| Kva treng det
nynorske Noreg?
Det nynorske
Noreg finst både som eit nokolunde samanhengande geografisk område sør for
Dovre og som ein kulturell tradisjon i heile landet. Om ein står utafor det
nynorske kulturfellesskapet, er det ikkje sikkert at ein ser at det nynorske
Noreg både har særeigne fellestrekk og eigne behov.
Det er viktig for
det nynorske Noreg at ein tek omsyn både til den geografisk avgrensa
dimensjonen og den kulturelle, riksdekkjande dimensjonen. Dette må til skal
Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) og andre nynorske aktørar i
samfunnet kunne fylle oppgåva som alternative diskusjonsforum og sørvisorgan
for den store delen nynorskbrukarar vi har i samfunnet. Med dette på plass,
kan ein så begynne å finne fram til kva det nynorske Noreg treng.
Nynorsk er ikkje
(berre) vestnorsk
Da LNK vart starta i
1993, var det ei naturleg følgje av at bruk av nynorsk har ført til
danning av eigne tiltak på felt etter felt i samfunnet. Heilt sia Aasmund
Olavsson Vinje sette i gang Dølen i 1858, har det funnest ei nynorsk
offentlegheit i landet vårt. Eit problem har vore at denne offentlegheita
ikkje alltid har vorte sett på som nokon alternativ arena, heller ikkje av
alle som bruker nynorsk. Dette kan henge saman med at nynorsken har vorte
knytt for mye til bestemte meiningar og kulturdrag etter somme sin
smak. Slike alternative offentlegheiter har vi fleire av i landet vårt, og
parallelle geografisk-språklege offentlegheiter finn vi mellom anna i Wales
og Finland (Svenskfinland).
I dag kan den
nynorske offentlegheita bli avvist eller bli sett på som uvesentleg av
nynorskbrukarar fordi ho blir for mye knytt til Vestlandet, slik ein også
kunne merke det i enkelte innlegg på landstinget til LNK i mai. Nynorsk-Noreg
er noko anna og noko meir enn eit vestnorsk fenomen. Det er også eit
austnorsk fenomen, eit setesdalsfenomen osv.
Samarbeid på språkleg
grunnlag
LNK og LNK-avisa kan
vere to svært viktige arenaer for nynorsken i åra som kjem. Båe er klart
mulege organ for å drøfte felles vanskar knytte til arbeidsvilkår og
samfunnsutvikling. Det er sunt at kommune-Noreg og andre kommunale tiltak har
fleire slike møtestader der ein både kan lufte tankar, dele erfaringar,
knyte kontaktar og bryne meiningar. Nå har det nynorske Noreg eit slikt
forum, og det er opp til dei som er tilslutta å utnytte denne mulegheita. Og
eg trur dette kan utnyttast meir.
Ved sida av at LNK
er ein interesseorganisasjon med språkbruk som bindeledd, er det også ei
samanslutning av medlemmer som har til dels felles utfordringar. Det gjeld sjølvsagt
utviklinga av det nynorske forvaltningsspråket, men det kan også gjelde
utvikling og samarbeid på andre felt. Eg vil her nemne nokre område der eg
trur medlemmer i LNK kan ha interesse av å finne saman.
Utvikling av
Nynorske gule sider:
Det bør kunne
lagast eit register over bedrifter på ulike samfunnsområde som bruker
nynorsk, og som kan yte tenester på nynorsk. Her kan dei som søkjer tenester
frå nynorskbedrifter, finne desse bedriftene, samstundes som bedriftene kan få
høve til å eksponere seg. Eit slikt register kan finnast på Internett.
Offensivar
overfor store tenesteleverandørar:
Aksjonen for å få
nynorsk programvare har vore vellykka, og kan vise veg på andre felt. Store
kjeder er etablerte over alt i Nynorsk-Noreg, og det kan vere vanskeleg for
dei som driv lokalt å få materiell og annonsar på nynorsk. Det bør vere av
interesse for LNK-medlemmene at kjedane tek omsyn til den lokale språkkulturen,
og vender seg til kundane sine i same målform som er brukt lokalt. Dersom det
til dømes finst ein Rimi-butikk i kvar av LNK-kommunane, bør det vere muleg
å syne at marknaden for materiell på nynorsk er stor. Dette gjeld også dei
som leverer tenester til kommunane, og på LNK-tinget såg vi at fleire aktørar
nå yter nynorskkommunane tenester på nynorsk.
Språkhjelp til
medlemmene:
Interessa for og
kunnskapen om språk varierer, og rett som det er kan tilsette i LNK-kommunane
støyte på vanskar som det ikkje er heilt rett å få hjelp med der og da.
LNK kan derfor hjelpe medlemmene til å få språkleg hastehjelp, anten for
eksempel ved å vise til private språkkonsulentar, eller at eit LNK-medlem
opprettar ei slik sørvisstilling som medlemmene kan abonnere på. Til dette
kan det også komme juridisk hjelp i språkspørsmål.
Oppretting av
e-postlister:
Folk som er tilsette
i kommunar og tiltak som er LNK-medlemmer, kan ha ønske om å dele erfaringar
eller drøfte enkelte emne. Det kan gje tips og hjelp, og kan føre til
samarbeid mellom LNK-medlemmer på felt som ein ikkje visste av før. Å
opprette eigne diskusjonslister som folk kan melde seg på, vil også styrkje
LNK som debattarena.
Eit nynorsk
magasin:
Det store
geografiske området LNK dekkjer, inneheld tusenvis av gladhistorier,
spennande tiltak, gode skribentar og mange potensielle lesarar som kan ønskje
å møte målforma si i eit anna organ enn lokalavisa. Eit allmennkulturelt
magasin på nynorsk vil kunne styrkje samhaldet i Nynorsk-Noreg, og det vil
dessutan kunne vere ein viktig annonseringsplass for LNK-medlemmene, for større
kjeder, for lokale bedrifter og ikkje minst for turistnæringa. Dette kan vere
eit tiltak som LNK ikkje er direkte involvert i, men som likevel kan gagne LNK
og medlemsorganisasjonane.
Nynorsk næringsutvikling:
Eit siste felt som
ropar etter samarbeid, er knytt til næringsutvikling, etter mitt syn på to
felt. Det gjeld turisme og lokal matkultur. Dei områda der LNK har medlemmer,
er i stor grad kommunar med turisme og matproduksjon som viktige levevegar, og
det å profilere båe delar på nynorsk, er gunstig både for å vere synleg i
marknaden og for å ta den lokale språkkulturen på alvor. Det bør til dømes
vere eit krav at der nynorskkommunar går inn i turistsamarbeid, blir nynorsk
nytta iallfall i omtale av desse kommunane. Ei anna sak er at både turisme og
lokal matkultur er felt der regionalt samarbeid kan vere gunstig for å
utvikle nye tilbod.
Det offentlege og
det private
Slik eg ser det, er
den posisjonen nynorsken har fått i det offentlege Noreg både ei støtte og
ei fare. Det solide festet nynorsken har fått gjennom offentlege vedtak om
administrasjons- og skulemål, har vore med på å auke den språklege
toleransen i samfunnet og gjere nynorsken sterkare i møte med press frå bokmål.
Det har truleg aldri funnest fleire nynorskbrukarar i Noreg enn i dag, og
nynorsken blir brukt på fleire område enn før. Vi ser også at det ikkje er
nynorsken som mistar bruksområde til engelsk, men bokmålet.
Samstundes må vi
vere klare over at offentlege vedtak som gagnar nynorsken, kan gjerast om.
Derfor er det uheldig om ein trur at alt er såre vel, og at dagens situasjon
utan vidare kjem til å vere varig. Dersom til dømes den obligatoriske sidemålsundervisninga
forsvinn, kan det bli meir språkleg undertrykking av nynorskbrukarar enn det
er i dag. At somme ikkje oppdagar språkleg urett som går ut over nynorskfolk
i det heile, er ei anna sak. Dei har kanskje ikkje kontakt med dei delane av
Noreg, geografisk og kulturelt, der språklege overtramp blir opplevde som
reelle.
Offentlege
initiativ på kommunalt og regionalt plan med nynorsk som ein del av
initiativa er dermed nødvendige for å sikre nynorsken eit betre feste i dei
delane av samfunnslivet som ikkje er femna av offentlege vedtak. Ikkje for
nynorsken sin del åleine, men fordi nynorsken er med på å gje folk i store
delar av landet ein språkleg identitet. LNK er eit viktig uttrykk for dette,
og ein del av den nynorske offentlegheita som sjølv må setje krav til
storsamfunnet og finne utviklingsvegar og oppgåver som møter behova til det
nynorske Noreg.
Av Jon Peder
Vestad
Kronikk i avisa LNK-nytt
juni 2003, lagt ut på nettet 30. juni 2003 |