Vestads vevstad   Ymseposten  Mål og middel   Bokinnsynet  Privaten  Lesarbrev


Lita journalistisk ordsamling

I denne lista finn du 130 oppslagsord som gjeld journalistikk og massemedia, og ho er å finne som tillegg i heftet Ord og uttrykk i norsk radiojournalistikk, gitt ut av Høgskulen i Volda. Orda er ikkje samla inn systematisk, så det er  tilfeldig kva som er teke med. Ordlista inneheld formelle og uformelle fagomgrep knytt til journalistikk, og er sjølvsagt på ingen måte utfyllande. Ordforklaringane står for forfattaren si rekning, og er ikkje uttrykk for udiskutable sanningar. Ein del av tilvisingane, merka >, er å finne i den gamle radioordlista.

agurktid
     Lågsesong for gode saker, tid da det ikkje skjer mye stort slik at småsaker blir blåst  opp, kuriosa får god plass osv
and, avisand
     Uriktig avissak, sak som det ikkje er hald i. Uttrykket kjem av forkortinga N.T., `non  testamentarium`, ikkje stadfest. Uttala `ente` fell saman med uttala til det tyske ordet  Ente, and
anonymisere
     Skjule kjelde, intervjuobjekt, menneske el sak som blir omtala, slik at det ikkje skal  vere råd å finne ut kven el kva det gjeld
arbeidsliste
     Oversyn over saker som det kan bli arbeidd med om dagen
arkivjakt
     Leiting etter saker eller spesiell informasjon i dokument(mengder), postlister o l
avsløring
     Journalistisk arbeid som avdekkjer noko oppsiktsvekkjande, klanderverdig el l.  Ordet a. er ofte br i eigenomtale
bakvakt
     Ein som er parat til å arbeide utanfor vanleg arbeidstid
belegg
     Bevis, prov for at noko er sant eller sagt (det er ikkje støtt det same!)
beskjering  beskjæring
     Nedkutting, utsnittsval - om det å bruke ein del av eit bilde for å få tydeleg fram det  som finst avfotografert akkurat på denne bildedelen
brødtekst
     Hovuddelen av ein avisartikkel, det i ein artikkel som ikkje er tittel, ingress,  mellomtittel el bildetekst
byline
     Namn på artikkelforfattar og fotograf, namnestripe
coach > los
dagsorden
     Sakliste, prioriteringsliste, det ein tek opp i spalter og sendingar. Det er ofte skilnad  mellom folkets d. og byråkratanes d., og ulike media har gjerne sin eigen d.
deadline
     Tidsfrist; siste tidspunkt ei sak kan leverast på, >dødstrek
desk
     Redaksjonssenter, knutepunkt i ein redaksjon, stad der det daglege redaksjonsarbeidet  blir styrt. På desken sit gjerne ein el fleire vaktsjefar som har oversyn over dagens  saker og arbeidsfordelinga i redaksjonen, ofte saman med journalistar på vakt. Desken  set ihop dei enkeltdelane som til saman blir til ei sending, ei avis el tidsskrift. Desken  omarbeider m a introar, titlar, ingressar o l, og ser på det etiske og juridiske ved  sakene. Det finst eigne deskjournalistar, journalistar som arbeider både med  redaksjonelt innhald og typografisk utforming
dobbelsjekke
     Kontrollere at ei opplysning stemmer (minst) ein gong til, og det hos ei anna  skriftleg el munnleg kjelde
dokumentasjon
     Bevis, prov, >belegg
drepe
     Stoppe, få til å ikkje gjere noko med - f eks fordi eit emne er oppbrukt el forelda
droppe
     Ikkje lage eller sende ei sak, >falle 2
dummy
     1 Skisse over korleis bilde, titlar og stoff skal plasserast på ei side  2 Korrekturavtrykk  kleba opp på veggen med plass for bilde, framlegg til titlar osv
dødstrek
     Leveringsfrist, deadline
eiga sak  egen sak
     Emne som ein sjølv har funne fram til, og som ikkje er henta/fått/"stole" hos andre
ekspertintervju
     Intervju med ein som har fagleg grunnlag/tyngd for å uttale seg om eit emne
faksimile
     Nøyaktig kopi, opptrykk, avbilding av eit dokument, ofte br som >dokumentasjon
