| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 
Media skal vere til å stole på

Einsidig fokusering i media på det sensasjonelle eller ting som på andre måtar er oppsiksvekkjande, kan fordreie verkelegheita – det kan skapa eit heilt feilaktig bilde av kva som skjer i samfunnet. Men det finst mange oppfatningar av kva som er sant og verkeleg. Om dei journalistiske ideala er ganske like, så er ikkje rammene for journalistikken heilt dei same over alt.

Norsk journalistikk har forandra seg over tid, men ein ting har stått fast heile tida: Ytringsfrihed bør finne sted. Det står i Grunnlova, og fordi ytringsfridommen er grunnlovsfesta, har det ikkje vorte sett på som nødvendig med noka eiga presselov i Noreg. Vi har andre ordningar som regulerer utføringa av det journalistiske oppdraget, mellom anna Tekstreklameplakaten, Redaktørplakaten og Vær varsom-plakaten. Slike friviljuge retningslinjer går som oftast lenger enn lovverket.

Den fjerde statsmakta

Vi kjenner alle til at media skal vera den fjerde statsmakt. Dei andre statsmaktene er den lovgjevande, den utøvande og den dømmande statsmakt. Det som ligg i omgrepet "den fjerde statsmakt" er at media skal fungere som ein uavhengig observatør, ei vaktbikkje i det norske samfunnet. Men det er ikkje den einaste oppgåva til media. Media skal opplyse, engasjere, avdekkje, underhalde og også påverke. Det siste verkar kanskje litt snodig - men det er ei følgje av at media skal opplyse og avdekkje. Både opplysning og avdekking kan føre til endringar, både i haldningar og handlingar. Ulike mediebedrifter legg vekt på ulike sider av det journalistiske oppdraget, dei har ulik profil og ulikt verdigrunnlag, og sakene spenner over eit vidt spekter - frå det spekulativt sensasjonelle til det seriøse.

Kva gjer media med verkelegheita?

Gudmund Hernes skreiv på 70-talet ein artikkel som heiter Det media-vridde samfunn. Artikkelen har vorte ståande som ein klassikar, fordi Hernes på ein lettfatteleg måte seier noko om det media gjer med stofftilfanget sitt. Det er

a)      tilspissing - spissformuleringar/hovudpkt heller enn detaljert framstilling

b)      forenkling - det mangfeldte, nyanserike blir gjort enkelt

c)      polarisering - kontrastar, motsetningsforhold blir framheva

d)      intensivering - heftige samanstøytar blir forsterka, det "normale" blir utelate eller ikkje framheva

e)      konkretisering - det allmenne og abstrakte blir tona ned til fordel for det særeigne og konkrete

f)        personifisering - sak blir til person og konflikt til duell

Noko av grunnen til såkalla medievridning kjem av innarbeidde journalistiske forteljeteknikkar. "Verkelegheita er konkret", er eit journalistisk slagord, "don`t tell it, show it", eit anna. Og det er absolutt etter lærebøkene at ein må forenkle for at folk skal få med seg det journalisten ser på som historia, hovudemnet i saka. Vi skal ikkje unnslå at tilspissing og intensivering er med på å gjera ei historie "betre", sett med auga til ein journalist.

Nyheitsterskel og dagsordenfunksjon

Nokre spesielle medieomgrep lyt nemnast, og det fyrste er nyheitsterskelen. Det som er ei god nyheit ein dag, er det kanskje ikkje den neste. Vi snakkar om agurktid, og at det går inflasjon i saker frå eitt stoffområde…. Det andre omgrepet er dagsordenfunksjonen til media - at massemedia skal bringe fram saker som fører til debatt. Somme gonger skjer det ut frå redaksjonelle vurderingar (som Stopp volden-kampanja til Dagbladet), andre gonger kan initiativet komma frå organisasjonslivet.

Ein del mediebedrifter sel publikum til tv-annonsørar eller radiolyttarar, andre sel avisene sine mye på grunnlag av fyrstesida. Kommersialisering eller tabloidisering er ord som blir brukt om dette, men sensasjonsjournalistikk er nok meir dekkjande. ’Tabloid’ er eigentleg eit avisformat, det formatet som Møre og VG har. Og ei sak kan godt vera kommersielt interessant, samstundes som ho er konsekvensrik og vesentleg. Kommersialisering er ikkje nødvendigvis negativt.

Her er det naturleg å seia noko om sensasjonsjournalistikken og verkelegheita. Sensasjon, det uvanlege er av natur betre nyheiter enn det vanlege, det som er venta. Årsaka er enkel: det sensasjonelle inneber eit avvik frå det normale. Men dersom ein berre har sensasjonar eller for den del kuriositetar, greier ikkje media formidle noko riktig bilde av verda. Nå er det ikkje slik at det kan eller skal finnast noko 1:1-forhold mellom verkelegheita og verda. For det fyrste er vi menneske ueinige om kva verkelegheit er, for det andre kan ikkje media fortelja om alt som går som det skal, - at folk kjem seg på arbeid, at butikkane får leveransane sine og at alt er som det skal vera her og der. Ikkje er vi vant til den typen "nyheitsstoff", og ikkje trur eg det hadde gitt oss så mye i lengda.

