| Nynorsk er
eit språk ein identifiserer seg med
Om lag 200 spørjeskjema
til tilsette i etermedia som bruker nynorsk og nynorsknære talemål,
syner at mange av dei identifiserer seg sterkt med nynorsken. Målrørsla
har likevel ikkje så mye å seie for mange. Ei tilsvarande undersøking
blant folk som nyttar bokmål, syner at merkbart færre identitifiserer
seg med bokmålet.
Dette er inntrykk etter ein
gjennomgang av i alt 400 spørjeskjema som er sende ut til tilsette
i norsk kringkasting vinteren og våren 2000. Om lag 75 prosent av
dei vel 280 nynorskbrukarane som fekk skjema, har svart. Svarprosenten
er noko lågare hos dei som bruker bokmål, litt over 60 prosent
av dei 300 som fekk skjema, har svart. Dette kan tyde på at engasjementet
for språk er størst hos dei som bruker mindretalsmålet
nynorsk.
Svært få av dei
som har svart, reknar seg som lite interesserte i språk. Blant ein
god del av deltakarane i nynorskundersøkinga ser påverknad
frå bokmål ut til å spele ei rolle for språket.
I båe undersøkingane er det mange som har kryssa av for at
dialekt og språket i og til kjeldene deira, påverkar språket
dei bruker. Ein interessant skilnad mellom dei to gruppene informantar,
er at mange av nynorskbrukarane ser ut til å ha ei slags samkjensle
med andre nynorskbrukarar i media, særleg i etermedia. Den same samkjensla
ser ikkje ut til å vere utbreidd blant bokmålsbrukarane. Ein
del nynorskbrukarar privat skriv bokmål eller både bokmål
og nynorsk, medan få bokmålsbrukarar nyttar nynorsk privat.
Dette styrkjer inntrykket av at nynorsk er eit språk ein del i etermedia
vel å bruke, truleg fordi målføra deira ligg nærast
nynorsk.
Spørjeundersøkingane
er ein del av forskingsprosjektet "Når skrift er tale", som i hovudsak
handlar om nynorsk og nynorskbrukarar i etermedia. Målet er å
finne ut korleis nynorsken i etermedia faktisk er, og korfor han blir som
han blir. Her kan mellom anna kor språkbrukarane kjem frå,
kva språkvaner dei har og kva haldningar dei har til mediespråk,
vere avgjerande. For å finne ut kva som kan påverke mediespråket
utan omsyn til målform, og kva som kan vere spesielt for nynorskbrukarane,
er det sendt ut spørjeskjema til redaksjonelt tilsette som bruker
bokmål. I båe undersøkingane kjem deltakarane frå
heile spekteret av etermedium - riksdekkjande kanalar, lokale stasjonar
og produksjonsselskap.
Dette er den fyrste undersøkinga
av sitt slag i Noreg, og det har vore viktig å få inn så
mange svar som mogleg for å få spegla meiningane og erfaringane
hos tilsette i etermedia.Det kan hende at nokon har kvidd seg for å
svare fordi dei har følt at dei har synspunkt som ikkje er stuereine.
Spørjeskjemaet er sendt til folk som bruker normert språk
på lufta, støtt eller av og til. Det er også sendt til
medarbeidarar som bruker dialekt og til ein viss grad normerer språket
etter nynorsk eller nynorsk. Også redaksjonsleiarar, redaktørar
og andre som ikkje er (ofte) på lufta, har fått skjemaet.
Av Jon Peder Vestad, som
står bak undersøkinga. Artikkelen er lagd ut på nettet
9. mai 2000.
|