| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

 
 
 
 

 

  Meir nynorsk i media!?

For tida skjer det meir med språkpolitikken i landet vårt enn godt er, synest nok mange av oss. Mye av det skjer med og i media.

Som så ofte før er nynorsken i ein trengd posisjon, og dei same, gamle argumenta kjem fram att – og også frå nynorskfolk kjem det nå krav om fridom frå sidemålsundervisning og det som blir kalla språktvang. Nynorsken må klare seg sjølv, vi styrkjer ikkje nynorsken ved å dytte han på andre, heiter det. Dette er argument vi skal ta alvorleg, same kven som kjem med dei. Og haldninga som ligg bak har ikkje berre grunnlag i velkjend motstand mot nynorsken og alt hans vesen, men får også næring av dei same strømdraga i samfunnet som ber med seg ønske om mindre offentleg regulering og styring på område etter område.

Utgangspunktet

I lys av dette er det eg skal ta for meg nynorsk i media. Med ’nynorsk’ meiner eg den målforma som i hovudsak er regulert av vedtak frå Norsk språkråd. Høgnorsk fell utanom. Eg skal prøve å greie ut om nokre av dei utfordringane nynorsken i media står framfor. Men media er ikkje lausrive frå det som skjer elles i samfunnet. Språkbruken i media er både med på å påverke språket elles i samfunnet, og prega av samfunnet.

Det er rett og slett feil å sjå svart-kvitt på det som skjer – samstundes som noko går gale, kan andre ting gå rett så bra. Slik er det med nynorsken i media for tida, noko er positivt, andre ting er det ikkje.

Alle vi som bruker nynorsk, deler på ansvaret for nynorsken i framtida. Vi er språkmisjonærar anten vi tenkjer over det eller ikkje, og når eg påstår at målrørsla kan ha øydelagt for nynorsken i media, har det minst fleire sider. Noregs mållag har iallfall tidlegare kravd at halvparten av språkbruken i NRK burde vere på nynorsk. Det er urealistisk. For eit par år sia gjekk ein lokalavisredaktør ut og klaga over at avisa ikkje fekk tak i søkjarar som brukte nynorsk. Argument for nynorsken kan også vere dårlege. Vi kan godt meine at nynorsk er eit betre språk enn bokmål, men det er jo ikkje det for alle. Personlege oppfatningar blir ikkje nødvendigvis sanne av at nokon målber dei sterkt, og blandar kjensler med faktum. Og så kan både krav, argument og faktisk språkbruk alt i alt verke negativt på dei ein ønskjer å nå, slik at folk finn nynorsken mindre attraktiv enn vi skulle ønske dei gjorde. Dersom målrørsla slåst for nynorsken med ei språkdrakt som verkar sær og ekskluderande, gjer ikkje det nynorsk til noko nært og kjært for dei som rett og slett ønskjer ein normal, moderne nynorsk.   

Eg vil nå prøve å svare på fem spørsmål: 1) Har vi nokon rett til å få bruke og møte språket vårt i media? 2) Korfor er det viktig med nynorsk i media? 3) Korfor slepp ikkje nynorsken til meir i media enn han gjer? 4) Kva er det som kan øydeleggje for nynorsken i media? 5) Korleis kan vi få meir nynorsk i media?

Har vi nokon rett til å få bruke og møte språket vårt i media?

Somme gonger kan vi møte argument om at vi har rett til å kunna krevje å få bruke og møte nynorsk i media. Det blir sett på som ein slags menneskerett, og korfor ikkje?

Dersom vi går til menneskerettserklæringa til FN så nemner ikkje ho noko om språk i media. I artikkel 2 står det at rettane og fridommane i erklæringa gjeld uansett språk, og vi kjenner jo også til retten til å ytre seg. Vidare nemner erklæringa i artikkel 26 rett til undervisning, og undervisninga skal vere med på å utvikle personlegdommen. Det står ikkje noko om at dette skal skje på morsmålet. Artikkel 27 slår fast retten til å ta del i kulturlivet i samfunnet og til å nyte kunst, og artikkel 28 nemner at alle har rett på ein sosial orden som gjer innhaldet i erklæringa muleg. Det går an å lese dette som argument for at ein skal få bruke og møte morsmålet sitt.

