| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

 
 
 
 

 

Eit vanskeleg journalistisk ideal

Det er viktig for ein journalist å halde på den journalistiske integriteten sin. Integritet er eit ord som kjem frå latin, og i den fremmendordboka Severin Eskeland gav ut i 1919, er ordet forklart med ’heilskap, fredhelging’. Javel!

Ei betre forklaring gjev Magne Rommetveit i den store synonymordboka Med andre ord. Der står det at integritet kan tyde fri stilling, handlefridom, heiderleg framferd og ein del anna bra. Dette skal journalisten ha. No veit eg godt at mange meiner at journalistar slett ikkje ter seg så godt støtt, men den journalistiske integriteten har ikkje med høglydt tale, småfrekk åtferd eller kul imitsj å gjere. Den journalistiske integriteten er på eit høgare plan, og gjeld noko så viktig som at ein journalist ikkje let seg kjøpe eller presse til å dekkje ei sak på ein bestemt måte for å tekkjast ei bedrift, eit parti, eit forlag eller andre interesser.

Det er ikkje berre vanskeleg å forstå kva som ligg i ’den journalistiske integriteten’. Det kan også vere ugreitt å finne seg sjølv i ei slags integritetsgrense. Eg skal prøve å forklare det med nokre eksempel. Eg har nemnt boka Med andre ord av Magne Rommetveit. Dette er ei god og nyttig bok, særleg når ein bruker nynorsk. Ingen har bede meg om å snakke godt om boka, og det eksemplaret eg har, har kosta arbeidsgjevaren min 495 kroner. Eg har ikkje bede om å få boka i byte mot god omtale – hadde eg gjort det, ville det vere eit brott mot integritetsidealet. Enda verre hadde det vore om eg sjølv hadde fått økonomiske fordelar ved å skryte av boka.

Eit anna eksempel kjem her: I samband med eit radioprogram hadde eg kontakt med ei spesiell religiøs gruppe i Oslo. Eg skulle mellom anna ha opptak av religiøs song, og det vart eg lova. Munken eg prata med, lurte på om eg ikkje kunne lage eit innslag om at denne religiøse gruppa nyss hadde opna ein vegetarrestaurant. Ja, eg skulle sjølvsagt få gratis mat. Fleire gonger terpa han på dette. Hadde eg gitt etter, ville det ha vore eit døme på slett journalistisk integritet. Grunnen: Eg hadde late meg presse, og gjort noko mot å få noko anna til gjengjeld.

Å bli med på gratisturar som journalist, er eit anna eksempel på noko som kan truge integriteten til ein journalist. I ein av dei fyrste journalistiske sommarjobbane eg hadde, var eg med på to smøreturar, dei blir kalla det. No er det ikkje gale å bli med på ein tur i seg sjølv, men når ein fyrst blir med på ein tur, ventar den som betaler rekninga å få noko att. Ja, ein blir ikkje med på slike turar utan å gjere opp for seg med å lage noko journalistisk. Dermed får den som steller til turen, truleg dekt emne og hendingar som ligg inne i turopplegget. Altså gratisomtale som kan vere meir verdt enn utlegga til smøreturen. Ein kan rett nok vere kritisk til tusen likevel, og det kan hende at slike gratisturar gjer det mogleg å dekkje stoff frå område som ein elles aldri ville ha kunna komme til. Det finst gråsoner – det viktigaste er at ein ikkje kjenner seg pressa til å gje noko omtale, spesielt positiv omtale, som takk for ei eller anna slags gåve.

Journalistisk integritet er noko ein må få inn i ryggmargen. Ein gong var ein kollega og eg med på ein smøretur til Stockholm, - det var gratis togreise, hotell, middag, konsert med ei kjent gruppe, osv. Eit plateselskap betalte. I redaksjonen drøfta vi om vi skulle vere med, og aust gjekk ferda. Ikkje ein lyd kom frå konserten i programmet vårt, ikkje eit ord fekk plateselskapet til gjengjeld for smøreturen frå oss. Dårleg gjort? Eg synest ikkje det. Hadde det vore eit eller anna journalistisk poeng ved gruppa eller konserten, så kunne vi kanskje ha laga eit innslag, men det syntest vi ikkje.

Journalistikk er eit fag der det ofte ikkje finst klare fasitar, men likevel er det ofte noko som er rettare enn noko anna. Ein journalist som kjem seg inn på ein konsert ved å vise pressekort og love omtale, men som ikkje er på jobb, viser slett integritet. Ein journalist som prøver å snike seg forbi ei kø med journaliststaus og makt til å spreie skit om ein utestad om han ikkje slepp inn, bør ikkje kalle seg journalist. Pressekortet norske journalistar har, er ikkje noko frikort for fordelar.

Eg hugsar ein journalist som arbeidde i ei avis med nær tilknyting til eit politisk parti. Ein gong glømte han seg, og viste til ”generalsekretæren vår”. Avisa hadde ikkje nokon generalsekretær, det var det partiet som hadde. Var denne journalisten da ein journalist, eller ein politisk kampanjearbeidar som slett ikkje trengde tenkje på nokon journalistisk integritet? Det var dagens spørsmål.

Av Jon Peder Vestad

Skrive for Magasinett, og lagt ut på www.magasinett.no i desember 2001, på Vestads vevstad 21.1. 2002.

   
 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |