|
Nynorsk
som ein kvalitet i næringslivet
I
næringslivet kan nynorsken bli nytta til profilering. Her finn vi
slikt som informasjon, reklame, oppslag og menyar. Dette får ei bedrift til
å skilje seg frå andre - ikkje minst når nynorsk blir brukt. Språkbruken
kan vere viktigare enn mange tenkjer over.
I
næringslivet ser det ut til å variere mye kva vekt det blir lagt på språk,
ikkje minst i sørvisbedrifter. Utan at eg har granska språkbruk i næringslivet,
har eg eit inntrykk av at det er mye som kunne og burde ha vore annleis. Og nå
tenkjer eg ikkje spesielt på bevisstlaus bruk av engelsk, eller det vi kan
kalle kreativ språkbruk for å bli lagt merke til. Nei, eg tenkjer på den
vanlege språkbruken som vi møter i faldarar, på oppslag, i menyar, i
pressemeldingar og på heimesider. Vi hører rett som det er at det blir klaga
over språkbruken i media, og eg synest nok at næringslivet slepp for lett
unna.
Med nynorsken som grunnlag
I
utgangspunktet meiner eg at til dømes overnattings- og serveringsbedrifter hører
til ein bransje der språkbruk ikkje blir tatt alvorleg nok. Kanskje er det
ein tradisjon for at språk ikkje er så viktig? For bedrifter som bevisst
bruker nynorsk blir dette vanskeleg på to måtar: Det eine er den tradisjonen
slike verksemder kan stå i, der språket hører til grunnlaget for at dei i
det heile finst. Det vil seie at det finst ei forventning, eller eit krav, om
at språkbruken skal vere slik og slik. På den andre sida rekrutterer desse
bedriftene menneske som ikkje nødvendigvis har den språklege tradisjonen i
årene, som kanskje ikkje har nynorsken i fingertuppane, og som heller ikkje
treng vere spesielt opptatt av språk.
Det
kan hende at eg er vel streng mot næringa når eg meiner at språk lett blir
oversett i bransjen. Det kan komme av tidspress, av mangel på rutinar, sjølvsagt
av kunnskapsmangel også, og i somme tilfelle av at interessa ikkje er der.
Ver kry av nynorsken!
Om
eg skal gje nokre råd om korleis nynorsk kan brukast i ulike typar
informasjon, vil eg fyrst slå fast at til synlegare språkbruken er, til
viktigare er han. Det er meir om å gjere at ein set inn krefter på å la
kundar og andre møte eit godt språk, enn at all interninformasjon, som
vaktlister og beskjedar, er korrekt skriven – og på nynorsk.
Eg
vil tippe at ikkje alle i ”nynorske bedrifter” føler seg like vel med å
bruke nynorsk. Det må vere greitt. Språket er likevel noko av det mange av
kundane hugsar desse verksemdene for. Nynorsken må, skal, bør, kan – vel
det som passar - ein ikkje skjemmast over, men bruke han suverent, utan
unnskyldningar, utan forklaringar, heilt sjølvsagt – og vere kry av han. Da
er det også lettare å bruke nynorsk i alle ytre samanhengar.
Nødvendig med språkrøkt
Med
eit avklart og positivt forhold til den kulturtradisjonen ei bedrift som
profilerer seg på nynorsk står i, og den rolla nynorsken spelar der, må ein
så gjere nokre praktiske val. Vi kan ikkje vente at alle som skriv i
bedriftene er like støe i nynorsk. Nokon må ha ansvar for
kvalitetskontrollen av det skriftlege materialet som blir produsert. Det er
viktig at den som får ansvaret for kvalitetskontrollen, også til vanleg har
siste ordet. Det heiter ’kaffi’ på nynorsk, slik er det. For
materiale som skal vare lenger, som heimesider og faldarar, kan det vere
naturleg å hente inn hjelp utafrå. Det kan vere ein dyktig norsklærar eller
ei eldsjel i det lokale mål- eller ungdomslaget, eller det kan vere
profesjonelle språkvaskarar. Uansett må det vere folk som har oppdaterte
språkkunnskapar; det kan vere ei ulempe med sterke meiningar om språk eller
språkkunnskapar som er nokre tiår gamle – og ikkje oppattfriske. Ein
fordel med å få hjelp utafrå, er at dei kan sjå ting med friske auge, og
til dømes luke vekk bransjeklisjear, internspråk, slurvefeil og slikt som er
skrive feil fordi nokon er brennsikre på at det er skrive rett.
Lokal identitet
Det
er vanleg at språk er politikk. Fordi vi lever i Noreg, og kjenner landet vårt
best, kan vi lett tru at den norske språksituasjonen er unik. Det er han,
like unik som språksituasjonen i andre land. Også det å ha to eller fleire
målformer som ligg nær kvarandre, er ikkje heilt uvanleg i Europa. Det finn
vi både i Estland, Litauen, Bosnia og i frisisk Tyskland og det retoromanske
Sveits.
