 |
Den nynorske
etnisiteten
I
mange år har eg vore etnisk norsk utan å vete det. Den norske etnisiteten
har eg heller ikkje visst av, sjølv om eg har levd midt oppe i han. For meg
var det etniske knytt til folkemusikk frå land langt unna, trefigurar laga i
Afrika, mat med sterk krydder, og butikkar på austkanten i Oslo. Men no er
det etnisitet over alt.
Eg
hugsar ikkje når eg fyrst hørte om ein norsk etnisitet eller om etniske
nordmenn. Så fælt mange år sia er det ikkje. Men lenge før Gro Harlem
Brundtland fortalde kva eigenskap som var typisk norsk (den med å vere god),
visste eg at det var noko ved oss nordmenn.
Omgrepet
’etnisitet’ blir brukt i analysar av fenomen som har funnest i uminnelege
tider, men faguttrykket ser fyrst ut til å ha vore brukt på 1940- eller
`50-talet. I norsk samanheng er det såpass lite brukt utafor bestemte fagmiljø
at det ikkje er med i Nynorskordboka frå 1994. Der finn vi derimot 'etnisk',
"som gjeld eller særmerkjer eit folkeslag eller ein rase". Enno
trur nok mange at etnisitet har med rase og utsjånad å gjere.
På ferie i
Tunisia reiste eg ein dag saman
med ei tysk jente til ein by med gamle ruinar. Kva staden heiter, hugsar eg
ikkje, men der møtte eg iallfall tre nordmenn. Ein av dei hadde på seg ei
t-skjorte som synte at han var norsk. Da var det jo naturleg å slå av ein
prat, og tonen var der straks. Etterpå sa den tyske jenta at noko slikt ville
tyskarar aldri kunna ha gjort. Det verka som om vi hadde kjent kvarandre heile
livet, meinte ho.
Det
er sikkert mange som har opplevd det same. Nordmenn finn saman, og den einaste
grunnen er at vi har vakse opp innafor grensene til kongeriket Noreg og har gått
gjennom dei norske rituala: Lært
å gå på ski, gått i 17. mai-tog, ete graut osv. Og så har vi jo språket
felles, da. Slik har det iallfall vore, og vi har kanskje ikkje tenkt over at
dette skulle vere noko spesielt. Ja, det er spesielt samanlikna med
folk i andre land, men dei har sine greier. Slik er det berre. Det etniske har
ikkje vore noko emne før dei aller siste åra.
No
ser bruken av ordet ut til å breie seg, og vi kan rett som det er høre om
’etniske nordmenn’. I mars 2002 brukte eg søkjemotoren Google for å
finne spor av norsk etnisitet på nettet. Det fanst. På norske internettsider
var ’norsk-etnisk’ nemnt ca. femti gonger, ’etnisk norsk’ om lag 100,
’etnisk norske’ over 300 gonger og ’etniske nordmenn’ nesten 300
gonger. Det var berre på internettsider frå .no-området. Om eit år er det
nok fleire.
Det
går ikkje an å nekte for at det finst ein norsk etnisitet også utafor
internettverda. Men kva er etnisitet? Etnisitet blir behandla innafor ulike
fagtradisjonar, og vi kan finne ulike og dels motstridande oppfatningar av
omgrepet. Artikkelsamlinga Ethnic Groups and Boundaries frå 1969 har
hatt mye å seie for oppfatninga av 'etnisitet' i tiåra som har følgt.
Antropologen Fredrik Barth skreiv innleiingskapitlet, og der forklarer han
ikkje uttrykkjeleg omgrepet, men i ein artikkel frå 1994 forklarer han
’etnisitet’ som ”organiseringen av grupper på grunnlag av
kulturforskjeller”. Thomas Hylland Eriksen seier at det er ”et aspekt ved
en relasjon og ikke en egenskap ved en person eller en gruppe”. Barth meiner
elles at etnisitet er situasjonsavhengig og i stadig justering, og ikkje nokon
opphavleg og uforanderleg eigenskap ved ei gruppe.
