| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 
Media og sosialsektoren

"De tok våre barn", "Gravid 13-årig narkoman på rømmen", "Budsjettsvikt i sosialsektoren" - ja, slike overskrifter kling fort i øyra våre når vi skal ta for oss media og ulike delar av sosialsektoren. Men like gjerne kan det vera bliket vårt møter saker som er langt meir lågmælte, som formidlar varme og ikkje eit tilsynelatande kaldt ønske om oppmerksamheit.

Mye helse- og sosialstoff er "godt stoff". Det kan vera tale om triste menneskelagnader, om ulike kritikkverdige forhold, manglande løyvingar, pengebruk som det går an å stille spørjeteikn ved, nye tiltak for å betre levekår for utsette grupper osv. Massemedia har som oppgåve å dekkje denne typen saker. Korleis sakene blir dekt, skil seg frå mediebedrift til mediebedrift. Retningslinjene media har å rette seg etter, er likevel dei same.

Rammene for media

Medan for eksempel barnevernspedagogar og sosionomar har sine oppgåver knytt til arbeid som det offentlege har definert og som oftast betaler for, er det journalistiske oppdraget uavhengig av det offentlege. Media skal mellom anna overvaka det som skjer i det offentlege, men skal også ta i vare informasjonsbehovet i samfunnet. Det tilsette i sosialsektoren vil oppdaga, er at somme gonger speler media på la, andre gonger vil dei nok føle at media blandar seg borti ting som dei ikkje har noko med. Slik skal det vera.

Dei viktigaste retningslinjene for norske journalistar er å finne i Vær varsom-plakaten (VVP). Brott mot god presseskikk blir behandla av Pressens Faglige Utvalg, der vi finn representantar frå media og frå allmennheita. Av og til hamnar mediesaker i det vanlege rettsvesenet, særleg når det kan vera tale om ærekrenkjing eller tap av økonomiske interesser.    

I paragraf 1 i VVP les vi om samfunnsrolla til pressa - massemedia om de vil. I 1.2 ser vi at media skal syte for informasjon, debatt og samfunnskritikk, og at ulike syn kjem til uttrykk. I 1.4 heiter det at pressa har rett til å informere om det som skjer i samfunnet og avdekkje kritikkverdige forhold, for eksempel innafor det offentlege. Dette blir forsterka i 1.5, der vi får veta at media har eit særansvar for å verne enkeltmenneske og grupper mot overgrep frå eller frå å bli forsømde av det offentlege, institusjonar eller private føretak.

Når folk i sosialsektoren av og til kan føle at media trakkar dei på tærne, kan det hende at det er fordi media og sosialarbeidarane sit på kvar si side av bordet, og har heilt ulike oppgåver i samfunnet. Men vi skal sjå at det av og til kan finnast samanfallande interesser.

Kva er "godt stoff"?

Det finst ulike stikkord som blir brukt om godt stoff. Aller fyrst må vi hugse på at godt stoff for fagbladet Fontene er noko anna enn godt stoff for Sunnmørsposten. Men viss vi ser bort frå fagblad og nisje-journalistikk, kan vi setja opp nokre temmeleg allmenngyldige  kriterium som meir eller mindre aktivt blir brukt når ein skal vurdere om ei sak er aktuell eller ei. Det kan vere

vesentlegheit – noko som gjeld eller interesserer mange, og som har konsekvens

identifikasjon - nærheit i kultur og geografi gjer at saker lettare blir prioriterte

sensasjon – noko som bryt med det normale

aktualitet - emnet er oppe i tida, eller som media bringer fram

og konflikt

Andre moment som til dels kan knytast til dei nemnde, er om stoffet gjeld kjende menneske, er kuriøst og har underhaldningsverdi. Ut frå dei rammene som kvar enkelt redaksjon arbeider under, blir tips og aktuelle saker vurdert opp mot nokre av desse godt stoff-kriteria. 

Ofte dominerer det negative, det konfliktfylte, vil mange seia. Nok ein gong er det viktig å hugse på at det somme ser på som uheldig, dumt, einsidig osv, slett ikkje blir oppfatta slik av andre. Det nyheitsinnslaget du synst er ubalansert og misvisande, er ikkje nødvendigvis det for andre. Og da er det ofte presentasjonsmåten folk reagerer på, ikkje sjølve innhaldet, faktuma.

Korleis får journalistar saker?

Journalistar får tak i stoff ved at a) redaksjonane har overblikk over når og at ting skjer, b) ved tips utafrå, c) ved eiga nysgjerrigheit, d) ved kontroll av offentlege brevlister og saksdokument, og e) ved hjelp av pressemeldingar og pressekonferansar.

Mange redaksjonar har faste rutinar for når ting skal sjekkast, for eksempel hos politiet eller andre offentlege organ, og alle sakspapir til styremøte i offentlege organ blir gått gjennom. I Noreg har vi ei eiga offentlegheitslov, som sikrar allmennheita - og dermed media - innsyn i arbeidet til det offentlege. Det fører til at alle brev til og frå offentlege organ som ikkje er merka unntatt offentlegheit, kan lesast av kven som helst (§ 2). Dei møta i styringsverket som ikkje er erklært lukka, er opne, og media kan sitere både frå brev og frå det som blir sagt på slike møte. Denne openheita blir forsøkt unngått i mange tilfelle, ved at delar av møte blir haldne for lukka dører utan at det eigentleg er lovheimlar som gjev løyve til det. I mange postjournalar ser vi at brev er mangelfullt registrerte, enda det er ulovleg. Det hindrar ikkje nødvendigvis ein dyktig journalist frå å få innsyn i desse dokument, og det går også an å snakke med folk om kva som skjer på lukka møte… Slik informasjon må sjølvsagt vurderast nøye før han eventuelt blir formidla vidare. Dessutan går det an å klage på at dokument er unnateke offentlegheit, og svært ofte får ein medhald i klagene.

Dette vil altså seia at ein journalist ikkje kan formidle kva som helst. Det kan vera omsyn som tilseier at opplysningar som ein journalist har fått på ærleg vis, ikkje bør formidlast, mellom anna av personomsyn. For sjølv om offentlegheitsprinsippet står sterkt i Noreg, så gjer også personvernet det.

Tips kjem ofte frå folk som meiner at ei sak har vore for lite framme, har vorte skeivt dekt andre stader, eller det kan hende at tipsarane meiner at det skjer noko muffens som allmennheita bør få del i. Sladder kan også fungere som tips. Misnøye er ofte ei viktig årsak til at folk tipsar, men det kan vel så gjerne vera at nokon har hug til å framheva seg sjølv, bedrifta si eller noko dei brenn for. Somme tilbyr seg å levere eksklusive saker - og dersom dei gjev ein slik lovnad, må dei halde han.

Vanleg nysgjerrigheit er også ei god kjelde til tips. Kva skjer eigentleg på den og den institusjonen? Nå er det lenge sia vi har hørt noko frå heimehjelptenesta i kommunen, har det roa seg der nå? Kva med bråket på PP-kontoret, er alt i orden eller er det like mange sjukemeldingar som før? Slike tankar kan journalistar gjera seg, og etter nokre sjekketelefonar kan det hende at ein har ei sak.

Til sist kan vi nemne media som kjelde for media, og "evige emne". Mye såkalla "godt stoff" blir funne i fagblad eller i andre medieprodukt, og så gitt ei anna vinkling i t d ei regionavis. Dernest veit vi alle at det finst ein del "evige emne" som det støtt er muleg å få til noko stoff på som folk er interesserte i. Eksempel er eldreomsorg, omsorgssvikt, alkohol, narkotika, homofili, pedofili, incest, seksualopplysning, abort, bruken av offentlege midlar osv…

Eigne saker

Det er viktig for dei fleste redaksjonar å ha eigne saker, det vil seia saker som ikkje andre har. Det viser at dei har arbeidd fram stoffet sjølv, og som dei kan bli siterte på. Det er altså eit konkurransefortrinn å ha eigne saker, det gjev prestisje og er sett på som bevis for at redaksjonen arbeider godt.

Somme journalistar arbeider ganske sjølvstendig med sitt eige felt, andre får tildelt oppgåver på redaksjonsmøte. I mange redaksjonar bruker ein mye tid på å diskutere saker og vinklingar, det vil seie måten ein skal dekkje ei bestemt sak på. Dersom kommunen skal omorganisere barnevernet, kan det hende at ein finn ut at ein vil vinkle denne saka ut frå eit enkeltmenneseke som blir berørt av omorganiseringa. Ved å bruke enkeltmennesket, kan ein kanskje få auka identifikasjonsgraden i emnet, altså gjera det lettare for folk å setja seg inn i det som skjer. På den måten kan enkelttilfellet kaste lys over ei større sak, og vi kan jamføre det med arbeidet med statsbudsjettet. Da arbeider redaksjonane med å finne fram til menneske, familiar og institusjonar som på ulike måtar får merke følgjene av statsbudsjettet.

Det har vorte vanlegare og vanlegare å ta utgangpunkt i enkeltmenneske. I somme tilfelle føler nok enkelte at dette fører til ei forflating av journalistikken, i og med at enkelttilfellet står i sentrum. Og det kan vera sant nok når ein ikkje greier å setja enkelttilfellet inn i ein større samanheng - vi får altså ei punktbelysning, utan overblikk eller djupare innsikt. Journalistikken er meir personfokusert enn før, og sjølv synest eg ikkje det er noka ulempe all den tid det gjer at ein får formidla noko vesentleg om samfunnet. Mange er nok ueinige i dette.

Kjeldevern og teieplikt

Når vi tek for oss enkeltmenneske, ofte triste lagnader, råker vi fort borti kjeldevern og teieplikt. Aller fyrst litt om kjeldevern, som vi har to typar av. Den eine går ut på at namn på anonyme kjelder ikkje skal røpast. Den andre typen kjeldevern er at det at enkelte kjelder må vernast mot seg sjølve. Årsaka er at dei kanskje ikkje veit sitt eige beste. I punkt 3.9 i VVP les vi at journalistar ikkje skal misbruke "andres følelser, uvitenhet eller sviktende dømmekraft".

Det er ikkje berre snakk om tilfelle der folk er fulle eller tilbakeståande, men det også vera slik at eit uøvd intervjuobjekt smør vel hardt på, utan heilt å fatte følgjene av orda sine.

I tilknyting til kjeldevern kan eg nemne noko om teieplikta. Kjeldevern blir brukt av journalistar om omtrent det same som andre fagfolk seier dei har teieplikt om. I sosialsektoren blir det nok informert godt om teieplikta, men mindre om unnatak frå henne. Teieplikta gjeld opplysningar ein har fått om andre eller forhold som har med andre å gjera. Teieplikta gjeld ikkje dei tilsette og deira eigen yrkeskvardag, til dømes. Ei eventuell teieplikt her er sjølvpålagd, eller kan komma av reglar på arbeidsplassen om kven som får uttale seg. 

Punkt to her er at den som skal vernast ved hjelp av teieplikta kan gjera sosialarbeidaren - eller andre - fri frå teieplikta. Det fører til at ein journalist kan få innsyn i dokument som gjeld denne parten. I barnevernsaker ser vi av og til at den eine parten gjev media innsyn, medan det offentlege held på si teieplikt. Dette kan føre til ei skeiv dekking av enkelte saker.

Interessemotsetningar

I barnevernssaker så har vi eit problem. Her er det ofte tale om drastiske tiltak, som at eit barn blir flytta vekk frå familien. I seg sjølv er det uvanleg og dramatisk, og slik sett "godt stoff". Samstundes har helse- og sosialetaten teieplikt, medan foreldresida kan ha interesse av at saka blir kjend. Media får altså tilgang til stoff frå den eine parten, og det er au den parten svært mange publikummarar vil identifisere seg med. Mediedekninga blir skeiv, det er eit problem for media, og for sosialsektoren er det eit like stort problem at dei ikkje har høve til å ta til motmæle.

