Til Vestads vevstad     Til Radioordlista A-D E-H I-L M-O P-R  S  T-Å tillegg


Jon Peder Vestad (c):
                                RADIOORDLISTA

Radioordlista er meint å skulle vere eit hjelpemiddel for folk som skal arbeide i  radio, først og fremst som journalistar. Samstundes er det også ei nedteikning av ord brukt i ein del av den norske verkelegheita, ord som kan ha språkleg og historisk interesse. Både sjølvsagde og sjeldhøyrde ord er tekne med, ord frå ulike felt i samfunnet som alle kan knytast til radio på ein eller annan måte.
     Denne samlinga med omgrep frå ulike sider av norsk radioverksemd har vorte til med hjelp frå Arne Bakke (Volda), Øyvind Egaas (Bergen), Trude Eker (Oslo), Bernt Erfjord (Kristiansand), Steffen Fjærvik (Sarpsborg),  Sverre Liestøl (Volda) og Odd Sørås (Ålesund). Eg takkar også for innspel frå Reidulf Botn og Gunn Berit Gjerde. Sverre Liestøl skal ha spesiell takk for mange nyttige tilføyingar og nødvendige rettingar. Av faglitteratur eg har brukt, vil eg spesielt nemne Tilleggshefte til Nærradioboka av Petter Hox og radiobøkene til Knut Røe.
      Dette vesle oppslagsverket har manglar, og det er mitt ansvar. Særleg når det gjeld bruk av musikk og harddiskutstyr meiner eg at ordsamlinga sikkert kunne ha vore utvida. Det er også muleg at ein del ordforklaringar ikkje er nøyaktige nok, eller at viktige bruksmåtar ikkje har komme med. Likevel er eg glad for å kunne leggje fram dette arbeidet no, og eg håper at det kjem til nytte.

Oppslagsbok med fagdokumentasjon
Denne ordsamlinga inneheld kring 900 ord og uttrykk som på ein eller annan måte har med radio å gjere. Truleg er det ingen norsk radiomedarbeidar som kjenner alle uttrykka eller bruksmåtane - eller får bruk for å gjere det. For dei som kjenner lite til radio som arbeidsmedium, kan Radioordlista vere til nytte som oppslagsbok. Det har også vore eit ønske for meg at ordsamlinga kan vere med på å gje små og nye innblikk i radiohistorie og radiokvardag, både journalistisk og teknisk. På den måten håper eg at dette heftet kan styrkje interessa for radio som medium.
     Omgrepa som er tekne med spenner vidt både i innhald og vanskegrad. Radio er så mangt, og derfor finn ein uttrykk her frå musikkbransjen, tekniske uttrykk og ord som har med språk- og stemmebruk å gjere - saman med uttrykk som fjernsynsfolk kanskje vil seie er "sine". Somme av orda er daglegdagse eller sjølvforklarande - som aktualitet - og er kanskje ikkje heilt nødvendige å ha med i ei fagordliste. Når dei likevel er tekne med, er det fordi dei er ein del av det fagspråket som denne ordsamlinga dokumenterer. Ein kan dessutan heller aldri vete kva for ord folk - no eller seinare - treng å få forklart!
      Når ein arbeider med faguttrykk, skal ein på den eine sida skildre korleis uttrykka blir forstått og brukt. Ein kan likevel ikkje støtt vete om det ein skriv er heilt dekkjande, og somme vil ikkje kunne kjenne seg att i forklaringane som blir gitt. På den andre sida kan forklaringane i seg sjølve vere med på å framheve bestemde måtar å forstå orda på.
     Eg har ikkje ønskt å drive nokon fagleg (språk)røkt i dette arbeidet, bort-sett frå på eit par punkt. I ein del tilfelle der det finst norske uttrykk som kan nyttast i staden for fagord vi har frå engelsk, har eg vist frå det engelske uttrykket til det norske, som display > teiknrute. Eg har også lagt merke til at det er uklar-heit (iallfall på fjernsynssida) kring bruken av ord som dokumentar, feature og fakta. Det er muleg at ordsamlinga er med på å auke forvirringa kring bruken og forståinga av kva ein  dokumentar og andre uttrykk, men eg håper det motsette.