Jaha! Organisering er eitt stikkord,
kulturforskjellar det andre.
Eg studerte eit
semester i Åbo. Det var langt nok heimafrå til at vi få norske som var der,
vart plasserte i same kategori som tyskarar, amerikanarar og andre
utlendingar. Fleire gonger fekk eg høre at ”ni norrmän har så fina tröjor”.
Ein gong trudde eg at ein finlandssvenske var norsk fordi han gjekk i
Devold-genser. Meir skulle ikkje til.
Eg
skal ikkje gå inn på ”Norges Dæmring”, 1814 og alt det der, men det er
iallfall lett å registrere både organisering og kulturdrag som skil det
norske samfunnet frå andre. I møte med andre blir skilja tydelegare, og
iallfall i tidlegare tider førte dette til samhald ut frå det som var
felles. Nordmenn busette seg i same bydelar i New York og Chicago, nordmenn
festa saman i København i dansketida, og i dag ser vi at det veks opp norske
fellesskap i Syden. Men det har også skjedd noko anna: ”Utlendingane” har
komme til Noreg! Ja, nå er det jo ikkje noko heilt nytt at det kjem
fremmendfolk til lands, da. I Bergen heldt hanseatane til og lærte folk vestpå
å bruke garpegenitiv (”mannen sitt hus”), nordpå kom det russiske
handelsfolk og finske busetjarar, og gjennom skogen og over havet sør- og
austpå kom det folk frå Finland, Sverige, Danmark, Tyskland, Nederland osv.
Ikkje alle tok skikken heilt der dei kom, og vi fekk impulsar utafrå.
Annleislandet var ikkje noko utaforland.
Det
er nok ikkje berre utbreiinga av sosialantropologien som har gjort at
etnisitetsomgrepet har komme så i vinden i Noreg. Nei, det er kanskje
temmeleg uviktig. Men omsider verkar det som om det norske storsamfunnet, det
etnisk norske Noreg, har skjønt at dei som kom hit frå Jugoslavia, Marokko,
Pakistan osv. for å arbeide, blir her. Og det same valet gjer andre
som har komme hit frå utlandet. Dei vil ikkje berre bu her, men også leve
her på sine måtar. Der forskjellane i skikkar er synlege, blir etnisiteten
deira tydeleg. For dei som da har ein kultur som skil seg frå vår, er
etnisiteten vår tydeleg. I eit fleirkulturelt Noreg blir somme redde for at
det etnisk norske skal forsvinne, medan andre ser ut til å skjemmast over
matpakka, søndagsturen og dei heimestrikka ullgenserane. Jaja.
På
1980-talet budde eg eit par år i eit bufellesskap på Grünerløkka i Oslo. I
fyrsteetasje budde det ein familie frå Jugoslavia. Gutane i familien syntest
at vi hadde så rare namn: Kjørven, Faleide, Vestad…
Eg
ser ikkje bort frå at det har eit svip av mote over seg å snakke om
etnisitet. Sjølv begynte eg å interessere meg for det i sambande med i ei
undersøking om kva haldningar journalistar som bruker nynorsk har til språket
sitt. Det viser seg at dei er sterkare knytt til nynorsken enn journalistar
som bruker bokmål er til bokmålet. Her har vi ein klar mindretals- og
fleirtalssituasjon som vi kjenner att frå mange land. Dei som hører til eit
mindretal er vanlegvis meir klar over denne mindretalsposisjonen enn
fleirtalet er. Eg tok til å lure på om det finst ein nynorsk etnisitet. Det
kan nok verke provoserande å dra inn ein etnisk dimensjon i forholdet mellom
brukarane av to skriftspråk som bokmål og nynorsk, ja, mange vil nok
i utgangspunktet avvise heile tanken. Nettopp derfor kan det vere nyttig å ta
opp emnet. Thomas Hylland Eriksen skriv at ”etnisitet ofte har størst
betydning i forholdet mellom grupper som står hverandre nær hva språk,
skikker og konvensjoner angår”. Han skriv også at for ”norskamerikanere
i Minnesota skjer det kanskje to-tre ganger i året at deres etnisitet blir
tematisert”. Det treng altså ikkje vere meir.
Dette
fører oss til det eg kallar Nynorsk-Noreg. Her finn vi mange
organisasjonar og kulturtiltak med Nynorsk Forum som ei overbygning, vi finn
nynorskkjendisar og ei eiga nynorsk offentlegheit. Dels overlappar ho, dels er
ho på sida av det felles-norske. Nynorsken har eit eige kjerneområde på
Vestlandet og i ”dalstrøka innafor”, og dette kjerneområdet har sin
eigen interesseorganisasjon, Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Og
nynorskbrukarane er ikkje heilt som alle andre. Statistikaren Ottar Hellevik
(2001) har undersøkt om nynorskbrukarar og bokmålsfolk svarer ulikt i
intervjuprosjektet Norsk Monitor. Det overraskar knappast at langt fleire
nynorskfolk bur på landsbygda enn i byane. Nynorskbrukarane er oftare
personleg kristne og fråhaldsfolk enn bokmålsbrukarar, og dei er oftare mot
norsk medlemskap i EU. Nynorskbrukarane har oftare tradisjonelle, idealistiske
og politisk radikale livsoppfatningar, mellompartia er overrepresenterte og
nynorskfolk i byane stemmer oftare enn andre SV og RV. Hellevik ser ei
politisk radikalisering og fleire såkalla idealistar blant nynorskbrukarane,
men i båe leirar er folk mindre tradisjonelle i verdisyn enn før. Likevel er
nynorskfolk framleis mindre materialistiske enn bokmålsbrukarane.
I
nokre år hadde eg leilegheit i ei grend i Oslo som heiter Rosenhoff, mellom
Carl Berner og Sinsen. Ein dag fortalde ein gammal kar frå nabolaget meg om
kor fint det var å fare opp i Nordmarka for å fiske. Det hadde han gjort med
far sin. Eg følgte interessert med, og snakka litt borti. Da ville mannen
vete kva land eg kom frå.
I
ei utgreiing om nynorsk og regional utvikling peikar Håvard Teigen (2001) på
skilnader mellom område der nynorsk er mye brukt, og bokmålsområde. Ved å
undersøkje folketalsutvikling, flyttemønster og haldningar, ser Teigen
fleire skilje som følgjer målforma. Folketalsutviklinga er betre i
nynorskkommunane, og dei som bruker nynorsk, er meir opptatte av å ta vare på
lokal identitet og tradisjon, og er nærare knytte til heimkommunane sine.
Teigen finn teikn som syner at nynorsk kan vere ei kraft som påverkar
samfunnsutviklinga, - nynorskkommunane er til dømes meir motstandsdyktige mot
sentralisering. Utkant-Noreg blir ”avfolka og tynnest ut, men dette gjeld
bokmålsutkanten, ikkje nynorsk-utkanten", skriv Teigen. Han peiker au på
at dei "dynamiske og kreative industrielle regionane" Jæren og
Sunnmøre hører til det nynorske kjerneområdet. Teigen konkluderer varsamt
at det "kan vere at nynorsk saman med nynorskens grunnlag, dialektane,
har vore med på å byggje regional identitet, sjølvkjensle og sjølvtillit".
Dette er statistikk, og kan brukast til så mangt. Men kan etnisitetsomgrepet
nyttast? Eg har ikkje noko ønskje eller behov for at folk som bruker nynorsk,
skal tilhøre ei anna etnisk gruppe enn andre. Men eg er nyfiken.
Mor
mi kjem frå ei innlandsbygd austpå, far min frå ei kystbygd på
Nordvestlandet. Båe bruker nynorsk. I heile oppveksten hørte eg om dei tause
dølane og dei livlege, lettpratande romsdalingane. Mi erfaring er at dette
stemmer. Det er ikkje noko rart om folk i eit land med så store avstandar er
ulike, uavhengig av målform.