Svein Brurås skriv i læreboka si Etikk i journalistikk at teieplikta nettopp i barnevernsaker kan verke som eit ullent fenomen som blir brukt for å skjule det offentlege. Brurås skriv at det må gå an å krevja at barnevernet seier noko om saksgangen i ei sak, til dømes om kva ein har gjort før eit vedtak om flytting av eit barn blir gjort. Reint prinsipielle ting og generelle opplysningar må også med, og barnevernet bør sørgje for at feil opplysningar blir retta. Dette skriv Svein Brurås, og etterlyser både meir medverking og større openheit frå barnevernet si side. På den måten kan slike saker få ei meir rettferdig, balansert dekning.

Når ein blir intervjua

Somme gonger er det folk i sosialvesenet som vender seg til ein redaksjon for å få fram ei sak, andre gonger blir fagfolka kontakta av media. I båe tilfelle er intervjuet den vanlegaste arbeidsmåten for journalisten. Det finst visse reglar for intervju.

"Det er god presseskikk å gjøre premissene klare i intervjusituasjoner og ellers i forhold til kilder og kontakter" heiter det i punkt 3.3 i VVP. Det vil seia at ein journalist skal gjera det klart at det er tale om eit intervju og i kva samanheng han/ho intervjuar deg. Det skal vera forskjell på ein koseprat som fører fram til eit portrettintervju, og eit saksintervju. Ein journalist kan ofte nikke og seia ja og ha til det intervjuobjektet fortel, men det betyr ikkje at han eller ho er einig. Kanskje er journalisten det, men det journalisten eigentleg meiner sjølv, treng ikkje visest att i den saka som blir laga.

Det intervjuobjektet seier kjem truleg ikkje på trykk ordrett, og i både radio, avis og fjernsyn vil ein oppleva at journalisten gjenfortel det kjelda har sagt med andre ord. På den måten blir det mindre omstendeleg, og journalisten sparer plass. Ofte blir historia også tydelegare, - somme gonger gjer det at folk føler at dei er feilsitert. Det skal ikkje skje. I VVP heiter det i punkt 3.7 at pressa har "plikt til å gjengi meningsinnholdet i det som skal brukes av intervjuobjektets uttalelser. Direkte sitat skal gjengis presist". Det vil seia at det er innhaldet som skal formidlast korrekt, ikkje nødvendigvis orda. I andre land er dei strengare på ordrett attgjeving av det som blir sagt enn hos oss, - i Noreg vart jo Niels Christian Geelmuyden nekta å trykkje eit intervju med Gro Harlem Brundtland fordi han siterte ho 100 % ordrett…

Etter intervjuet er det berre intervjuobjektet som har rett til å sjå noko som ennå ikkje er publisert, og det er i dei delane av saka der ein er sitert at ein kan få "kikke journalisten over skuldra". I VVP 3.8 heiter det at "endring av avgitte uttalelser bør begrenses til korrigering av faktiske feil".

Så kjem saka…

Likevel, trass i at ein har lese gjennom dei passasjane der ein er brukt som kjelde - dagen etterpå kjem det ei sak som sjokkerer. For det fyrste reagerer kjelda på overskrift og bildebruk, for det andre er det fokusert på noko det vart snakka lite om, og for det tredje er ikkje sitata korrekte. Det siste kunne kjelda ha gjort noko med, og journalisten har også ansvar her. At journalisten vinklar saka annleis enn intervjuobjektet ville ha gjort, må ein kunna leva med, sia journalist og intervjuobjekt har ulike roller og posisjonar. 

Tittel- og bildebruken er det litt verre med. Det har seg nemleg slik at journalistar leverer frå seg saker til andre, og undervegs kan sakene forandre seg noko, - dessverre til det verre somme gonger. Det står i VVP at ein skal leggje vekt på saklegheit og omtanke i både innhald og presentasjon (4.1). I punkt 4.4 les vi at ein skal syte for at overskrifter osv ikkje går lengre enn det er dekning for i stoffet. Mange journalistar har vorte lei seg for at saker dei har slite med, har vorte omredigert og "spissa" før dei har vorte publisert. Det skader tilliten mellom journalist og intervjuobjekt, og ein gyllen regel for journalistar er at dei alltid skal te seg slik at dei kan intervjue same menneske fleire gonger.

