 |
Når
avisene manglar
Heile Noreg er dekt av
aviser. Heile landet blir forsynt med nytt om reguleringsplanar,
barnehagesatsar, ran, rare insekt, moglege utbyggingsprosjekt og råkjøring.
I tillegg er avisene viktig for diskusjonar om kva vi vil med samfunnet vårt.
Kva så når avisene manglar?
I sommar var eg på Grønland.
57000 menneske bur spreidd i denne kjempedigre, sjølvstyrte delen av det
danske riksfellesskapet. Den nordiske velferdsstaten finst også her,
butikkane inneheld dei same varene som danske, dei unge går likeeins kledd
som unge i Hvidovre og Kviteseid. Ja, eg vart overraska over kor nordisk og
heimekjent mye på Grønland var. Men medieverda var annleis.
På Grønland finst det to
aviser, A.G. og Sermitsiaq. A.G. er den eldste avisa, og kjem to gonger i
veka. Sermitsiaq kjem berre ein gong, og er den største. Om eg ikkje hugsar
feil, så ligg opplagstalet på mellom 5000 og 7000 for desse to avisene. Det
er låge tal ut frå folketalet, og det verka heller ikkje som grønlendarar
flest var særleg til avislesarar eg såg få som setet seg ned med avisa.
Båe desse avisene er fullstendig tospråklege, og det vil seie at alle
artiklar og lesarbrev blir trykte på både grønlandsk og dansk. Båe avisene
held til i hovudstaden Nuuk, og der ligg au hovudbølet til KNR radio og tv,
som er allmennkringkastarstasjonar. I tillegg finst det nokre mindre
lokalradio- og fjernsynsstasjonar, som satsar mest på underhaldning.
Grønlendarane er ikkje redde
for å seie meiningane sine, men dei har få stader å gjere det. Media er
sentralisert, og terskelen for å skrive eit lesarinnlegg blir høg. Der som
her er det lettast for rikspolitikarar å sleppe til i riksmedia, dersom dei
ikkje har gjort eller sagt noko dumt, da. (Ein ordførar i ein liten austgrønlandsk
kommune vart mediemat fordi han heldt ein fest gåande i kroa si til klokka
fem om morgonen, politiet kom pga. klager, og mannen påsto at varaordføraren
hadde gitt han løyve, men ved ein feil skrive 03 i staden for 05
).
Lokalpolitikarar og vanlege folk slepp ikkje så lett til. Dermed blir det også
mange saker som får for lite merksemd, som ikkje blir lufta, granska,
kritisert
. Ja, dei lokale media, særleg lokalavisene, manglar som
debattarena.
Treng grønlendarane så
mange medium, da? Sett utafrå manglar det iallfall nokre lokalaviser. I den
neststørste byen på Grønland, Sisimiut, blir det gitt ut eit slags
reklamehefte med nokre få artiklar og lesarbrev. I denne kommunen bur det
nesten 6000 menneske. I den tredjestørste byen, Ilulissat (isfjellbyen),
finst det eit liknande reklamehefte. Her bur det noko over 4000. Slike stader
skjer det mye, men i dei grønlandske riksmedia er det dei same namna og
sakene som går att, veke etter veke. Slike er det, sa ein journalist eg
snakka med, og det skjer så mye spennande her.
Eg fortel dette fordi eg sjølvsagt
har hug til å fortelje frå grønlandsturen min, men faktisk mest for å
peike på to ting: a) Lokale medium er kjempeviktige for å orientere folk om
det som skjer rundt dei og vere stader der folk med ulike meiningar kan
diskutere. b) Lokale medium er også viktige for demokratiet, for at folk skal
føle ansvar og for at det blir sett kritisk søkjelys på det som skjer i
lokalsamfunnet. Når for eksempel lokalavisene manglar, blir det lettare for
menneske med makt å gjere akkurat det dei vil, og sleppe unna med det. Det
kritiske, journalistiske blikket manglar på lokalplanet.
Grønlandske medium er
absolutt kritiske. Dei tek opp mange vanskelege saker, og det i eit samfunn
der mange kjenner mange, og vennskaps- og slektskapsband kan gjere det
vanskeleg å vere kritisk når det er nødvendig. Men folk flest skriv ikkje
lesarinnlegg, for lokalavisa manglar. Ikkje veit eg om dei hadde gjort det om
lokalavisa fanst, heller, men eg trur det. Og kva gjer så grønlendarane for
å halde seg orientert? Jau, dei les oppslag. På oppslagstavlene heng det
informasjon om eigarlause båtar, om tildeling av jaktløyve, om
idrettsarrangement og slikt. Diskusjon blir det derimot lite av på slike
tavler, i beste fall skjer det attmed.
No i desse valtider kan vi
(trass alt!) vere glade for at vi har så mange lokale medium som dekkjer
politikken, og der vi kan få formidla meiningane våre. Ja, vi kan det!
Av Jon Peder Vestad
Skrive for magasinett.no i
august 2003, lagt ut på Vestads vevstad 28.10. 2003
|
|