Attende
til Fredrik Barth. Han meiner at etnisitet er situasjonsavhengig og i stadig
justering, og ikkje nokon opphavleg og uforanderleg eigenskap ved ei gruppe.
Men bak etnisitet finn vi etniske grupper, og dette omgrepet femner om ei
folkegruppe som ifølgje Barth har visse kjenneteikn. Desse kjenneteikna skal
eg no setje opp mot nynorskbrukarane som gruppe.
1.
Ei etnisk gruppe er i stor grad biologisk sjølvforsynt, og har altså ein
sikker tilvekst av nye medlemmer.
Nynorskbrukarane har ein nokolunde sikker tilvekst, ikkje over alt, men
i det minste i viktige nynorskområde. Nynorskbruken i skuleverket held seg
temmeleg stabil, sjølv om han har synt tilbakegang i prosent frå 1944 til
1977, og i åra etter 1990. Sjølv om mange vel vekk nynorsken, er det også
mange som ikkje gjer det.
2.
Ei etnisk gruppe deler grunnleggjande kulturelle verdiar. Barth legg vekt på variasjon i ei gruppe - somme syner mange drag som
knyter dei til gruppa, andre få. Det er ikkje noko krav om at ein må dele
alle – eller nokon – av desse verdiane for å vere nynorskbrukar. Og vi
ser at nynorskbrukarar og nynorskområde skil seg ut på visse punkt.
3.
Ei etnisk gruppe har sitt eige område for kommunikasjon og samhandling.
Nynorskbrukarane har eit slags alternativt samhandlingsnettverk på nasjonalt
plan der språk og kultur står sentralt. Nettverket er langt frå
fulldekkjande. Lokalt finst det også nettverk, som varierer i styrke og
breidde. Kjell Venås skriv at "det finst område i landet der nynorsk står
så sterkt at det er med ein viss grunn nokon har lansert nemninga "Ny-Noreg"
for å få fram dette". Her
treng ikkje nynorskbruken vere bevisst, men eit naturleg val som ikkje blir
knytt til noka oppfatning om særpreg.
4.
Ei etnisk gruppe har eit medlemskap som blir gjenkjent av medlemmene sjølve
og av andre, på den måten at det utgjer ein kategori som er mogleg å skilje
frå liknande kategoriar . Nynorskbrukarar
flest vil etter alt å dømme erklære seg som nettopp nynorskbrukarar når
dei blir spurde om kva målform dei bruker eller liker best å bruke. Dei
utgjer dermed ei gruppe i statistisk forstand. Kategorisering utafrå
av brukarane er også vanleg, t.d. oppfatninga av nynorskfolk som ”bønder”
.
5
+ 6. Geografisk utbreiing og eit indre
samhald blir lagt til som kjenneteikn for etniske fellesskap av Anthony D.
Smith, som er professor i etnisitet og nasjonalisme. Viss vi legg til
geografisk utbreiing, ser vi at nynorsken har eit geografisk kjerneområde. Og
samkjensle? I eit forskingsprosjekt eg sjølv driv med, har eg funne ei
tydeleg samkjensle tufta på språkbruk hos nynorskbrukarar i etermedia, ei
samkjensle som bokmålskollegaene knapt har. Hos ein hard kjerne nynorskfolk,
såkalla målfolk, finn vi truleg eit liknande samhald.
Gjennomgangen
over syner drag som kan peike mot etnisitet. Men vent no litt!
