| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

 
 
 
 

 

 

”Utdøyande språk”

Ein påstand om at nynorsk er eit utdøyande språk, er både feil og farleg. Det har truleg aldri funnest fleire som bruker nynorsk enn i dag. Det er heller snakk om ønsketenking frå folk som vil ha minst muleg nynorsk i samfunnet. Og påstanden er farleg fordi somme kan komme til å tru på løgna.

Dei siste åra har nynorsken fått ein sterkare posisjon som blant anna reklame- og administrasjonsspråk, og i heilt nye tiltak som Kanal 24 blir jo nynorsk brukt. Det er faktisk bokmålet som mistar bruksområdet, på grunn av ei språkleg friheit som gjer at delar av næringslivet har gått over til å bruke engelsk.

Det blir jo sagt at statistikk er ein form for løgn, og det som er tilfelle med for eksempel statistikk over nynorskbruken i samfunnet, ikkje tek omsyn til at folketalet jo veks. Derfor kan ulike nynorskprosentar gå ned, utan at det nødvendigvis vil seie at det er færre i tal enn før som bruker nynorsk.

Dessutan: I mange tilfelle får folk som skal ha førarkort eller velje målform når dei skal ha sesjonspapir eller liknande, automatisk utlevert materiale på bokmål. Og med tanke på den sterke uviljen enkelte så iherdig spreier mot nynorsk, er det vel ikkje alltid like enkelt å skilje seg ut frå fleirtalet.

Dialekt og nynorsk

Mange av dei som arbeider mot nynorsken, ser heilt bort frå at nynorsk ligg mye nærare dialektane enn bokmålet i store delar av landet. Dei underslår at det kan vere ein fordel at skriftspråket har røter i talemåla, fordi det ikkje tener det osloprega bokmålet. Vi får mindre språkmangfald om nynorsk blir mindre brukt.

Språk og identitet heng i hop, og det er heilt klart at talemålet i for eksempel Gausdal, som elles i Gudbrandsdalen, i Valdres og også delar av Hedmark, faktisk ligg mye nærmare nynorsk. Slik er det i landsdel etter landsdel. Dersom ein synest at det er viktig å halde på talemålet, kan nynorsk i skulen vere eit middel mot dialektdød.

I Gudbrandsdalen har dialektane stort sett klart seg ganske bra, men dei siste åra har eg møtt på unge dølar som snakkar eit slags oslomål, og ein grunn kan vere at dei synest dølamålet ikkje er fint nok. Sia nynorsken ligg nærmare dølamål enn bokmålet, blir dialektane styrkte av at elevane lærer nynorsk i skulen.

”Utviklinga”

Av og til kan ein få inntrykk av at det finst ei slags naturgitt utvikling som gjer at det blir mindre nynorsk og meir bokmål i samfunnet. Det er feil, for viss det var slik, ville det jo ikkje ha vore nødvendig å kjempe så iherdig mot nynorsken. Så her er det snakk om uvilje mot nynorsk og maktbruk. Og det passar  tydelegvis ikkje alle at over ein halv million av oss bruker nynorsk som skriftspråk.

Eg synest ein del av argumentasjonen frå dei som arbeider mot nynorsken, er ulogisk. Kvar gong bokmålet blir favorisert, er det liksom naturleg, medan tiltak som er til fordel for nynorsken, er kunstige. Så enkel er ikkje verda. Det er snakk om ein interessekamp, der målet frå den eine sida ser ut til å vere at det skal finnast minst muleg nynorsk i samfunnet.

Frå folk som misliker nynorsk har eg somme gonger møtt eit argument som at det ikkje er så viktig at vi har to målformer i landet vårt, og at vi dermed skal kunne samle oss om eitt skriftspråk. Og det skal vere bokmål. Men dersom det ikkje er så viktig, kunne det vel like gjerne ha vore nynorsk? Nynorsken er jo dessutan noko meir motstandsdyktig mot påverking frå engelsk enn det bokmålet er. Dessutan står Noreg som språksamfunn sterkare når vi står på to bein enn på eitt.

Av Jon Peder Vestad

Lagt ut på nettet 21. april 2004  

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |