| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 
Korleis blir ein journalist?

Det er nok ein del som lurer på korleis ein kan bli journalist, særleg når planene for neste skuleår skal leggjast. Mange vegar fører til journalistikken. Det er ikkje nødvendig med noka lang utdanning for å bli journalist, ja, det er ikkje nødvendig med utdanning i det heile. Men det er sjølvsagt inga ulempe å vere godt utdanna!

Mange begynner vegen inn i journalistikken som frilansarar. Dei skriv om idretts- og kulturarrangement der dei bur for lokalavisa, og får etter kvart kvelds- eller helgevakter. Andre engasjerer seg i lokalradioarbeid, og blir vane med å intervjue, lage innslag og vere programleiarar. I båe tilfella ser ein at det å vere journalist er noko meir enn å vere godt til å skrive eller snakke. Det å vere journalist krev at ein kan det å formidle til andre, for eksempel at ein greier å framstille ei sak på ein ryddig og interessant måte. Ein må vere nysgjerrig og kritisk, reflektert og sjølvkritisk, og så må ein innsjå at ein ikkje er utlært etter dei fyrste forsøka. Dersom du har drive med mediearbeid, bør du samle på arbeidsprøver og syte for å skaffe deg attestar. Det kan komme godt med.

Den journalistiske karrieren min starta ikkje heilt godt, for å seie det pent. Det aller fyrste innslaget eg skulle lage for NRK radio, vart aldri sendt – det var for dårleg. Eg hadde fått meg sommarjobb, og skulle lage eit innslag om ei kunstutstilling. På førehand hadde eg ikkje hatt særleg tid til å setje meg inn i saka, og eg hadde slett ikkje funne ut korleis eg skulle lage reportasjen min frå denne utstillinga. Da eg kom til staden der utstillinga var, hadde eg frykteleg dårleg tid, og eg virra rundt og snakka inn i mikrofonen om dei bilda eg såg. Det var ikkje tid til å intervjue nokon. Når eg i tillegg var så å seie utan erfaring, vart det sjølvsagt berre rot. Heilt utan erfaring var eg no ikkje, da. Eg hadde skrive ein del, leikt meg med radiomediet og vore med i ein studentradio. Likevel vart eg ekstra nervøs av å bli sendt ut for NRK, sjølvaste NRK, for fyrste gong. Eg var kjempeflau over det eg (ikkje) fekk til, men opplevde heldigvis at redaksjonsleiinga ikkje mista trua på meg. Og neste forsøk gjekk mye betre!

Dei som hamnar i journalistikken, har som oftast prøvd seg i avis eller lokalradio fyrst. Mange har også fått smaken på journalistikk gjennom undervisning i og om media på skulen, og ikkje så få går medielinjer på folkehøgskular. Det gjorde eg, og det var kjempeartig! Men det var mest for leik å rekne, likevel. På den folkehøgskulen eg gjekk, laga vi internradio med mye humor og lite alvor, vi skreiv i ei lokalavis, og laga små filmar. Det vi lærte, var nok fyrst og fremst å vere kreative, og så fekk vi prøvesmake på noko som likna journalistikk. Ein del folkehøgskular har ganske proft opplegg og godt utstyr, og eit år på ei medielinje kan vere verd å få med seg for dei som er nyfikne på journalistikk. Eit år på folkehøgskule kan vere godt å ha med seg også av andre grunnar. For meg var folkehøgskuleåret utviklande, sosialt, artig og på ingen måte bortkasta! 

Dei som ønskjer ei fagutdanning som journalist, kan velje mellom fem utdanningar innafor høgskulesystemet i Noreg. Ingen av utdanningane er heilt like, for det blir lagt vekt på forskjellige emne i Bodø, Volda, Stavanger, Kristiansand (Gimlekollen) og Oslo. Men den journalistiske grunnkunnskapen er lik: Å lære intervjuteknikk og nyheitskriterium, framelske ei kritisk grunnhaldning og ei etisk vurderingsvene, dyrke kreativitet, språksans og formidlingslyst. Dessutan får ein sett at journalistikk også handlar om lagarbeid.

Elles er det fornuftig å ha innblikk i andre fag og erfaringar frå andre samfunnsområde når ein skal vere journalist i eit så samansett samfunn som vårt. I dag er det ikkje sett på som nokon fordel å ”berre” kunne journalistikk. Somme vel å ta ei utdanning i heilt andre fag, og går så ut i journalistikken med desse faga som basis. No tenkjer eg ikkje nødvendigvis på typiske ”skulefag” som norsk og samfunnsfag, men like gjerne på fag innan handel, handverk, industri og landbruk. Det er viktig at det finst journalistar med ulike bakgrunnar, og ein veit aldri kva kunnskap ein kan få nytte av! Mange tek ei universitets- eller høgskuleutdanning med journalistikk som ein del av fagkretsen, og det blir vanlegare og vanlegare. For dei som ikkje kan ta eit fulltidsstudium i journalistikk, finst det elles brevkurs og nettkurs som ein kan følgje. På alle nivå, frå ungdomsskulen og oppover, er det elles inga ulempe å få gode karakterar. Sjølv om karakterane ikkje avgjer om ein blir ein god journalist, så kan dei vise at ein har lagt seg i selane og har arbeidd målretta. 

Om ein har journalistutdanning eller ikkje, så skjer nok den viktigaste delen av læringa ute i verkelegheita. Ein kjenner seg nok tryggare med journalisthandverket som ein lærer på skulane innabords, og samstundes er journalistyrket noko ein aldri blir fullt utlært i. Ja, den som kan tenkje seg å lære noko heile livet, må gjerne prøve seg på journalistikken. Kanskje finst det ei lokalavis eller ein lokalradio som de kan prøve dykk i, og kanskje kan det vere råd å få sommarjobb i ein redaksjon. Prøv! Og til dykk som skal velje utdanningsveg vidare no, vil eg seie lykke til! 

Til sist må eg nemne at det er eit anna spørsmål som eg også synest må stillast: Korfor ønskjer ein å bli journalist? 

Av Jon Peder Vestad

Skrive for og lagt ut på www.magasinett.no vinteren 2002, og lagt ut på Vestads vevstad 15. mai 2002.

     
 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet| Privaten | Lesarbrev |