Nå er det slik at det vi oppfattar som eit språk, langt på veg er bestemt av politiske forhold. Administrative grenser har skilt mellom eksempelvis Danmark og Sverige, og har gjort at språket i kvart av områda har vorte sett på som ulike. Og dette politisk-administrative skiljet har vore med på å føre språkbrukarane i dei to landa lenger frå kvarandre reint språkleg. Derfor er det lett å rekne svensk og dansk som ulike språk – enda den språklege variasjonen nok er større blant dei som har tysk morsmål i Tyskland, Austerrike og Sveits enn i Sverige og Danmark. Dei politisk skapte grensene mellom språkbrukarar og dermed språkkulturar har au påverka i kva grad vi er vane med å forstå folk som snakkar eit anna, nærskyldt språk. I Noreg er bokmål og nynorsk to målformer av norsk, og desse målformene, pluss svensk og dansk kan reint språkleg bli oppfatta som målformer av eit nordgermansk språk. I dette språkområdet forstår naboane kvarandre. Mellom Noreg og Russland ser vi derimot ei grense mellom to språk som er ulike i rein språkleg forstand. 

Eg nemner dette fordi oppfattingane av kva som er eit språk kan vere ulike, og det kan påverke synet på kva rett ein har til å møte sitt eige språk i media. I Skotland er det mange som snakkar skotsk, som av somme blir rekna som eit eige språk, av andre som ei engelsk målform. Det er lite skotsk i skotske medium, og det er heller ikkje noko massivt folkekrav at det skal bli meir. Kanskje folk ikkje veit kva dei går glipp av?

Vel, ein skarpskodd jurist kan betre enn meg bruke menneskerettserklæringa til å argumentere for retten til bruk av nynorsk. Dette er ikkje enkelt! Vi nynorskbrukarar møter jo nynorsk i media, men ikkje over alt. Og der vi ikkje finn nynorsken i norske medium, er det for det meste bokmål som blir nytta. Det forstår vi, og langt på veg kan alle norskspråklege uttrykkje seg slik dei vil gjennom bokmålet. Men likevel skurrar dette for mange av oss, fordi nynorsken samsvarer betre med talemålet vårt og den kulturelle tradisjonen som vi ønskjer og har all rett til å høre til. Nynorskbrukarar utgjer heller inga eiga folkegruppe, men den hardaste kjernen av målfolk har faktisk fellesdrag med etniske grupper. Eg har undersøkt kva kjenneteikn som blir knytte til etnisitet, og har sett at dei som identifiserer seg sterkast med nynorsken og lever eit mest muleg ”nynorsk” liv, ber med seg det eg vil kalle ein muleg etnisitet. Og ei gransking av haldningar hos menneske i nynorskområde, syner at nynorskfolk ikkje ter seg heilt som alle andre – dei stemmer oftare sentrumsparti, er meir opptatt av heimstaden osv. Men i det store og det heile er folk like, uansett kva målform vi bruker.

At vi ikkje er heilt like, at folk på Sørlandet kan ha andre haldningar og vaner enn folk i Trøndelag, at somme identifiserer seg med nynorsken og andre norskspråklege ikkje har nokon klar språkleg identitet, syner spennet i det vi oppfattar som norsk. Rett eller ikkje rett til å møte nynorsk i media? Eg vil seie at det er naturleg at nynorsk blir brukt i media, og meir enn i dag, og dei beste argumenta er

a)      omsynet til nynorsknære talemål som bokmålet ikkje viser

b)      den kulturelle tradisjonen som ikkje er heilt lik bokmålstradisjonen

c)      og ikkje minst: At vi er mange – godt over ein halv million - som bruker nynorsk alltid eller av og til.

Dersom media skal spegle samfunnet, må media også spegle språkbruken i samfunnet. Det gjeld på lokalplan i område der nynorsk er brukt, men også på riksplan. Grunnen er sjølvsagt at media er av dei viktigaste institusjonane som bind oss saman som menneske, og gjev oss noko felles. Derfor ønskjer også eg at fleire riksaviser enn Vårt Land, Nationen, Dagen og Klassekampen let dei tilsette som helst vil skrive nynorsk, få gjere det. I eit samfunn som vårt er det ei naturleg følgje av språksituasjonen i samfunnet, av ideala om mangfald og toleranse – og ikkje minst er det naturleg ut frå det vi oppfattar som personleg ytringsfridom.

Uavhengig av kva slags argument vi bruker for nynorsken i media, så er det eit faktum at mange av oss synest det er altfor lite nynorsk i media, og at journalistar som ønskjer å bruke nynorsk, ikkje får gjere det. Vi treng derfor eit språkombod i Noreg som kan slå ned på språkleg undertrykking av ymse slag. Da kunne vi fått meir merksemd rundt muleg tilfeldig usynleggjering og meir bevisst undertrykking som finst av nynorsken på forskjellige samfunnsområde. Eit språkombod ville ta språkrettar i samfunnet på alvor, og hatt ei viss makt.

Korfor er det viktig med nynorsk i media?

