|
Språk
som identitetshandling
R.B. Le Page og Andrée Tabouret-Keller
har sett opp ein teori om språkbruk som identitetshandling. I boka
Acts of identity (1985) set dei mennesket i sentrum for språket,
og for dei er språk det språklege repertoaret til eit enkeltmenneske.
Kvart tilfelle av språkbruk, kvar talehandling er ei framsyning,
der språkbrukaren syner den indre verda si.
Denne individretta tilnærminga er i
tråd med m.a. det synet Barbara Johnstone (1996) målber om
at bruk av språket er å uttrykkje og skape sjølvet (Johnstone:90).
Ifølgje teorien om identitetshandlingar kan tilbakemeldinga ein
språkbrukar får når han ytrar seg, styrkje han eller
få han til å endre framstillinga si, både i form og innhald.
Alle ytringar er påverka av publikum, emnet og samanhengen. Slik
skaper individet sjølv mønstra for den språklege åtferda
si. Det blir gjort for å likne dei i gruppa eller dei gruppene som
ein frå tid til tid ønskjer å bli identifisert med.
Det motsette gjeld dei ein ikkje vil likne. Motivasjonen for å velje
å bruke språket på ein bestemt måte, syner seg
også att i evna til å forstå. Frå språkforsking
kjenner ein godt til at lyttararar kan nekte å vere ved at dei forstår
menneske som dei misliker og ikkje vil identifiserast med.
Fire vilkår
Le Page og Tabouret-Keller set opp fire vilkår
som må vere oppfylte for at ein kan te seg i tråd med åtferdsmønstra
til ei gruppe ein ønskjer å identifisere seg med. For det
fyrste må ein vere i stand til å identifisere den aktuelle
gruppa. Det andre er at ein må både ha tilgang til gruppa,
kunne få kontakt med henne, og evne til å setje seg inn i åtferdsmønstret
gruppa er prega av. Det tredje punktet gjeld motivasjonen. Han må
vere sterk nok hos individet, og anten bli styrkt eller svekt av tilbakemeldinga
ein får frå frå gruppa. Det fjerde og siste vilkåret
er at språkbrukaren må ha evne til å endre åtferda
si (Le Page/Tabouret-Keller:181-182).
Ifølgje teorien om språk som
identitetshandling er positiv og negativ motivasjon for å identifisere
seg med ei gruppe den viktigaste av føringane som regulerer språkleg
åtferd. Kor viktig trongen til gruppesolidaritet eller individualitet
er på dette punktet, har også vorte synt av andre språkforskarar.
Kjell Venås drøftar teorien om identitetshandling, som han
også omtalar som ein hypotese om språktileigning og språkutvikling
med atterhald. Han har to innfallsvinklar til teorien. Den eine er at kjernen
i teorien kan vere at "det overleverte språket byr fram alternative
uttrykksmåtar" (Venås 1997:78). Men Venås les også
teorien slik at Le Page og Tabouret-Keller meiner at ein språkbrukar
kan velje språk fritt, og "berre er bunden av det som finst på
marknaden i det mangedimensjonale språklege rommet han eller ho ferdast
i" (s.s.). Pga. den vekta som blir lagt på identitetshandlingar,
meiner Venås at det er rettast å forstå språkvala
enkeltmennesket gjer som ei projisering, ei overføring av ei indre
verd til den ytre verda gjennom språket. Ein tek altså til
seg det ein meiner er reglane til dei gruppene som ein oppfattar som sosialt
attråverdige, i den grad ein ønskjer å bli identifisert
med dei. Det kan liggje ulike vurderingar bak motivasjonen (Le Page/Tabouret-Keller:184-185).
Dette gjeld også i eittspråklege miljø, for her au finst
det støtt språkutvikling. Da kan eit menneske velje om det
vil ta opp nye språkdrag eller ikkje, og dermed syne identifikasjon
med somme og avstand til andre grupper.
Mot den sosiale identitetsteorien kan ein
innvende at han kan oppfattast som for individualistisk, at for mye makt
over eigne språklege val blir overlate til enkeltmennesket. I kva
grad eit menneske har rom for å gje uttrykk for individualitet, varierer.
I Vesten er vi kjende for å setje enkeltmennesket meir i sentrum
enn familien, ætta, klanen eller andre fellesskap – iallfall i moderne
og postmoderne tid. Ein kan kritisere Le Page og Tabouret-Keller for å
ha prøvd å meisle ut ein teori med universell gyldigheit utan
å ta nok omsyn til at plassen til enkeltmennesket er varierer i ulike
kulturar. Ei vestleg oppfatning av råderommet til enkeltmenneske
kan altså ubevisst prege den sosiale identitetsteorien. Oppfatninga
av at menneska vel solidaritet eller avstand gjennom språket for
kvar einaste språkhandling, liknar også svært på
det postmoderne synet på mennesket som ein "forbrukar", ein evig
frifant som vel og vrakar ettersom det passar. Barbara Johnstone minner
her om skilnaden mellom individualisme og individualitet. Medan ideologisk
individualisme ikkje er noko universelt fenomen, er menneskeleg individualitet
det. Det gjer at det er utenkjeleg å førestelle seg eit samfunn
der alle støtt snakka likt, og dermed ikkje kunne skiljast frå
kvarandre språkleg (Johnstone:7).
Fokusering og diffusjon
Når ein ser på språket
som blir brukt i nynorsk-Noreg, veit vi at nynorsk har større valfridom
i norma enn andre standardiserte språk. Bokmål har også
ein stor grad av valfridom, men her er norma likevel fastare enn i nynorsk.
Språk som dansk, svensk og fransk har langt mindre valfridom enn
båe dei norske målformene, medan det engelske språket
har utvikla eigne regionale normer - New Englishes. Av dei mest kjende
er indisk engelsk og afroamerikansk engelsk, Ebonics. For mindre språksamfunn
kan ei nokolunde fast, samlande norm gjere det enklare for medlemmene i
språksamfunnet å bruke språket i det offentlege rommet.
Det kan vere ei årsak til at færøyisk har hevda seg
så godt andsynes dansk i siste halvdel av 1900-talet, trass i at
færøyingane lever i eit samfunn der dialektskilnadene er tydelege
og dialektbruken står sterkt. Mangel på ei samlande norm kan
på same måte ha medverka til at det nordfrisiske språksamfunnet
i Tyskland ikkje framstår som sterkt og synleg.
Dette fører oss til omgrepet 'fokusering',
som Le Page og Tabouret-Keller nyttar. Språkleg fokusering, eller
like gjerne tydeleggjering av og samling om ei norm, blir styrkt av dagleg
samhandling i samfunnet. Det kan vere eit ytre trugsmål eller ein
annan fare som fører til ei kjensle av at ein har noko felles; ein
mektig modell - som ein leiar, ei prestisjegruppe eller religiøse
skrifter, og språkleg fokusering kan vere følgjene av eit
utdanningsverk. I vår tid hjelper lesekunsten og kringkasting fram
samling om regionale normer. Vi finn også institusjonalisering av
somme prestisjenormer, som blir gjorde til standardspråk og blir
brukt som førebilde i samfunnet.
I fokuseringa av eit språkleg uttrykkssett,
ei norm, er det vanlegvis norma til ei gruppe som blir vald ut og gjort
ei sjølvstendig språkleg norm for fleire enn dei som tilhørte
den gruppa som opphavleg nytta denne norma. Einar Haugen (1972) skriv at
når det finst sosialt jamstelte grupper i eit samfunn, vil valet
av ei bestemt norm føre til motstand frå dei som ikkje følgjer
denne norma. Her kan vi anten finne solidaritet eller fremmendgjering.
Ei gruppe - eit fellesskap - med sterk solidaritet, kan vere viljug til
å svelgje store språklege ulikskapar, medan ei gruppe utan
slik samkjensle, kan kjenne seg fremmendgjort av relativt små forskjellar
(Haugen 1972:109).
Den posisjonen gruppa som opphavleg hadde
den språkbruken som er vorten norm, blir overført og påverkar
statusen til denne (nye) uavhengige språknorma. Når ein så
har fått samling om ei norm, får folk får ei oppfatning
av at ein bestemt måte å bruke språket på er 'god'
eller 'dårleg', 'rett' eller 'galen', og ikkje kan endrast (Le Page/Tabouret-Keller:187).