faktaintervju
     Intervju der føremålet er å skaffe opplysningar om ei sak, ikkje ulike  meiningar/synsing
falle
     1 Ikkje bli noko av, å bli sløyfa el stroken av arbeidslista/køyreplana; om saker   el emne som ikkje hamnar på lufta  2 Få lågare interesse el nyheitsverdi, hamne  lågare på arbeidslista/køyreplana
fastlansar  fastlanser
     Fast frilansar; journalist som ikkje har fast stilling, men som likevel har faste  oppdrag og blir rekna med i programproduksjonen
fiksjon
     Dikting, oppspinn, tankeprodukt - men ikkje nødvendigvis utan rot i verkelegheita
fjesing
     Rapport, blokk der reporter er synleg i bildet; standup
flopp
     Ikkje-sak, eit emne som verka interessant, men som ved ettersyn ikkje hadde så  mye i seg lell; blir også brukt om musikk og artistar; av eng flop `fiasko`
forfallsarkiv
     Oversyn over aktuelle emne el saker ein kan lage stoff om, redaksjonsdagbok; jf  >anton
fyldig (dekning)
     Brei, grundig - om måten ei sak blir dekt på
fyllstoff
     Reservesak(er), stoff ein har >i bakhand og som ikkje absolutt må på, >ventesak
gleppe  glippe
     Miste, ikkje få til - om ei sak el ein reportasje det ikkje blir noko av, ofte fordi  intervjuobjekt trekkjer seg
gonzojournalistikk
     Journalistikk der journalisten br sine eigne opplevingar og meiningar aktivt, meir  subjektiv, vridd og provoserande enn pregjournalistikken
grave
     Leite, undersøkje, bruke tid og krefter på å få fram stoff som er vanskeleg  tilgjengeleg
gravejournalistikk
     Journalistikk som legg vekt på grundig arbeid med ulike (typar) kjelder
grep
     1 Vri, innfallsvinkel - om handteringsmåte, ofte knytt til ein personleg stil  2 Tak  på,  kunnskap om eit emne
hald  hold
     Vekt, tyngd, sanning; om noko som er verd å sende: Det er h. i saka
hastesak
     Emne som det lyt gjerast noko med snøggast råd
heilformat  he(i)lformat
     Stort papirformat for aviser, jf storleiken til Adresseavisen, Aftenposten og BT
human touch
     Menneskenært, om formidlingsmåte der ein tek utgpkt i menneske, kvardag o l, ofte  for å rette søkjelyset mot eit allment problem el ei aktuell sak
idedugnad, idemyldring
     Framkasting av mulege emne og innfallsvinklar på redaksjonsmøte eller i små  grupper; jf >drodling
ikkje-sak  ikke-sak
     Emne som ikkje blir til sak el det ikkje burde vore laga noko om, f eks fordi det  viser seg å ikkje vere >hald i saka, eller at saka av andre årsaker er >død. Jf >flopp
informant
     Kjelde, person som ein får opplysningar av, heimelsperson
informatør
     Informasjonsarbeidar, tilsett i det offentlege, i næringslivet eller i friviljuge  organisasjonar og som har til hovudoppgåve å tilretteleggje informasjon praktisk  (grafisk utforming, arbeid med heimesider, skriving av pressemeldingar o l)
ingress
     Innleiing til artikkel, oftast med større skrifttypar enn >brødteksten
innfallsvinkel
     Ståstad, synspunkt, måte å ta opp eit emne på
innklippsbilde
     Illustrasjonsbilde br til å maskere redigeringskutt/lage overgangar mellom sekvensar
integritet
     Sjølvstendigheit, det å vere heil, truverdig; i journalistikk også det at ein journalist  skal ha rett til ikkje å formidle noko som strir mot hans/hennar samvit eller  overbevisning
journalist
     Redaksjonell medarbeidar i aviser, tidsskrift, etermedium, pressebyra. internett- medium o l; person som er utdanna i >journalistikk og/el har journalistikk som  hovudinntektskjelde
journalistikk
     Formidling gjennom massemedium av hendingar, konfliktar, synspunkt,  forskingsresultat, kulturytringar mm i eit samfunn. J. skal i prinsippet vere uavhengig  av >kjeldene og eigarane
