|
Moteordliste
anno 2001
Kva ord som fell spesielt i
smak, endrar seg stadig. I år er mellom anna euforisk inn, eit anna
gromord er modus.
case (/keis/):
tilfelle, eksempel, sak: Afrika er et spesielt case
drifte: drive, halde i
gang, halde ved like:
og det skal driftast av grendeutvalet
eksepsjonell: uvanleg,
eienståande, som er heilt utaom det vanlege
eminent: framståande,
framifrå, ypparleg
eskalere: trappe opp,
auke; gje større omfang og intensitet
euforisk: av eufori,
velvære framkalla av stimuli: Stemninga er helt euforisk
high tech/hi-tech (/haitekk/):
høgteknologi, avansert teknisk metode eller utstyr
hunch (/hønsj/):
kjensle, aning, varsel, ymt, inntrykk, teikn, påminning: Jeg fikk en hønsj,
ja
ikon: 1) menneske som vi
let personifisere ein eigenskap eller ein aktivitet; heidersmenneske,
gallionsfigur?; 2) måleri av Jesus, Maria eller helgenar; 3) grafisk symbol i
dataverda
modus: innstilling, måte:
Har du kommet i feriemodus?
kjemperatings: kjempeoppslutning, kjempehøge sjåartal (lyttartal)
signifikant: klar,
karakteristisk, ikkje tilfeldig
time-out (/taimaot/):
pause, mellombels stopp: Så da er det taimaot på fire år
trigge: løyse ut,
starte, setje i gang (styrkje?)
Av Jon Peder Vestad. Lagt ut på
nettet 19. oktober 2001
|