INNLEIING
Studiet er eit tilbod til dei som har gjennomført drama 1, (1. 10-vekttalseining), anten ved Høgskulen i Volda eller ved andre høgskular/universitet med tilsvarande tilbod. I drama-2(2. 10 vekttalseining) kan ein ved individuelle arbeidsoppgåver kompensere for ulikskapar i studentane sin utdanningsbakgrunn. For dei som tek drama årseining; sjå eigen plan.
MÅL
Studentane skal få:
- utvida sin kunnskap om dramafaget sin eigenart
med basis i teater og leik og tilknyting til kultur og samfunn
- sjanse til å vidareutvikle evner
og innsikt i dramatiske uttrykks- og kommunikasjonsformer
- erfaring med å utvikle og vurdere
undervisningsopplegg og innsikt i verdien av estetisk oppseding
- utvikle evna til å analysere,
tolke og vurdere dramatisk kunst
INNHALD
Studentane skal få høve til å arbeide med ulike dramatiske verkemiddel og uttrykksformer med tanke både på undervisning og framføring for publikum.
Uttrykksformer og metodar
Studentane skal arbeide med å utvikle innsikt og oppnå erfaring i bruk av dramatiske verkemiddel og uttrykksformer. Hovudvekt vil bli lagt på øving i å gjere bevisste og reflekterte val i samband med
- integrering av uttrykksformer
- fordjuping og spesialisering
Med utgangspunkt i tema- og problemstillingar vil det bli lagt til rette for å vidareutvikle evna til å gjere bevisste metodeval. Øving i å bygge opp og utvikle dramatisk fiksjon som grunnlag for estetisk erkjenning, og kunstfagleg forståing og analyse knytt til klasseromsforsking og framføring for publikum vil stå i fokus.
Praktisk teaterarbeid
Det praktiske teaterarbeidet vil legge vekt på eksperimentering med dramatiske verkemiddel og dramaturgiske modellar. Det vil bli fokusert på samanhenger mellom form og innhald. Utforsking av dramatisk dikting vil bli knytt til praktisk arbeid med iscenesetting og utprøving av ulike regikonsept.
Studentane skal arbeide med:
- Grunntrening som skal gi hjelp til
bevisste og reflekterte val i vidare arbeid med rolleframstilling og samspel
med tanke på framføring for publikum.
- Dramaturgi som skal gi innsikt i arbeid med grunnelementa og dei dramatiske verkemidlane og gi høve til eksperimentering med ulike dramaturgi modellar.
- Teaterproduksjon som opnar for arbeid med eigenprodusert materiale eller skriven dramatikk med framføring for publikum som eit av måla. Det gis høve til fordjuping innan ein valt teaterform som interaksjonsteater, musikkteater mm. Innsikt og kritisk bruk av tekniske uttrykksmiddel vert lagt vekt på.
- Undervisingsopplegg som inneheld planlegging, gjennomføring og evaluering. Drøfting av ulike målsetjingar og behova for tilpassa opplæring har her ein sentral plass.
Fordjuping/utviklingsarbeid
Studentane får høve til fordjuping på eit felt innanfor teater eller dramaundervisning. I fordjupingsarbeidet skal eit problemområde verte avgrensa og problematisert. Dokumentasjon er ein viktig del av arbeidet.
Fagteori
Teoridelen skal danne basis og overbygging for det praktiske arbeidet. Studentane si evne til analytisk og kritisk tenking i samband med dramatiske verkemiddel, dramaturgiske val og drama som fag og metode, står sentralt.
Studentane skal få innsikt i og kunnskap om:
- Dramaturgi ved gjennomgang av og fordjuping i ulike dramaturgimodellar
- Drama som fag og metode med aktuelle delemne som lærarhaldning og lærarrolle i ulike typar dramaarbeid, verdisyn og læringspotensiale i moderne dramapedagogikk, drama i spesialpedagogisk samanheng, evaluering av drama/teaterarbeid og orientering om FOU-arbeid
- Drama som tekst med fokus på sjangersærtrekk ved dramatikk og dikteriske verkemiddel.
- Teaterkunnskap bevisstgjering og kunnskap om teater gjennom arbeid med delemne som til dømes fordjuping i europeisk teaterhistorie med utgangspunkt i epokar eller teaterfornyarar, instruktøren sitt arbeid, vurdering og analyse av teater.
ARBEIDSFORMER
Drama er eit kunstfag som baserer seg på kollektivt skapande verksemd. Dramafagleg kompetanse kan berre utviklast i samspel med andre. Arbeidet vil bli organisert i ulike grupper av varierande storleik. Det er veksling mellom spontane, intuitive og meir analytiske problemløysande arbeidsmåtar.
Undervisinga vil ha ulike former som førelesing, demonstrasjon, diskusjon, prosjektarbeid, framføring, sjølvstudium, rettleiing og praktisk undervisning.
Ei studiereise er lagt inn som ein obligatorisk del av studiet.
Skriftleg dokumentasjon i form av rapportar, prosess/produktevaluering, scenarier, oppgåveskriving mm, vert knytt til både det praktiske og teoretiske arbeidet. Studentane vert oppfordra til å ta i bruk IKT som hjelpemiddel både i samband med teoretisk og praktisk arbeid.
Evaluering er ein prosess ein har som mål å halde oppe gjennom heile studiet.
Studieevaluering og faggruppe for studiekvalitet. Sjå felles informasjon.
VURDERING
Vurdering av studentane må sjåast i samanheng med at utdanning siktar mot å kvalifisere for arbeid med drama og teater i skule- og fritidssamanheng. Vurderinga vert retta mot prosess og produkt i studentane sitt arbeid med faget, samt studiet sitt innhald, arbeidsformer og organisering. For den enkelte student skal vurderinga vere ei hjelp til å utvikle forståing av mål med studiet og innsikt i eigne føresetnader og utvikling. Vurderinga er såleis ein del av læringsprosessen.
Studiet har ein avsluttande, formell vurdering av arbeidet til kvar enkelt student. For å få avsluttande vurdering må studentane ha utført og fått godkjent det arbeid og dei prøver som studieplan og fagplan krev. Dette gjeld godkjenning av min. ei skriftleg oppgåve på ca.15s, og individuell godkjenning av kvar student i samband med dei ulike prosjekta knytt til studiet.
Vilkår for å få gå opp til eksamen
Undervisning og organisert arbeid har obligatorisk frammøte. Ein føreset at studenten er aktivt deltakande. For å kunne få gå opp til eksamen må ikkje fråveret vere større enn det HVO sine reglar tillet.
Oppgåver og/eller prosjekt kan etter nærare beskriving i studieplan bli arrangert som forprøver. Desse må vere bestått før avsluttande eksamen.
EKSAMEN
Eksamen består av
- ein individuell skriftleg 6 timars eksamensprøve
- praktisk gruppeeksamen (5 dagar)
Kvar av delane tel 50% av endeleg karakter. Den individuelle prøven vil ta utgangspunkt i praktisk erfaring og teoretiske kunnskapar tileigna gjennom studiet.
Gruppeeksamen er gjennomføring av eit prosjekt. Grunnlaget for evaluering skal vere vising av gruppearbeidet, samt samtale med sensor og faglærar etter framføringa. Det vert gitt individuelle karakterar.