| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

 
 
 
 

 

  Norsk språk i framtida  

I dag blir mobiltelefonar, fjernsynet og internett brukt til chatting, og dette har alt påverka språket vårt. Ein god del har tatt i bruk bestemte kodar og teikn, men det nye tastespråket har nok frigjort enda fleire av oss frå dei innlærte skrivereglane. Det har vorte vanleg å forkorte, sløyfe subjekt og ikkje minst bruke dialekt. Stort sett skil folk mellom språket dei bruker privat og offentleg, men den nye, uformelle språkbruken ser vi også i seriøse samanhengar, som nettmøte.

Det same kan skje når nye kommunikasjonskanalar dukkar opp: Vi får nye sjangrar med eigne språkkonvensjonar, og noko av dette kan dukke opp i innarbeidde sjangrar, som meir bruk av ufullstendige setningar. Vidare kan vi sjå nye språklege skilje mellom dei som bruker og dei som ikkje bruker dei nye tilboda. Alt nytt gjev oss nye omgrep, og det er ordforrådet eg trur det vil skje mest med. Nye medietilbod fører ikkje til språklege revolusjonar i seg sjølv - makt, prestisje og mote har meir å seie.

Kva med språket vårt om 200 år? Her spekulerer og spår eg … Norsk finst! Det lever i skuggen av engelsk, bortsett frå i ein del kommunar i som marknadsfører norsk kultur, og lever av primærnæring og turisme. Arvtakaren til nynorsk er mest brukt her, men elles i samfunnet er ei utgåve av bokmål mest utbreidd. Utafor dei ”norske” områda blir språket brukt i heimane, i vennelag og når ein handlar, men forretnings-, medie- og administrasjonsspråk er European English.

Korleis norsken er? Skiljet mellom sj og kj er sjølvsagt borte. Palatalar har stort sett forsvunne, og preteritum blir brukt sjeldnare enn i dag. Språket har berre eitt tonelag. Grammatikken liknar dagens, medan ordtilfanget er i stor grad er utskifta, særleg i bokmål. Det ville vere vanskeleg å samtale over hundreåra.

Av Jon Peder Vestad

Lagt ut på nettet 21. april 2004 

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |