| |
|
Ord og ordoverleving i vågåmålet
Av Jon Peder Vestad
Ein gudbrandsdøl skulle ikkje ha vanskar med å veta
kva 'Lugum' tyder. I ei ordliste frå siste halvdel av 1700-talet
står ordet skrivi slik med tydinga 'At være beqvem'. I denne
ordsamlinga finn vi også uttrykket 'Klæva galin', som ikkje
har noko med Kleva-gardane i Gausdal å gjera, men med å vera
'Meget forlibt' - vill etter å komma seg på kleven, soverommet
... Og adjektivet 'klevegalen' kan vel ha aktualitet i dag også.
Men blir det brukt?
Edvard Storm (1749 - 1794) har skrivi ned dei to nemnde adjektiva i
ei samling som inneheld over 1500 ord. Storm hadde det meste av oppveksten
sin i Vågå, der far hans var prest, og hovudtyngda av orda
i samlinga hans er kjende frå vågåmålet og nabodialektene.
Over 200 år etter at Storm skreiv ned uttrykka, lever storparten
av dei ennå, mange av dei riktignok berre såvidt.
Det er ei utspørjing
blant 45 menn og kvinner frå ulike delar av Vågå som
syner dette. Dei vart intervjua i 1993 og fordeler seg på tre generasjonar;
dei eldste heimelsfolka er over sytti år, mellomgenerasjonen er mellom
førti og femti, og dei unge informantane er tjue år og yngre.
Heimelsfolka er spurde om dei kjenner og bruker vel 220 adjektiv som Edvard
Storm skreiv ned i København, truleg på 1770-talet. Adjektiva
spenner frå ord som er heilt daglegdagse også for oss - som
'bein', 'kvass' og 'sint', til uttrykk som er sjeldne - 'fådd', 'handhøveleg'
- eller ikkje i bruk. Adjektivet 'klevegalen' hører til den siste
gruppa.
Ein tredel klarer seg - kanskje
I kva grad adjektiva har overlevd frå 1700-talet til i dag, varierer
kraftig. Litt over tjue prosent av orda er brukt av alle uansett alder,
og dette er ord som er temmeleg utbreidde elles i tale og skrift. Førti
prosent av orda er brukt av få (under 20 prosent) av informantane,
medan 34,5 prosent blir brukt av mange (over 70 prosent) eller alle. Den
informanten som bruker størst del av orda, har to tredelar (136)
av dei i bruk, medan ein av dei unge ikkje bruker meir enn ein firedel
(55).
I alt er knapt ti prosent
av orda ukjende for informantane, og vel ti prosent er kjende, men ute
av bruk. Har åtti prosent av orda overlevd? Det er ein for enkel
måte å lesa statistikk på. Eit adjektiv som 'vansissa'
- vrang - er brukt av eit par eldre heimelsfolk og altså knappast
i live, andre ord er det ei viss usikkerheit ved. Heimelsfolka kan ha mishugsa
seg under utspørjinga og gløymt av ord som dei kjenner -
eller blanda saman ord. Det er til dømes merkeleg at fleire i mellomgenerasjonen
enn av dei eldste kjenner eit adjektiv som 'samboren'. "Som er født
paa en Tiid" skreiv Storm om ordet, som jo liknar mye på substantivet
'sambuar' - og derfor kan verke meir kjent enn det er. Med sine atterhald
i "tvilsame tilfelle" gjev nok undersøkinga eit ganske rett bilde
av utviklinga i denne delen av ordtilfanget hos vagværane.
Vanlege ord døyr ikkje!
Anten blir eit ord brukt av mange, eller så er det brukt i liten
grad. Få adjektiv finst i ein mellomposisjon, - det vil seia at ein
kan sjå kva for ord som har sjansar til å overleva i målet
eller ikkje. Sagt på ein flåsete måte er det slik at
til vanlegare eit ord er, til meir er det brukt!
Lagnaden til adjektiva
heng nøye saman med om dei er vanlege elles i norsk. Berre tolv
av dei 42 adjektiva som er heilt ukjende eller ikkje brukt lenger, er å
finne i den store Nynorskordboka (NNO). Andre vegen manglar Nynorskordboka
fem av dei nittifem orda som minst halvparten av informantane seier dei
bruker eller har brukt. Viss eit ord er å finne i NNO, er det langt
meir sannsynleg at det har overlevd enn om det ikkje er å finne i
denne ordboka. Dei fem adjektiva som NNO ikkje har ført opp, og
som det er gode mulegheiter til å støyte på i Vågå,
er i normalisert form 'klasut' - ihopfiltra, innvikla , 'hjelma' - frykteleg,
stygg, 'krakksitjande' - ufÝr, 'terren' - iherdig, og 'habbeleg'
- kolossal, merkeleg.