Tvisynet

Viss vi ser litt på bransjene media og sosialvesenet, så trur eg vi kan seia det slik at folk har eit temmeleg tvidelt syn på båe to. Media gjev glede og forarging, media er ute etter å ta folk - og endeleg fekk dei teke den og den kjeltringen… Sosialvesenet på si side er der for å hjelpe oss, og kan vera så svære! Men sanneleg kan dei au gje dårleg hjelp, eller vera altfor raske eller altfor seine til å gripe inn. Stryk det som ikkje passar….

Denne haldninga må vi nok leva med. I ein del helse- og sosialsaker kan media tilsynelatande gjera vondt verre med oppslaga sine. Alle er kanskje ikkje einige i det. Det gjeld grad av identifisering, det som blir oppfatta som uthenging, førehandsdømming osv. Dei fleste journalistar er nok særleg varsame med namnebruk og ordval i slike tilfelle, og eg trur vi kan seia at mange av dei som reagerer negativt på mediedekninga ville ha gjort det uansett. Det kan vera ganske fortvila for ein journalist å oppleva at same mennesket som vil nekte deg informasjon ein gong, blir sur på deg fordi du ikkje vil laga ei bestemt sak ein annan gong. Men media har ikkje plikt til å dekkje noko berre fordi til dømes ein uteseksjonsleiar eller ein helse- og sosialpolitikar synest det.

Honnørordet integritet

Alle yrkesgrupper har si eiga yrkesstoltheit, og for journalistane sin del er integritet eit kjerneomgrep her. I VVP heiter det i punkt 2.2 at alle redaksjonar og redaksjonelle medarbeidarar må "verne om sin integritet og troverdighet for å kunne opptre fritt og uavhengig i forhold til personer eller grupper som av ideologiske, økonomiske eller andre grunner vil øve innflytelse på det redaksjonelle innhold". Med integritet meiner vi at ein skal vera ubestikkeleg og opptre uavhengig og sjølvstendig.

Dersom nokon kjem til ein journalist og seier "kan ikkje du skrive dette på den eller den måten", og journalisten gjer det, er det eit brott mot den journalistiske integriteten. Det ein journalist lagar, er bestemt av journalisten sjølv og den redaksjonelle linja, ikkje av påtrykk utafrå. Resultatet kan passe med ønska til den som vil påverke journalisten til å dekkje saka på ein bestemt måte, men det skjer i så fall etter ei sjølvstendig vurdering i redaksjonen. Og her kjem det sjølvsagt inn ein annan, viktig faktor: kjeldene. Ein journalist er ingen diktar, men ein formidlar. Ein journalist kan ikkje finne opp ting, og presentere det som sant når det ikkje er det. Ein journalist skal vera til å stole på.

Kjeldearbeid

Ofte blir det sagt at at journalistar eller media skal vera kritiske, og mange vil nok da tenkje på det å vera kritisk som omtrent det same som å vera negativ. Med kritisk journalistikk meiner vi at ein ikkje skal ta alt ein får opplyst som god fisk, at ein må sjekke om opplysningane ein får stemmer, og at ein skal bruke fleire kjelder. Eit anna omgrep som dekkjer omtrent det same, er oppsøkjande eller granskande journalistikk.

I VVP står det ganske mye om forholdet til kjeldene. Som hovudregel skal kjeldene for informasjon komma fram, dvs at det blir opplyst kor ein har fått dei og dei opplysningane frå. På den måten kan ein kritisk meinigmann kontrollere det arbeidet journalisten har gjort. I punkt 3.2 står det at ein skal vera kritisk i val av kjelder, og kontrollere at opplysningar ein får er korrekte. Det fyrste er lettast. Det er forskjell på den tyngda "vanlege folk"  og fagfolk kan uttale seg med i bestemte saker. Dersom ein har ei truverdig, relevant kjelde, vil nok ein journalist ofte stole på at informasjonen som blir gitt, er korrekt. Men i innvikla saker, saker som kan få rettsleg etterspel, er ein likevel svært nøye med å kontrollere alle mulege opplysningar.

