 |
Her er det godt
om plass…
På Vestads vevstad kan du få
"netta" artiklar og anna stoff du har liggjande! Det er teke inn dikt og
ferjesongar, ei utgreiing om media i Tanzania, og artiklar om ymse kulturemne.
Bjarte Alme har skrive om 'faste' og eit kjent
ord nesten ingen brukte før, 'holocaust'. Gudmund Harildstad har
fortalt om ein Garborg-klubb i Chicago og ein glømt omsetjar, medan
Gunnar Lindgren har spora opp ein matrett som kunne ha endra historia vår,
hardt brød! Lars Nyre er oppteken av teknologi og retorikk i NRK,
og Hans Morten Sundnes har ein roman liggjande på nettstaden. Dette
er berre noko av det sære mangfaldet på Vestads vevstad. Av
denne oversikta er det lett å sjå mangelen på kvinneleg
innslag, men det er faktisk heilt tilfeldig.
Vestads vevstad er ein nettstad
som kan ha plass til små og større artiklar om smale og generelle
emne. Det vesentlege er at stoffet kan ha interesse for andre, og det skader
ikkje om det er tidlaust og litt på sida av det ein elles møter
på trykk og på nett. Små språk, ukjende fellesskap,
minoritetar, særmerkte menneske, det overnaturlege, talemål
- det er emne for vevstaden. Ein artikkel om spanske innslag i baskiske
målføre og vilkåra for dei greske og albanske minoritetane
i Italia er midt i blinken på Vestads vevstad, likeså ei skildring
av kulturlivet i Karelen eller mediekvardagen i Alsace/Elsass. Og er du
den einaste (?) som las noko av Thomas Krag eller Ivar Mortensson-Egnund
i fjor, så kan ei omtale av glømte bøker og forfattarar
sikkert interessere nokon. Lesartala er ikkje høge, men dei er gode,
dei lesarane som bruker tid på nettstaden.
Det meste på Vestads vevstad er skrive
på nynorsk, men det finst også stoff på bokmål,
svensk og engelsk her. Dersom du kan tenkje deg å nette noko på
Vestads vevstad, sender du det som vedlegg til eit e-brev, til e-postadressa
jpv@hivolda.no. Illustrasjonar blir ikkje brukte, iallfall ikkje
enno. Om artiklane blir lagde ut, kan dei bli språkvaska og redigert
noko om, dersom det er nødvendig. Dette er berre ein hobby, så
betaling er det ingen som får på denne kanten av nettet.
Jon Peder Vestad, vert på vevstaden
Lagt ut på nettet 20. februar 2001.
|
|