Førre sideInnhaldNext Page



HIHIM Historie mellomfagstillegg

(Regionale kontrastar og mangfald i historia)

MÅLSETJING

Mellomfagstillegget skal vere ei påbygging til grunnfaget. I forhold til grunnfaget skal mellomfaget gå djupare inn på meir avgrensa emne og tema. Samtidig skal det vere allsidig, med vekt på ulike delar av faget: politisk historie, sosial- og økonomisk historie og med sterkare innslag av internasjonal historie.

Mellomfagstillegget skal leggje grunnlag for vidare studium i faget. Det skal utvikle ei sjølvstendig haldning til historiske problem, m.a. gjennom teori, kjeldestudium og arbeid med skriftlege oppgåver.

OPPTAK OG STARTGRUNNLAG

Mellomfagstillegget utgjer 10 vekttal og er eit tilbod for studentar som på førehand har teke eksamen i historie grunnfag med 3,2 eller betre i karakter.

KOMPETANSE

Eksamen frå grunnfag + mellomfagstillegg kan gå inn som del av ei cand.mag.-grad, og skal etter vanlege reglar gi grunnlag for opptak til historie hovudfag ved universiteta. Mellomfagstillegget gir fagkompetanse for å undervise i faget på alle steg i skuleverket.

UNDERVISNING OG ARBEIDSFORMER

Litteratur og pensum vert formidla og utdjupa gjennom førelesingar og seminar. Når pedagogiske omsyn tilseier det, kan seksjonen fastsetje eit maksimalt studenttal for den einskilde seminargruppa.

For å arbeide godt er seminargruppene avhengige av eit jamt godt frammøte. Undervisninga er i regelen ikkje obligatorisk, og studentane kan melde seg opp til eksamen utan å ha følgt førelesingar eller seminarundervisning. Heiltidsstudentane bør følgje undervisninga nøye. Det er òg viktig at studentane på eiga hand skipar til kollokvie- og arbeidsgrupper.

Mellomfagstillegget kan også høve som sjølvstudium eller deltidsstudium. Opplegg og gjennomføring skjer då i samarbeid med seksjonen, t.d. over ein periode på eitt år.

INNHALD OG PENSUM

Innhaldet i mellomfagsstudiet er bygt opp om temaet: Regionale kontrastar og mangfald i historia. Pensum for mellomfagstillegget er samansett av 2 delar (komponentar):

Hausten 2001 vert det ikkje gjeve valfritt tilbod, studentane tek som hovudemne: 1968. 1960-åra i eit internasjonalt komparativt perspektiv, med vekt på alternative kulturelle rørsler.

Seminaroppgåve

Innanfor hovudemnet skal det skrivast ei seminaroppgåve. Dette skal vere ei mindre, men sjølvstendig oppgåve på om lag 15 maskinskrivne sider.

EKSAMEN

Heiltidsstudentar vert automatisk oppmelde til eksamen. Kvar student skal i tillegg levere eige skjema til instituttet, der det framgår kva for emnestudium vedkomande har lagt opp. Fristar for denne oppmeldinga er dei same som for ordinær oppmelding. For deltidsstudentar (som ikkje vert automatisk oppmelde), gjeld oppmeldinga til instituttet også som ordinær eksamensoppmelding.

Eksamen vert slik:

Ein åtte timars skriftleg eksamen. 14 dagar før eksamen vert det ved loddtrekking avgjort om studentane skal prøvast i globalhistorie eller i dei valfrie hovudemna. I tillegg kan dei få spørsmål frå kjernepensumet.

Semesteroppgåva får ein skriftleg karakter som vert justert med ein munnleg eksamen. Ved den munnlege eksamen kan studentane i tillegg få spørsmål frå alle delar av pensumet.

KOMPONENTANE

Kjernepensum

Litteratur:

Globalhistorie

I ei tid med aukande internasjonalt samkvem må det vere viktig å formidle forståing for samfunnssystem og historiske utviklingsprosessar i ulike delar av verda - og for relasjonane mellom ulike regionar. Spørsmålet om Europas rolle som globalhistorisk drivkraft vil her stå sentralt. Ein presentasjon av teoriar om interne og eksterne årsaksfaktorar bak utvikling/underutvikling høyrer naturleg med i emnet.

LITTERATUR:

Ny pensumliste vert lagt ut på vevsidene innan semesterstart.

1968. 1960-åra i eit internasjonalt komparativt perspektiv, med vekt på alternative kulturelle rørsler

1968 vart eit år då mange verda over opplevde at samfunnet deira var i ferd med å gå i oppløysing. Situasjonen var prega av indre konfliktar, valdelege opptøyer og ei intens motsetning mellom generasjonane. Dei største og mest synlege motsetningane fann ein i USA, men også dei fleste vestlege landa fekk oppleve mange av dei same konfliktane og etterdønningane. Sterkast gav dette seg uttrykk i Frankrike (der studentopprøret gjekk inn i ein lang revolusjonær tradisjon som gjekk tilbake til 1789), Tyskland, og Italia, men også i England der dei elles sindige britane fekk sin variant av opprør mellom ungdom og dei som forfekta ein alternativ kultur til den etablerte. Også dei kommunistiske landa og den tredje verda fekk oppleve studenturo og oppstand med både kortsiktige og langsiktige verknader.

Emnet tek sikte på å forklare nokre av dei globale samanhengane som leier fram til året 1968, då etterkrigssamfunnet og forholdet mellom USA og Sovjet i den kalde krigen er ein del av bakteppet.

I USA vert merksemda retta mest mot «the Movement» i 1960-åra som ein fellesnemnar på alle dei enkeltpersonane og grupperingane som gjekk ut i aktiv protest. Emnet legg vekt på opprøret mot den beståande orden frå Chicago til Peking i eit globalt komparativt perspektiv.

Emnet inviterer til bruk av ulike undervisningsformer. Det vert brukt skjønnlitteratur, film og musikk frå perioden.

LITTERATUR:

Førre sideToppen av sidaNext Page