Det har sannsynlegvis aldri vore brukt meir nynorsk i media enn i dag. Eg veit det kan verke som ein dristig påstand, men likevel: Det har jo aldri funnest så mange ulike massemedium heller enn no. Når vi ser på alle medietekstar som blir produserte kvar veke, så har det truleg aldri vorte skrive så mye på nynorsk i media før. Om prosenten går opp eller ned samanlikna med alt som blir laga på bokmål, er uvisst. Men det finst mange organ som bruker nynorsk, i radio, fjernsyn, lokalaviser, regionaviser, nokre riksaviser, i fagblad og på nettstader. Det er nærmast uråd å leve i Noreg i dag utan å møte nynorsk i media.

Når det er viktig at nynorsken blir brukt i media, så er det fordi media har så stor og sentral plass i samfunnet som eit heile, og i livet til kvar enkelt av oss. Vi hører på radio og ser på fjernsyn mange timar kvar dag, tre av fire les avis kvar dag, og ein firedel av oss les VG. Vi lever meir og meir av livet med selskap av media, media når sjølvsagt mange og har dessutan prestisje. Det er altså ikkje likegyldig kva slags norsk som blir nytta i media.

Eg må gå grundigare inn på dette, og tek utgangspunkt i prestisje. Ivar Aasen skreiv i ulike sjangrar for å vise at det faktisk gjekk an å vende seg til norske lesarar på eit anna språk enn dansk. Skuleverket og styringsverket har alltid vore viktig for målrørsla, kyrkja har vore det, og også aviser og kringkasting. Desse institusjonane har tre nyttige eigenskapar: Dei spreier innhald, dei bruker språk, og dei har prestisje. Det vil seie at folk ikkje berre legg merke til det som blir formidla, men også måten det blir formidla på. Både skuleverket og kyrkja har nok mista mye av den posisjonen dei har hatt, og media har tatt over mye av den prestisjen det er knytt til slike sentrale posisjonar i eit samfunn. Posisjon og prestisje gjev makt.

Skiljet mellom prestisje og makt er ikkje nødvendigvis så skarpt, men vi kan seie det slik: Det er menneskeleg å vilje identifisere seg med eller bli meir lik nokon som har prestisje. Språkbruk som blir nytta i prestisjefylte samanhengar, kan altså få ekstra støtte og bli vennlegare mottatt hos publikum nettopp på grunn av samanhengen. Derfor ser vi at protestane mot nynorsken til Ingvild Bryn og Nils Gunnar Lie er relativt svake, fordi mediet – fjernsyn – og samanhengen – nyheiter – har prestisje. Media har meir direkte språkleg makt ved at den språkbruken som blir spreidd, når mange og det med eit slags godkjentstempel frå ein statusinstitusjon. Og her er det verd å nemne at NRK har jo vore eit ledd i den offentlege norske språkpolitikken sia 1933, og er det framleis. Utan kamp og litt hestehandel hadde ikkje nynorsk vore garantert nokon plass i radioen i 1933. Den andre sida av dette er at språkbruk som ikkje får plass i media, blir usynleg i storsamfunnet. Heller ikkje får slikt språk nyte godt av dei fordelane media gjev – at språkbruken blir spreidd, når mange, og kan tene på statusen til mediet.

Dersom nynorsken ikkje hadde vorte brukt i media i det heile, ville truleg færre ha meint at det var nokon vits i å lære og å bruke nynorsk. Det kunne altså ha svekt målforma i det heile. Utan nynorsk i media ville også ein del ikkje ha møtt att språket sitt i viktige og populære samanhengar, og det kunne ha gjort at dei – eller rettare: vi – hadde kjent oss meir utafor, rett og slett. Den språkbruken vi møter i media, er nemleg med på å danne oppfatningar om kva som er gangbar språkbruk. Og underbevisst kan vi få inntrykk av at andre måtar å bruke språket på, språkbruk som ikkje blir spreidd gjennom media, blir stempla som ubrukbar, uaktuell – ja, dei finst ikkje.

Om nynorsk ikkje blir brukt eller blir lite nytta i media, så er det derfor uheldig både for målforma og for den store gruppa menneske i Noreg som har nynorsk som hjertespråk. For også dei som bruker nynorsken og liker han, kan føle at nynorsken ikkje passar heilt i viktige samanhengar, og kan bli reddare for å bruke nynorsk sjølve. Språkbruken i media får altså følgjer for enkeltmenneske.

Som sagt er nynorsk relativt mye brukt i media i dag. Medieforskaren Øystein Sande fann ut at det vart gitt ut 65 aviser med nynorsk som einaste eller dominerande målform i år 2000. Det er faktisk over tretti prosent av alle avistitlane i Noreg. Ja, 49 av i alt 220 aviser bruker berre nynorsk, og vi har over tjue som bruker båe målformer. I tal er ikkje det lite. Dei fleste av desse avisene kjem ut i vestlandsfylka frå Rogaland i sør til Møre og Romsdal i nord, men også i Oppland, Buskerud, Telemark og Aust-Agder. Avisene er oftast små, og står for ein liten del av det samla avisopplaget i Noreg. Den største nynorskavisa er Firda, som har 14500 i opplag.

Men - i tillegg blir nynorsk brukt i store regionaviser som GD (Lillehammer), Varden (Porsgrunn), Stavanger Aftenblad, Haugesunds Avis, Sunnmørsposten (Ålesund) og Romsdals Budstikke (Molde). Andre regionaviser kan også ha artiklar og reportasjar på nynorsk, som Agderposten (Arendal) og Fædrelandsvennen (Kristiansand). Og den største avisa som bruker nynorsk som redaksjonelt språk, er Bergens Tidende, med eit opplag på over 90000. BT har om lag 250 000 lesarar dagleg, og det er mange.

Men det finst andre, viktige medium. Mange fagtidsskrift og spesialpublikasjonar for folk med bestemte interesser kan ha stoff på nynorsk, mye eller noko, eller ingenting. Det siste gjeld særleg typiske laussalsblad. I kva grad nynorsken er stengd ute eller tilfeldigvis ikkje blir brukt her, veit eg lite om, men eg har nå ei meining.

Til nå har eg berre nemnt skriftlege medium, men eigentleg er alle medium i dag skriftlege, også radio og fjernsyn. Og i dei viktigaste radio- og fjernsynskanalane finn vi medarbeidarar som bruker normert nynorsk, eller nynorskprega målføre. Men på nettet ser vi at TV2, Kanal 24 og P4 ikkje bruker nynorsk, medan NRK ikkje har stengt nynorsken ute her. Vanlege aviser legg ut stoff på nettet med den målforma det er skrive i. Da den fyrste nettavisa vart starta, Nettavisen, var det utan nynorsk. Det finst heller ingen store nettportalar på nynorsk, og viktige nettstader som ung.no er nynorskfritt. Ja, det ser ut til at nye nettstader ikkje utan vidare bruker nynorsk, - det er visst like lite sjølvsagt som det var da radioen kom til landet. I grunnen overraskar dette meg, og eg er skuffa.

Attåt nettverdas finst det fleire delar av medieverda der nynorsk er nytta for lite, knapt, eller ikkje i det heile. Eit spørsmål er da om det er farleg at nynorsk ikkje blir brukt over alt. Nynorsk har eksempelvis klart seg utan noko vekeblad på nynorsk etter at Nynorsk Vekeblad forsvann for rundt femti år sia. Og det same ser vi i andre delar av samfunnet: Nynorsk har ikkje vore særleg brukt i næringslivet, og også i delar av styringsverket – som domstolane – har det vore knapt med nynorsk. Eksempla kunne ha vore fleire. Det finst altså viktige samfunnsområde som nynorsken aldri har fått særleg innpass på. Likevel - det ser ikkje ut til at nynorsken alt i alt har fått mindre bruksrom enn før. Som fleire har peikt på, er det bokmålet som mistar bruksområde no, medan nynorsken ser ut til å styrkje stillinga si, både i rettsvesenet og i delar av næringslivet i nynorskområde. Det er ikkje media, men likevel!

Nynorsken har overlevd utan å vere brukt på alle samfunnsområde. Men - dette har likevel hemma utviklinga av nynorsken, for eit språk blir utvikla på dei områda det blir brukt på. Og det har nok au hemma og krenkt språkbrukarar som ikkje har fått lov til å uttrykkje seg på nynorsk, pluss at det har tatt frå folk mulegheita til å møte nynorsk.

Korfor slepp ikkje nynorsken til meir i media enn han gjer?

Norsk målungdom hadde i 2003 ein aksjon for å få meir nynorsk i dagspressa. Eg kan tenkje meg at mange i redaksjonane har dratt på smilebandet av tiltaket, medan andre i det stille har sagt seg heilt einige. Men korfor slepp ikkje nynorsken meir til enn han gjer? Det fyrste vi må hugse på er at det ikkje finst nokon tradisjon i Noreg for at aviser blir pålagde å føre ein bestemt språkpolitikk. Årsakene er fleire, det har med kulturell og økonomisk makt å gjere, og med tradisjon og geografi – Oslo ligg i eit bokmålsområde. Dessutan sjølvsagt vilje.

Dei fyrste avisene var alt på plass før Ivar Aasen la grunnlaget for nynorsken, og mange av desse avisene vart sett på som uttrykk for den fridommen det norske folket ønskte. Det kan vere ein grunn til at det ikkje vart lagt nokre føringar for språkbruken i avisene – slike reguleringar kunne oppfattast som åtak mot ytringsfridommen. Det språklege klimaet var au annleis da, og somme av dei som arbeidde for nynorsken, starta eigne nynorskaviser. Dessutan må vi hugse at mange av dei som kjempa for målsaka i tiåra rundt 1900, aldri hadde lært nynorsk, og knapt nok brukte nynorsk sjølve. Dette har nok styrkt det vi kan kalle den språklege fridommen til å halde nynorsken unna dei største organa i dagspressa. 

Slik vart det ikkje med etermedia. NRK vart sett på som eit middel til folkeopplysning, og har vore ein del av den offentlege språkpolitikken sia 1930-talet. Også dei andre riksdekkjande allmennkringkastarane - TV2, P4 og Kanal 24 - har krav om bruk av norsk språk – men eg kjenner ikkje til kva som kan stå om nynorsk i konsesjonsvilkåra. Med ’allmennkringkasting’ meiner eg radio- og fjernsynskanalar som har eit breiare siktemål enn å underhalde, og som opplyser og gjev både store og små målgrupper program som er tilpassa dei. Vi kjenner jo til folk som bruker nynorsk der, og NRK har eit konkret mål for nynorskbruken, den såkalla 25-prosentsregelen. Sjølv om målet ikkje blir nådd, sørgjer det iallfall at målet blir brukt! Men – dette er jo nok ein regel som kan endrast.

Kampanjen til Målungdommen frå i fjor haust kan ha hatt ein effekt. I ein leiarartikkel i Syn og Segn blir tanken bak kampanjen nemleg følgt opp av redaktørane Hilde Sandvik og Marit Eikemo. Dei skriv at staten bør stille krav til aviser som skal nyte godt av momsfritak, på same måte som det blir sett vilkår for å få pressestøtte. Dei meiner at aviser som er statsstøtta skal styrkje ytringsfridommen, og ikkje innskrenke han ved å nekte journalistar å skrive på nynorsk. Dette meiner dei er å diskriminere eitt av dei to offisielle skriftspråka våre. For i motsetning til andre som sel varer, slepp aviseigarane å betale moms til staten, og mange av dei får også direkte støtte til drifta. Utspelet i Syn og Segn er interessant, og det skal bli spennande å sjå korleis det politiske miljøet reagerer på det. Men også momsfritaket og pressestøtta er av den typen offentlege tiltak som kan endrast dersom det blir fleirtal for det på Stortinget. Og vi må au hugse at samfunnsånda for tida ikkje er slik at det blir arbeidd for meir regulering og fleire inngrep i dei rammevilkåra bedrifter arbeider etter.

I somme aviser reknar eg med at bokmål står nemnt som redaksjonell målform i det somme kallar tufta. Det kan verke som eit åtak mot ytringsfridommen å ville endre på eit språkleg grunnsyn, på linje med krav om at Dagsavisen skulle forlate dei sosialdemokratiske grunnverdiane eller Vårt Land ikkje skulle ha kristen føremålsparagraf. Dette er verdistandpunkt, og også val av målform kan vi sjå på som eit verdistandpunkt. Det er ikkje berre-berre å skulle røre ved slike grunnleggjande forhold, sjølv om det skulle tene ei så god sak som nynorsken. 

Ein ting er likevel sikker – det finst mange journalistar som gjerne hadde brukt nynorsk om dei hadde fått lov til det. Og enda fleire kunne det ha vore. Eg trur nemleg det at den sterke bokmålstradisjonen i enkelte viktige aviser, og den prestisjen desse avisene har, gjer at mange journalistar rett og slett slår seg til ro med at dei må bruke bokmål om dei skal arbeide nettopp der.

Kva er det som kan øydeleggje for nynorsken i media?

Kampen for nynorsk har vore ført gjennom folkevalde organ, og det språklege jamstellingsvedtaket er for eksempel vedtatt av Stortinget. Målforma i kommunar og fylkeskommunar er vedtatt i tilsvarande folkevalde forsamlingar. Alle slike vedtak kan endrast, og eg meiner at målrørsla har stolt altfor mye på det offentlege, og for lite på å skape velvilje hos og byggje alliansar med private aktørar som gjer noko fordi dei vil, ikkje fordi dei eller føler at dei bør støtte nynorsken. Ennå flyt nynorsken mye på velvilje hos mange politikarar, men det kan snu.