Dei unge deltakarane
i undersøkinga bruker vel ein tredel av orda som er undersøkt,
og det er førti prosent færre ord enn dei eldste, 25 prosent
færre enn mellomgenerasjonen. Det er altså mindre gap mellom
ordbruken til dei eldste (folk over sytti år) og mellomgenerasjonen
(40-50-åringar), enn det er mellom dei middelaldrande og dei unge
- orddøden skyt fart. Hos dei seks unge som bruker aller færrast
av adjektiva i undersøkinga, er det berre funne to ord med
klart dialektpreg, det vil seia som ikkje er funne i Nynorskordboka, 'hjelma'
og 'klasut'. Kring ein firedel av adjektiva desse seks bruker, har eit
visst dialektpreg. Dette er ord som 'gild', 'lugom', 'skyld' (i slekt med)
og 'snøgg', ord som er temmeleg vanlege, men som likevel ikkje er
gjengs i alt norsk talemål. Resten av adjektiva desse seks seier
dei bruker, er heilt allmenne i norsk. Dersom dette kan fortelja noko om
utviklinga av ordtilfanget i Vågå framover, må det vera
at ordtilfanget blir kraftig standardisert, med skriftspråket - særleg
det eine - som norm. I framtida vil ein da vanskeleg kunna identifisere
ein vagvær - eller norddøl - ut frå kva ord han eller
ho bruker. Andre drag ved dialekta må syne det.
'Gløgg' og 'feig' før og nå
Det at særmerkte ord går ut av bruk, skjer over tid og
følgjer ikkje heilt generasjonsgrensene. Eit par av dei middelaldrande
heimelsfolka bruker eksempelvis fleire av orda i undersøkinga enn
gjennomsnittet av dei eldste. Det finst også middelaldrande med eit
"ungdommeleg" ordforråd, men generasjonsskilnadene er likevel ganske
tydelege. Ja, dei er så tydelege at ein må tru at eldre og
yngre vagværar kan ha problem med å kommunisere i blant.
Adjektivet 'gridug'
vil ikkje bli forstått av mange på Lillehammer, og kanskje
heller ikkje av så mange av dei som bussar frå Vågå
for å ta vidaregåande utdanning på Otta. Alle eldre vagværar
veit at det å vera 'griog'er å vera tidleg oppe om morgonane,
- berre éin av dei unge heimelsfolka i undersøkinga bruker
ordet. Det forsvinn etter alt å dømme med mellomgenerasjonen.
Det same gjeld 'ålæt' - altetande, som fjorten av dei femten
middelaldrande heimelsfolka nyttar, men som ingen av dei unge tek i sin
munn. Ordet er avlagt og dømt til å døy.
Men også dei
som er gamle i Vågå i dag, har vraka ord. Mange gamle kjenner
ordet 'mjog', som tyder slank, tom, mjuk, men berre éin av dei bruker
det. Tresaker som er 'fernissa' finst det overalt i landet, og dette ordet
kan tyde glattsmurd, lakka, polert. Éin middelaldrande informant
kjenner ordet, medan berre fire av dei femten heimelsfolka over sytti år
har ikkje hørt ordet. Seks av dei bruker det, med uttalene 'fanissa'
og 'farnissa'. I foreldregenerasjonen deira att må det ha vore gjengs
i vågåmål, og få av dei som er gamle i dag har
teke det i bruk. Eksempla kunne ha vore fleire. Dei som trur at orddøden
dukka opp i Noreg omtrent samstundes med fjernsynet, må tru om att.
Det er ikkje berre ord som
døyr, men også tydingar. For ein 100 års tid sia kunne
'gløgg' brukast om menneske som såg godt, eller om vekter
og andre innretningar som var finstilte. Somme eldre vagværar kjenner
og nokre få kan også av og til bruke desse tydingane framleis,
sjølv om adjektivet nå har ei anna gjengs tyding i vågåmål,
som i norsk elles. Også adjektivet 'feig' har mista ei tyding - det
å vera nær døden, ha døden i kroppen. Dette var
den einaste tydinga i norrønt, og er velkjend blant eldre og middelaldrande
vagværar. Men å seia 'feig' for det å ha døden
i kroppen er det knappast nokon som kjem til å gjera når den
eldste generasjonen er borte.
Er ikkje vagværane 'åtfinnuge' lenger?
Stikkord som skule, media, auka flytting og ferdsel kan forklare standardiseringa
iog normaliseringa av ordforrådet i vågåmål som
i andre dialekter, men fortel ikkje alt om korfor ord døyr. Ei samanlikning
mellom uttrykk som hentar innhaldet sitt frå vêr og natur,
humør og liv og virke på gard, viser at "gardsorda" i langt
stÝrre grad enn ord frå dei andre to gruppene har forsvunne.