kamerablikk
     Det å sjå rett inn i kamera; det å kunne «flørte» med kamera, ha kameratekke
kampanjejournalistikk
     Serie med innlag/artiklar om eit bestemt emne el med eit klart siktemål, t d å fokusere  vald, helsestell, forureining osv. Mediebedrifta set gjerne igang eigne initiativ i slike  saker
kjeldevern  kildevern
     Sikkerheit for at ei kjelde til ei sak som blir formidla gjennom media og som ønskjer å  vere anonym, skal få vere det
kjellar  kjeller
     Nedste del av avisside, større artikkel plassert nedst på side
kolofon
     Utgjevarinformasjon om aviser og tidsskrift; spalte med opplysningar om utgjevar,  ansvarleg redaktør, gjerne også om kor ofte publikasjonen kjem ut, dekningsområde,  namn på tilsette, telefonnummer og adresse mm
kusk > los
layout
     1 Presentasjonsstil, presentasjonsval, bladbunad - om utsjånad, form og stil i  trykksaker 2 Skisse som syner plasseringa av tekst, bilde og annonsar
leiar(-artikkel) leder (-artikkel)
     Artikkel som gjev uttrykk for eit bestemt syn i ei sak, tek opp eit aktuelt emne som eit  innlegg i det offentlege ordskiftet. Ein l. gjev uttrykk for synspunktet til avisa/  tidsskriftet, og er plassert på fast plass i publikasjonen. L. kan vere skriven av ein  redaktør, men også av eigne leiarskribentar. I radio og fjernsyn finn ein i staden for l.   >kommentaren
leveringsfrist
     Siste tidspunkt ein skal ha noko ferdig, deadline
liksom-nyheit  liksom-nyhet
     1 Nyheit som er utan ordentleg innhald, >ikkje-sak  2 Fleipenyheit, innslag utan eig  nyheitsinnhald som er laga til som ei vanleg nyheitssak (som "Dyrenes nyheter")
los
     Rådgjevar, person som hjelper journalistar til å uttrykkje seg betre; også kalla coach,  skrivecoach, kusk, redaksjonslos mm
majusklar  majuskler
     Store (STORE) bokstavar, versalar
mediejippo
     Hending som er tillaga for å å omtale i media
medium
     Middel noko blir spreidd gjennom, mellomledd. Dette er eitt av dei orda som oftast  blir skrive feil på norsk! Bøyinga av m. er slik:
bm: (et) medium - mediet - (flere) medier - (alle) mediene/media (jf årene/åra)
nn: (eit) medium - mediet - (fleire) medium - (alle) media
meiningsintervju  meningsintervju
     Intervju der føremålet er å få fram synspunkt, vurderingar, ikkje "harde fakta"
mellomtittel
     Tittel som markerer skilje mellom ulike delar av ein >brødtekst
minusklar  minuskler
     Små bokstavar, det motsette av >majusklar
notis
     Liten nyheitsartikkel, nesten alltid utan >byline
nyheit nyhet
     Noko som nyss har hendt eller ikkje har vorte kjent før no
nyheitsjeger  nyhetsjeger
     Journalist som er ivrig etter å finne nyheiter
nyheitstelegram  nyhetstelegram
     Nyheitsartikkel el -melding som kjem frå nyheitsbyrå
offer
     Den noko går ut over
oppslag
     1 Hovudsak, førstesak, viktigaste sak  2 Plass, omtale - at eit emne får plass i media
overgripar > skurk
overskrift
     Tittel som plasserer emnet, men ikkje fortel noko om det. «Eldreomsorg» er ei  overkrift, «Glede i eldreomsorga» er ein tittel
plante
     Bevisst leke, sleppe ut opplysningar om ei sak for å få dekning
plikt- og rettigheitsinformasjon  plikt- og rettighetsinformasjon
     Opplysningsverksemd, spesielt frå offentlege organ, om lover og reglar som gjeld  samfunnsborgarar
pliktstoff
     Stoff som ein føler ein må formidle, referat frå møte og andre hendingar som kanskje  berre er av interesse for dei som var der, eller om tilstellingar der lite skjedde
portrettintervju
     Intervju der eit menneske står i sentrum, med bakgrunn, interesser, familie- og  yrkesliv, meiningar osv. Mennesket bak maska skal fram i p.
PR
     Publikumskontakt, blest, verksemd som dekkjer alt frå informasjon til (snik-)reklame.  Forkortinga PR står vanlegvis for `Public Relations`, som kan bli forstått som  påverking av publikum. I USA kan PR også stå for `Political Relations` - påverking  av politikarar og Press Relations - påverking av media (jf Wale:180)
PR-byrå
     Selskap som m a hjelper næringsliv, offentlege organ og friviljuge organisasjonar med å få saker fram i mediebildet
pregjournalistikk
     Featurejournalistikk, formidlingsmåte prega av journalisten, skildrande og iblant  litterær i ordval og oppbygging
pseudonyheit  pseudonyhet
     Tillaga sak, sak som journalisten/mediebedrifta sjølv står bak
redaktøransvar
     Fagleg ansvar for innhaldet i ei sending/ein publikasjon. Dei lange Dagsnytt- sendingane har eigen vaktsjef/redaktør med r.: "Ansvarleg for denne sendinga var...."
referat
     Kortfatta gjengiing av tale(r), føredrag, innlegg o l på eit møte eller tilstelning
rettskommentar
     Oppsummerande artikkel, vurderingar el personleg opplevingar frå rettssak som pågår revolverjournalistikk
 Pågåande, lite skånsam journalistikk
rutinesjekk
     Fast kontroll hos/av ei kjelde, t d at ein ringjer politiet for å høyre om det har skjedd  noko, klikkar innpå ulike nettstader for å sjå om det har komme noko nytt  der, o l
sakse
     Finne stoff hos andre mediebedrifter
sensasjonsjournalistikk
     Journalistisk verksemd som går ut på å finne så oppsiktsvekkjande saker som muleg,  gjerne om kjende menneske, og/eller dreie ordbruk og innhald i ei sak slik at det er  sett mest muleg på spissen
sjekkesak
     1 Tips el idé som (jamleg) blir undersøkt til det blir laga innslag/skrive sak om det,  ev avgjort at det ikkje blir noko av det  2 Emne, idé el tips (f eks frå pressemelding)  som blir ført på arbeidsliste el i >anton/>forfallsarkiv på den dagen det skal sjekkast
sjekkheftejournalistikk
     Betaling av intervjuobjekt, smøring for å få (eine-)rett til intervju
skribent
     Person som leverer artiklar, kommentarar og kronikkar til ein redaksjon utan (til  vanleg) å ha journalistikk til levebrød
skup, scoop
     Kjempesak, journalistisk funn; det å vere først ute med ei nyheit el ei anna sak som  mange er interesserte i
skurk
     Ein som har gjort noko klanderverdig, det motsette av >offer. Desse to uttrykka er
 m a nytta i forbrukarjournalistikk
sladde
     Skjule, streke over ansikt, bilnummer o l på bilde el namn på trykk for å anonymisere  menneske
slå
     Vere slagkraftig, sterk: Dette slår!  - om sak emne som vil vekkje interesse, innslag  som er godt tillaga osv
smal
     Vere av interesse for ei lita gruppe
speak
     Faktaformidling, samandrag, gjenforteljing av noko som er sagt el hendt, framført av  fjernsynsjournalist, voice-over, jf >blokk
spaltist
     Person som er hyra for å skrive kommentarar, kronikkar o l på meir eller mindre fast  basis
stikktittel
     Tittel, overskrift i mindre bokstavar enn hovudtittelen. S. endar ofte med kolon
stille opp
     Vere med - om t d å la seg intervjue
stoff
     Innhald, emne, noko ein kan lage innslag/programinnhald av
stramme (inn/opp)
     Redigere inn, korte ned - utan å miste hovudpoenget. Å s. blir gjort ved å sløyfe det  mindre viktige slik at det vesentlege kjem fram, om muleg med større slagkraft
stringer
     Stadbunden frilansar, ikkje-tilsett medarbeidar med avtale om å dekkje eit bestemt  område; >fastlansar
super(-tekst)
     Tekst som er lagt på fjernsynsbilde og som fortel noko om bildet - kven som snakkar,  tittel, arbeidsstad o l
supre
     Leggje inn tekst på eit bilde
ta
     Vere pågåande mot eit intervjuobjekt, avsløre nokon
tabloid
     Lettseld, oppsiktsvekkjande, tøft tillaga; kommersiell - om saker og program som  ved  effektar/innhald frir til lyttarane. Uttrykket er eigentleg eit mål på format, storleik (ca halvparten så stort som  >heilformat)
tabloidjournalistikk
     Sensasjonsjournalistikk, journalistisk verksemd der kontrastar og konfliktar blir gjort  tydelege og oppslag store. T. er  gjerne tilpassa tabloidformatet i avissamanheng
teieplikt  taushetsplikt
     Forbod for eit menneske mot å uttale seg om/i bestemte saker. Media har ikkje forbod  mot å formidle opplysningar som eig stammar frå menneske med pålagd teieplikt
tekstreklame
     Omtale av vare, tilstelling o a som nokon kan tene pengar på, >snikreklame. T. er  ikkje godt nok skild frå redaksjonelt stoff, el er ytring som gjev seg ut for ikkje å  vere reklame, men likevel verkar som det. All omtale er ikkje t. Testspørsmålet for å  finne ut om noko er t. eller ei, er: Er dette (namnet) nødvendig å ha med for å få fram  det eg vil formidle?