Eg hadde ikkje tenkt å gå særleg inn på kampen mange fører for å fjerne sidemålsundervisninga. Det må eg. Forsvinn den obligatoriske sidemålsopplæringa i eitt fylke, får vi fort ein dominoeffekt. I ganske nær framtid er det muleg at det kan bli berre ein mindre del av folket som lærer og bruker nynorsk, og forståinga av den språklege likestillinga mellom bokmål og nynorsk kan bli endra på grunn av dette. Da kan nynorskbruken i større grad enn nå bli avgrensa til enkelte delar av landet. Dette kan vere eit argument – eg seier ikkje at det er noko godt argument – men det kan vere eit argument for å avgrense bruken av nynorsk i media. I staden for meir nynorsk, kan det bli mindre, og det særleg i riksmedia.

Korfor? Jau, grunnen er at ”alt heng saman med alt”. Dersom det blir mindre opplæring i nynorsk i samfunnet, blir det også mindre kunnskap om nynorsken hos folk. Delar av publikum da vil ha dårlegare kjennskap til nynorsk enn før, og ein del av ordtilfanget kan vere ukjent eller vanskeleg tilgjengeleg. Orda treng ikkje vere veldig vanskelege før dei visstnok er ukjende – eg har sjølv fått spørsmål om kva ’stutt’ og ’framhald’ betyr! For mediebedrifter som lever av at folk følgjer med i det dei formidlar, er det viktig at kommunikasjonen går godt. Dersom bokmål og bokmålsnært talemål blir forstått godt av alle, medan nynorsk og nynorsknære talemål når berre ein del, så kan valet verke lett for dei som ikkje let omsyn til kulturelt mangfald vege tungt.

Også andre samfunnsforhold og –endringar kan verke direkte inn på dei mulegheitene nynorsken har for å bli brukt i media. Eg vil ganske stutt peike på nokre av dei. Omtrent over heile landet skjer det ei indre sentralisering. Det vil seie at folk flyttar frå utkantane og inn til kommunesentra eller til regionale senter. Nå finst det mange bygdebyar der nynorsken har ein trygg plass, men mange stader er det slik at nynorsken finst att som skulemål i utkantane, medan bokmålet rår der flesteparten bur. Og også samanslåingar av skular som av kommunar påverkar framtida til nynorsken. Dersom vi får større kommunar, forsvinn truleg ein god del nynorskkommunar. Dei nye kommunane kan bli språkleg nøytrale, i praksis ofte bokmålskommunar. Og nye interkommunale verksemder som blir drivne som private føretak kan også gje nynorsken mindre bruksrom.

Når større delar av nedslagsfeltet til ei avis er dominert av bokmål, kan det bli mindre aktuelt å la journalistar dekkje stoff frå dette området på nynorsk. Det treng ikkje bli slik, men det er muleg. Eit anna poeng er at livsgrunnlaget for lokalaviser som bruker nynorsk au kan bli borte dersom fråflyttinga blir for stor. Lokalaviser og andre mediebedrifter kan også bli kjøpte opp av eigarar som ikkje har like stor interesse for å vise omsyn til dei språklege tradisjonane som har funnest i dekningsområdet. Dessutan fører mediesentralisering av ymse slag – som samarbeid mellom mediebedrifter som eir eigde av same selskap - gjerne til at det alt i alt forsvinn journaliststillingar. Dette kan gå utover nynorsken, såklart.   

Det er altså mange moment som spelar inn. Eg har forresten ikkje nemnt EU, og det er fordi språkpolitikken til EU jamt over viser seg å vere god for mindre brukte språk.

For å samanfatte: På mange område ser vi sjølvforsterkande effektar. Noko blir vanlegare fordi det er utbreidd, får positiv omtale og blir knytt til høg status, medan andre fenomen kan bli mindre vanleg fordi det blir sett på som uvanleg, omstridt og har låg status. Og nynorsken er omstridd i dag, og det meir enn på fleire år. Låg status har nynorsken alltid hatt hos somme, og mange oppfattar nynorsken som gammaldags og ikkje tilpassa det moderne samfunnet. Også nynorskbrukarar kan tenkje slik, fora som dei – eller vi – har vorte med fordommar og vittigheiter ned gjennom åra. Men dersom vi bruker nynorsken når vi har med moderne og prestisjefylte fenomen å gjere, kan vi prøve å tilbakevise slike oppfatningar.

Korleis kan vi få meir nynorsk i media? 

Dermed er eg i grunnen inne på det ansvaret som vi nynorskbrukarar har. Kva kan vi gjere for å få meir nynorsk i media? I målrørsla har det vore mye språkdyrking og mindre språkbruk. Målsaka har vore politikk meir enn kultur, stridsemne meir enn kommunikasjonsmiddel. Dette har nok au folk i utomverda fått med seg, og mange nynorskbrukarar i media greier ikkje å identifisere seg med målrørsla.

