|
Stel seniorane
alderdommen?
Nokre
veker før ei pen samling kjende menneske hausten 2002 lærte nordmenn at ein
er gammal – senior – alt når ein er femti, kom dette spørsmålet: ”Er
det noen regler --- på hva vi skal kalle de modneste? Når ble gammel
"stygt" istedenfor å bety erfaren o.l.?”
Dette er eit svar.
Det finst nok inga liste
over kva slags ord vi kan bruke om folk som ikkje lenger er direkte unge. Men
vi skal sjølvsagt vise respekt for dei vi omtaler. Samstundes må vi hugse at
eldre eller gamle ikkje er noka einsarta gruppe, og det nokon synest er
greitt, kan verke frekt for andre. Det må vere heilt i orden å snakke om både
eldre og gamle, og det er fyrst og fremst samanhengen som gjer at det eine
eventuelt kan verke belastande eller støytande.
Når
vi er usikre på om vi kan bruke ord som gammal eller eldre, heng det saman
med verdiar utafor språket. Hos oss assosierer mange alderdom med
helseproblem, institusjonar, senilitet osv., og kanskje har ein del også dårleg
samvit overfor dei eldre. Det å vere gammal og omtale gamle som gamle, kan
nok vere (på veg til å bli) eit tabu, dessverre. Vi prøver å finne ord som
forskjønner eller iallfall ikkje skjemmer ut det/dei vi snakkar om. Men
uansett kva ord vi bruker, så risikerer vi at dei etter kvart får eit preg
av det vi prøver å unngå. ”Fine”, ferske ord greier ikkje åleine å
rydde ut fordommar.
Dei
aller siste åra har vi sett at ein snakkar om seniorar, og det er tydelegvis
"rett" no ei stund. Ordet er
komparativ av senex, og tyder ’eldre’. Og den som er eldre, er støtt
eldre enn – det er altså eit ord som kan vise til folk i ulike
aldrar, alt etter situasjonen. I næringslivet kan ein temmeleg kjapt bli
senior-ditt-og-datt, særleg i unge bransjar, og det er ikkje uvanleg med
seniorar i 30-åra. I denne samanhengen viser ordet ’senior’ til at eit
menneske har lang erfaring, og er ikkje knytt til alder. ”Senioropprørarane”
blandar alder og erfaring, og kan sjølvsagt gjere det. Dei som driv med det
dei kallar ”seniorsaka” er frå femti år og oppover, mange var i tjueåra
i 1968, og har vel på mange måtar prøvd å vere så ungdommelege som
mogleg. Dei yngste av desse seniorane vil neppe like å bli kalla gamle, og er
det heller ikkje. Dei er middelaldrande. Men når dei da i praksis erstattar
omgrepet ’gammal’ med ’senior’, flyttar dei grensa for å vere gammal
nedover. Men det ordet – gammal – bør vi ikkje bruke… Når dei
middelaldrande no skal vere seniorar eller gamle, kva da med dei som er
gamle? Er dei oldingar?
Omgrepet
’senior’ forkludrar alderdomsomgrepet. Det varierer nok når menneske vil
kalle seg sjølv gamle, men ved fylte sytti ser nok dei aller fleste seg som
gamle. I eldre tid (!) var livsløpet og levealderen her i landet annleis enn
no, men det er ei anna sak. Folk i femtiåra som reknar seg som gamle no, er
litt kjapt ute. Dei tek alderdommen frå dei som verkeleg er gamle.
Senior
er eit greitt ord å bruke, det inneheld noko respektfullt og solid – enno.
Men
også omgrepet ’senior’ kan vere like utsett for slitasje som andre ord
med ein viss motesvip. Ordet ’senior’ kan a) fort bli ei moteplage, og b)
det er iallfall ikkje meir presist enn gammal, eldre osv. Og c): Den
respekten som ordet har no, treng ikkje vere slitesterk. Det skader altså
ikkje å snakke om gamle folk, eldre folk, folk godt oppe i åra, aldrande
menneske, eldrebølgja og alderdom. Og seniorar, innimellom.
Av Jon Peder Vestad
Lagt
ut på nettet 19. september 2002
|
|