Ikkje før vi så vidt har begynt å venne oss til at det finst ein norsk
etnisitet, så kjem eg dragsande med ein nynorsk avart? Har eg nokon gong møtt
eit etnisk nynorsk menneske? Nei, ikkje det eg veit. Men eg har møtt folk som
avskyr bokmål, og som gjer alt dei kan for at livet deira skal vere så
nynorsk som råd. Dei les Dag og Tid, bed om blankettar på nynorsk, vel
Kaffistova framfor caféar, og kjøper heller bøker på nynorsk enn bokmål
til ungane sine. Etnisk tilhørigheit kan vere både tilskrive og sjølverklært,
men berre "i den grad personer føler seg som medlemmer, vil de selv
handle ut fra det og derved gjøre etnisitet til en atferdsmessig
realitet" skriv Barth (1994). Og drag av etnisitet kan finnast utan at
medlemmene i ei etnisk gruppe har nokon klar etnisk identitet.
Bror min elska
Amerika så sterkt at han drog til USA som utvekslingsstudent. Han fekk seg
bunad før han reiste. Da utvekslingsstudentane som var i USA det året vart
samla, var Åsmund og dei andre norske opprådde for eit kulturinnslag. Da
dikta dei opp ein slags ringdans som dei kalla oksedans, vel vitande at ingen
andre kunne avsløre dei…
Dei
eigenskapane som skil mellom etniske grupper, kan variere og er vilkårlege. Hårfrisyre
i Ecuador og religion i Nord-Irland er to døme på etnisitetsmarkørar som
Thomas Hylland Eriksen nemner. Folk kan knyte eksempelvis bunad, fele, graut,
ringdans, setring og ungdomslag nærare til nynorsken og nynorskbrukarar enn
til bokmålsparallellane, men ikkje nødvendigvis. Slike og andre kulturdrag
er ikkje tillagt vekt til å markere etnisitet i Noreg. Og det er etter
mitt syn ikkje råd å sjå at noka mogleg etnisitetsgrense mellom norskspråklege
skil tydeleg mellom kulturen til nynorsk- og bokmålsfolk. Heller ikkje
påverkar noko slikt organiseringa av dei og samhandlinga gruppene imellom
sett under eitt. Folk gifter seg til og med over målgrensene!
Likevel:
Det finst tendensar til at særdrag kan følgje eit kulturelt og
organisatorisk mønster. Det finst mellom anna ein nynorsk arbeidsmarknad som
ikkje er heilt uvesentleg, og også utafor ”nynorskland” finn vi foreldre
som alar opp nynorske barn. Om vi ikkje kan bruke omgrepet etnisitet til å
skilje mellom nynorsk- og bokmålsfolk, meiner eg vi kan sjå sosiale og
kulturelle drag blant norskspråklege som kan vere latente markørar av
etnisitet. Dette er etnisitet på sitt svakaste, som ei moglegheit og ein
organisatorisk faktor.
Eit
problem som straks dukkar opp, er at mange av oss vekslar mellom bokmål og
nynorsk. Er vi da etnisk nynorske eine stunda, og etnisk bokmålske den andre
stunda? Sjølvsagt ikkje. Men vi kan syne ulike identitetshandlingar i
kvart av tilfella, og dei kan førast attende til det språkleg-kulturelle
spennet vi finn i Noreg. Det eg likevel meiner verkeleg kan gjere
omgrepet etnisitet vanskeleg å svelgje i ein norsk samanheng, er at vi er
vane med at det skal vere svært tydelege eller skarpe skilje mellom etniske
grupper. Vi veit at forholdet mellom brukarane av bokmål og nynorsk
ikkje kan samanliknast med forholdet mellom serbarar, kroatar og muslimar i
Bosnia. Ei samanlikning med Bosnia kan gjere det upassande å snakke om
etnisitet hos oss. Samstundes må vi hugse at omgrepet i seg sjølv ikkje er
ladd med konflikt og krig, heller ikkje med gen.
Ein gong besøkte
eg ein redaksjon der dei fleste journalistane bruker nynorsk. Der slapp eg å
forsvare nynorsken, og det var ikkje nødvendig å forklare kva spesielle
vanskar nynorskbrukarar kan ha reint språkleg. Det var ei lette. Var eg blant
mine eigne?