Intro til ordsamlinga
Ordlista har sjølvsagt ei forhistorie. I samband med undervisning i radio-journalistikk har eg samla og systematisert ein del omgrep som er brukt av radiojournalistar. Tanken bak har vore at det er lettare for nykomlingar i radiofaget å skjønne særdrag ved radio som medium om dei tidleg lærer seg uttrykk som blokk, cue og intro. Etter kvart vart det vanskeleg å avgrense dei omgrepa eg meinte absolutt måtte med, fordi orda vart så mange. Da fann eg ut at det ikkje ville vera så dumt å setja ihop ei eiga fagordliste for radio-journalistar, ei ordliste som kunne brukast som oppslagsbok.
     Frå før har eg sysla med eit par dialektordlister, og denne typen arbeid synest eg både er lærerik og artig. Det ville også ha vore vanskeleg utan ein radiofagleg bakgrunn. I NRK radio har eg arbeidd i kortare eller lengre tid frå 1986 til 1995 i Programredaksjonen (Hallotenesta), Etter skuletid og Ungdommens radioavis, Nattradioen, barne- og kulturredaksjonen.
     Ved Høgskulen i Volda arbeider eg ikkje spesielt med undervisning i radio, men som lektor i mediespråk. Arbeidsstaden min no, Avdeling for mediefag (AMF), har knutepunktfunksjon i Noregsnettet i radio- og fjernsyns-journalistikk. Fagmiljøet ved AMF har vist interesse for Radioordlista, og gitt meg støtte. Denne ordsamlinga er å sjå på som eit fagleg utviklingsarbeid som kan styrkje radiofaget og dermed ei oppfølgjing av knutepunktfunksjonen til AMF.
     I februar og mars 1997 tok eg til å skrive ned alle dei radioorda eg sjølv kom på frå mi eiga tid som radiojournalist, eg kikka i faglitteratur og spurde kjenningar. Orda eg samla, skreiv eg ned utan forklaringar, og vinteren 1997 sende eg ut ei liste med desse orda til folk i bransjen. Ut frå svara eg fekk inn, ordforklaringar eg fann i fagbøker og min eigen kjennskap til radiofaget, skreiv eg sommaren 1997 eit utkast som har vore ute til høyring. No meiner eg at ordsamlinga er såpass ferdig at ho kan spreiast og - får eg tru - bli teken i bruk.

Gammalt og nytt
Somme av omgrepa i Radioordlista er etter alt å dømme forelda eller lite brukte. Radioen har vore gjennom ein ikkje så liten teknologisk revolusjon dei siste åra, og frå den "analoge" tida er det med uttrykk som nok snart blir historiske.
     Eg håper at ordsamlinga gjev eit dekkjande bilde av fagord nytta av norske radiofolk dei siste tiåra, og synest det er viktig for ettertida å få samla og skrive ned ord som ikkje nye radiomedarbeidarar utan vidare møter i arbeidet sitt. Så lenge norske radiofolk dreg rundt på Nagraer, bruker spoleband og tek flying er mange av desse "gamle" faguttrykka likevel ikkje uaktuelle. Andre radiofaglege omgrep er ikkje med fordi dei faktisk er for nye (- ikkje innført enno!), eller at dei enno ikkje har nådd kjeldene mine og meg.
     Medan teknologien har vorte kraftig endra dei siste åra, har radio-journalistikken vore meir stabil. Men programutforminga og det radiojournalistar fyller arbeidstida med  har forandra seg ein del, med større vekt på magasin- og musikkprogram enn før. Særleg musikkbruken har tilført radiospråket nye ord, og ein del gamle og nye ord som gjeld musikk er tekne med. Somme sjanger-omgrep er utelatne.
     Eg har særleg vore usikker på i kva grad eg skulle føre opp tekniske uttrykk. Eg har komme fram til at det er betre å ha med for mange enn for få. Grunnen er at det er vanskeleg å dra noka skiljelinje mellom tekniske uttrykk som ein bør kjenne til og dei som det ikkje er så farleg med. Mange av dei tekniske uttrykka gjeld dessutan særdrag ved radio som medium, og kan auke kunnskapen om mediet og dei mulegheitene som radiomediet gjev. Mange ord er også kjende frå daglegtala, men har særtydingar i radiosamanheng eller er spesielt mykje nytta her. Desse orda høyrer med i ei fagordliste fordi dei er ein viktig del av yrkesspråket. Andre uttrykk tilhøyrer norsk journalistisk fagspråk, særleg i fjernsyn, og er ikkje spesielt avgrensa til radiomediet. I dei tilfella der eg meiner det fell naturleg, er desse orda likevel med i hovudbolken.