Eg kan nemne nokre eksempel. For nokre år sia gjennomførte eg ei spørjeundersøking blant redaksjonelle medarbeidarar som bruker nynorsk i radio og fjernsyn, og ei tilsvarande undersøking hadde eg blant bokmålsjournalistar.

Åtti prosent av journalistane som brukte nynorsk ønskte at norma for talt bokmål og nynorsk skulle vere vid og rettleiande, seksti prosent var tilhengjarar av tilnærming mellom bokmål og nynorsk, og berre ti prosent sa seg heilt einige i ein påstand om at bokmålet påverkar nynorsken for mye. Men dette må ikkje på nokon måte tolkast som om nynorskjournalistane hadde eit lunkent forhold til målet sitt. Dei aller fleste synte ein klar identitet som nynorskbrukarar og var krye av å bruke nynorsk. 88 prosent av nynorskbrukarane svarte ja på eit spørsmål om det var viktig for dei å bruke nynorsk, mot knapt 63 prosent av bokmålskollegaene. Det same går igjen i fleire svar. Eg bad informantane ta stilling til to påstandar. Den eine var ”Eg er kry av å vere nynorsk-/bokmålsbrukar”, og dette var over 75 prosent av nynorskbrukarane heilt eller ganske einige i, mot 21 prosent av bokmålsbrukarane. På ein påstand om at identiteten ein har som nynorsk- eller bokmålsbrukar var sterk, svarte nesten 80 prosent av nynorskbrukarane at dei var heilt eller ganske einige. Nøyaktig 50 prosent av bokmålsbrukarane er heilt eller ganske einige i påstanden.

På spørsmål om kva som kan skape vanskar i utforminga av språket, viste det seg at over halvparten hadde problem med restriksjonar i nynorsk ordforråd. I same lei går resultatet frå ein påstand om at ”Rare” ord gjer nynorsken til latter: Over halvparten meinte dette stemmer. Eg trur nok fleirtalet i undersøkinga unngår glatt og elegant ord som 'kverrsetje' og 'åtgaum', og held seg til ein nynorsk som ikkje stikk seg så kolossalt ut. Nynorskbrukarane i media knytte i fyrste rekkje nynorskbruken til seg sjølve og talemålet sitt, ikkje til samfunnsomsyn, kulturarv osv. Dette fann eg att i haldninga til det gamle slagordet frå delar av målrørsla: ”Nynorsk einaste skriftspråk i Noreg”: 82 % var heilt eller ganske ueinige i dette; berre 5 % var heilt eller ganske einige. 

Så langt om språksynet hos journalistar. Har målrørsla så greidd å få journalistane med på laget? Vel, langt på veg meiner eg at det ikkje er tilfelle. Tenk over dette: Mye målstrid har vore strid mellom folk som har ulike oppfatningar av korleis nynorsken kan eller skal vere. Eg skreiv ein gong ein artikkel om dei eg kallar ”dei personleg nynorske”, om dei som liksom eig nynorsken, føler dei. Eg trur at denne interne striden i målrørsla, strevet for å vere ”mest nynorsk”, har vore med på å prege det inntrykket mange har fått av nynorsken. Nynorsken skil seg jo i utgangspunktet frå den målforma fleirtalet bruker i skrift, og dermed meiner eg det er uheldig om ein på død og liv skal gjere nynorsken mest muleg ulik bokmålet. Forskjellane er der lell! Og etter mi oppfatning er det heilt feil å la nynorsken låne ord frå ”alle” språk, minus eitt, nemleg bokmål.

Vi bør ikkje vere redde for at folk bruker ord i nynorsken som dei har i talemåla sine, og som tilfeldigvis au finst i bokmålet. Nynorsken er til for brukarane, og må vere tilpassa brukarane. Dei gode, lettforståelege nynorskorda må vi gjerne bruke, men det er ikkje alt i den nynorske ordskatten som det finst plass for i moderne mediespråk.

Meir konkret: Alle nynorskbrukarar kan vere med på å fore media med nynorsk. Alle. Det er nemleg ein kanal for nynorskbruken som lett kan glømmast, og det er lesarbrevspaltene og andre forum der folk kan sende inn stoff. Dersom VG og Aftenposten får gode lesarbrev på nynorsk, kan dei hamne på trykk. Kronikkar og debattinnlegg om aktuelle saker likeså, og det finst ei heil verd der ute med emne som ein kan skrive om – på nynorsk, ikkje om nynorsk. Det blir det skrive om lell. 