Den
organiserte delen av nynorskbrukarane og andre med sterk nynorsk identitet –
målfolk - kan oppleve eit fellesskap som går på tvers av geografi, slekt og
kjennskap, ut frå same syn i saker som kjennest viktige for dei. At målfolk
er med i eit slikt førestelt fellesskapet kan dei vise ved t.d. å a) bruke
nynorsk bevisst, b) støtte ulike tiltak knytt til målrørsla, c) dele ein
del verdiar og interesser, men ikkje alle, som tradisjonelt er knytt til
norskdom, motkultur og det nynorske. Fellesskapet Nynorsk-Noreg er i fyrste
rekkje ein mental størrelse, ein parallell til Svenskfinland i
Finland. I Nynorsk-Noreg finn vi målorganisasjonar og det som i mållagssjargong
blir kalla "nærskylde tiltak", som forlag, blad, kaffistover osv,
men også nynorskklasser i bokmålsområde og dei 22 medlemmene Bodø og
omland mållag hadde i 2000. Eit slikt førestelt fellesskap må eksistere for
at ei etnisk gruppe skal finnast, om forholda ligg til rette for det. Dersom målfolk
hadde valt å sjå på seg sjølv som ei etnisk gruppe, er dei ifølgje Barth
det. Men det er ikkje tilfelle.
Eit
argument mot å bruke etnisitetsomgrepet i eit tilfelle der det ikkje
er snakk om ulike etniske grupper, er at omgrepet blir tømt for innhald. Eg
skjønner innvendinga. Dersom ein kan trekkje inn etnisitet i samband med bruk
av skriftspråk som bokmål eller nynorsk, kan ein vel også gjere det om det
er tale om religiøse eller politiske grupper? Ja, la oss ta religiøse
grupper. Dersom det er slik at trusfellesskap som Smiths Venner eller Jehovas
Vitne kan vise til drag som samsvarer med oppfatninga av etnisitet eg har
presentert her, vil eg seie at det også her kan finnast ein latent eller
faktisk etnisitet. Det avgjerande er om det som skil ei gruppe frå ei anna
bli gitt vekt, slik at det får følgjer for samhandlinga i samfunnet. Derfor meiner eg at etnisitet som omgrep kan vere interessant å
bruke i ein norsk-norsk samanheng. Kor viktig eller nyttig det kan vise
seg å vere, er eit anna spørsmål.
Om
ein sunnmørsk identitet fekk følgjer for politikk, økonomi og val av
ektefelle da ville sunnmøringane ha vore ei etnisk gruppe, skriv Hylland
Eriksen. Før var det vanleg at finlandssvenskane meinte at det fanst ”ett
medborgarskap men två nationaliteter”, nemner dei finske sosiologane Erik
Allardt og Christian Starck. Finlandssvenskane har ”alt tydligare börjat ha
etniska minoriteters egenskaper och uppfattar sig också som en sådan”. I
Noreg var norskdomsstrevet knytt til nasjonalstaten, og skulle gjelde heile
landet. Målsaka var ikkje regional. I dag ser vi at utbreiinga av nynorsk som
hovudmål og bruksspråk er avgrensa til eit kjerneområde i større grad enn
før. Den geografiske innsnevringa av nynorsken kan falle saman med regionale
drag i kultur- og samfunnsliv, og ein nasjonal nynorsk ideologi og strategi
kan bli – eller er i ferd med å bli - erstatta av ein regional
nynorsk ideologi og strategi. Det var forresten ikkje berre før i tida at det
vart danna etniske grupper.
Eg hadde besøk
av ein som har sete sentralt i Noregs Mållag og er langt meir nynorsk enn
meg. Vi snakka om nynorskkulturen, og båe følte vi oss ganske hjelpelause når
målfolk sette i gang å syngje frå ”den nynorske songskatten”. Den
kjende vi ikkje mye til. Båe hadde vi gått på bokmålsskular.
