Førre sideInnhaldNext Page



HIHIS Historie storfag, 10 vekttal

Historie storfag er ei påbygging til historie mellomfag (30 vekttal) og utgjer 10 vekttal. Storfaget er også tverrfagleg/tverrvitskapleg, og det obligatoriske pensumet på 5 vekttal vil innehalde arbeid av ikkje berre historikarar, men også av sosialantropologar, sosiologar, statsvitarar og nordistar.

OPPTAKSKRAV OG KOMPETANSE

Det maksimale talet på studentar vert sett til 10. Desse må ha fullført historie mellomfag. For å vere kvalifiserte må søkjarane ha oppnådd 3,0 eller betre som samla mellomfagskarakter.

MÅL

Studentane skal vidareutvikle ei sjølvstendig haldning til historiske problem, vinne eit djupare innsyn i faget og dessutan få øving i vitskapleg arbeidsmåte.

ORGANISERING OG ARBEIDSMÅTAR

Gjennomgang av litteratur og pensum vert formidla og utdjupa gjennom førelesingar og seminar gjennom eitt semester.

Storfaget kan også høve som sjølvstudium og deltidsstudium. Opplegget må då skje i samarbeid med lærarane ved Historisk institutt.

INNHALD

Historie storfag vil knyte seg opp til knutepunktet nynorsk skriftkultur som har blitt tildelt Ivar Aasen-instituttet og Høgskulen i Volda. Nasjons- og nasjonalstatsproblematikken, regionale og lokale identitetar i Europa og Norden og forholdet mellom majoritets- og minoritetskulturar (spesielt i Nord-Skandinavia), vil stå sentralt. Ingen kultur eller region lever i isolat. Difor vil det også bli lagt vekt på diffusjonsproblematikken og studiet av kulturkontakt innanfor transnasjonale regionar. Verdsoppfatningar, det urbane kontra det rurale, religiøse tradisjonar, normer og verdiar vert problematisert i storfaget.

Pensum for storfaget er samansett av to komponentar:

1. Eit obligatorisk kjernepensum på 5 vekttal - ca 1200 sider. Dette omfattar desse 6 emneblokkene:

2. Ei semesteroppgåve som skal utgjere 3 vekttal, og eit sjøvstendig utarbeidd pensum på om lag 500 sider som tel 2 vekttal. Semesteroppgåva, ca. 25 maskinskrivne sider, skal vere basert på sjølvstendig studium av kjelder og/eller litteratur. Ho skal vere utstyrt med forsvarlege kjelde- og litteraturtilvisingar og vise at studenten meistrar vitskapleg framstillingsmåte.

VURDERING OG EKSAMEN

Eksamen vert avvikla slik:

1. Individuell skriftleg 8-timars eksamen over kjernepensumet på 5 vekttal.

2. Semesteroppgåve på 3 vekttal og ein munnleg eksamen i tilknyting til denne og det sjølvstendig utarbeidde pensumet på 2 vekttal.

Studenten må ha greidd begge delar av eksamen, og det vert ikkje gjeve vitnemål for

delkomponentar.

PENSUM

Er samansett av to delar: eit kjernepensum og eit sjølvkomponert pensum samt semesteroppgåve.

Kjernepensum - 5 vekttal:

Nasjonalisme og nasjonar. - Europa og europeiske regionar

Norske regionar og kulturkontakt. Nordiske kontrastar

Norsk nasjonal identitet. Nasjonsbyggingsproblematikken. Kva er norsk identitet?

(I alt 178 s)

Norske regionar. Regionale kontrastar. By og land. Regional identitet. Regionale kontrastar og mangfald

Etnisitet - norske forhold

Sjølvkomponert pensum og semesteroppgåve

Førre sideToppen av sidaNext Page