Ein uavhengig bransje

Framveksten av massemedia i nyare norsk historie er knytt til utviklinga av det representative demokratiet. Dei ulike partia sette i gang aviser, som ikkje berre formidla nyheiter, men som også hadde eit klart partipolitisk verdigrunnlag. Dei siste tiåra har vi sett at det har vorte færre og færre partiaviser, og banda til partia har vorte svekte. I dag er det utenkjeleg at redaktøren i ei Ap-avis sit i det lokale Ap-styret. Vi har også fått fleire profesjonelle eigarar av mediebedrifter - føretak som er aktive i mediebransjen med det som mål å tene pengar, for å seia det enkelt. Mediebedriftene har vorte meir uavhengige av eigarane sine, og vi har det vi kallar Redaktørplakaten, som mellom anna skal sikre at eigarane ikkje påverkar innhaldet i media.

Det er eit ganske skarpt skilje mellom eventuell partitilknyting og/eller kven som eig mediebedriftene på den eine sida, og det redaksjonelle innhaldet på den andre sida. Det vil ikkje seia at media unnlet å formidle verdiar og haldningar, men at det skjer på eit anna grunnlag enn tidlegare. Eit lokalt partilag kunne for nokre tiår sia be redaktøren skrive om den eller den saka på ein slik eller slik måte, og det skjer ikkje i dag. Styret i Orkla-konsernet kan heller ikkje be ei lokal Orkla-eigd avis dempe kritikk mot ei anna Orkla-bedrift.

Dette er ein del av profesjonaliseringa av journalistikken. Altså: journalistikk blir sett på som ein bestemt type handverk som skal utførast på bestemte måtar, med visse ideal og retningslinjer som gjeld uansett mediebedrift. Ei anna side ved profesjonaliseringa er at journalistar i større grad enn før har journalistutdanning, eller gjennom opplæring i mediebedrifter har vorte lært opp til å vurdere saker på omtrent same måtar.

Har verdigrunnlag

Norske mediebedrifter er uavhengige av eigarar og politiske parti, men har likevel ofte eit verdigrunnlag som samsvarar med bestemte ideologiar som vi finn att elles i samfunnet. Det gjev visse rammer - Aftenposten er til dømes ikkje spesielt kritisk til marknads-liberalismen, men gjerne til monopoltendensar, og Dagsavisen står framleis på eit sosialdemokratisk verdigrunnlag. Verdigrunnlaget og interesseområda til dei ulike redaksjonane er med på å setja dei rammene som tidlegare var meir partiideologiske.

Journalistane på si side er ikkje lenger bundne til ein bestemt politisk ideologi, men meir til ein felles-journalistisk presseideologi, der det er viktig å vera kritisk, sakleg, truverdig og uavhengig. Det fører til at journalistar i dag kan vandre frå Klassekampen til Aftenposten, utan at det blir sett på som noko problem. Handverket og den kritiske innstillinga skal vera den same uansett kor ein journalist arbeider - ein Dagsavis-journalist skal vera kritisk til det som rører seg i sosialdemokratiske rørsler i Noreg..

Oppfatninga av ”kritisk journalistikk”

Nokre gonger blir det nemnt at journalistar eller media skal vera kritiske, og mange vil nok da tenkje på det å vera kritisk som omtrent det same som å vera negativ. Med kritisk journalistikk meiner vi at ein ikkje skal ta alt ein får opplyst som god fisk, at ein må sjekke om opplysningane ein får stemmer, og at ein skal bruke fleire kjelder. Eit anna omgrep som dekkjer omtrent det same, er oppsøkjande eller granskande journalistikk.

Journalistar skal i prinsippet bruke fleire kjelder og vera kjeldekritiske når dei arbeider med saker. I ein del tilfelle er det snakk om kjelder som står for ulike syn på verkelegheita, og den eine kjelda kan komma til å skulde den andre for både det eine og hitt. I VVP står det klart at dei som blir utsett for sterke skuldingar skal ha mulegheit til å kommentere faktiske opplysningar, altså opplysningar som gjeld konkrete faktum, samtidig med at kritikken kjem. Det er det beste for samfunnsdebatten - og for truverdigheita til sakene - at ulike syn kjem fram. Så sant det er muleg, skal den som er utsett for kritikk, få svara på kritikken. Det prøver journalistane som oftast å få til, men det er ikkje støtt det går.

Merk her at sjølv om media skal gje stoffet som blir presentert ei balansert dekning, så er ikkje det det same som båe sider i ei konflikt har krav på like mye plass eller nøyaktig lik behandling. Det betyr heller ikkje at mediedekninga treng vera nøytral eller objektiv. Tidlegare hadde mange media eit objektivitetsideal, men det er lite framme i vår tid, mellom anna fordi ein legg vekt på at media skal vera ein forsvarar for dei svake, og at objektivitet i praksis er umuleg å oppnå. I staden er idealet at dekninga skal vera sakleg og rettferdig, og som så mangt anna er dette eit ideal som ikkje blir oppfylt. Men det gjer ikkje idealet mindre verdt. Utan ideal, klare rammer og tydelege rettar, hadde vi lett fått ein meir grisete og usakleg journalistikk.

Av Jon Peder Vestad

Lagt ut på nettet 13. mai 2002

     
 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet| Privaten | Lesarbrev |