Den
valfriheita vi har i norsk, er heller ikkje så spesiell, men ho har kanskje
ein tryggare status hos oss enn andre. Eg nemner dette dels som krydder, dels
som ein eigen rett: La nynorsken vere tilpassa det lokale målføret. Det vil
seie at ein kan syne ein dobbel, språkleg identitet reint språkleg: med
nynorsken, og med det lokale talemålsgrunnlaget. Konkret vil dette seie at
bedrifta skriv me, verte og bruker a-infinitiv viss ho held til i område
der det blir brukt i dialekten, og vi, bli og e-infinitiv dersom
dialekten har det. Også i ordtilfanget er det naturleg at de viser identitet
på denne måten: Heiter det ball lokalt, så bør det vere namnet på
retten – kanskje med andre nemningar i parentes. Når nynorsken blir forma
etter det lokale talemålet, må det vere innafor grensene for nynorsk.
Det finst ikkje noko ’kun’ eller ’værelse’ på nynorsk, ikkje noko
’spise’ eller ’betjening’.
Dette
peiker fram mot eit anna poeng: Bruk ordbok! Enkelt, men ikkje fullt så
greitt, kanskje. Det er ikkje så greitt å halde styr på alle valfrie
former, eller på kva som er innafor eller utafor nynorsknorma. Det er lurt å
sjekke ord ein er i tvil om, anten det no er om ordet er ”lov” eller
korleis det blir skrive. Språket blir aldri dårlegare på den måten.
Ein marknad for nynorsk
Fleire
av dei momenta som er nemnde til no, er knytte til rutinar. Gode språklege
rutinar er heilt nødvendige. Skal ein ha ein annonse på trykk, må ein
sjekke språket når ein får annonsen frå reklamebyrået. Sjekk språket på
heimesidene, i faldarane, i velkomstmapper på hotellrom – over alt. Ja, det
gjeld også på kassalappar, fakturaer, kvitteringar og liknande. Og den språklege
kvalitetskontrollen må sjølvsagt skje før desse produkta blir
publiserte eller tatt i bruk. Ein bør føre inn språkkontroll som eit eige
punkt i alle eksterne tekstoppdrag, og spørje reklamebyrået om dei har
tilsette som er gode i nynorsk. På den måten blir både marknaden for
nynorsktenester større, og reklamebyråa skjønner at dei må ta omsyn til
institusjonar som bruker nynorsk. Dårleg språkarbeid kan vere ein
reklamasjonsgrunn. Hent inn den gode hjelparen eller den som har ansvaret på
huset, også når det er profesjonelle språkvaskarar som har gått gjennom
eit manus. Sjølv den beste kan oversjå eller gjere feil.
Nynorsk image som ulempe
eller fordel
Det
er knytt mange slags haldningar til nynorsken, og ofte har dei eit plussteikn
framfor seg i nynorskmiljøa, og kan ha minusforteikn ved seg i andre miljø.
Men ikkje nødvendigvis. Det trauste, trege, umoderne, bondske, fjøsprega ved
nynorsken kan også vere eit konkurransefortrinn: Det solide, det opphavlege,
det naturlege, det miljøvennlege, det tradisjonsrike… For dei som har
sansen for slike verdiar, kan nynorsken ubevisst vere ein av dei faktorane som
gjer at dei heller til dømes vel ei kaffistove enn ein hipp serveringsstad
som går konkurs om to år. Men for andre – vel, det skader ikkje å
overraske. Nynorsken blir akkurat så kul som vi gjer han til. Derfor må ein
kunne bruke nynorsk til absolutt alt, også det mest tidsriktige, populære, døgnflueaktige.
Her er vi attende ved eitt av dei fyrste poenga: At vi må vere krye av
nynorsken. Og for all del: Be
aldri om unnskyldning for å bruke nynorsk. For ei bedrift med nynorsk som
profileringsspråk er det er det same som å be om unnskyldning fordi å vere
til.
Språk
og kvalitet
I
nynorsken som blir brukt i næringslivet kan rettskrivinga vere så ymse. På
ein måte er ikkje dei fleste feila alvorlege, fordi dei ikkje hemmar forståinga.
Folk skjønner det som står. Men – mange vil også bevisst eller ubevisst
leggje merke til feila, slik at dei fungerer som det vi kallar kanalstøy. Dårleg
språk kan signalisere dårleg arbeid. Dersom ikkje den språklege standarden
er god, korleis er det da med kvaliteten elles? Det treng ikkje vere
nokon samanheng, men slurv og likesæle blir lagt merke til av mange.
Mange
av dei feila vi ser i annonsar og anna marknadsføring – som
i andre tekstar på nynorsk, har opphav i bokmålet og i mangelfull
kjennskap til nynorsk rettskriving og språktone. Det er ikkje merkeleg, all
den tid bokmålet dominerer. Dermed veit vi også at vi må vere spesielt på
vakt mot denne typen språkinnslag når vi skriv. Det krev kunnskap, som kjem
mellom anna ved eit kritisk blikk og ikkje minst øving. Godt språk er eit
konkurransefortrinn, og god nynorsk kan vere ein kvalitetseigenskap ved
profileringa. Ikkje mindre!
Av
Jon Peder Vestad, mai/juni 2002
Forkorta
utgåve av føredrag i Ivar Aasen-tunet i mai 2002
|
|