Førre sideInnhaldNext Page



NSNOM Natur- og miljøfag 1, 1. 10-vekttalseining

INNLEIING

Natur- og miljøfag 1 omfattar fleire sentrale emne i generell biologi, fysikk, kjemi og geofag. Eininga tek særleg sikte på å gi grunnlag for undervisning i naturfag i grunnskulen. Fagplanen må lesast saman med Rammeplan og forskrift for allmennlærarutdanning pr. 01.07.99, side 131-136, her i fagplanen kalla Rammeplanen.

MÅL

Sjå Rammeplanen side 133.

INNHALD

Sjå Rammeplanen s. 133-136.

Innhaldet er delt opp i fem målområde med ulik vekting:

ORGANISERING OG ARBEIDSFORMER

Organisering

Arbeidet vert organisert som nettstudium med sjølvstudium, rettleiing og diskusjonar på nett. Praktiske og teoretiske heimeoppgåver, feltarbeid, laborasjonar og teoriundervisning er også ein del av organiseringa. Det vert arrangert fire obligatoriske 2-dagarssamlingar i Volda i løpet av studieåret.

ARBEIDSFORMER

Arbeidsformene skal i størst mogleg grad vere relatert til dei arbeidsformene som vert nytta i naturfag i skulen. Erfaring med laboratoriearbeid, feltarbeid og ekskursjonar, spesielt i nærmiljøet, står sentralt.

Studentane skal lære å bruke feltutstyr og laboratorieutstyr. Det vil verte lagt vekt på å nytte enkelt og rimeleg utstyr som også er tilgjengeleg i grunnskulen. Studentane skal tileigne seg erfaring med studieteknikkar som stimulerer til aktiv søking og innhenting av kunnskapar og erfaringar. Då studiet i hovudsak vert presentert som fjernstudium via internett vil bruk av IT-verkty vere sentralt.

Praktisk lærararbeid

Ligg studiet i 4. studieår, eller skal innpassast i ei lærarutdanning, skal 2 veker eller 20 timar skulepraksis inngå. Studentar som ikkje skal ta allmennlærarutdanning og utdanna lærarar skal gjere eit arbeid som i omfang svarar til 20 t praksis. For lærarar i praksis kan det vere å planleggje og gjennomføre eit praktisk-metodisk opplegg i faget.

Studieevaluering og fagkritisk arbeid

Studiet vert evaluert i slutten av kvart semester. Til dette arbeidet skal det veljast ei fagkritisk gruppe som tek hand om dette arbeidet. Gruppa skal bestå av faglærar og 2 valde studentar. Sjå elles fellesinformasjon.

VURDERING OG EKSAMEN

Obligatorisk frammøte/innlevering

Alle samlingane i Volda vert rekna som obligatorisk undervisning og studentane må normalt møte på minst 80 % av den obligatoriske undervisningsdelen for å ta eksamen.

På samlingane i Volda vert det 6 laborasjonar og 2 ekskursjonar og i tilknyting til desse og andre obligatoriske oppgåver som kan kan gjennomførast på heimstaden vert det kravd at studentane får godkjent:

EKSAMEN

Endeleg karakter for studieeininga er basert på 4 skriftlege eksamenar:

Biologi: 4 timar, Geofag: 2 timar. Desse to vert lagde til same dag

Kjemi: 2 timar, Fysikk: 3 timar. Desse to vert lagde til same dag.

For å få godkjent Natur- og miljøfag 1, må alle eksamenane vere bestått.

PENSUM

Studentane bør vente med å kjøpe inn pensumlitteraturen til nærmare beskjed vert gitt ved studiestart.

Biologi:

Fysikk:

Kjemi:

Didaktikk:

Komp./artiklar frå litteratur og internett

Geofag:

Førre sideToppen av sidaNext Page