Førre sideInnhaldNext Page



HIHIL Lokalhistorie 10 vekttal (mellomfag og frie vekttal)

MÅLSETJING

Studiet tek sikte på å gi studentane ei brei innføring i lokalhistoria i Noreg, med tillegg av nokre sentrale tema for fordjuping (sjå under pensum nedanfor). Det vert lagt vekt på å utvikle studentane sine evner til sjølvstendig arbeid med lokalhistoriske emne.

Studiet kan nyttast som

Det er lagt inn særkrav til utforming av semesteroppgåva i høve til kvar av desse variantane. Studentane må difor i søknaden oppgje kva for variant dei søkjer opptak i, og ved oppmelding til eksamen gi endeleg melding om kva for variant dei legg opp.

OPPTAK - KOMPETANSE

For den som ønskjer å nytte studiet som mellomfagstillegg i historie, krevst det fullført historie grunnfag. For den som ønskjer å nytte det som del av lærarutdanninga, krevst det at dei tre første åra i denne utdanninga er fullførde før opptak, eller vert fullførde innan eksamen vert avlagt. For den som ønskjer å nytte studiet som 10 frie vekttal i ein cand. mag.-grad krevst generell studiekompetanse. Studiet kan ikkje byggjast ut til historie grunnfag.

ORGANISERING, UNDERVISNING OG INNHALD

Innhald

Studiet inneheld to hovuddelar: ein felles pensumdel som skal utgjere eine halvparten av arbeidsbelastninga, og skriving av ei obligatorisk semesteroppgåve som utgjer andre halvparten. Til semesteroppgåva skal det knytast eit sjølvvalt pensum, og her gjeld det altså særskilde reglar etter kva ein ønskjer å nytte studiet til (sjå nedanfor). Fellespensumdelen utgjer ca 1400 sider, og er delt i nokre særskilte emnebolkar. Først kjem ein innføringsbolk, der det vert lagt vekt på generelle sider av lokalhistoria, inklusive ein del teori, metodiske prinsipp og arbeidsmåtar, med vekt på trendane i dei siste 25 åra. Dernest vert dei einskilde emnebolkane (sjå pensumlista) gjennomgått. Desse bolkane kan nyttast som utgangspunkt for val av semesteroppgåvetema (men også andre tema kan vere aktuelle, i samråd med faglærar).

Undervisning/organisering

Fellespensumdelen vert gjennomgått i internettbaserte «leksjonar». Leksjonane vert utlagde etter ein fast plan, og vert liggjande tilgjengelege for påmelde studentar til eksamen er avlagt. I haustsemesteret vert det på lærestaden arrangert seminar knytt til problemstillingar som vert drøfta i kvar leksjon for studentar som har høve til å delta. Det vert høve til å ta opp desse eller andre problemstillingar og tema i elektroniske diskusjonsfora knytt til studiet sine vev-sider, og/eller i form av e-post til faglærar(ar). Det vert ikkje gjeve tradisjonelle førelesingar.

Semesteroppgåva

Semesteroppgåva skal vere på 20-30 maskinskrivne A4-sider, lineavstand 1,5. Oppgåva skal fylle formelle reglar til utforming (litteraturtilvisingar/noteapparat, innleiing, konklusjon m.v.) som vert gjevne i eigen instruks. Tema og problemstilling skal godkjennast av faglærar, og arbeidet skal til ein viss grad byggje på primærkjelder. Til semesteroppgåva skal kvar student sjølv setje saman eit pensum på 300 sider i samsvar med den studievarianten ein vel å gå opp i.

Det er høve til å leggje fram oppgåva som vev-presentasjon (på «world wide web») etter nærare avtale med faglærar. Heiltidsstudentar kan skrive semesteroppgåva same semester som fellespensumdelen vert gjennomgått, levere denne til vurdering innanfor gjeven frist og dermed fullføre studiet på eitt semester.

Deltidsstudentar kan - etter avtale med faglærar - levere oppgåva på eit seinare tidspunkt, fortrinnsvis påfølgjande semester, jfr. om eksamen nendafor.

Særkrav til semesteroppgåva

EVALUERING - EKSAMEN

Semesteroppgåva vert evaluert særskild, og karakteren for denne tel halvparten av den samla karakteren. Fellespensumdelen og eventuelt det sjølvvalde pensumet vert evaluert i ein skriftleg 5-timars eksamen som vert arrangert ved slutten av kvart semester. Karakteren for denne eksamenen tel halvparten av samla karakter på vitnemålet.

Deltidsstudentar kan skrive semesteroppgåva i eit anna semester enn dei tek skriftleg eksamen, men det vert ikkje gjeve vitnemål før både oppgåva og den skriftlege eksamen er godkjende. Det må ikkje gå meir enn 3 semester mellom skriftleg eksamen og innlevering av oppgåve.

Det vert gjeve karakter etter ein skala som går frå 1,0 (beste karakter) til 6,0. 4,0 er dårlegaste ståkarakter.

PENSUM:

Forklaring: Til venstre for kvar pensumartikkel står ein kode (B, K eller I). Dei tyder at artikkelen (tilsv.) anten er å finne i ei bok (B), i eit kompendium (K) eller i fulltekst internett (I). Ein del av litteraturen i bolk 2 er frå større bygdebøker, som ein bør låne inn gjennom eit bibliotek og evt. kopiere sjølv. Desse er merka B*.

Emnebolk 1. Innføring

Emnebolk 2. Garden og ætta

Emnebolk 3. Sosiale grupper i bygdesamfunnet

Emnebolk 4. Regionale økonomiar

Emnebolk 5. Organisasjonar i lokalsamfunnet

Emnebolk 6. Lokalhistorie i byar og tettstader


SÆRPENSUM FOR DEI SOM VIL NYTTE STUDIET SOM 10 FRIE VEKTTAL:

Danielsen, Rolf m.fl. (red.): Grunntrekk i norsk historie frå vikingtid til våre dagar. Universitets-forlaget 1991. 366 s.

Ein forventar - m.a. i undervisninga og til eksamen - at studentane innanfor denne varianten skal ha generelle kunnskapar i allmenn norsk historie tilsvarande innhaldet i denne boka. Semesteroppgåva skal knytast til generelle problemstillingar i norsk historie - t.d. hamskiftet i bondesamfunnet, urbaniseringa, o.a. - innanfor ramma av denne boka.

Førre sideToppen av sidaNext Page