Offentlege
vedtak som skaper lagnadsfellesskap mellom menneske, kan utvikle seg frå å
vere juridisk definerte kategoriar til å bli sjølvbevisste grupper, ifølgje
Barth. Om for eksempel den obligatoriske sidemålsundervisninga fell vekk,
kjem ein del av landet til å hamne i eit nynorsk lagnadsfellesskap, og dette
kan samverke med andre faktorar, forsterke regionale særdrag og føre til
kulturelle skilje med følgjer for organisering og samhandling. Samstundes er
det mogleg at fleire ”vanlege” nynorskbrukarar kan rekne språkbruk som
ein viktigare del av identiteten sin enn før. Slik kan moderne statar bringe
fram klare skilje som skaper ”grunnlag for separate tilhørigheter som
utvikler seg til etniske grupper”, som Barth skriv. Sjølv om dette er
hypotetisk for oss, er det verd å vere merksam på.
No
har eg flytta meg frå omgrepsverda til Noreg og vidare inn i det norske, til
ein slags nynorskkjerne. Det er på tide å vende nasen mot den felles-norske
etnisiteten att. Frå tid til tid kjem eit språkleg-kulturelt konfliktområde
i det norske samfunnet til syne. Det kan gjelde sidemålet, nynorskbruk i
media, språkavstemningar eller
om retten til å få læremiddel på si eiga målform. Dette kan vise seg i
ordskifte, lesarbrev, demonstrasjonar, boikottar, underskriftsaksjonar osv.
som syner at språkspørsmål blir opplevd som viktige. Dette kan peike mot ei
breiare, meir allmennkulturell konflikt i landet vårt. No er det slik at
majoriteten står friast til å definere spelereglane i eit samfunn, og i
Noreg har bokmålssida dominert. Det kan mellom anna ha ført til at enkelte
kulturdrag og handlingsmønster har vorte underkommuniserte eller
usynleg(gjorde). Eg påstår ikkje at det er tale om etnisitet, men eg ser
ikkje bort frå at det å undersøkje om eit slags ”etnisitetsblikk” på
det norsk-norske samfunnet kan vere nyttig. Korfor er til dømes språkstriden
i Noreg så seig? Riksmål, landsmål og slagsmål; bokmål, nynorsk og strid
om sidemål… Det er noko som stikk djupt her.
Eg las ein gong
om ein vanleg, norsk mann med eit vanleg norsk namn og sikkert også eit
ganske normalt norsk liv. Han budde på ein gamleheim i Oslo. Han hadde ikkje
familie, og da slutten kom, hadde mannen eitt ønske: Han ville gravleggjast på
den jødiske gravlunden.
Den
norske etnisiteten har mange ansikt og former. Vi er ikkje fleire her i landet
at vi veit vi er få, og bur i eit land som er stort nok at det i seg sjølv
syter for eit visst mangfald. No er dette mangfaldet enda større, og verdiar
og handlingsmønster, skikkar og oppfatninga av ”det norske” endrar seg.
Det er heilt naturleg. Folkedrakta i Noreg på 1980-talet for ungdom var ei blå
dongeribukse, pizzaen er ein del av matkulturen vår, og vi som bur utafor
Noregs navle, føler oss nesten som avvikarar fordi vi ikkje har ein familie
med mørkare hud enn oss sjølve i gata. I samtida vår snakkar somme om
andregenerasjons innvandrarar, enda noko slikt ikkje finst, det nærmaste må
vere andregongs innvandrarar. Dei som veks opp med innvandrarforeldre,
får ein norsk etnisitet som er like norsk som min, berre annleis. I tillegg hører
mange av dei til andre etniske grupper også. Situasjonen avgjer kva for
etnisitet det er som kjem til uttrykk.
Det
er i skjeringspunkta mellom grupper at etnisitet blir viktig, der det kan skjere
seg. Samstundes er det ytterpunkta som gjer etnisiteten tydeleg, der vi knapt
kan tyde kvarandre. Slik sett ber den harde kjernen målfolk, det førestelte
fellesskapet Nynorsk-Noreg, ein norsk etnisitet som skil aller klarast norsk
etnisitet frå dansk, svensk osv. Dette betyr ikkje at eg meiner at
det nynorske er meir norsk enn noko anna som får stempelet norsk, heller
ikkje at det er betre. Etnisitet er ikkje noko statisk, og nye handlingsmønster
kan oppstå. Kulturelle særdrag som skil grupper, kan få ny vekt, drag som
tidlegare har vore uvesentlege, kan bli til grensemarkørar mellom grupper.
Det opnar for til dømes at skulemålet kan vere viktigare for
nynorskfolk no enn før, eller kan bli det, og at dei som vel å bruke (mest)
nynorsk, gjer det meir bevisst enn generasjonar før.
Sjølv
om det blir færre kulturelle skilnader mellom grupper og mellom land, treng
ikkje det føre til at viktigheita av etnisk identitet blir mindre. Det
motsette kan skje – ofte er det dei som lever i utkanten av eller utafor
gruppa som kan ha sterkast etnisk identitet. Om Noreg ikkje er eit utaforland,
så er det iallfall eit utkantland. Til og med hovudstaden har vi greidd å
plassere i ein krok! Eg trur ikkje at alle forskjellar blir borte og at det
som er att blir uviktig,om ”det norske” endrar seg og vi etnisk norske tek
til å likne meir på andre. Når vi i utkanten møter verda utafor, både ute
og heime, er det berre naturleg at vi ser tydelegare kva som skil oss frå
andre og kva som samlar oss..
På ein flytur
til Noreg frå utlandet vart eg sitjande attmed ein ka, og vi kom i prat.
Sidemannen sa at det var så godt å få snakke norsk att, og det same syntest
eg. Han kom frå Pakistan, fødelandet, og skulle til heimlandet. Båe var vi
norske.
Av
Jon Peder Vestad
Trykt
i Syn og Segn 2/2002, og lagt ut på Vestads vevstad 24. mai 2002 med nokre
mindre endringar. Artikkelen byggjer på eit vitskapsteoretisk innlegg ved
Universitetet i Bergen i januar 2002.
Kjelder:
Allardt,
Erik og Christian Starck: Språkgränser och samhällsstruktur.
Finlandssvenskarna i ett jämförande perspektiv. Almqvist & Wiksell Förlag, Stockholm 1981
Anderson, Benedict. Imagined
Communities: Reflections on the Origin and Spread of Nationalism. Verso,
London/New York 1991
Barth, Fredrik: Introduction. I Barth (red.): Ethnic Groups and
Boundaries. The Social Organization of Cultural Difference. Universitetsforlaget/George
Allen & Unwin, Oslo/London 1969
Barth,
Fredrik: Manifestasjon og prosess. Det Blå Bibliotek.
Universitetsforlaget, Oslo 1994
Eriksen,
Thomas Hylland: Små steder – store spørsmål. Innføring i
sosialantropologi. Universitetsforlaget, Oslo 1998
Hellevik,
Ottar: Nynorskbrukaren – kven er han? Frå Elisabeth Bakke/Håvard
Teigen (red.): Kampen for språket. Nynorsken mellom det lokale og det
globale. Det Norske Samlaget, Oslo 2001 (s. 117-139)
Nynorskordboka.
Definisjons- og rettskrivingsordbok. Det Norske
Samlaget, Oslo 1994 (1993)
Smith, Anthony D.: National
Identity. Penguin Books, London 1991
Teigen,
Håvard: Nynorsk og regional utvikling. Frå Elisabeth Bakke/Håvard
Teigen (red.): Kampen for språket. Nynorsken mellom det lokale og det
globale. Det Norske Samlaget, Oslo 2001 (s. 140-173)
Venås, Kjell: Med
nynorsk i 100 år. Fyrst trykt i Mål og makt 1986, gjengitt i Målvitskap og målrøkt.
Festskrift til 70-årsdagen 30. november 1997. Novus forlag, Oslo 1997 (s.
346-366) |