Dersom vi ser på språkklimaet i samfunnet i dag, er det fleire strømdrag som lever side om side. Det skjer jo også mye bra! I eksempelvis VG, Dagbladet og Aftenposten får bokmeldarar skrive nynorsk, og det er meir nynorsk enn for nokre tiår sia i aviser som Sunnmørsposten og Bergens Tidende, truleg også Nationen og Vårt Land. Nynorskkjendisar som Are Kalvø, Herborg Kråkevik og Jon Fosse er ambassadørar for nynorsken, og den splitternye Kanal 24 profilerer seg med nynorsk gjennom Audhild Gregoriusdotter Rotevatn og andre medarbeidarar.

Dei namna eg har nemnt, er eksempel på menneske som har fått seg posisjonar, og som krev å få bruke nynorsk i dei posisjonane. Det blir jo sagt at kvinner må vere flinkare enn menn om dei skal markere seg på område der menn tradisjonelt har dominert. Det er nok noko liknande med nynorskbrukarar au. Vi må vere gode i det vi driv på med, og helst litt betre enn andre. Om vi er det, er ei anna sak, men det er uansett viktig for framtida til nynorsken i media at det finst flinke folk der som bruker nynorsken, og syner kva for eit godt språk det er. Dersom nynorsken skal arbeidast inn i dei riksavisene som ikkje tillet at journalistane bruker nynorsk i dag, må det vere med dyktige menneske som argumenterer godt for at dei uttrykkjer seg best på nynorsk.

Andre viktige arenaer

Ei anna side ved medieverda vil eg au nemne – informasjon og reklame. Eg er sjølvsagt klar over forskjellen mellom å informere om trygdeordningar og å reklamere for syltety, men poenget er at nokon må gjere det. Og i båe desse bransjane er det behov for folk som bruker nynorsk. Når det er for lite materiell på nynorsk i det offentlege, kjem det ikkje støtt av motvilje, men av at det ikkje finst kompetente folk til å lage det. Skal næringslivet, for eksempel turistnæringa, marknadsføre seg på nynorsk, trengst det kreative nynorsksjeler i reklamebyråa.

Sia vi ser at ein del bedrifter dei siste åra bevisst har valt å marknadsføre seg på nynorsk, og ein i tillegg har mange, store kjeder med butikkar i nynorskområde, skulle det også kunne gå an å få eit nynorsk underhaldnings- og aktualitetsmagasin til å gå rundt. Nynorsken manglar Hjemmet og Se og Hør, men nynorskbrukarane er da like interesserte som andre i å lese om kjendisar, helse, reisemål og krimstoff som andre! Ein vekebladliknande publikasjon på nynorsk hadde fylt eit stort hol i den nynorske medieverda.

Avrunding

Dersom nynorsk kan brukast til alt, så må det visast. Det trengst økonomi-, sports- og underhaldningsjournalistar som nyttar nynorsk, og på same måten – det blir ikkje skapt dokumentarar og spelefilmar på nynorsk berre ved vedtak, nokon må ha ønske om å gjere det. Fyll institusjonane! Fyll rollene! Ikkje for nynorsken si skuld, men med nynorsk.

Eg trur ikkje at det går an å vedta meir nynorsk, slik som samfunnsånda er nå, men det ser faktisk ut til å vere muleg å vedta det motsette. Likevel er ikkje arbeidet for meir nynorsk i media nokon håplaus kamp. Ved å byggje nye alliansar, ved å syne nynorsken som eit smidig og elegant, moderne språk, ved å vere dyktige på ulike fagfelt og ved å bruke nynorsk der ein er, kan vi vere med på å gje nynorsken fleire bruksområde og fleire kanalar i mediesamfunnet. Ja, det går an, og det trengst. Vi kan ikkje berre rope på staten eller lite på vedtak som kan endrast av politikarar. Framover er det viktigaste arbeidet det nynorskbrukarar gjer sjølve.  

Kjelder og bakgrunnslitteratur:

Diverse frå www.dagensmedier.no og www.mediebedriftene.no mars 2004

Sande, Øystein: Aviser på nynorsk. Arbeidsrapport. Møreforsking/Høgskulen i Volda 2000

Skjerdal, Terje: Med drahjelp frå Hagen. Kringom 1/2004

Vestad, Jon Peder: Vil media ha folk som bruker bokmål? Synsing i Magasinett, 2003 (www.magasinett.no)

Vestad, Jon Peder: Den nynorske etnisiteten. Syn og Segn, 2/2002

Av Jon Peder Vestad

Noko omarbeidd utgåve av tale for landsmøtet til Norsk målungdom 17. mars 2004. Lagt ut på nettet 21. april 2004

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |