|
Juridisk nynorskordliste
Juridisk språkbruk er vanskeleg å
ha med å gjere, og ofte er det ikkje lett å finne fram til
dei beste og klaraste nynorskorda når ein arbeider med slikt fagspråk.
Her kan det vere muleg å finne noko hjelp.
Denne lista inneheld fyrst uttrykka på
bokmål, så kjem orda på nynorsk. Jamstelte skrivemåtar
er ikkje tekne med, og ein del tydingar har eg utelate. Om dei jurdiske
uttrykka er nynorske nok, bør ein ofte skrive om for å få
eit språk som fell mest muleg naturleg og er godt å lese.
a
aktpågivende: påpasseleg
aktpågivenhet: omtanke, aktpågjeving
angivelig: etter det som blir sagt/påstått;
visstnok
angiver: snikmeldar, tystar, angjevar
anholde: pågripe, ta i forvaring, arrestere,
fengsle
anklagede: den (som er) skulda, sikta
anklager: klagar, saksøkjar
anmelde: melde, melde til politiet, politimelde
anmeldelse: melding, innmelding (til politiet)
anvendelsesområde: bruksområde
b
befare; befaring: synfare, inspisere; synfaring
begjære: gjere krav på, forlange,
krevje
begjæring: krav, kravsmål, oppmoding
begunstigelse: fordel, føremon, særrett
bekjentgjørelse: kunngjering, fråsegn
beramme: fastsetje tidspunkt, tidsetje
berettige: gje rett til, gje grunn til
berettiget: rett, rettkomme, lovleg; fortent
beriktigelse: retting
betinget; betinget dom: på vilkår;
vilkårsdom, dom på vilkår
bevisforspillelse: fjerning/øydelegging
av prov, bevistap
bevitne: vitne om, stadfeste, sannkjenne
billighetserstatning: skjønnsvederlag,
rettferdsvederlag
d
delaktighet: medverknad, medskuld, deltaking
domfellelse: kunngjering av dom, dømming,
domfelling
domsavsigelse: domsseiing
dømmende myndighet: domsmakt
f
forbrytelse: brotsverk, lovbrot
forbryter: forbrytar, brotsmann, lovbrytar
foreldelse: forelding, forfall(stid)
forføyning: tiltak, åtgjerd;
råderett, teneste, disposisjonsrett
forhåndsberamme: fastsetje, vedta å
halde, tillyse, tidfeste
forhåndsberammelse: førehandsfastsetjing,
tidfeste på førehand
fornærmede: den krenkte, den fornærma
forordning: (lov)påbod, føresegn
forseelse: regelbrot, mindre lovbrot, misferd
forsettlig: forsettleg; med forsett, med
vilje, tilsikta
forskrive: skrive ut, gje tilvising på
frihetsberøvelse: fridomstap, soningstid;
fridomskrenking, fridomsrøving
fullbyrde: fullføre, fullende, fullbyrde
h
heftelse: hefte, klausul; plikt, ansvar,
skyldnad
henlegge; henleggelse: leggje bort, leggje
til sides; bortlegging, tilsidelegging
henrette: avrette
i
idømme: dømme til
ikrafttredelse: iverksetjing, ikraftsetjing,
innføring
ilegge; ileggelse: påleggje, gje, dømme
til; idømming, ilegging
innsigelse: motsegn
k
kjennelse: rettsavgjerd, (rettsleg) avgjerd,
orskurd
kredittverdighet: kredittgodkjenning, lånetillit,
betalingsevne
krenkede: den krenkte
l
legemsbeskadigelse: lekamsskading, lekamsskade,
lekamskrenking
lovanvendelse: lovbruk, lovtolking
lovlydighet: lovlydnad, vørnad/respekt
for lovene
lovmessig: etter lova, i samsvar med lova,
lovmessig
lovovertredelse: lovbrot, lovkrenking
m
medvirkning: medverknad, hjelp, deltaking
mestbegunstigelsesbetingelser: besterettsvilkår
midlertidig forføyning: mellombels
tiltak (rettsavgjerd), kortvarig åtgjerd
