| |
|
Mangfaldet i
nynorsken
Den nynorsken vi
møter i media i dag, har mange fargar og mange tonar. Slik har det vore
omtrent frå da NRK starta. Fargespekteret har vorte breiare og tonane fleire
enn da Arthur Klæbo snakka med tydeleg dialekttone sist på 1930-talet, og
det skal vi vere glade for.
Samstundes er
sjangrane vorte fleire, og folk frå nye miljø har vorte rekrutterte, og det
har styrkt mangfaldet. Dette
er ein fordel, men det har også ei anna side. Det har jo også skjedd andre
ting dei siste generasjonane som har prega språkbruken. Folk flyttar meir på
seg, og fleire snakkar talemål som er prega av det. Det individuelle har fått
meir rom, og dermed er det meir akseptert enn før også at folk formar språket
meir fritt. Dessutan er bruken av dialekt meir akseptert enn tidlegare. Alt
dette pregar sjølvsagt korleis nynorsken i etermedia er og blir. Nynorsken på
lufta er meir enn den språkbruken nynorskfolk bruker i nyheitssendingane, som
nok er prega av dialekt, men i hovudsak rettar seg etter reglar for skriven
nynorsk. Vi finn også tydeleg dialektprega nynorsk, og vi finn nynorskprega
dialekt. Grensene er ikkje alltid like lette å dra. Og her er det at mange
har vanskar. Eg skal peike på nokre.
a) Folk er usikre på
kva som er dialekt, og kva som er nynorsk. Retningslinjer for det finn vi i
ordbøker og i rettleiingshefte. Dei er til for å brukast, og sjølvsagt kan
eg som språkkonsulent vere til hjelp.
b) Mange vekslar
mellom ulike oppgåver, har ein travel arbeidsdag, og får ikkje tid til å
konsentrere seg om språket. Det fører til at det språklege blir
nedprioritert, og så går det på eit vis lell.
c) Sia vi lever i ei
tid der individuell fridom blir høgt, er det mange som glømmer at språket
dei bruker i media ikkje er noka privatsak. Språkbruk i media er i høgste
grad offentleg, det er med på å prege det inntrykket folk får av den
aktuelle institusjonen.
Eg har inntrykk av
at mange kvir seg for å sjekke ordboka eller be om råd, nokre gonger kanskje
fordi dei helt vil ha svar som samsvarer med det dei sjølve meiner er rett.
Og det kan dei ikkje alltid få! Reint konkret gjev dette to moglege utslag
som eg straks skal komme inn på. Fyrst må eg berre minne om at nynorsk har
ein annan tradisjon for korleis det normerte språket skal vere enn bokmålet.
Bokmålet har ein sterk og ganske klar normeringstradisjon, og det har
geografiske og sosiale miljø med språkbruk som støttar ei viss bokmålsnorm.
For nynorsken sin del har det individuelle draget vore der frå starten, banda
til talemåla har vore viktige, og nynorskbrukarane har vore interesserte i å
gjere nynorsken til sin. Mangfaldet finst der altså i utgangspunktet.
Utslaga av denne
tradisjonen, i samvirke med endringar i samfunn og kultur, i arbeidsforhold og
mentalitet, har gjort at nynorskbrukarane lett kan bli usikre på si eiga målform.
Sia bokmålet dominerer, kjem det da lett inn bokmålsdrag inn i nynorsken. I
somme tilfelle meiner eg at det ikkje er nynorskbrukarane som har feil, men målforma
som er for trong. Det andre eg vil nemne, er at mange som soknar til
nynorsken, glømmer å stø seg til nynorsken når dei snakkar dialekt. Dei
bruker eit språk som kan verke inkonsekvent, og som kan bere preg av
formuleringar som ikkje passar med språktonen deira elles. Men likevel:
Nynorsken har mange stemmer, mangfaldet lever, og det vil gro enda betre når
folk føler seg trygge på at språkbruken deira er god.
Nynorsken endrar seg
ikkje så fort som mange lett kan tru eller ønskje. Eg ser eit par
utviklingsdrag som eg vil nemne, og det eine er bruken av passiv i verb. Eg
har ikkje undersøkt i kva grad passivformer av verb blir meir brukt i Noreg
no enn for nokre år sia, men eg ser ikkje bort frå at det er tilfelle. Sia
passivbruk har gode levekår i bokmålet, får dette også følgjer for
nynorsken. Derfor får vi nye verbformer som vi sjåast, danna etter
vi sees, og dette er i strid med reglane for nynorsk. Eg trur at den
auka bruken av passiv, og bruk av passiv i tilfelle der nynorsken har hatt
aktivformer, eg trur at det er noko som dei som formulerer reglane for
nynorsken etter kvart må ta alvorleg. Nok ein gong: Det er ikkje alltid språkbrukarane
som gjer feil, det kan også finnast manglar ved språket.
Det andre er
utviklinga av nynorsknorma. I 2002 var det ei høring om dette, og Norsk språkråd
drøfta det på møtet sitt vinteren 2003. Både bokmål og nynorsk skal
gjerast enklare, ein del av mangfaldet skal fjernast, og da såg eg at ein del
språkdrag som er innarbeidde i nynorsken i etermedia skulle fjernast. Det
vart ikkje gjort noko vedtak, og godt er det. Men dersom reglane for nynorsk
skulle stengje ute former som er lov i dag, og som mange mediefolk bruker, da
vil det vere uheldig for nynorsken. Det er nok mange nynorskfolk i
kringkastingsselskapa som ønskjer ein strammare og klarare nynorsk i teorien,
men i praksis vil dei gjerne halde på hjerteformene sine. Alt i alt peikar
dei i retning av eit mangfald.
Av Jon Peder
Vestad
Lett omarbeidd utgåve
av innlegg halde 20.10. 2003 på Marienlyst i Oslo.
|