|
Søknad
om å få gå ut på byen og komme heim seint
Namn
på ektemann/sambuar:
Eg
ber med dette om permisjon frå den høgste
autoriteten i mitt liv for følgjande tidsperiode:
Dato:
Avreise
frå heimen :
Venta
retur heim:
Om
søknaden skulle bli godkjent, sver eg å berre besøke dei stadene som
er grundig lista opp nedanfor. Eg skal også berre snakke med dei individa av
det andre kjønnet som er lista opp nedanfor. Om eg skulle ønskje å snakke
med andre individ av det andre kjønnet, må eg ha
munnleg godkjenning minimum ein time i førevegen. Eg skal ikkje skru
av mobiltelefonen etter nokre øl eller drinkar. Eg skal ikkje ha eit
alkoholkonsum som overstig den mengda som er avtalt på førehand. Om det
likevel skulle hende, må eg først ringe og bestille drosje eller pizza. Eg
er innforstått med at sjølv om permisjonssøknaden skulle bli godkjend, vil
min kjæraste/forlova/ektefelle reservere seg retten til å kunne vere arg på
meg veka etter, utan nokon som helst opplagt grunn.
Mengd
alkohol (einingar):
Stader
som skal besøkjast:
Kvinner
eg kan snakke med:
Maks
alkoholstyrke på det eg skal drikke:
Eg veit kven som
tek avgjerdene i vårt forhold og eg veit at det ikkje er eg.
Eg lovar å halde meg til lovene og reglane dine. Eg er fullt klar over
at dette vil koste meg dyrt i sjokolade, blomar og gåver. Du kan rekne med å
ha full tilgang til å bruke mitt/mine kredittkort når du måtte ønskje. Eg
lovar med dette å overnatte på ein benk i parken om eg ikkje skulle klare å
komme meg heim til avtalt tid. På heimvegen skal eg ikkje gjere noko forsøk
på å lage bråk. Eg skal heller ikkje gå i djupe diskusjonar med andre,
av fare for å seie noko som kan gå ut over deg. Eg forstår også at
eg ikkje skal urinere på følgjande stader når eg kjem heim: inngangsdøra,
gangen, skapet i gangen, skittentøykorga, vasken, oppvaskmaskina, eller i
andre elektriske artiklar.
Eg
erklærer etter beste evne (som eg har lite av i forhold til min betre
halvdel) at informasjonen ovanfor er korrekt.
Signatur
- kjæraste/forlova/ektemann:
Søknaden
er: GODKJENT / AVSLÅTT (stryk
det som ikkje passar)
Denne
avgjerda er det ikkje under noko høve mogleg å forhandle om.
……………………………………………………………………………………………
Løyve
for min kjæraste/forlova/ektemann til å vere borte under følgjande
tidsperiode:
Dato:
Avreise frå heimen:
Retur:
Signatur
– kjæraste/forlova/ektefelle:
|