Haugen peiker på at det er livsnødvendig for eit standardisert
språk å ha innflytelsesrike brukarar som aksepterer norma (Haugen
1972:109). Kjell Venås skriv at når "fleire språkbrukarar
såleis fokuserer det same ved å ta opp i seg og godkjenne visse
språklege uttrykk for eit verdsbilete og for visse oppfatningar av
røyndomen, blir bileta og oppfatningane som dei er samde om, stadig
sterkare" (Venås 1997:79).
Motsetninga til fokusering er diffusjon, med
ei ubroten linje frå det diffuse til det fokuserte (Le Page/Tabouret-Keller:202).
Langs denne linja kan vi både plassere ulike typar språkbruk,
og stereotypiar og oppfatningar om språkbruk. Språk som ikkje
er særleg normerte, både på individ- og samfunnsnivå,
er diffuse. Dette gjeld t.d. i munnlege kulturar, der språkbruken
er konkret og avhengig av samanhengen, dvs. variert. Det fokuserte språket
er meir abstrakt og stabilt. Men eit språk eller ein språkbrukar
treng ikkje vere plassert langs anten den diffuse eller den fokuserte delen
av linja, - det er snakk om skilnader frå tilfelle til tilfelle.
Normert nynorsk i etermedia kan til dømes kanskje ha vore meir fokusert
- i tydinga stabilt og tydeleg normert - før dialektbølgja
dukka opp i Noreg kring 1970. Skriftspråket bokmål var nok
meir diffust i tydinga variert på 1950-talet enn femti år etter.
Venås meiner at norsk er meir diffust og mindre fokusert enn t.d.
fransk, og legg vekt på at i møtet mellom ulike måtar
å bruke språket på, kan ein fokusert språkbruk
bli tilbakevist og utfordra. Følgja kan vere at ein svarer ved å
"modifisere si åtferd og sin språkbruk for å koma den
eller dei andre i møte" (Venås 1997:80). Dette er språkleg
diffusjon, oppsplitting. Eit språk som er fokusert, kan oppleve diffusjon,
mellom anna fordi brukarane kan gjere nye språkval som går
ei anna lei enn den institusjonaliserte norma. Seinare kan tendensen gå
i retning av ei ny fokusering att. Språket er aldri i ro, korkje
som individuell språkbruk eller som eit meir samlande normsystem.
Fokusering av eit språkleg normsett
kan gje ein språkleg standard. Le Page og Tabouret-Keller påpeiker
at omgrepa 'standard' og 'norm' ofte blir brukt om det same. Ein måte
å forstå 'standard' som 'norm' på, er som noko vanleg,
altså med ei registrerande, skildrande oppfatning. Noko anna er det
å sjå 'standard' i tydinga 'norm' som ein målestokk ting
eller menneske blir vurdert ut frå (Le Page/Tabouret-Keller:191).
Når 'standard' blir brukt i den siste tydinga, kan det nyttast til
fordel for ein samfunnselite, og avvik frå det som blir sett på
som korrekt, møter motstand hos dei som representerer standarden.
Men standardspråk har utvikla og utviklar seg på ulike og samansette
måtar, ofte utan omsyn til føreskrivne reglar for korleis
språket skal vere.
Mange skildringar av språkbruk tek utgangspunkt
i observerte mønster for språkleg åtferd, men dei reglane
som blir avleidde av funna, går så over til å bli normsetjande
for korleis språket "skal" vere. Mot dette statiske, normerande synet,
framhevar dei to at kvart tilfelle av språkbruk syner ein ny bruk
av språk, og språkbrukarane er dei einaste som skaper system
i språket (Le Page/Tabouret-Keller:196). Somme nyttar språket
etter dei normene som er mest utbreidde, medan andre kan bruke språket
meir avvikande og oppfinnsamt. I tradisjonell sosiolingvistikk kan det
vere fristande å automatisk forklare ein slik variasjon i språkbruken
ut frå dei sosiale kategoriane menneska tilhører. Når
ein skal prøve å finne årsaka til ein bestemt språkbruk,
påpeiker Barbara Johnstone at det er nødvendig å minne
om at t.d. kjønn og maktforhold, engasjement eller mangel på
det i samhandlinga, ikkje avgjer korleis menneske bruker språket
(Johnstone:90). Samsvar med ein bestemt språkbruk må ikkje
forvekslast med og tolkast som å vere årsaka til språkbruken.