Oppattakingar og tillegg
Radioordlista inneheld ein del oppattakingar, og skal som oppslagsbok gjere det. Forklaringane er henta frå ulike kjelder, og dei har som oftast vorte omskrivne. Tydingar eller bruksmåtar som ikkje har spesielt med radiofag å gjere, er som regel ikkje tekne med. Det er heller ikkje merknader om at uttrykk er forelda, kan reknast som fagsjargong, høyrer til i bestemde radiomiljø og liknande. Slike opplysningar kan verke avsporande, og elles meiner eg at ein ofte kan lese seg til slikt det ut frå samanhengen.
     Også eksempel på orda i bruk kunne eg ha teke med langt fleire av. Når dette ikkje er gjort, er det fordi arbeidet har vore såpass omfattande at å ta med meir ville utsetje utgjevinga for mykje. Elles lyt eg nemne at at eg ikkje har lagt vinn på å ta med verbforma av eit substantiv eller omvendt, eller føre opp avleiingar av ulike slag.
     Ved sida av hovudbolken i denne ordsamlinga, har eg med to mindre tilleggslister (tillegg). Den eine gjeld i hovudsak organisasjonar og institusjonar, og den andre inneheld ulike uttrykk som på ein eller annan måte har tilknyting til radio. Om eit ord skulle høyre med i hovudbolken eller ei av tilleggslistene, har eg avgjort etter skjønn.

FORKORTINGAR:
 bm bokmål
 br brukt
 dss det same som
 eig  eigentleg
 eng engelsk
 el eller
 el l eller liknande
 ev eventuell
 f eks for eksempel
 fr fransk
 jf  jamfør
 nn nynorsk
 o l og liknande
 osv og så vidare
 pkt punkt
 s substantiv
 t d til dømes
 ty tysk
 utgpkt   utgangspunkt
 v verb
 vha ved hjelp av

OM OPPSETT OG UTFORMING
* Oppslagsorda er utheva. Der skrivemåten på bokmål skil seg frå skrivemåten på nynorsk, står bokmålsvarianten i utheva kursiv etter oppslagsordet.
* Ord som det er tillate å skrive både med norsk og (oftast) engelsk skrivemåte, er plasserte alfabetisk etter den norske skrivemåten. Det gjeld til dømes ord som feide (fade) og enkét (enquete). Den "fremmende" skrivemåten er likevel oppgitt.
* I ordforklaringane er oppslagsorda forkorta ned til forbokstaven, som står i kursiv.
* I dei tilfella der eit oppslagsord har fleire deltydingar eller ulike bruksmåtar, har eg nummerert dei ulike forklaringane 1 2 3.
* Teiknet > før eit ord står for tilvising til eit anna oppslagsord.

HJELPELITTERATUR:
Andersen, Vidar H.: Ordliste (for) nye teknologier. http://home.sn.no/~vha/ordliste.htm
Behrens, Thorkild: Journalistjargon. Institut for Presseforskning og Samtidshistorie,  København 1978 (?)
Borgestrand, Odd: Kommunen "på lufta". Nærradioen i kommunal informasjon. Kommuneforlaget, Oslo 1989
Brandseth, Magnar: Nærradiohandboka. Kringkastingsringen, Oslo 1990
Evenrud, Odd: Hvor, hva hvem? Tekniske svar på "journalistiske" spørsmål. NRK 1995
Hox, Petter: Tilleggshefte til Nærradioboka. Folkets Brevskole 1990
Klæbo, Arthur: Dette er Norsk Rikskringkasting. NRK/Fabritius & Sønners Forlag, Oslo  1953
Liestøl, Sverre: Innføring i lydteknikk ved Høgskulen i Volda. Høgskulen i Volda, revidert utgåve 1995
Nynorskordboka. Det Norske Samlaget, Oslo 1994
Rudjord, Odd og Jor, Geirmund: Nærradioboka. Tiden 1985,
Røe, Knut: Radio. Folkets Brevskole/Norsk Nærradioforbund, Oslo 1994
Røe, Knut: Radio 1 og 2. Folkets Brevskole, Oslo 1988.
Telematikkordboka. TBK, Oslo 1988
Torsvik, Anne (red.): RADIO. Radiojournalistikk. Lydmediets framtid. Universitetsforlaget 1984
Aasen, Ivar Jardar: EDB-ordboken. Tanum-Norli, Oslo 1982

Jon Peder Vestad
Volda, september 1997



INTERNETTUTGÅVA: Denne lista er lagt til rette for internett i mai 1998, med nokre små endringar i forhold til papirutgåva. Eg seier meg lei for den enkle forma internettutgåva har fått, og ho er å sjå på som ei foreløpig utgåve.... Du kan tinge papirutgåva ved å ta kontakt med meg via epost. Til denne adressa tek eg sjølvsagt imot tillegg og rettingar au!

Jon Peder Vestad
jonpeder.vestad@hivolda.no



Til Vestads vevstad        Til Radioordlista A-D E-H I-L M-O P-R  S  T-Å tillegg