tidlaus tidløs
     Varig, evig, ikkje tidbunden. Ei >aktualitet kan vere t.
tilsvar
     Korrigering, retting av faktiske feil i ei sak - frå ein innblanda part
tilsvarsrett
     Den retten ein part i ei sak, og berre han el ein representant for han, har til å rette  faktiske feil
tittel
     Overskrift som fortel noko om eit emne, t d «Brann i Barstadvika»
undertittel
     Mindre, men framheva overskift mellom tittle og ingress, uvanleg no
utsegn  uttalelse
     1 Ytring, replikk, påstand  2 Fråsegn, erklæring - t d frå ein organisasjon
utspel  utspill
     Meiningsytring på initiativ av og frå ein person, ein organisasjon el l; målet med eit u.  kan vere å få medieomtale, få igang debatt o l. Når eit medieorgan spør nokon om syn  i ei sak og får eit uventa, oppsiktsvekkjande svar, er ikkje dette eig eit utspel
utspelsnyheit/-sak  utspillsnyhet/-sak
     Synspunkt, meining, politiske utspel som blir gjort til emne for ei nyheit - utan at det  nødvendigvis er så mykje >hald i det
vaktsjef
     Sjef på desken, skiftsjef; den som har overoppsyn og personleg kontakt med  medarbeidarane i ein redaksjon på ei vakt. V. har overblikk over sakene på  arbeidsplanen, får inn nye saker, fordeler oppgåver, konfererer med journalistar og  redaksjonsleiinga og er ansvarleg for framdrifta fram mot dødstrek/leveringsfrist
vaskesetel  vaskeseddel
     Pressemelding, reklameskriv, følgjer gjerne med nye bøker, plater o l
ventesak
     Emne som ein ikkje treng gjere noko med straks, gjerne ei >tidlaus >aktualitet el ei  sak ein av ulike grunnar kan vente med å formidle
versal > majusklar
vinkle
     Velje utgangspunkt el fokus i ei sak, kan oppfattast negativt (Wale:184)
vri
     1 Gjeremåte, løysing, val av vinkling og utforming - ein redaksjon kan lage sin  eigen v. av eit emne som er mykje oppe i tida  2 Innfallsvinkel, synsmåte
ytring
     Statement, replikk
wallraffe
     Arbeide med ei sak utan å gje seg til kjenne, arbeide anonymt. Den tyske journalisten og samfunnsrefsaren Günter Wallraff er opphav til omgrepet. Han har skrive fleire bøker, bygde på stoff som han samla inn ved å w. i m a skandaleavisa Bild-Zeitung

Kjeldene er lista opp i papirutgåva av J.P. Vestad: Ord og uttrykk i norsk radiojournalistikk, Høgskulen i Volda 1998; sjå Vevsjappa .
Wale: viser til Innføring i journalistikk av Thorbjørn Wale, Institutt for Journalistikk, Fredrikstad 1996
(c) Jon Peder Vestad 1998



Vestads vevstad   Ymseposten  Mål og middel   Bokinnsynet  Privaten  Lesarbrev