Til sjuande og sist kan årsakene til individuelle språkval
berre finnast hos enkeltmennesket.
Ikkje alle samfunn byr på like mange
grupper, dialektar (medrekna sosiolektar), målformer og språk.
I fleirkulturelle samfunn er ikkje oppfatningane av språklege normer
så faste som i samfunn med ein meir homogen kultur, nettopp fordi
kulturar og normer møtest. Men same korleis samfunnet er samansett,
vil ein finne individuelle skilnader i språkbruken. Når ein
språkbrukar kan variere språkbruken frå situasjon til
situasjon, er det nettopp fordi det er nye samanhengar og nye tilfelle
av språkbruk. Det er ikkje berre grammatikalske reglar som styrer
den språklege åtferda til eit menneske, men også andre
reglar som finst i samfunnet. Le Page og Tabouret-Keller skriv at ein stadig
vekk må minne seg sjølv om at språk er abstraksjonar
av det folk gjer (Le Page/Tabouret-Keller:188).
Språk og etnisitet
Teorien om språk som identitetshandlingar
er utvikla etter granskingar mellom anna i Vest-India og i minoritetsmiljø
i London. Sjølv om det ikkje kan verke innlysande å dra inn
etnisitet i samband med ei undersøking av norske språkbrukarar,
vil eg likevel gjere greie for nokre sider ved forholdet mellom språk
og etnisitet. Det kan mellom anna hjelpe til å kaste lys over arbeidet
for å utbreie nynorsken, og til å forstå 'det nynorske'
på individ-, gruppe- og nasjonsnivå.
Det finst sjølvsagt ikkje grunnlag
for å seie at nynorskfolk er ei eiga etnisk gruppe, ulik dei som
bruker bokmål. "Nynorskfolk og bokmålsfolk har same fordelinga
av blodtypar, går i same klesdraktene, deltek i dei same idrettane
og har dei same matskikkane", skriv sosiologen og språkpolitikaren
Olav Randen (Randen 1997:137), og held fram: "No ja, nesten iallfall. På
ein landsmøtefest i Noregs Mållag er bunaden det dominerande
klesplagget for både kvinner og karar, medan landsmøteutsendingane
i Riksmålsforbundet truleg er ikledde dress eller selskapskjole".
Randen nemner også andre moglege skilje i åtferd mellom mållags-
og riksmålsfolk, som at dei siste er betre i golf og "nok tek til
seg meir enn kvoten av chateaubriand og indrefilét" (s.st.).
I forholdet mellom nynorsk og bokmål meiner Randen at grenselinja
går innafor kvar av oss, og at vi har ein nynorsk- og ein bokmålsdel
i oss, alle saman. Men styrkeforholdet er ulikt alt etter kva språk
ein har valt som hovudmål.
Trass i at det er ikkje rett å snakke
om at dei to norske målformene blir nytta av ulike folkegrupper,
kan ein nok finne at tendensar, haldningar og vanar på somme felt
kan skilje nynorskbrukarane frå bokmålsfleirtalet. Det kan
også synest att i språkhandlingar – å bruke eit ord som
'varsam' fortel noko meir enn at det står for det same som 'forsiktig'.
I teorien om identitetshandlingar er det viktig å skilje mellom korleis
folk tenkjer at dei bør te seg, kva dei seier at dei gjer og kva
ein kan sjå at dei gjer. Mellom anna trur folk at dei lever i ei
verd med spesielle, ulike grupper, og i språket finn dei omgrep som
kan nyttast som symbol i identitetsdanninga - til å identifisere
seg med nokon, sjå avstand til andre. Symbola er med på å
føre enkeltmenneske og gruppe saman, og fokuseringa kring symbola
skaper tydelegare oppfatningar av ein sjølv og andre (Le Page og
Tabouret-Keller:208). Som nemnt held det norske språket seg med ord
som målmann, og eigenskapar menneske i dag legg til dette ordet,
kunne også finnast før omgrepet og fenomenet 'mål' -
i tydinga det som no blir kalla nynorsk - fanst.