Anonyme kjelder

Somme gonger blir det vist til anonyme kjelder. I slike tilfelle er det uråd for andre å sjekke om informasjonen dei gjev, er korrekt. Journalistar skal i minst muleg grad bruke anonyme kjelder, men somme gonger er det likevel nødvendig. Da må journalisten vera ekstra varsam med den informasjonen han/ho bruker frå denne kjelda. Når ei kjelde har fått løfte om å vera anonym, så skal det løftet haldast. Dersom ein seier til ein journalist at "eg vil ikkje siterast på dette", så betyr det at journalisten kan bruke informasjonen som er gitt, men kan ikkje knyte informasjonen til denne kjelda.

Bruk av anonyme kjelder er ikkje problematisk berre for journalisten og publikum, men også for dei som kan vera kjelder. Det går som oftast an å finne ut omtrent kva for miljø opplysningane har komme frå, og da kan folk begynne å skumle om kven det er som har lekt. Ofte kan det vera greiare å stå fram med namn, gjerne i kraft av tillitsvald, avdelingsleiar eller ein annan funksjon, som gjev legitimitet til for eksempel kritikk. Det styrkjer saka, det er meir reinsleg, og det reduserer kviskringa i krokane.

Kven kan intervjuast?

Når det er kontakt mellom folk i sosialsektoren og mediefolk, har kontakta støtt eit siktemål. Det skjer sjeldan for moro skuld. Fagfolka i sosialvesenet er kjelder for opplysningar og synspunkt, kan bli brukt som motekspertise eller for å sjekke faktum, eller gje journalisten bakgrunnsinformasjon.

Somme arbeidsplassar og kommunar har eigne, ganske strikte reglar for kven som kan uttale seg til media. Som arbeidstakar må ein orientere seg om det finst slike reglar for den etaten eller institusjonen ein arbeider i. Somme gjer det lett for seg ved å seia at dei ikkje har uttalerett, og sparkar ballen vidare til andre utan vidare. Dersom ein er i ein posisjon der ein fritt kan uttale seg til media, bør ein gjera det, Noko anna er kva som blir sagt, og korleis det skjer. Som tillitsvald har ein sjølvsagt uttalerett, og arbeidsgjevar kan ikkje leggje munnkorg på tillitsvalde i fagorganisasjonar og interessegrupperingar, til dømes organisasjonar for pårørande.

I eit nummer av fagbladet Fontene skreiv Jarle Tufta ein kronikk som tok opp teieplikt og ytringsfridom. Forfattaren skriv der at teieplikt ofte kan fungere som ei munnkorg, og hindre at viktige, kritikkverdige forhold ikkje kjem fram. Han nemner au at i Danmark har dei ei lov som gjer det ulovleg å forby tilsette å leggje fram opplysningar som ikkje er omfatta av teieplikta. Tufta ser ikkje bort frå at den norske ytringsfriheitskommisjonen kan komma til å leggje fram eit forslag om ei liknande lov i Noreg.

Erfaringar frå fagbladet Fontene

Elisabeth Strøm, som har vore redaktør i Fontene, seier at det er lett å dekkje seg under teieplikta. Mange ønskjer å fortelja ting som dei ikkje vågar fram med, fordi dei vil vera lojale overfor arbeidsgjevaren. Ho har opplevd at folk er redde for å uttale seg, og går tilbake på alt dei har sagt, og vil ikkje bekrefte ting dei har fortalt tidlegare. Men journalisten veit jo det han eller ho veit! Skal ein unnlate å gjera noko på emnet, da? I somme tilfelle er det einaste løysinga, sa Elisabeth Strøm, for ein har jo ikkje opne kjelder. Og viss ein da skulle ha laga sak på eit viktig emne, står ein i fare for å berre ha anonyme kjelder. Det svekkjer saka, sjølvsagt. Men kanskje kan ein vente ei tid, bearbeide kjeldene eller prøve å skaffe andre kjelder.

Elisabeth Strøm sa også meir: Folk i sosialsektoren må setja seg inn i rettane dei har som kjelder, og sørgje for å få retta feil og misforståingar på førehand. Mange veit for eksempel ikkje at dei ikkje har rett til å kontrollere anna enn sine eigne sitat, og at dei ikkje kan diktere titlar, vinking og slikt. Somme trur også at dei kan stoppe ei sak, men det er uråd på annan måte enn ved ikkje å gje informasjon. Dessutan kom Strøm med ei oppmoding: Tips fagblada!

Kunnskapsløyse

Ofte veit journalisten for lite om det han eller ho skal laga ei sak om, og da spør gjerne journalisten intervjuobjektet om han eller ho har forstått det rett. Mange journalistar er nok hårsåre dersom dei merkar at de synst dei er vel kunnskapslause, og gjev uttrykk for det. Arroganse er det få som kjem noko langt med, og det er heller ingen grunn til å vera arrogant så lenge rollene er klare: Eg er journalist, du er intervjuobjekt. Så i staden for å hovere over kunnskapsløyse, er det betre å hugse at ein journalist fyrst og fremst er ein ekspert på formidling, og at det er i alles interesse at det som blir formidla, er korrekt. Journalistar kan som alle andre yrkesgrupper bli ganske nærsynte, på den måten at vi alle kan ha vanskar med å fatte at ikkje "alle andre" skjønner kva vi driv med.

I nokre tilfelle kan journalisten framstå som ein motdebattant, utan å vera det. Journalisten stiller spørsmål på vegner av dei som ønskjer svar, dei som ikkje veit, og det vil seia at ein ofte vil oppleva at journalistar kan argumentere mot det intervjuobjektet seier. Det er ikkje det same som eit åtak, men både eit forsøk på å få fram argumentasjonen, og å representere dei som ikkje er til stades, ein motpart, brukarar eller publikum.

Journalisten treng ikkje namngje andre som han/ho snakkar med, men kan gjera det. Emnet må sjølvsagt gjerast kjent, men ikkje nødvendigvis vinklinga. Grunnen er at ei sak kan endre seg undervegs. Kanskje ser journalisten at saka er annleis enn det såg ut til fyrst, kanskje er det riktigast å dra fram ei side ved saka i denne omgangen, og følgje opp med meir seinare. Men det vil ikkje seia at det er fritt fram for å narre intervjuobjekt eller dra fram ei uvesentlegheit. Da vil intervjuobjektet fort føle seg misbrukt, og det vil gå ut over både journalist og mediebedrift. 

Media og sosialsektoren

Media er avhengig av stoff, og små og store aktørar i verda utafor er avhengige av at informasjon kjem ut. Somme gonger skulle mange sikkert helst ha sett at informasjon ikkje kom ut, men akkurat det let vi liggje nå. Det finst jo au mange tilfelle der media og sosialsektoren har samanfallande interesser.

I somme bransjar heiter det at "all omtale er god omtale". Det gjeld kanskje ikkje helse- og sosialsektoren, men i det lange løp trur eg vi skal vera glade for at ting blir gjort kjende, slik at feil, skeivheiter og andre kritikkverdige forhold kan bli retta på. Dessverre er det ein del som ikkje greier å skilja mellom sak og person, og føler seg uthengde som privatpersonar pga ting dei har utført til dømes etter pålegg. Hugs at også journalistar skal skilja mellom sak og person, og at journalistane ikkje er ute etter å "ta" noka spesiell gruppe eller bestemte menneske. Handlingar og haldningar kan bli kritiserte, og slik er det i eit demokratisk samfunn.

Av Jon Peder Vestad

Omarbeidd manus frå førelesingar for sosionom- og barnevernstudentar ved Høgskulen i Volda.

Lagt ut på nettet 13. mai 2002.

 

 

     
 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet| Privaten | Lesarbrev |