Ikkje berre har gardsdrifta vorte ei heilt anna sia Storm si tid (sjølv
om kyrne framleis gjev mjølk), men det er også færre
som bur og arbeider på gard i dag. Ord døyr fordi dei er uaktuelle
- i ei tid der alle kan lesa, er det til dømes ikkje behov for eit
uttrykk som 'brevsynt' - alle er det jo!
Men også ord
med det ein skulle tru var aktuelt innhald blir borte. Det viser seg at
over halvparten av dei orda som har gått ut av bruk eller er i bruk
av få, er adjektiv som skildrar menneskelege kjensler og eigenskapar.
'Klevegalen' er eit slikt ord, og kva med 'åtfinnug', som kan omsetjast
med kritisk? Vagværane har etter alt å dømme neppe vorte
mindre 'åtfinnuge' sia Storm levde, men dette ordet har lita støtte
i normalmåla, og forsvinn med den eldre generasjonen. I denne gruppa
ord finn vi også 'fegen' ("inderlig fornøyet" hos Storm),
'sæl' ("salig, lyksalig") og 'uhag' ("uhændig"). Desse adjektiva
er alle å finne i NNO og mindre ordlister, og har ei viss utbreiing
i norsk. Men likevel - dei overlever ikkje sjølv om innhaldet er
aldri så aktuelt.
Det er muleg at adjektiv
for menneskelege kjensler og eigenskapar har vorte ekstra utsett for konkurranse
frå andre adjektiv, mellom anna frå media - og at dei tradisjonelle
uttrykka tapar. Filmar, romanar og diskusjonsprogram kan ha vore med på
å standardisere ordbruken på dette feltet meir enn andre innhaldsfelt.
Orddøden til dei "menneskelege" adjektiva treng ikkje berre skuldast
den standardiseringa som er nemnt, men også at dei er utsette for
slitasje. Slike adjektiv kan rett og slett miste saft og kraft, bli brukt
opp! Og så dukkar det opp eit anna, heilt overraskande moment...
Stutte ord er seigliva
Sjå på desse orda: 'gild', 'linn', 'ljos', 'låk',
'nett', 'skral' og 'snÝgg'. Kva har dei felles, bortsett frå
at dei er adjektiv? Jau, dei er brukt av alle deltakarane i undersøkinga,
er godt kjende også elles i norsk, og dei er alle einstava. Det viser
seg nemleg at dei stutte adjektiva i langt stÝrre grad enn lengre
adjektiv har overlevd frå 1700-talet til i dag - og ser ut til å
klare seg vidare. I snitt er 70 prosent av dei einstava adjektiva framleis
i bruk, medan adjektiv som ender på 'al' (som 'frostal' - frosen
av seg) er nede på 27, og adjektiv på 'sam' ('sutresam') blir
brukt av 13,7 prosent. Dette let seg forklare.
Dei 54 einstava adjektiva
i undersøkinga er oftare enn andre å finne i Nynorskordboka.
Dermed kan vi gå ut frå at dei har stor utbreiing i skrift
og eller tale. Som gardsnamna Bø, Li, Vik osv er dei stutte, og
dei fleste har truleg vore brukt hos oss sia norrøn tid. Vi kan
seia at mange av dei einstava adjektiva er grunnomgrep som ein treng for
å uttrykke seg i eit språk. Dei djupe røtene deira i
norsk kan gjera at orda i store delar av landet er like presise eller upresise
i kva dei kan brukast om, og dermed blir dei mindre utsette for konkurranse
frå andre uttrykk. Det at dei er stutte fører også til
at det ikkje finst så mange måtar å uttale dei på,
orda blir forstått, og behovet for å leggje vekk orda fordi
dei er "rare" eller "uforståelege" for folk med ein annan dialektbakgrunn
er lite. Nå viser det seg at ein del av dei einstava adjektiva har
fått eit delvis anna innhald sia 1770-talet, men det har også
skjedd med dei fleirstava.
Det er fleire sider
ved lengre ord som gjer at dei kan vera meir utsette for orddød
enn dei stutte. Adjektivet 'hardnuggen' er brukt av så å seia
alle eldre og middelaldrande informantar, medan berre fem av dei unge kjenner
ordet, og to av dei bruker det. Den mest vanlege uttala i vågåmål
er 'halnujé' - med tjukk l, og førestavinga 'hard' byr ikkje
på problem. Etterstavinga 'nujé' for 'nuggen' er verre. For
det fyrste gjev neppe 'nuggen' noka meining for dei fleste av oss, og om
så er, må ein kunna tenkje seg til eller veta at 'gg' føre
ein e blir uttala j i vågåmål. Dernest er dette uttrykket
ein variant av 'hardnuven', som vi finn i Nynorskordboka, men som ikkje
akkurat er eit ord folk møter ofte. Med andre ord har 'hardnuggen'
ei spesiell uttale og uttrykket er utan støtte i normalmål.
Men ordet har også innhald, og kan mellom anna tyde vanskeleg, uthaldande
og flink, og det vil seia at det lett kan bli skifta ut med andre uttrykk
som er lettare å forstå utafor Nord-Gudbrandsdalen. Det skjer.
Kjønnsrollemønsteret viser seg
Dei 45 informantane i undersøkinga kjem frå alle delar
av Vågå, og har ulik yrkesbakgrunn. Fordelinga mellom menn
og kvinner er så lik som ho kan vera - det er med 22 kvinner og 23
menn. Sett under eitt påverkar kjønn bruken av orda i liten
mon, og kan ikkje reknast som nokon avgjerande faktor. Det passive ordforrådet
ser riktignok ut til å vera noko større hos menn enn hos kvinner,
men skilnadene er små. Det er også ein tendens til at unge
menn kjenner og bruker fleire ord enn unge kvinner.
Kjønnsskilnadene
kjem tydelegare fram når ein ser på kva slags ord menn
og kvinner kjenner og bruker. Til saman er det spor av kjønnsskilnad
i ordkjennskapen ved 33 ord, og dette er cirka femten prosent av materialet.
Av "mannsorda" kan ein dra fram 'handhøveleg' som tyder praktisk,
'terren' - iherdig, 'hardbalen' - som toler mye, 'hardnuggen' - vanskeleg
- og 'illrusken', som kan tyde bakfull...
Ord som kvinner i større
grad enn menn nemner kjent, er mellom andre 'skripen' - kjælen, heimkjær,
'strunk' - flott, 'frostal' - frosen av seg, 'skrællen' - ved dårleg
helse og 'snurten', som kan tyde både velkledd og sur. I stor grad
følgjer "manns- og kvinneorda" gamle kjÝnnsrollemÝnster,
og dei er også å spore hos dei unge informantane.
Bakgrunn uviktig for dei unge
Tradisjonelt har ein rekna med at ungdom som bur i utkantar har eit
meir gammaldags språk enn ungdom i sentrumsområde. Det har
også vorte rekna med at tilknyting til gardsdrift kan verke konserverande.
Denne undersøkinga av ordforrådet i vågåmålet
syner at korkje bustad, gardstilknyting eller innflyttarbakgrunn hos dei
sjølve eller foreldra har noko å seia for i kva grad dei unge
bruker dei "gamle" adjektiva. Det at ein kjem frå gard, treng ikkje
bety at ein veit at 'trena' er det same som 'stiv, innturka'. Uansett bakgrunn
lever unge vagværar i 1990-åra i ei verkelegheit som krev og
gjev omtrent det same ordforrådet.
Hos mellomgenerasjonen
viser det seg at dei som driv gard og/eller ikkje bur i sentrumsområde,
bruker fleire av orda enn jamaldringane i sentrum og folk utan gardstilknyting.
Det er også ein tendens til at innflyttarbakgrunn hos informantane
har noko å seia for denne gruppa. Det viser at 40- til 50-åringane
i Vågå har vakse opp med ulike behov og forventningar til ordkunnskap.
Hos dei eldre heimelsfolka er det klart at gardstilknyting ikkje påverkar
ordkjennskapen, og det kan bli forklart med at dei alle har vakse opp medan
Vågå var ei temmeleg homogen jordbruksbygd.
Alt i alt speglar
generasjonsskilnadene tre utviklingstrinn i Vågå i dette hundreåret:
fyrst som eit temmeleg einsarta bondesamfunn, deretter som eit samfunn
på veg frå det einsarta, men der mange likevel har levd i eit
bondesamfunn. Dagens unge vagværar har så vakse opp i ein kommune
med eit variert næringsliv og eit nytt, mangfelt likevektspunkt.
Det språket dei unge
ber med seg inn i framtida er nok alt i alt ikkje fattigare enn det språket
som har vorte brukt i Vågå før - tenk på alle
orda som har komme til! Men likevel - om lag sytti prosent av dei adjektiva
Edvard Storm skreiv ned for rundt 220 år sia, er ikkje i bruk av
dei som bestemmer korleis "gammaldags" vågåmål er om
femti år. Utskiftinga i ordforrådet er dramatisk, og for somme
av oss også tragisk. Med alle uttrykka som blir borte, forsvinn historie,
nyansar og ikkje minst - mye av det som har gjort vågåmål
til vågåmål. Er ikkje 'klevegalen' eit lugomt ord, da?
Kronikken sto på trykk i Gudbrandsdølen Lillehammer
Tilskuer 22.10. 1994. Han byggjer på avhandlinga "Ord og år.
Adjektiv frå 1700-talet hos tre generasjonar vagværar i 1990-åra",
skriven av artikkelforfattaren og levert som hovudoppgåve i nordisk
ved Universitetet i Oslo hausten 1994.
|