Vestads vevstad 


Visst forstår kvinner vanskelege ord

Sia den store VON-undersøkinga frå 1978, har det vore ei uomstridd (?) sanning at kvinner forstår færre vanskelege ord enn menn. Eit ord som `prinsipiell` vart forstått av berre tretten prosent av kvinnene i 1978 - i Volda tjue år etter visste fire av fem kvinner kva ordet betydde. Medan menn kryssa rett av på 84 prosent av orda i 1978, var kvinnene nede på 72 prosent. Det er dei ikkje i dag.

Ei ny undersøking syner at kvinnene nå er på same nivå som mennene, iallfall som dei var i 1978. Rett skal vera rett, graden av ordforståing hos menn er ikkje undersøkt denne gongen, og kan sjølvsagt ha auka noko. Men uansett har dei to mediestudentane Elisabeth H. Todal og Trine Vesterhus lagt fram gode bevis på at resultata frå undersøkinga om vanskelege ord i nyheitene (VON) frå 1978 er forelda. Dei to skreiv hausten 1998 semesteroppgåva KVON - Kvinners forståelse av vanskelige ord i nyhetene. Todal og Vesterhus undersøkte ordforståinga hos kvinner i ulik alder og med forskjellig utdanningsnivå i sunnmørskommunane Ørsta og Volda. Det viste seg at kvinner kryssa av for rett tyding på 84,5 prosent av orda dei vart spurde etter.

Nå veit alle kva `kvote`er 
I alt førti kvinner tilfeldig valde kvinner fylte ut spørjeskjema i KVON-undersøkinga, der dei skulle krysse av for kva dei meinte 46 ord betydde.  Kvart av desse orda hadde fire svaralternativ, og orda var alle henta frå den opprinnelege VON-undersøkinga som Finn-Erik Vinje og Helge Østbye leidde. I VON-undersøkinga vart i alt 300 menn og kvinner frå tre austlands- og tre vestlandskommunar intervjua, og dei skulle finne fram til rett tyding av åtti ord som var henta frå nyheitssendingane til NRK.

Kva er det så kvinner på Sunnmøre forstår i dag som kvinner i Fredrikstad, Førde og ein del andre stader ikkje skjønte for tjue år sia? I 1978 forsto 51 prosent av kvinnene ordet `kvote`, i 1998 100 prosent. Og blant dei andre orda som alle dei førti i KVON-undersøkinga forstår finn vi `prioritere` (78 % i 1978), `territorium` (84 %) og `stagnere` (82 %). I 1978 forsto femten prosent `anke`- nå er talet 97,5 prosent. Berre ni prosent hadde rett forklaring på `opinion`i 1978, tjue år etter var prosentdelen oppe i 62,5. Men framleis er forståinga av enkelte ord såpass låg at ein bør vurdere å forklare orda eller velja andre omgrep for å vera sikker på å få med seg alle - både kvinner og menn. KVON-undersøkinga syner eksempelvis at berre 37,5 prosent av dei spurde visste kva `diskontoen` betyr.

Alder = visdom
Undersøkinga til Trine Vesterhus og Elisabeth H. Todal syner at ordfortåinga aukar med alder og utdanningsnivå. Medan kvinner mellom 16 og 21 år kryssa rett av på vel 70 prosent av orda, hadde kvinnene mellom 46 og 55 år over 90 prosent rett. Todal og Vesterhus meiner at den viktigaste grunnen til at fleire kvinner forstår såkalla vanskelege ord nå enn for tjue år sia, er at utdanningsnivået har stigi. Dei viser til at fire gonger så mange kvinner hadde utdanning på høgt nivå (høgskule, universitet) i 1996, samanlikna med 1980. I VON-undersøkinga synte det seg at utdanning gav store utslag på ordfortåinga. Helge Østbye skriv i artikkelen Vanskelige nyheter? (Pressens årbog, 1980) at ordvalet i VON-materialet kunne vera til fordel for menn. Årsaka var at dei fleste orda var henta frå økonomi og politikk, felt som menn frå gammalt av har sysla meir med enn kvinner. Todal og Vesterhus peiker på at langt fleire kvinner er ute i arbeidslivet i dag enn for eit par tiår sia, og spør seg om kvinnene i KVON-undersøkinga har tilpassa seg mannsverda - og om språkverda til menn har vorte ei felles verd.

Nå legg ikkje dei to mediestudentane skjul på ei svakheit ved undersøkinga - dei fekk ikkje intervjua eldre kvinner. Eldste heimelskvinne er 54 år, og på den måten har dei ikkje fanga opp kvinner frå den generasjonen som har lågast utdanningsnivå. Også heimeverande manglar blant dei spurde. Sjølv om dette kan ha påverka resultatet noko, og gjort at ordforståinga ser betre ut enn ho kunne ha gjort, så meiner Todal og Vesterhus at funna deira syner ein klar tendens.

Ord med faresignal
Undersøkinga syner vidare at kvinner som kryssa av for interesse for fjernsynsnyheiter og aktualitetsprogram, har resultat over snittet. Berre eit fåtal oppga at dei slo opp i leksikon eller ordbok, eventuelt spør andre, for å få greie på kva ord dei ikkje forstår betyr.

Dårleg eller feilaktig ordforståing rammar båe kjønn,.og KVON-undersøkinga kan gje ein tankevekkjar til alle som bruker "vanskelege" ord i det offentlege rommet - ofte utan å vera klar over at orda faktisk ikkje er så greie å forstå. Vel ein firedel av dei Todal og Vesterhus intervjua, visste til dømes ikkje kva `moderat` betyr. Dersom vi seier at ein bør vera varsam med bruken av ord som så mange som ein tredel ikkje forstår, er det "faresignal" ved orda `kommuniké`, `suspensjon`, `opinion`, `amnesti`, `kreditor`, `likviditetslån` og `prekær`, forutan `diskontoen`. Dette ordet, `prekær`og `likviditetslån` vart forresten forstått av fleire i VON-undersøkinga enn i KVON-undersøkinga, og Elisabeth H. Todal og Trine Vesterhus meiner det kan komma av at orda har vore mindre nytta i 1998 enn i 1978. Om ikkje det stemmer, kan vi vel sjå på desse orda som unnataka som bekreftar hovudtendensen? Og uansett må ein etter dette vera meir varsam med å påstå at kvinner forstår færre ord enn menn.

Av Jon Peder Vestad (rettleiar for semesteroppgåva). Lagt ut 18.1. 1999.



Vestads vevstad  * YmsepostenMål og middel * Bokoversynet.
* Privaten * RadioordlistaMedielenkjer * Språklenkjer