misligheter: økonomisk utruskap, svindel,
svik
mislighold: mishald
n
nedtegne: skrive ned, bokføre, notere
nidkjærhet: glød, flid
nødverge: naudverje (f.); nød-
nødshandling: naudhandling, nød-
nødtvungen: nøydd, tvinga
o
omberamme: flytte, endre tid og stad
omstøte: setje ut av kraft, slette,
stryke
oppsettende: utsetje, vente med, dra ut
oppsettende virkning: utsetjande verknad,
utsett ikraftsetjing
overdragelse: sal, avhending, overdraging
p
pådømme: felle dom, dømme
pågripe: arrestere (på grunnlag
av mistanke), fakke
påhvile: falle på, liggje til,
ha ansvar for, ha plikt til
påtalebegjæring: påtalekrav,
straffsøkingskrav; krav om straffesak
påtalebeslutning: påtalevedtak,
vedtak om påtale
påtalemyndighet: påtalemakt
påtaleunnlatelse: påtalefråfall,
avkall frå påtale av ei straffbar handling
r
rettighetstap: rettstap
rettsanvendelse: rettsbruk
rettsbelæring: rettsutgreiing
rettsstridig: ulovleg
rettsvillfarelse: rettsmistak
rådighetsinnskrenkning: band på
råderetten
rådslagning: rådslåing,
drøfting, samråding
s
skadelidte: den skadelidne
skadeforvoldelse: skadeverk
skatteunndragelse: skattesvik
skjellig (grunn): sterk/rimeleg/klar (grunn)
skjende: vanære, krenkje, gjere hærverk
skjødesløshet: vanstell, aktløyse,
skøyteløyse, slurv
soningsudyktig: uskikka til/ikkje i stand
til å sone; soningsudyktig
t
taushetsplikt: teieplikt
tiltalebeslutning: tiltalevedtak, vedtak
om tiltale
tiltre: godkjenne, samtykkje i, skrive under
på
tiltredelse: tilslutning, godkjenning, samtykke
tjenesteforsømmelse: tenesteforsømming,
misferd i tenesta
trafikkforseelse: brot på trafikkreglane
tvangsfullbyrdelse: tvangsfullføring
u
uaktsom; uaktsomhet: aktlaus; aktløyse,
vanvare
ubetinget: utan vilkår
uforbeholden: utan atterhald, full, vilkårslaus,
reservasjonslaus
uhildet: ubunden, frittståande, upartisk
ulovligheter: lovbrot, brotsferd, misferd
underhånden: omveges, underhand, i
løyndom
unndragelse: unnataking, unndraging, det
å unndra; unnagøyming
uoppsettelig: som ikkje kan utsetjast, som
hastar
uoverenstemmelse: mangel på samsvar,
feil, avvik (t.d. i rekneskapar)
uteblivelsesdom: fråversdom
utferdige: skrive ut, kunngjere, ferde ut
utkastelsesbegjæring: utkastingskrav
utløpe: gå ut
utstede (pass): skrive ut
v
vitnesbyrd: vitnemål, vitneprov
vitterlig: kjend, opplagd, unekteleg
voldgift: skilsdom, privat rettargang
voldgiftsnemnd: meklingsnemnd, skilsdomsnemnd
å
åndsfraværelse: åndsfråvær,
aktløyse, ørske
åndsnærværelse: åndsnærvær,
fatning, sans og samling
årsberetning: årsmelding
åstedsbefaring: synfaring på
(gjernings)staden/på åstaden
åstedsundersøkelse: åstadgransking,
åstadundersøking, synfaring
Jon Peder Vestad
Lagt ut på nettet 30. mai 2001.
Kjelder:
Juridisk ordliste: http://www.jur.uib.no/ansatte/jprkl/nynorsk/opne.htm
(ved Kåre Lilleholt)
Juridisk ordliste (bokmål - nynorsk)
av Asgeir Olden, Skuleboknemnda åt Studentmållaget i Oslo
Med andre ord av Magne Rommetveit
I tillegg kjem ei ordliste med eksempel av
Helge Sandøy (Språkbrevet 1/1996, NRK), ei liste over ord
og uttrykk frå jussen av Håvard Grønli, NRK Alltid nyheiter,
Pressepråket av Lars Aarønæs, og Nynorskordboka
og Bokmålsordboka.
|
|