Ifølgje teorien om identitetshandlingar
er sjølvtilskriving, det at ein tillegg seg sjølv visse eigenskapar,
følgt av visse språkdrag. Dette synet strir mot oppfatninga
til Eastman og Reese (1981), som skriv at språk og etnisk identitet
er knytte saman gjennom tanken om eit 'associated language', eit tilknytt
språk. Ut frå dette synet spelar det inga rolle for den etniske
identiteten korleis ein knyter språk og etnistitet saman, så
lenge ein finn det naturleg å nytte akkurat dette språket.
Språkkunnskap, språkbruk og sjølvtilskriving er ulike
og prinsipielt sett uavhengige størrelsar, ifølgje Eastman
og Reese. Dette er ikkje i tråd med teorien om identitetshandlingar,
der ein jo rettar språkbruken etter kva gruppe ein vil identifisere
seg med - og mange slike grupper har ikkje noko med etnisitet å gjere.
Somme kan ha det, t.d. det å identifisere seg som jøde, men
det fører ikkje til at alle jødar lærer seg og bruker
hebraisk. Le Page og Tabouret-Keller vedgår at sosiokulturelle forhold
kan gjere det naturleg for eit menneske å velje å sjå
på fjernsyn på eitt språk, men vilje skrive på
eit anna. Ungdom i Alsace mistar tysk som morsmål, men held på
ein elsassisk identitet, jf. også språkskiftet til Beachy-amishane
i USA, som blir omtalt seinare. Le Page og Tabouret-Keller avviser ikkje
omgrepet 'tilknytt språk' heilt, men meiner at eit tilknytt språk
ikkje treng vere sameint med ein etnisk og enda mindre med ein nasjonal
identitet (Le Page/Tabouret-Keller:237-238). For eit menneske i Luxembourg
kan morsmålet vere letzeburgesch, arbeidsspråket tysk og språket
som er nytta i samband med kultur og underhaldning fransk.
Le Page og Tabouret-Keller meiner at korkje
rase, etnisk gruppe eller språk er klare objekt som lett let seg
avgrense. Kvart menneske former oppfatningar om desse objekta, går
inn i fellesskap som blir prega av den graden og måten vi overfører
oppfatningane våre til dei vi har rundt oss. Overføring, fokusering
og diffusjon liknar kvarandre i all slags sosial åtferd som menneske
blir definerte gjennom. Men gjennom språket kan vi også gje
språkleg uttrykk for dei andre oppfatningane vi har, og som vi nyttar
til å definere oss og samfunnet med. Ord blir brukte som middel til
å omtale oppfatningar hos den som talar, - dei er symbol. Språket
er kjernen i identitetshandlingane til eit menneske, der vi finn det synet
kvart menneske har på verda, uttrykt (Le Page/Tabouret-Keller:247-248).
Det gjeld også synet på språk.
Av Jon Peder Vestad
Kjelder:
Haugen, Einar: Dialect, Language, Nation.
I Pride, J.B. og Janet Holmes (red.): Sociolinguistics; Selected Readings.
Penguin Books, Harmondsworth 1972 (s. 97- 111)
Johnstone, Barbara: The Linguistic Individual.
Self-Expression in Languages and Linguistics. Oxford University Press,
New York/Oxford 1996
Le Page, R.B. og Tabouret-Keller, Andrée:
Acts of identity. Creole-based approaches to language and ethnicity.
Cambridge University Press. Cambridge 1985
Randen, Olav: Farvel til språkmangfaldet?
Boksmia, Ål 1997
Venås, Kjell: Om å tileigne
seg språket. I Kjell Venås: Målvitskap og målrøkt.
Festskrift til 70-årsdagen 30. november 1997. Novus forlag, Oslo
1997 (s. 73-89)
Lagt ut på nettet 26.2. 2001
|
|