte, om kven som handlar.
Dersom de under det
eg har skrive til nå ser eit slags sosialdemokratisk ideal for maktfordeling
og levestandard i samfunnet er ikkje det heilt feil. Somme menneske ser ut til
å ta det for gitt at andre, mange andre, skal tene dei og interessene deira,
og dermed er vi nesten tilbake i føydalstaten. Eller tilbake til ”survival
of the fittest”-tankegangen, som både fascismen og marknadsliberalismen har
innbakt i seg. Det er nok fleire fascistar i det offentlege rommet enn mange
av oss liker å tenkje på. Dessverre er det ingen som henger bjølla på
sauen. Ved å setje opp kva slike folk står for mot sentralt tankegods i til
dømes fascismen, seier dei det jo i grunnen sjølve. Det burde vere verd
nokre klager til Pressens Faglige Utvalg...
Etterord
I denne samanhengen
har eg stort sett skåna dei folkevalde. Det er to grunnar til det. Det eine
er at dei får ufortent mye kritikk, og for mye av den kritiske, politiske
journalistikken handlar om prosessar (krangling, forhandling), ikkje om
faktiske standpunkt, verdiar og konkrete resultat. Alle burde skjerpe seg der,
TV2 mest. Men eg er overbevist om at vi også har viktige politikarar utan eit
demokratisk sinnelag, og eg skulle gjerne ha sett at dei au vart røykte ut.
Det andre er at dei trass alt er folkevalde, og vi kan bli kvitt dei ved val.
Det kan vi ikkje med næringslivstoppane. Og så vil eg leggje til at eg
synest spesielt KrF-politikarar blir tatt hardt og urettferdig i mange
samanhengar, truleg berre fordi dei er KrF-arar. Kvalmt.
Det siste poenget
kunne eg ha gjort meir ut av, det verkar ikkje som om alle blir like godt
behandla i media. Somme får ufortent snill behandling, og det trur eg kan
straffe seg seinare. På mediekritikk.no
las eg dette i juni 2003:
"Det
er symptomatisk at pressetalskvinnen for Oslos største muslimske menighet,
World Islamic Misssion, uttaler til Dagbladet at hun ikke kjenner situasjonen
i Iran og Saudi-Arabia særlig godt, men at hun antar at menneskerettighetene
ikke brytes i disse landene. Dagbladet tar dette relativt oppsiktsvekkende
utsagnet for god fisk og stiller ingen oppfølgingsspørsmål. Et relevant spm
kunne f.eks ha vært:
-TULLER du? TULLER du med oss?"
(Frå innlegget Saudi-Arabias
ledende bøddel)
Ja, korfor ikkje?
Pressetalskvinna Amber Khan kunne godt ha fått oppfølgingsspørsmål av
denne typen, akkurat som andre maktpersonar i samfunnet burde få bryne seg på
enkle, grunnleggjande spørsmål av typen Korfor det? Meiner du verkeleg
dette? Kva ville skjedd viss alle tenkte som deg? Eg håper at
journalistar alltid vågar å stille det neste spørsmålet, anten det
er grunnleggjande og dermed ofte enkelt, eller vanskeleg og dermed kanskje
brennbart.
Av Jon Peder
Vestad
Lagt ut på nettet
30. juni 2003
|